1 Bakgrunn
EØS-komiteen vedtok 28. september 2007 å endre del VI i EØS-avtala, samarbeid utanfor dei fire fridommane, protokoll 31, artikkel 5, til å omfatte EU-handlingsprogrammet for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner og for å verne valdsoffer og risikogrupper (Daphne III 2007-2013). Programmet vart formelt vedteke i EU 20. juni 2007 ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 779/2007/EF, og gjeld for perioden frå 1. januar 2007 til 31. desember 2013.
Daphne III er ei vidareføring av Daphne I og II-programmet, som omfatta tidsrommet 2000-2003 og 2004-2008. Noreg var med i begge desse programma. Programmet er ein del av det overordna programmet «Grunnleggjande rettar og rettferd», og skal medverke til eit høgare nivå for vern mot vald og såleis betre vernet av den fysiske og mentale helsa. Det overordna målet for programmet er å medverke til å verne barn, ungdom og kvinner mot alle former for vald, og å oppnå eit høgt nivå for helsevern, velferd og sosial utjamning. Dette skal medverke til å utvikle fellesskapspolitikken på områda folkehelse, menneskerettar og likestilling mellom kjønna, og tiltak som tek sikte på å verne rettane til barn og motkjempe menneskehandel og seksuell utnytting.
Daphne-programma har medverka til at medlemsstatane har sett større fokus på motkjemping av vald, og til å skape samarbeid mellom ulike europeiske organisasjonar som arbeider for å hindre vald. Prosjekta som har fått støtte frå programmet, har gjort at aktiviteten er vorten større blant organisasjonar og institusjonar i Europa. Vidare har Daphne-programma medverka til å utvikle EU si haldning til vald, menneskehandel, seksuelt misbruk og pornografi. Det er framleis eit stort behov for utvikling av kunnskap og praksis i arbeidet mot vald mot kvinner, og Daphne III er eit nyttig verktøy for å skape forum der aktørar innanfor desse områda kan kome saman.
Ettersom deltakinga i Daphne III inneber økonomiske plikter for Noreg over fleire år, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald om samtykke frå Stortinget til godkjenning i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova.
Avgjerda i EØS-komiteen med tilhøyrande retting og europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 779/2007/EF i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.