St.prp. nr. 34 (2007-2008)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 131/2007 av 28. september 2007 om innlemming i EØS-avtala av EU-handlingsprogrammet for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner og for å verne valdsoffer og risikogrupper (Daphne III 2007-2013)

Til innhaldsliste

Tilråing

Utanriksdepartementet

tilrår:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen av 28. september 2007 om innlemming i EØS-avtala av EU-handlingsprogrammet for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner og for å verne valdsoffer og risikogrupper (Daphne III 2007-2013).

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen av 28. september 2007 om innlemming i EØS-avtala av EU-handlingsprogrammet for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner og for å verne valdsoffer og risikogrupper (Daphne III 2007-2013), i samsvar med eit vedlagt forslag.