St.prp. nr. 34 (2007-2008)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 131/2007 av 28. september 2007 om innlemming i EØS-avtala av EU-handlingsprogrammet for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner og for å verne valdsoffer og risikogrupper (Daphne III 2007-2013)

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 779/2007/EF av 20. juni 2007 om skiping av eit særprogram for tidsrommet 2007-2013 for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner og for å verne valdsoffer og risikogrupper (Daphne III-programmet) som ein del av det overordna programmet «Grunnleggjande rettar og rettferd»

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR —

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 152,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,

med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet 1

,

med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet 2

,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 3, og

frå desse synsmåtane:

  1. I traktaten er det fastsett at eit høgt nivå for vern av menneskehelsa skal sikrast ved utforminga og gjennomføringa av all fellesskapspolitikk. I samsvar med artikkel 3 nr. 1 bokstav p) i traktaten skal fellesskapstiltaka medverke til å oppnå eit høgt nivå for helsevern.

  2. Fellesskapstiltaka bør utfylle nasjonal politikk som er retta mot betring av folkehelsa og samstundes førebyggje farar for menneskehelsa.

  3. Fysisk, seksuell og psykologisk vald mot barn, ungdom og kvinner, medrekna trugsmål om slike handlingar, tvang eller vilkårleg fridomskrenking, anten det skjer offentleg eller i privatlivet, krenkjer retten deira til liv, tryggleik, fridom, vørdnad og fysisk og kjenslemessig integritet, og er eit alvorleg trugsmål mot den fysiske og mentale helsa til ofra for slik vald. Slik vald er så utbreidd i heile Fellesskapet at han utgjer ei alvorleg krenking av grunnleggjande rettar, eit alvorleg helseproblem og eit hinder for at borgarane kan utøve rettane sine på ein trygg, fri og rettvis måte.

  4. Verdshelseorganisasjonen definerer helse som ein tilstand av fullstendig fysisk, psykisk og sosial velferd, og ikkje berre som fråvær av sjukdom eller vanhelse. Etter resolusjonen til generalforsamlinga til WHO i 1996 er vald eit av dei største folkehelseproblema i verda. I rapporten sin om vald og helse av 3. oktober 2002 tilrår WHO fremjing av primære førebyggjande tiltak, styrking av tiltak til støtte for valdsoffer og betre samarbeid og utveksling av informasjon om førebygging av vald.

  5. Desse prinsippa er sannkjende i mange konvensjonar, fråsegner og protokollar frå dei viktigaste internasjonale organisasjonane og institusjonane som t.d. Dei sameinte nasjonane, Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO), verdskonferansen om kvinner og verdskongressen mot kommersiell seksuell utnytting av barn.

  6. Kampen mot vald bør setjast i samanheng med vernet av grunnleggjande rettar slik det er sannkjent i Pakta til Den europeiske unionen om grunnleggjande rettar 4med tilhøyrande forklaringar, samstundes som det vert teke omsyn til den statusen som er tillagd pakta, som m.a. sannkjenner retten til eit verdig liv, likskap og solidaritet. Pakta inneheld ei rekkje særskilde artiklar for å verne og fremje fysisk og mental integritet, likestilling mellom menn og kvinner, rettane til barnet og lik handsaming, i tillegg til å sannkjenne forbodet mot umenneskeleg eller vanærande handsaming, slaveri, tvangsarbeid og barnearbeid. Pakta sannkjenner at det er naudsynt med eit høgt nivå for vern av menneskehelsa ved utarbeidinga og gjennomføringa av all fellesskapspolitikk og -verksemd.

  7. Europaparlamentet har oppmoda Kommisjonen om å utarbeide og gjennomføre fleire handlingsprogram for å motkjempe slik vald, m.a. i resolusjonane sine av 19. mai 2000 om meldinga frå Kommisjonen til Rådet og Europaparlamentet om «nye tiltak i kampen mot handel med kvinner» 5, av 20. september 2001 om kjønnsskamfaring av kvinner 6, av 17. januar 2006 om strategiar for å hindre handel med kvinner og barn som risikerer å verte utsette for seksuell utnytting 7 og av 2. februar 2006 om den aktuelle stoda når det gjeld motkjemping av vald mot kvinner og om planlagde tiltak 8.

  8. Fellesskapshandlingsprogrammet som vart fastsett ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 293/2000/EF av 24. januar 2000 om førebyggjande tiltak for å kjempe mot vald mot barn, ungdom og kvinner (Daphne-programmet) (2000-2003) 9 har medverka til å auke medvitet innanfor Den europeiske unionen og til å styrkje og tryggje samarbeidet mellom dei organisasjonane i medlemsstatane som kjempar mot vald.

  9. Gjennom det fellesskapshandlingsprogrammet som vart fastsett ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 803/2004/EF av 21. april 2004 om vedtaking av eit fellesskapshandlingsprogram (2004-2008) for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner, og for å verne offer og risikogrupper (Daphne II-programmet) 10 vart dei resultata som alt var oppnådde gjennom Daphne-programmet, utvikla vidare. I samsvar med artikkel 8 nr. 2 i avgjerd nr. 803/2004/EF skal Kommisjonen gjere dei tiltaka som er naudsynte for å sikre at dei årlege løyvingane er i samsvar med dei nye finansielle overslaga.

  10. Det er ønskjeleg å sikre kontinuiteten med dei prosjekta som har fått støtte gjennom Daphne- og Daphne II-programma.

  11. Det er viktig og naudsynt å sannkjenne dei alvorlege verknadene, både på kort og på lengre sikt, som vald mot barn, ungdom og kvinner har på helsa deira og på den psykologiske og sosiale utviklinga deira, og på like høve for dei som det gjeld, for einskildpersonar, familiar og lokalsamfunn, og på dei høge sosiale og økonomiske kostnadene for heile samfunnet.

  12. Vald mot kvinner kan ha mange ulike former, alt frå vald i heimen, som er utbreidd på alle nivå i samfunnet, til skadelege tradisjonelle skikkar som er knytte til fysisk vald mot kvinner, t.d. skamfaring av kjønnsorgan og brotsverk knytte til ære, som utgjer ei særskild form for vald mot kvinner.

  13. Barn, ungdom eller kvinner som er vitne til at ein nær slektning vert utsett for vald, bør reknast som valdsoffer i samsvar med det programmet som vert skipa ved denne avgjerda (heretter kalla «programmet»).

  14. Den europeiske unionen kan tilføre dei tiltaka som først og fremst medlemsstatane skal gjennomføre, ein tilleggsverdi når det gjeld å førebyggje vald, medrekna misbruk og seksuell utnytting av barn, ungdom og kvinner, i tillegg til å verne valdsoffer og risikogrupper, gjennom spreiing og utveksling av opplysningar, røynsler og god praksis, fremjing av nyskapande strategiar, felles fastlegging av prioriteringar, utvikling av nettverk der dette er føremålstenleg, utveljing av prosjekt på fellesskapsplan, medrekna prosjekt som støttar gratis telefonhjelpelinjer for sakna og seksuelt utnytta barn, motivering og mobilisering av alle dei partane som det gjeld, og haldningskampanjar på europeisk plan mot vald. Desse tiltaka bør òg omfatte støtte til barn, ungdom og kvinner som er offer for menneskehandel.

  15. Ettersom dei grunnleggjande årsakene til og følgjene av vald ofte kan handterast på ein effektiv måte av lokale og regionale organisasjonar i samarbeid med tilsvarande organisasjonar i andre medlemsstatar, bør det i programmet leggjast tilbørleg vekt på førebyggjande tiltak og innsats til støtte for valdsoffer, både på lokalt og regionalt plan.

  16. Ettersom måla for denne avgjerda, som er å førebyggje og motkjempe alle former for vald mot barn, ungdom og kvinner, ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane fordi det trengst utveksling av informasjon og spreiing av god praksis i heile Fellesskapet, fordi det trengst ein samordna og tverrfagleg metode og fordi programmet har eit stort omfag og store verknader, betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne avgjerda lenger enn det som er naudsynt for å nå desse måla.

  17. I denne avgjerda er det for heile det tidsrommet som programmet varer, fastsett ei finansiell ramme som utgjer det viktigaste referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta ved den årlege budsjetthandsaminga, slik det er definert i punkt 37 i den tverrinstitusjonelle avtala av 17. mai 2006 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og betre budsjetthandsaming 11.

  18. Rådsforordning (EF, Euratom) nr. 1605/2002 av 25. juni 2002 om finansreglementet som får anvendelse på De europeiske fellesskaps alminnelige budsjett 12, heretter kalla «finansforordninga», og kommisjonsforordning (EF, Euratom) nr. 2342/2002 av 23. desember 2002 om fastsettelse av nærmere regler for gjennomføring av rådsforordning (EF) nr. 1605/2002 om finansreglementet som får anvendelse på De europeiske fellesskaps alminnelige budsjett 13, som sikrar dei økonomiske interessene til Fellesskapet, må nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til prinsippa for forenkling og samanheng i valet av budsjettordningar, ei avgrensing av talet på tilfelle der Kommisjonen framleis skal ha direkte ansvar for gjennomføringa og forvaltinga, og kravet om rimeleg samhøve mellom mengda av ressursar og dei administrative byrdene i samband med ressursbruken.

  19. Det bør òg gjerast eigna tiltak for å hindre avvik og svik, og for å krevje tilbake midlar som er tapte, utbetalte på urettkome vis eller nytta på feil måte, i samsvar med rådsforordning (EF, Euratom) nr. 2988/95 av 18. desember 1995 om beskyttelse av De europeiske fellesskaps økonomiske interesser 14, rådsforordning (Euratom, EF) nr. 2185/96 av 11. november 1996 om kontroll og inspeksjon på stedet som foretas av Kommisjonen for å beskytte De europeiske fellesskaps økonomiske interesser mot bedrageri og andre uregelmessigheter 15 og europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1073/1999 av 25. mai 1999 om undersøkelser som foretas av Det europeiske kontor for bedrageribekjempelse (OLAF) 16.

  20. For å dekkje driftstilskot krev finansforordninga at det skal det skal liggje føre ei grunnleggjande rettsakt.

  21. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne avgjerda, bør vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 17.

  22. Ei jamt fordelt deltaking frå menn og kvinner i avgjerdstakingsprosessen er eit særs viktig element for å verkeleggjere likestilling mellom kvinner og menn. Medlemsstatane bør difor leggje størst mogleg vinn på å oppnå ei jamn fordeling mellom kjønna når det gjeld samansetninga av det utvalet som er nemnt i artikkel 10 —

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Mål og verkeområde

  1. Ved å byggje på den politikken og dei måla som er fastsette i Daphne- og Daphne II-programma vert det ved denne avgjerda skipa eit særprogram for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner og for å verne valdsoffer og risikogrupper (Daphne III-programmet), heretter kalla «programmet», som ein del av det overordna programmet «Grunnleggjande rettar og rettferd», for å medverke til eit høgare nivå for vern mot vald, for såleis å betre vernet av den fysiske og mentale helsa.

  2. Programmet skal gjelde i tidsrommet frå 1. januar 2007 til 31. desember 2013.

  3. For føremåla med programmet skal omgrepet «barn» omfatte alderen 0-18 år, i samsvar med internasjonale dokument om rettane til barnet.

  4. Prosjekt med tiltak som er spesielt utforma for mottakargrupper som t.d. «tenåringar» (13-19 år) eller personar mellom 12 og 25 år, skal likevel reknast for å vere retta mot gruppa «ungdom».

Artikkel 2

Overordna mål

  1. Målet for programmet skal vere å medverke til å verne barn, ungdom og kvinner mot alle former for vald, og å oppnå eit høgt nivå for helsevern, velferd og sosial utjamning.

  2. Utan at det rører ved måla og styresmakta til Det europeiske fellesskapet skal dei overordna måla for programmet vere å medverke, særleg når det gjeld barn, ungdom og kvinner, til å utvikle fellesskapspolitikken, særleg på områda folkehelse, menneskerettar og likestilling mellom kjønna, og tiltak som tek sikte på å verne rettane til barnet og motkjemping av menneskehandel og seksuell utnytting.

Artikkel 3

Særskilt mål

Det særskilde målet for programmet skal vere å medverke til å førebyggje og motkjempe alle former for vald som finn stad, både på det offentlege og det private området, mot barn, ungdom og kvinner, medrekna seksuell utnytting og menneskehandel, ved å gjere førebyggjande tiltak og gje støtte for valdsoffer og risikogrupper. Målet skal nåast gjennom dei følgjande tverrnasjonale tiltaka eller andre typar tiltak som er nemnde i artikkel 4:

  1. Støtte til og oppmuntring av ikkje-statlege og andre organisasjonar som driv verksemd på dette området, slik det er nemnt i artikkel 7.

  2. Utvikling og gjennomføring av haldningsskapande tiltak som er retta mot særskilde målgrupper, som t.d. visse yrkesgrupper, rette styresmakter og visse sektorar blant ålmenta, med sikte på å betre forståinga av og innføre full fordømming av vald, og for å fremje støtta til valdsoffer og rapporteringa av valdssakar til dei rette styresmaktene.

  3. Spreiing av dei resultata som er oppnådde innanfor ramma av Daphne- og Daphne II-programma, m.a. ved at resultata vert tilpassa og overførde til og nytta av andre støttemottakarar eller i andre geografiske område.

  4. Identifisering og betring av tiltak som medverkar til positiv handsaming av personar som kan verte utsette for vald, det vil seie ei tilnærming som oppmodar til å respektere desse personane og som fremjar velferda og sjølvrealiseringa deira.

  5. Skiping av og støtte til tverrfaglege nett med sikte på å styrkje samarbeidet mellom ikkje-statlege og andre organisasjonar som driv verksemd på dette området.

  6. Utbreiing av dokumenterte opplysningar og av kunnskapsbasen, utveksling og spreiing av opplysningar om god praksis m.a. gjennom forsking, utdanning, studievitjingar og utveksling av personale.

  7. Utarbeiding og utprøving av haldningsskapande materiale med sikte på å førebyggje vald mot barn, ungdom og kvinner, og utfylling og tilpassing av materiale som alt er tilgjengeleg for bruk i andre geografiske område eller som er retta mot andre målgrupper.

  8. Gransking av fenomen som er knytte til vald og verknadene av desse, både på valdsofra og på samfunnet i det heile, medrekna kostnader knytte til helsetenester og sosiale og økonomiske kostnader, for såleis å gjere noko med dei grunnleggjande årsakene til vald på alle nivå av samfunnet.

  9. Utvikling og gjennomføring av program til støtte for valdsoffer og personar som tilhøyrer risikogrupper og program som skal hjelpe valdsutøvarar, samstundes som tryggleiken til valdsofra vert tryggja.

Artikkel 4

Typar tiltak

For å nå dei overordna og særskilde måla som er fastsette i artikkel og 3, skal programmet støtte dei følgjande typane tiltak, på dei vilkåra som er fastsette i dei årlege arbeidsprogramma:

  1. Særslege tiltak som Kommisjonen set i verk, t.d. granskingar og forsking, utarbeiding av indikatorar og metodar, innsamling, utarbeiding og spreiing av data og statistikk, seminar, konferansar og møte mellom sakkunnige, tilrettelegging av offentlege kampanjar og tilskipingar, utvikling og vedlikehald av ei hjelpeteneste og av nettstader, utarbeiding og spreiing av opplysningsmateriale (medrekna IT-program og opplæringsressursar), skiping og tilrettelegging av ei tenkjesmie for aktørane der sakkunnige kan gje råd når det gjeld vald, støtte til andre nettverk av nasjonale sakkunnige og analyse-, overvakings- og evalueringsverksemd.

  2. Særskilde tverrnasjonale prosjekt som er av interesse for Fellesskapet, der minst to medlemsstatar tek del på dei vilkåra som er fastsette i dei årlege arbeidsprogramma.

  3. Støtte til den verksemda som vert driven av ikkje-statlege eller andre organisasjonar som arbeider for å verkeleggjere mål av allmenn europeisk interesse når det gjeld dei overordna måla for programmet som er fastsette i artikkel 2, på dei vilkåra som er fastsette i dei årlege arbeidsprogramma.

Artikkel 5

Deltaking for tredjestatar

Følgjande statar kan ta del i tiltaka til programmet:

  1. Statar som Den europeiske unionen har underteikna ein tilmeldingstraktat med.

  2. Kandidatstatar som er omfatta av ein strategi for tidsrommet før tilmelding, i samsvar med dei allmenne prinsippa og vilkåra for deltaking for desse statane i fellesskapsprogram, som er fastsette høvesvis i rammeavtala og i avgjerder i assosieringsråda.

  3. EFTA-statar som er part i EØS-avtala, i samsvar med føresegnene i den nemnde avtala.

  4. Statane på Vest-Balkan, i samsvar med ordningar som skal avtalast med desse statane i medhald av rammeavtalene om dei allmenne prinsippa for deltakinga deira i fellesskapsprogram.

Prosjekta kan omfatte kandidatstatar som ikkje tek del i programmet, i tilfelle der dette kan medverke til å førebu tilmeldinga deira, eller dei kan omfatte andre tredjestatar som ikkje tek del i programmet, dersom det tener føremålet for prosjekta.

Artikkel 6

Støttemottakarar og målgrupper

  1. Programmet skal hjelpe barn, ungdom og kvinner som er eller risikerer å verte offer for vald.

  2. Dei viktigaste målgruppene for programmet skal m.a. vere familiar, lærarar og utdanningspersonale, sosialarbeidarar, politi og grensevakter, lokale, nasjonale og militære styresmakter, medisinsk og paramedisinsk personale, juridisk personale, ikkje-statlege organisasjonar, fagforeiningar og religiøse samfunn.

Artikkel 7

Deltaking i programmet

Programmet skal vere ope for deltaking for private eller offentlege organisasjonar og institusjonar (lokale styresmakter på høveleg nivå, universitetsinstitutt og forskingssenter) som arbeider for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner eller gje vern mot slik vald, for å gje støtte til offer, for å gjennomføre målretta tiltak for å fremje fordømminga av slik vald eller for å oppmuntre til haldnings- og åtferdsendring overfor sårbare grupper og valdsoffer.

Artikkel 8

Typar støtte

  1. Fellesskapsfinansieringa kan ha følgjande rettslege former:

    • tilskot,

    • avtalar om offentlege innkjøp.

  2. Fellesskapstilskot skal tildelast etter ei vurdering av dei søknadene som er mottekne etter innbydingar til framlegg, bortsett frå i tilbørleg grunngjevne hastetilfelle eller i tilfelle der det på grunn av særtrekka ved støttemottakaren ikkje finst andre alternativ til det aktuelle tiltaket. Fellesskapstilskot skal gjevast i form av driftstilskot og tilskot til tiltak. Høgstesatsen for samfinansiering skal fastsetjast i dei årlege arbeidsprogramma.

  3. Midlar til utfyllande tiltak kan òg gjerast tilgjengelege gjennom kontraktar om offentlege innkjøp, der fellesskapsmidlane skal dekkje kjøp av tenester og varer som er knytte direkte til måla for programmet. Dette skal m.a. dekkje utgifter i samband med informasjon og kommunikasjon, førebuing, gjennomføring, overvaking, kontroll og evaluering av prosjekt, politikk, program og regelverk.

Artikkel 9

Gjennomføringstiltak

  1. Kommisjonen skal setje i verk støtta frå Fellesskapet i samsvar med finansforordninga.

  2. For å gjennomføre programmet skal Kommisjonen, innanfor rammene av dei allmenne måla for programmet som er fatsette i artikkel 2, vedta eit årleg arbeidsprogram som inneheld særskilde mål, prioriterte temaområde, ei skisse av dei oppfølgingstiltaka som er nemnde i artikkel 8 og dersom det er naudsynt, ei liste over andre tiltak. I det årlege arbeidsprogrammet skal det òg fastsetjast ein minste prosentsats for kor stor del av dei årlege utgiftene som kan nyttast til tilskot.

  3. Det årlege arbeidsprogrammet skal vedtakast i samsvar med den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 10 nr. 2.

  4. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne avgjerda når det gjeld alle andre saker, skal vedtakast etter den framgangsmåten for rådgjeving som er nemnd i artikkel 10 nr. 3.

  5. Framgangsmåtane for evaluering og tildeling av tilskot til tiltak skal m.a. ta omsyn til dei følgjande kriteria:

    1. dei allmenne og særskilde måla som er fastsette i artikkel 2 og 3, dei tiltaka som er gjorde på dei ulike områda som er fastsette i artikkel 3, og samsvaret med det årlege arbeidsprogrammet,

    2. kvaliteten på framlegga til tiltak med omsyn til utforminga, organiseringa, presentasjonen og det forventa resultatet av tiltaket,

    3. omfanget av den fellesskapsfinansieringa som det er søkt om, og kostnadseffektiviteten med omsyn til dei forventa resultata,

    4. verknaden som dei forventa resultata har på dei allmenne og særskilde måla for programmet som er fastsette i 2 og 3, og på tiltak som er gjorde på dei ulike områda som er fastsette i artikkel 3,

    5. nyskaping.

  6. Søknadene om driftstilskot som er nemnde i artikkel 4 bokstav c), skal vurderast i lys av:

    1. samsvaret deira med måla for programmet,

    2. kvaliteten på den planlagde verksemda,

    3. den mangfaldiggjerande verknaden som denne verksemda kan ventast å få på ålmenta,

    4. det geografiske omfanget av verksemda,

    5. korleis borgarane kan medverke i samansetnaden til dei organa som det gjeld,

    6. kor kostnadseffektiv det framlagde tiltaket er.

Artikkel 10

Utval

  1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval.

  2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 4 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda. Tidsrommet som er fastsett i artikkel 4 nr. 3 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere to månader.

  3. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 3 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.

  4. Utvalet fastset møteføresegnene sine.

Artikkel 11

Komplementaritet

  1. Det vert lagt vekt på å oppnå samverknad og komplementaritet med andre fellesskapsordningar, særleg dei overordna programma «Tryggleik for og vern av fridommane» og «Solidaritet og handtering av migrasjonsstraumar», det sjuande rammeprogrammet for forsking og utvikling og dessutan med programma for helsevern, programmet for sysselsetjing og sosial solidaritet — PROGRESS og «Sikrare Internett pluss». Det vil òg verte lagt vekt på komplementaritet med Det europeiske instituttet for likestilling mellom kvinner og menn. Statistiske opplysningar om vald vil verte utarbeidde i samarbeid med medlemsstatane, om naudsynt ved hjelp av statistikkprogrammet til Fellesskapet.

  2. Programmet kan dele ressursar med andre fellesskapsordningar, særleg dei overordna programma «Tryggleik for og vern av fridommane», «Solidaritet og handtering av migrasjonsstraumar» og det sjuande rammeprogrammet for forsking og utvikling, for såleis å gjennomføre tiltak som stettar måla for alle programma.

  3. Tiltak som vert finansierte i medhald av denne avgjerda, skal ikkje gjevast støtte for dei same føremåla frå andre finansieringsordningar i Fellesskapet. Kommisjonen skal syte for at støttemottakarar som er omfatta av dette programmet, sender over til Kommisjonen opplysningar om midlar som dei har motteke over det allmenne budsjettet til Den europeiske unionen og frå andre kjelder, og opplysningar om aktuelle søknader om finansiering.

Artikkel 12

Finansiering

  1. Den finansielle ramma for gjennomføring av denne avgjerda er 116,85 millionar euro for det tidsrommet som er fastsett i artikkel 1.

  2. Midlar som vert tildelt dei tiltaka som er fastsette i programmet, skal førast opp i dei årlege løyvingane i det allmenne budsjettet til Den europeiske unionen. Dei disponible årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innanfor ramma av dei finansielle overslaga.

Artikkel 13

Overvaking

  1. Kommisjonen skal syte for at alle som mottek støtte til tiltak som vert finansierte gjennom programmet, sender over tekniske og finansielle rapportar om framgangen i arbeidet. Det skal òg sendast over ein sluttrapport innan tre månader før tiltaket vert avslutta. Kommisjonen fastset kva form og innhald desse rapportane skal ha.

  2. Kommisjonen skal syte for at kontraktar og avtaler som følgjer av gjennomføringa av programmet, inneheld føresegner om overvaking og finansiell kontroll som skal utførast av Kommisjonen (eller ein representant som har fullmakt frå Kommisjonen), om naudsynt i form av kontrollar på staden, medrekna stikkprøvar, og revisjon som skal utførast av Revisjonsretten.

  3. Kommisjonen skal krevje at mottakaren av finansiell støtte i eit tidsrom på fem år etter den siste utbetalinga til eit tiltak, stiller til rådvelde for Kommisjonen all dokumentasjon om utgifter som gjeld tiltaket.

  4. På grunnlag av resultata frå rapportane og stikkprøvekontrollane som er nemnde i nr. 1 og 2, skal Kommisjonen om naudsynt syte for at omfanget av eller vilkåra for tildeling av den finansielle støtta som opphavleg var godkjend, og tidsplanen for utbetalingane, vert tilpassa.

  5. Kommisjonen skal gjere alle dei åtgjerdene som er naudsynte for å kontrollere at dei tiltaka som vert finansierte, vert gjennomførde på korrekt måte og i samsvar med føresegnene i denne avgjerda og i finansforordninga.

Artikkel 14

Vern av dei økonomiske interessene til Fellesskapet

  1. Ved gjennomføringa av tiltak som vert finansierte i medhald av denne avgjerda, skal Kommisjonen syte for at dei økonomiske interessene til Fellesskapet vert verna gjennom bruk av førebyggjande tiltak mot svik, korrupsjon og anna ulovleg verksemd, gjennom effektiv kontroll og tilbakebetaling av midlar som er utbetalte på urettkome vis, og dersom det vert oppdaga avvik, gjennom sanksjonar som er verknadsfulle, svarar til brotet og hindrar nye brot, i samsvar med forordning (EF, Euratom) nr. 2988/95, forordning (Euratom, EF) nr. 2185/96 og forordning (EF) nr. 1073/1999.

  2. Når det gjeld fellesskapstiltak som vert finansierte i medhald av programmet, skal forordning (EF, Euratom) nr. 2988/95 og forordning (Euratom, EF) nr. 2185/96 nyttast på alle brot på ei føresegn i fellesskapsretten, medrekna brot på ei avtaleplikt som er fastsett på grunnlag av programmet, og som følgjer av ei handling eller forsømming frå ein marknadsdeltakar si side, som skadar eller kan skade det allmenne budsjettet til Den europeiske unionen eller andre budsjett som Unionen forvaltar, som følgje av ei utilbørleg utgift.

  3. Kommisjonen skal syte for at den finansielle støtta som vert tildelt eit tiltak, vert redusert, oppheva eller kravd tilbake dersom han oppdagar avvik, medrekna manglande samsvar med føresegnene i denne avgjerda eller i einskildvedtaket, eller i kontrakten eller avtala om løyvinga av den aktuelle støtta, eller dersom det syner seg at tiltaket er vorte endra på ein slik måte at det er i strid med arten av tiltaket eller gjennomføringsvilkåra for prosjektet, utan at Kommisjonen har fått godkjent ei slik endring.

  4. Dersom fristane ikkje er vortne etterlevde, eller dersom utviklinga i gjennomføringa av eit tiltak berre rettferdiggjer bruk av ein del av den finansielle støtta som eit tiltak har fått tildelt, skal Kommisjonen oppmode støttemottakaren om å leggje fram synspunkta sine innan ein fastsett frist. Dersom støttemottakaren ikkje gjev eit tilfredsstillande svar, kan Kommisjonen stanse den resterande finansielle støtta og krevje at summar som alt er vortne betalte ut, vert betalte tilbake.

  5. Alle urettkomne utbetalingar skal betalast tilbake til Kommisjonen. Det skal leggjast renter til alle summar som ikkje vert betalte tilbake til rett tid, i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i finansforordninga.

Artikkel 15

Evaluering

  1. Programmet skal overvakast jamleg for å følgje gjennomføringa av programverksemda.

  2. Kommisjonen skal syte for ei jamleg, uavhengig og ekstern evaluering av programmet.

  3. Kommisjonen skal leggje fram følgjande for Europaparlamentet og Rådet:

    1. seinast 31. mars 2011, ein mellombels evalueringsrapport om dei resultata som er oppnådde og om dei kvalitative og kvantitative sidene ved gjennomføringa av programmet, saman med ei liste over dei prosjekta og tiltaka som er finansierte,

    2. seinast 31. mai 2012, ei melding om vidareføringa av programmet,

    3. seinast 31. desember 2014, ein sluttvurderingsrapport om gjennomføringa og resultata av programmet.

Artikkel 16

Offentleggjering av prosjekt

Kommisjonen skal kvart år offentleggjere ei liste over dei prosjekta som er finansierte i medhald av programmet, saman med ei kort omtale av kvart einskilt prosjekt.

Artikkel 17

Overgangstiltak

Avgjerd 803/2004/EF vert oppheva. Tiltak som er påbyrja i medhald av den nemnde avgjerda, skal framleis forvaltast etter den nemnde avgjerda inntil dei vert avslutta.

Artikkel 18

Iverksetjing

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at ho vert kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Strasbourg, 20. juni 2007.

For EuropaparlamentetFor Rådet
H.-G. PÖTTERINGG. GLOSER
PresidentFormann

Fotnotar

1.

TEU C 69 av 21.3.2006, s. 1.

2.

TEU C 192 av 16.8.2006, s. 25.

3.

Europaparlamentsfråsegn av 5. september 2006 (enno ikkje offentleggjord i TEU), felles haldning frå Rådet av 5. mars 2007 (enno ikkje offentleggjord i TEU) og haldning frå Europaparlamentet av 22. mai 2007 (enno ikkje offentleggjord i TEU).

4.

TEF C 364 av 18.12.2000, s. 1.

5.

TEF C 59 av 23.2.2001, s. 307.

6.

TEF C 77 E av 28.3.2002, s. 126.

7.

TEU C 287 E av 24.11.2006, s. 75.

8.

TEU C 288 E av 25.11.2006, s. 66.

9.

TEF L 34 av 9.2.2000, s. 1.

10.

TEU L 143 av 30.4.2004, s. 1.

11.

TEU C 139 av 14.6.2006, s. 1.

12.

TEF L 248 av 16.9.2002, s. 1. Forordninga endra ved forordning (EF) nr. 1995/2006 (TEU L 390 av 30.12.2006, s. 1).

13.

TEF L 357 av 31.12.2002, s. 1. Forordninga sist endra ved forordning (EF) nr. 478/2007 (TEU L 111 av 28.4.2007, s. 13).

14.

TEF L 312 av 23.12.1995, s. 1, retta ved TEF L 36 av 10.2.1998, s. 16.

15.

TEF L 292 av 15.11.1996, s. 2.

16.

TEF L 136 av 31.5.1999, s. 1.

17.

TEF L 184 av 17.7.1999, s. 23. Avgjerda endra ved avgjerd 2006/512/EF (TEU L 200 av 22.7.2006, s. 11).