2 Økonomiske konsekvensar av deltakinga
Totale utgifter til internasjonale fredsoperasjonar for andre kvartal eksklusive UNPREDEP og spesialstyrkar til NATOs evakueringsstyrke for OSSE-misjonen KVM er rekna til å bli 220 mill kroner. Midlane blir foreslått dekte innanfor eiga ramme ved omdisponering frå kap 1760 post 45 til kap 1792 kap 01.
Ein slik reduksjon av materiellinvesteringane vil kunne medføre endringar i anskaffelsesplanane og at målsetjingane i langtidsperioden 1999-2002 som gjeld utviklinga av styrkestrukturen kan bli vanskelegare å oppnå.
Regjeringa vil kome attende til finansieringa av internasjonale fredsoperasjonar i revidert nasjonalbudsjett og i omgrupperingsproposisjonen hausten 1999 ut frå intensjonane i St meld nr 22 (1997-98), Langtidsmeldinga, jf Innst. S. nr. 245 (1997-98).