2 Nærmare om Daphne III
Daphne III har som særskilt mål å førebyggje og motkjempe alle former for vald som finn stad offentleg og privat mot barn, ungdom og kvinner, medrekna seksuell utnytting og menneskehandel, ved å gjere førebyggjande tiltak og gje støtte til offer og risikogrupper.
Dette skal skje gjennom støtte og oppmuntring til frivillige og offentlege organisasjonar som arbeider med vald. Det skal òg gjennomførast haldningsskapande tiltak som er retta mot særskilte yrkesgrupper for å betre forståinga av og innføre full fordømming av vald, og å fremje støtta til voldsoffer og rapportering av vald til styresmaktene. Det skal skipast tverrfaglege nettverk for å styrkje samarbeidet mellom ikkje-statlege og andre organisasjonar som er aktive på dette området. Programmet skal òg medverke til informasjonsflyt og utveksling av røynsler. Fenomen som er knytte til vald og verknadene som desse har på voldsoffer og samfunnet, skal òg granskast, medrekna sosiale og økonomiske kostnader. Føremålet er å gjere noko med dei grunnleggjande årsakene til vald på alle nivå av samfunnet. Det skal utviklast program til støtte for offer og program som skal hjelpe valdsutøvarar.
For å nå dei overordna og særskilte måla for programmet er det fleire ulike tiltak som får støtte. Dette kan for det første vere såkalla utfyllande tiltak i regi av Europakommisjonen som t.d. analyse og forsking, utarbeiding av indikatorar eller tilskiping av seminar og møte mellom sakkunnige. For det andre kan det gjevast støtte til tverrnasjonale prosjekt der minst to medlemsstatar tek del. Nytt i Daphne III er at det kan gjevast støtte til driftstilskot til frivillige organisasjonar. Både private og offentlege organisasjonar og institusjonar (lokale styresmakter, universitetsinstitutt og forskingsinstitusjonar) som driv verksemd på dette området, kan ta del i programmet. For å få rett til å få støtte må prosjekta omfatte minst to statar og ha ei tidsramme på høgst to år. Etter programmet kan EØS-statane og kandidatstatar som har inngått ei assosieringsavtale med EU, ta del i programmet. Dette gjeld òg visse statar på Vest-Balkan etter tosidige avtaler. I tillegg kan tredjestatar ta del dersom det tener føremåla for prosjekta.
Europakommisjonen skal, i nært samarbeid med medlemsstatane, sikre at programmet vert sett i verk. Eit utval som er samansett av representantar frå kvar medlemsstat, vil støtte Kommisjonen når det gjeld styringa av programmet. Kommisjonen skal samarbeide med institusjonar og organisasjonar som er aktive når det gjeld å hindre vald og hjelpe ofra. Det vert særleg teke sikte på å oppmode til tverrnasjonalt samarbeid mellom frivillige organisasjonar og nasjonale, regionale og lokale styresmakter.
Det er eit mål for den norske deltakinga at fleire frivillige og offentlege organisasjonar vert trekte med til å ta del som koordinatorar eller partnarar i prosjekt. Søknader om midlar stiller store krav til utforming og førehandsarbeid. Det har vore få norske koordinatorsøknader, men norske organisasjonar og institusjonar har teke del som partnarar ei rekkje gonger. Partnarskap viser seg å vere nyttig, m.a. fordi det kan halde ved lag og vidareutvikle fagfelt både nasjonalt og internasjonalt. Det tidlegare Likestillingssenteret har teke del som både koordinator og partnar. I 2006 vart eit prosjekt der NTNU var koordinator, rangert som nr. 1 av 325 europeiske prosjektsøknader som vart innvilga under Daphne II.
Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) har hatt rolla som tilretteleggjar for norske prosjektsøknader til Daphne II. Det vert teke sikte på at NKVTS skal halde fram som tilretteleggjar for norske prosjektsøknader til Daphne III.
NKVTS har ei sentral rolle i regjeringa sitt arbeid for å styrkje kompetanseutviklinga når det gjeld vald i nære relasjonar, både i høve til barn, kvinner og overgriparar. NKVTS vil vere eit nasjonalt kontaktpunkt som, på vegner av dei departementa som det gjeld, kan mobilisere og informere aktuelle norske miljø om kva prosjektmidlar dei kan søkje om og korleis dei kan skipe nettverk gjennom Daphne III.
Siktemålet var at EØS/EFTA-statane skulle delta frå 1. januar 2007. Sidan dette ikkje lét seg gjennomføre av tekniske grunnar, er det teke avgjerd om deltaking frå 1. januar 2008.