5 Programkategori 21.5 Jernbaneformål
5.1 Overheng på Jernbaneverkets budsjettområde
Riksrevisjonen har i samband med statsrekneskapen for 1997 kome med merknader til at Jernbaneverket har utsett betaling av fakturaer frå 1997 til 1998 i større grad enn det som er normalt etter kontantprinsippet. Hausten 1998 blei Samferdselsdepartementet gjort merksam på at dette overhenget frå 1997 til 1998 òg kunne få konsekvensar for Jernbaneverkets produksjon i inneverande og kommande budsjettår, jf. omtalen i St.prp. nr. 1 (1998-99), side 124.
Årsaka til overhenget var at Jernbaneverkets produksjon i 1996 var høgare enn det reelt sett var dekking for innafor den vedtekne løyvinga. Denne overproduksjonen skjedde på prosjekt som er prioriterte av Stortinget, og det er såleis ikkje tale om kostnadsoverskridingar, men ei faseforskyving av produksjonen og utbetalingane på ulike investerings- og vedlikehaldstiltak. Jernbaneverket har opplyst at dette m.a. gjeld investeringar ved Nationaltheatret og Skøyen stasjonar, Sande-parsellane på Vestfoldbanen, parsellen Såstad - Haug på Østfoldbanen, samt vedlikehaldsarbeider på Hoved- og Drammenbanen.
Overhenget frå 1997 og inn i 1998 gjorde det nødvendig for Jernbaneverket å foreta store utbetalingar i byrjinga av 1998 på kap. 1350, postane 23 Drift og vedlikehald og 30 Investeringar i lina. Etter at ei rekkje tiltak blei iverksette ser det no ut til at samla løyving på kap. 1350 kan haldast utan terminforskyving av leverandørgjeld ved utgangen av 1998. Det ser no ut til å bli eit meirforbruk i 1998 på post 23 Drift og vedlikehald, på om lag 50 mill. kr. For å halde den totale vedtekne budsjettramma på kap. 1350 har Jernbaneverket i løpet av året tilpassa produksjonen på post 30 Investeringar i lina, til behovet for utbetalingar på post 23 Drift og vedlikehald, slik at det ved slutten av 1998 ser ut til å bli eit om lag tilsvarande mindreforbruk på post 30 Investeringar i lina. Departementet gjer merksam på at det er knytt noka uvisse til storleiken på beløpet da Jernbaneverket ikkje fullt ut kan kontrollere i kva takt leverandørane fakturerer utført produksjon.
For m.a. å løyse dei budsjettmessige problema overhenget har ført med seg for Jernbaneverket, foreslår Samferdselsdepartementet at Jernbaneverket for 1998 får høve til å omdisponere midlar frå post 30 Investeringar i lina, til post 23 Drift og vedlikehald, ved bruk av stikkordet «kan nyttast under post 23». Departementet viser til at det òg er foreslått ei tilsvarande fullmakt i 1999-budsjettet, jf. St.prp. nr. 1 (1998-99).
Ei slik gjensidig omdisponering mellom postane 23 og 30 på kap. 1350 vil vere nok til å eliminere det ekstraordinære overhenget ved utgangen av 1998. Den ekstraordinære utbetalinga i 1998 kan m.a. dekkjast frå løyvingane til krengjetogtiltak da ein del av dette arbeidet først vil bli sett i gang mot slutten av 1998. På grunn av den seinare oppstarten vil utbetalingane først skje i byrjinga av 1999. Dette vil såleis ikkje få konsekvensar for framdrifta for krengjetogtiltaka. For endeleg å løyse overhengsproblemet i 1999 vil Jernbaneverket måtte tilpasse sin produksjon på kap 1350, postane 23 og 30 i 1999 slik at midlar omdisponerte frå post 30 til post 23 i 1998 blir tilbakeførte i 1999. Dette vil innebere noko lågare aktivitet samanlikna med føresetnadene i statsbudsjettet. Samferdselsdepartementet legg opp til at Jernbaneverket får høve til å tilpasse dette innafor ramma av samla løyving på kap. 1350 for 1999. Med denne framgangsmåten vil Jernbaneverkets faktiske produksjon på den einskilde post ved utgangen av 1999 vere i samsvar med det som faktisk er løyvd over statsbudsjetta for åra 1996 til 1999 på kap. 1350, postane 23 og 30.
5.2 Jernbaneverkets fiberkabelnett - økonomisk oppgjer m.v. mellom Jernbaneverket og Telenor AS
Samarbeidsavtalen mellom Jernbaneverket og Telenor AS om bruk av fiberkabelnettet til Jernbaneverket blei avslutta 21. april 1997. Bakgrunnen var at avtalen blei klaga inn til EFTAs overvåkingsorgan (ESA) som varsla at avtalen ville kunne bli kjent ugyldig så langt han var konkurransehindrande.
Telenor AS betalte i si tid eit forskot på 220 mill kr til NSB Bane, no Jernbaneverket. Beløpet blei i 1996 ført som inntekt på kap. 4350, post 04 Leigeinntekter, jf. nærmare omtale i St.prp. nr. 53 og Innst. S. nr. 179 (1994-95), St.prp. nr. 1 (1997-98) og St.prp. nr. 1 (1998-99).
Partane har i lengre tid forhandla om kor stor del av forskotsbeløpet Jernbaneverket skal betale tilbake til Telenor AS. Da Jernbaneverket og Telenor AS ikkje greidde å bli samde om kor stort beløp som skal førast tilbake til Telenor AS, blei saka lagt fram for Samferdselsdepartementet som etter ei juridisk vurdering har lagt til grunn at tilbakebetalinga må skje på grunnlag av opphøyrsklausulen i avtalen mellom partane. Beløpet som Jernbaneverket må betale til Telenor AS er sett til 208 mill. 1998-kr, inkl. morarenter.
Samferdselsdepartementet godkjende 2. februar 1998 at Jernbaneverket kunne gå ut med tilbod til andre aktørar om leige av overskotskapasiteten i fiberkabelnettet. På grunnlag av m.a. inngåtte leigeavtalar reknar Jernbaneverket med nettoinntekter på om lag 240 mill. kr fram til 2001. For 1998 reknar Jernbaneverket med 27 mill. kr i leigeinntekter.
Inntektene frå utleige av fiberkabelnettet vil bli førte på kap. 4350, post 04 Leigeinntekter. På grunnlag av framlagt inntektsoverslag foreslår Samferdselsdepartementet at det på kap. 4350, post 04 blir budsjettert med 27 mill. kr for 1998. Jernbaneverket har òg inngått ein avtale om at Telia Norge AS som sjølv byggjer ut ein del nye fiberkabelanlegg, får knytte desse til Jernbaneverkets fiberkabelanlegg. Avtalen inneber ikkje økonomisk risiko for Jernbaneverket. Dette vil auke totalkapasiteten, og dermed inntektspotensialet i Jernbaneverkets fiberkabelanlegg. Etter avtalen vil Telia Norge AS som ei motyting ta ut kapasitet i Jernbaneverkets anlegg tilsvarande ein verdi på i alt 150 mill. kr over ein periode på 10 år. Dei nye anlegga vil vederlagsfritt overførast til Jernbaneverket.
På denne bakgrunn foreslår Samferdselsdepartementet ei tilleggsløyving på 208 mill. kr til Jernbaneverket for å dekkje tilbakebetalinga til Telenor AS. Samferdselsdepartementet legg opp til at tilleggsløyvinga blir utgiftsført på kap. 1350, (ny) post 70 Tilbakebetaling til Telenor AS, og at framtidige leigeinntekter frå fiberkabelnettet til Jernbaneverket blir førte til inntekt på kap. 4350 Jernbaneverket, post 04 Leigeinntekter. Når desse inntektene har dekt inn tilbakebetalingsbeløpet til Telenor AS, vil Samferdselsdepartementet leggje opp til at det blir etablert ei ordning som gir Jernbaneverket spore til å få mest mogleg inntekter frå leige av overskotskapasiteten i fiberkabelnettet.
På grunn av at denne saka ikkje var avklart i samband budsjettframlegga for 1999, er det ikkje budsjettert med inntekter på kap. 4350, post 04 Leigeinntekter, i budsjettopplegget for 1999. Jernbaneverket reknar med at inntekta for 1999 vil bli om lag 50 mill. kr.
5.3 Renter av lån til NSB BA
Renteperioden for betaling av renter av lån til NSB BA er for tida 6 månader. Siste betaling for 1998 var i august. Rekneskapen for 1998 viser at betaling av renter av lån til NSB BA er om lag 2,8 mill. kr lågare enn budsjettert. Departementet gjer derfor framlegg om å redusere kap. 5611, post 80 Renter, med 2,8 mill. kr.