4 Programkategori 21.3 Vegformål
4.1 Omklassifisering av fylkesvegferjesambandet i Lurøy kommune
Ved handsaminga av St.prp. nr. 64 og Innst. S. nr. 229 (1997-98) vedtok Stortinget at fylkesvegferjesambandet i Lurøy kommune (Stokkvågen-Onøy-Sleneset-Lovund) blir omklassifisert til riksvegferjesamband frå 1. juli 1998. Dette har ført til auka statleg tilskotsansvar. Tilskotsbehovet er for 2. halvår 1998 rekna til 4,6 mill. kr.
Samferdselsdepartementet gjer derfor framlegg om å auke løyvinga på kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.v., med 4,6 mill. kr. Det blir lagt opp til å trekkje Nordland fylkeskommune for same beløp over kap. 572, post 60 Rammetilskot til fylkeskommunar.
4.2 Finansiering av ilandsetting av hurtigruta Finnmarken
Samferdselsdepartementet ønskjer saman med fleire andre departement å medverke til finansieringa av ilandsetting av hurtigruta Finnmarken. Prosjektet gjeld eit hurtigrutemuseum der hurtigruteskipet Finnmarken vil vere ein del av utstillinga. Museet vil bli eigd og drive av ein stiftelse. Eit av vilkåra for å medverke til finansieringa er at departementet ikkje er forplikta til ytterlegare finansiering. Det skal ikkje bli gitt statleg støtte til drift og utstillingar for museet.
Samferdselsdepartementet skal etter planen medverke med 1,5 mill. kr. Departementa legg opp til å yte til saman 7,82 mill. kr. Dei totale kostnadene for ilandsetting og tilrettelegging er 10,53 mill. kr. Dei andre departementa som er med på finansieringa er Kommunal- og regionaldepartementet, Kulturdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Miljøverndepartementet. Det er Kommunal- og regionaldepartementet som koordinerer denne saka. Samferdselsdepartementets tilskot skjer ved at kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.v., blir redusert med 1,5 mill. kr, og kap. 551, post 51 Regionale programmer for næringsutvikling, fond, blir auka med same beløpet.
Den foreslåtte reduksjonen vil saman med framlegget om å auke løyvinga med 4,6 mill. kr, jf. pkt. 4.1 ovafor, gi ein netto auke på kap. 1320, post 23, med 3,1 mill. kr.
4.3 Rv 159 Knatten - Lørdagsrud - Vigernes x rv 22 i Akershus - forskotering
Prosjektet er omtalt i St.meld. nr. 37 (1996-97), side 118, i St.prp. nr. 64 (1997-98), side 10, og i St.prp. nr. 1 (1998-99), side 104. I prosjektet inngår bygging av ny Jernbanegate som bindeledd mellom ny rv 159 og Lillestrøm sentrum. I tillegg er det rekna med 25 mill. kr til oppryddings- og miljøtiltak i Lillestrøm, av dette 10 mill. kr i 1998 og 15 mill. kr i 1999.
I Lillestrøm ligg det føre godkjend plan for ein sentrumsring som skal flytte riksvegtrafikken på eksisterande rv 120 over til Solheimsgata og Parkalleen, og dermed avlaste den indre sentrumskjernen for gjennomgangstrafikk. Kostnadene til denne delen av sentrumsringen var føresett dekt innafor posten til oppryddings- og miljøtiltak. Kostnadene er no rekna til om lag 35 mill. kr. Grunnen til auken er m.a. manglande bereevne med behov for masseutskifting og tilhøyrande leidningsomleggingar i Solheimsgata.
Statens vegvesen har vurdert å utsetje delar av arbeidet til 1999. Skedsmo kommune ønskjer likevel å avslutte arbeidet i 1998, fordi det må sjåast i samanheng med opninga av den nye kollektivterminalen i Lillestrøm og hovudflyplassen på Gardermoen.
Skedsmo kommune har derfor søkt om løyve til å forskotere 15 mill. kr i 1998 og 7 mill. kr i 1999. I tillegg vil kommunen yte tilskot på 3 mill. kr i 1998. Det er sett som vilkår at forskoteringa skal betalast tilbake med 15 mill. kr i 1999 og 7 mill. kr i 2002. Skedsmo kommunestyre slutta seg til søknaden 19. april 1998.
Fylkestinget i Akershus har gått inn for at rv 159 blir fullført i tråd med tidlegare planar. Samferdselsdepartemenet legg til grunn at fylkeskommunen går inn for å framskunde arbeidet i forhold til det løyvinga i 1998 gir rom for. Fylkesutvalet har i møte 15. september 1998 slutta seg til forskotering av 7 mill. kr i 1999, mot refusjon i 2002.
Samferdselsdepartementet vil vise til at ein forskoteringsavtale med delvis refusjon alt året etter, er uvanleg. I dette tilfelle er midlane (15 mill. kr) foreslåtte i budsjettet for 1999, jf. St.prp. nr. 1 (1998-99), side 103. Samferdselsdepartementet går inn for at Skedsmo kommune får høve til å forskotere 22 mill. kr til prosjektet rv 159 Knatten - Lørdagsrud - Vigernes x rv 22 i 1998 og 1999, mot refusjon av 15 mill. kr i 1999 og 7 mill. kr i 2002, utan kompensasjon for renter og prisstiging.
4.4 Rv 283 Bygging av undergang under jernbanen på Grønland i Drammen - forskotering
Ny rv 283 gjennom bydelen Grønland i Kreftingsgate (Grønland - Øvre Sund) inngår i planane for hovudvegutbygginga i Drammensområdet, jf. St. prp. nr. 1 (1993-94). Ein fotgjengarundergang på eksisterande rv 283 under jernbanen inngår i gang- og sykkelvegsystemet i tilknyting til prosjektet. I St.meld. nr. 37 (1996-97) er det vurdert som aktuelt å starte utbygginga av rv 283 i perioden 2002-2007.
Det ligg føre omfattande utbyggingsplanar for dei tidlegare industriområda i bydelen Grønland i Drammen. Statens hus er ferdig, større kontorbygg er under oppføring, og eit nytt politihus skal stå ferdig i 1999. Justisdepartementet sette som vilkår for bygging av politihuset at det måtte skaffast utrykkingsveg uavhengig av jernbanekryssinga. Til ny rv 283 er bygd, vil den planlagte fotgjengarundergangen tene som bilundergang og utrykkingsveg for politiet.
Ut frå ønsket om å få undergangen ferdig til hausten 1999 og ein garanti frå Drammen kommune til Justisdepartementet om kommunal fullfinansiering av prosjektet dersom ein forskoteringssøknad ikke blir godkjent, blei bygginga av undergangen starta i mai 1998.
Kostnadsoverslaget for prosjektet er 56 mill. kr. Av dette skal Drammen kommune, Drammen energinett, Telenor AS og Jernbaneverket dekkje 11 mill. kr til flytting av leidningsnettet i området. I tillegg vil Drammen kommune dekkje 3,5 mill. kr i meirkostnader ved å forsere bygginga av fotgjengarundergangen. Forskoteringsbeløpet blir etter dette 41,5 mill. kr.
Drammen kommune har søkt om løyve til å forskotere den statlege delen av prosjektet med inntil 41,5 mill. kr. Søknaden er tilrådd av Drammen kommunestyre i møte 1. oktober 1998. Buskerud fylkeskommune tilrådde forskoteringssøknaden i møte i fylkesutvalet 21. oktober 1998. I vedtaket er det sett som vilkår at forskoteringsbeløpet blir refundert når prosjektet Grønland - Øvre Sund bru (Kreftingsgate) blir teke opp til ordinær løyving over statsbudsjettet.
Samferdselsdepartementet går inn for at Drammen kommune får høve til å forskotere 41,5 mill. kr til bygging av undergang under jernbanen på Grønland. Forskoteringsbeløpet blir refundert, utan kompensasjon for renter og prisstiging. Refusjonstidspunktet skal fastsetjast i samband med revisjon av Nasjonal transportplan 2002-2011 og påfølgjande handlingsprogram.
4.5 Rv 545 Sandvikvåg - Svartasmoget i Hordaland - forskotering
Bergen kommune har fått løyve til å levere søppel til Sunnhordland interkommunale miljøverk (SIM) i Fitjar kommune fram til 1. januar 2000. I den samanheng er det inngått ein avtale mellom SIM og Fitjar kommune om at ein del av betalinga frå Bergen kommune skal nyttast til opprusting og trafikksikring av rv 545 mellom Sandvikvåg og Svartasmoget. Grunnen til dette er auka tungtrafikk på rv 545 frå Bergen til SIM. Midlane er føresett nytta til dei dårlegaste partia på strekninga.
Fitjar kommune søkjer om løyve til å forskotere 12 mill. kr til utbetring og trafikksikring av rv 545 på strekninga Sandvikvåg - Svartasmoget. I tillegg vil kommunen yte eit tilskot på 7,2 mill. kr. Fitjar kommune har tidlegare fått løyve til å forskotere 4,8 mill. kr til utbygging av to parsellar på same strekning.
Fitjar kommunestyre slutta seg til forskoteringssøknaden i møte 1. desember 1997. Hordaland fylkeskommune tilrådde søknaden i fylkesutvalet 20. august 1998. I vedtaket er det sett som vilkår at refusjonstidspunktet blir fastsett i samband med revisjon av NVVP 2002-2011 (no Nasjonal transportplan).
Samferdselsdepartementet går inn for at Fitjar kommune får høve til å forskotere 12 mill. kr til utbetring og trafikksikring av rv 545 mellom Sandvikvåg og Svartasmoget. Forskoteringsbeløpet blir refundert, utan kompensasjon for renter og prisstiging. Refusjonstidspunktet skal fastsetjast i samband med revisjon av Nasjonal transportplan 2002-2011 og påfølgjande handlingsprogram.