St.prp. nr. 27 (1998-99)

Om endring av løyvingar m.v. for 1998 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

Forslag til vedtak om endringar i statsbudsjettet for 1998

I.

Utgifter:

KapPostFormålKroner
1301Forsking og utvikling m.v.
51Transportforsking, blir auka med5 000 000
frå kr 13 900 000 til kr 18 900 000
52Telekommunikasjonsforsking, blir auka med6 000 000
frå kr 23 400 000 til kr 29 400 000
70Tilskot til rasjonell og miljøvenleg transport, kan overførast, blir redusert med5 000 000
frå kr 27 200 000 til kr 22 200 000
1310Flytransport
70Godtgjersle for innanlandske flyruter, kan nyttast under kap. 1311, post 60, blir auka med2 300 000
frå kr 246 800 000 til kr 249 100 000
1311Tilskot til regionale flyplassar
70Overføring til Luftfartsverket, blir redusert med2 300 000
frå kr 99 100 000 til kr 96 800 000
1312Oslo Lufthavn AS
90Lån til Oslo Lufthavn AS blir redusert med420 000 000
frå kr 2 420 000 000 til kr 2 000 000 000
1320Statens vegvesen (jf. kap. 4320)
23Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m., kan overførast, kan nyttast under post 30, blir auka med3 100 000
frå kr 5 187 300 000 til kr 5 190 400 000
1350Jernbaneverket (jf. kap. 4350)
70 (ny)Tilbakebetaling til Telenor AS208 000 000

Inntekter:

KapPostFormålKroner
4350Jernbaneverket (jf. kap.1350)
04Leigeinntekter27 000 000
5611Renter av lån til NSB BA
80Renter, blir redusert med2 843 000
frå kr 98 400 000 til kr 95 557 000

II

Stortinget samtykker i at:

  1. Skedsmo kommune får høve til å forskotere 22 mill. kr til prosjektet rv 159 Knatten - Lørdagsrud - Vigernes x rv 22 i 1998 og 1999, mot refusjon av 15 mill. kr i 1999 og 7 mill. kr i 2002, utan kompensasjon for renter og prisstiging.

  2. Drammen kommune får høve til å forskotere 41,5 mill. kr til rv 283, bygging av undergang under jernbanen på Grønland, mot refusjon, utan kompensasjon for renter og prisstiging. Refusjonstidspunktet skal fastsetjast i samband med revisjon av Nasjonal transportplan 2002-2011 og påfølgjande handlingsprogram.

  3. Fitjar kommune får høve til å forskotere 12 mill. kr til utbetring og trafikksikring av rv 545 mellom Sandvikvåg og Svartasmoget, mot refusjon, utan kompensasjon for renter og prisstiging. Refusjonstidspunktet skal fastsetjast i samband med revisjon av Nasjonal transportplan 2002-2011 og påfølgjande handlingsprogram.

  4. Stikkordet «kan nyttast under post 23» kan leggjast til kap. 1350, post 30 Investeringar i lina, kan overførast.