Tilråing
Olje- og energidepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om løyving for 2001 knytt til førebuing av tilrådde tiltak i St.prp. nr. 36 (2000-2001) Eierskap i Statoil og fremtidig forvaltning av SDØE.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om løyving for 2001 knytt til førebuing av tilrådde tiltak i St.prp. nr. 36 (2000-2001) Eierskap i Statoil og fremtidig forvaltning av SDØE i samsvar med eit vedlagt forslag.