St.prp. nr. 34 (2007-2008)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 131/2007 av 28. september 2007 om innlemming i EØS-avtala av EU-handlingsprogrammet for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner og for å verne valdsoffer og risikogrupper (Daphne III 2007-2013)

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. 131/2007 av 28. september 2007 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla »avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 65/2007 av 15. juni 2007 1.

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 779/2007/EF av 20. juni 2007 om skiping av eit særprogram for tidsrommet 2007-2013 for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner og for å verne valdsoffer og risikogrupper (Daphne III-programmet) som ein del av det overordna programmet «Grunnleggjande rettar og rettferd» 2

  3. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2007 -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I protokoll 31 artikkel 5 vert det gjort følgjande endringar:

1.Nr. 5 skal lyde:
«5.EFTA-statene skal delta i fellesskapsprogrammene og -tiltakene nevnt i de to første strekpunktene i nr. 8 fra 1. januar 1996, i programmet nevnt i tredje strekpunkt fra 1. januar 2000, i programmet nevnt i fjerde strekpunkt fra 1. januar 2001, i programmene nevnt i femte og sjette strekpunkt fra 1. januar 2002, i programmene nevnt i sjuende og åttende strekpunkt fra 1. januar 2004 og i programmene nevnt i niende, tiende og ellevte strekpunkt fra 1. januar 2007.»
2.I nr. 8 skal nytt strekpunkt lyde:
«-32007 D 0779: Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 779/2007/EF av 20. juni 2007 om skiping av eit særprogram for tidsrommet 2007-2013 for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner og for å verne valdsoffer og risikogrupper (Daphne III-programmet) som ein del av det overordna programmet «Grunnleggjande rettar og rettferd» (EUT L 173 av 3.7.2007, s. 19).»

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3.

Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2007.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Brussel, 28. september 2007.

For EØS-komiteen

Formann

Stefán Haukur Jóhannesson

Bergdis EllertsdóttirMatthias Brinkmann

Retting til avgjerd i EØS-komiteen nr. 131/2007 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid utanfor dei fire fridommane

I tredje synsmåten i preambelen, artikkel 1 nr. 1 og artikkel 2 i avgjerd i EØS-komiteen nr. 131/2007 vert datoen «1. januar 2007» bytt ut med «1. januar 2008».

Fotnotar

1.

TEU ...

2.

TEU L 173 av 3.7.2007, s. 19.

3.

Forfatningsrettslege krav oppgjevne.