3 Dei ulike artiklane i traktaten
Traktaten består av ein fortale, sytten artiklar og to vedlegg, samt ein tilleggsprotokoll med tilhøyrande vedlegg, som alle er integrerte delar av traktaten.
Merknader til dei einskilde artiklane i traktaten og vedlegga:
Fortalen gjev ei generell ramme for dei pliktene partane tek på seg i den operative delen av traktatteksta. Artikkel I til VI inneheld dei materielle føresegnene i traktaten.
Artikkel I fastset dei grunnleggjande pliktene i traktaten og etablerer eit forbod mot alle typar kjernefysiske prøvesprengingar. Kvar part pliktar å ikkje gjennomføre noko prøvesprenging av kjernevåpen eller anna kjernefysisk sprenging, og å forby og forhindre kvar slik kjernefysisk sprenging på kvar stad under parten sin jurisdiksjon eller kontroll. Kvar part pliktar vidare å ikkje valde eller oppmuntre til, eller på nokon måte delta i, gjennomføring av noko prøvesprenging av kjernevåpen eller anna kjernefysisk sprenging.
Artikkel II inneheld ei rekkje allmenne føresegner, mellom anna prosedyrereglar og retningsliner for korleis avgjerder skal takast. Det skal etablerast ein eigen organisasjon, Organisasjonen for traktaten om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar (Comprehensive Nuclear Test Ban Treaty Organization - CTBTO), som skal ha ansvar for gjennomføringa av føresegnene i traktaten, mellom anna spørsmål om verifikasjon og etterleving. Alle partar i traktaten skal vera medlemmer i Organisasjonen. Organisasjonen skal ha sete i Wien, Austerrike.
Prinsippet om at alle opplysningar om sivile og militære aktivitetar og anlegg som Organisasjonen eller dei einskilde traktatpartane får kjennskap til i tilknyting til gjennomføringa av traktaten, skal handsamast fortruleg, vert slått fast.
Kostnadene ved Organisasjonen si verksemd skal dekkjast av partane i samsvar med FNs bidragsskala, justert etter det ulike talet på medlemmer i FN og i Organisasjonen.
Organa til Organisasjonens skal vera: Konferansen mellom partane, Eksekutivrådet og Teknisk sekretariat, som skal omfatte Internasjonalt datasenter.
Konferansen mellom partane består av alle partar og er det øvste organet i Organisasjonen. Han skal handsame alle spørsmål, emne eller saker innanfor virkeområdet for traktaten. Konferansen skal kallast saman til sin første sesjon seinast 30 dagar etter at traktaten har trådd i kraft. Konferansen skal møtast til ordinære sesjonar, som skal haldast årleg, om ikkje anna vert fastsett. Spesialsesjonar kan haldast dersom Konferansen vedtek dette, eller når Eksekutivrådet eller ein part støtta av eit fleirtal av partane ber om det.
Konferansen skal gjera prosedyrevedtak med simpelt fleirtal. Vedtak i realitetsspørsmål skal i så langt som råd er gjerast med konsensus. Dersom det ikkje er mogleg å oppnå eit konsensusvedtak, må eit vedtak ha oppslutning frå 2/3 av dei traktatpartane som er til stades, med mindre det er fastsett noko anna i traktaten.
Konferansen kan også koma saman som endringskonferanse, i samsvar med artikkel VII, eller som tilsynskonferanse, i samsvar med artikkel VIII.
Konferansen mellom partane vel medlemmer til Eksekutivrådet og utnemner Generaldirektøren for Teknisk sekretariat.
Eksekutivrådet er Organisasjonen sitt utøvande organ og skal ha 51 medlemmer. Alle traktatpartane har rett til å bli valde som medlem av Eksekutivrådet for ein toårsperiode. Den geografiske fordelinga av plassane i Eksekutivrådet er slik: Afrika 10, Aust-Europa 7, Latin-Amerika og Det karibiske området 9, Midtausten og Sør-Asia 7, Nord-Amerika og Vest-Europa 10 og Søraust-Asia, Stillehavsområdet og Det fjerne Austen 8. Minst ein tredel av plassane som er tildelte kvar geografiske region, skal, samtidig som det vert teke omsyn til politiske og tryggleiksmessige interesser, haldast av partar som er utpeikte på grunnlag av relevant kjernefysisk kapasitet i høve til traktaten, samt til talet på overvakingsanlegg i Internasjonalt overvakingssystem, sakkunnskap og erfaring innanfor overvakingsteknologi og bidrag til Organisasjonens årlege budsjett. Ein av dei plassane som er tildelte kvar geografiske region, skal haldast på rotasjonsbasis. Dei resterande plassane som er tildelte kvar geografiske region, skal haldast på rotasjonsbasis eller ved val.
Eksekutivrådet skal utarbeide sin eigen forretningsorden og leggje han fram for Konferansen til godkjenning. Eksekutivrådet møter i ordinære sesjonar. Mellom dei ordinære sesjonane skal Rådet møtast i den grad det er naudsynt. Substansavgjerder skal takast med 2/3 fleirtal. Prosedyrevedtak skal gjerast med simpelt fleirtal.
Eksekutivrådet står ansvarleg overfor Konferansen mellom partane. Det skal handle i samsvar med Konferansen sine tilrådingar, vedtak og retningsliner. Eksekutivrådet skal fremme ei effektiv gjennomføring og etterleving av traktaten og overvake Teknisk sekretariat si verksemd. Eksekutivrådet skal vurdere kvar årsak til uro frå ein part si side om mogleg mangel på etterleving av traktaten og misbruk av rettar fastsette i traktaten. Det skal førebu Konferansen sine sesjonar, mellom anna utarbeide utkast til dagsorden. Eksekutivrådet skal også leggje fram for Konferansen mellom partane eit utkast til arbeidsprogram og budsjett. Eksekutivrådet representerer Organisasjonen ved inngåing av avtalar med statar og internasjonale organisasjonar. Sistnemnde saker må vera førehandsgodkjende av Konferansen mellom partane.
Teknisk sekretariat skal hjelpe partane med gjennomføringa av traktaten og utøve verifikasjonsføresegnene i traktaten. Sekretariatet skal også sørgje for administrativ og teknisk støtte til Konferansen mellom partane, Eksekutivrådet og underordna organ. Internasjonalt datasenter skal inngå som ein integrert del av og skal drivast av Teknisk sekretariat.
Generaldirektøren er øvste leiar av sekretariatet og skal oppnemnast av Konferansen mellom partane for ein fireårsperiode. Generaldirektøren vil kunne attveljast for ein ny fireårsperiode. Generaldirektøren er ansvarleg overfor Konferansen mellom partane og Eksekutivrådet. Ved rekruttering til Organisasjonen pliktar Generaldirektøren å leggje vekt på ei tilnærma lik geografisk fordeling av stillingane.
Organisasjonen og Organisasjonen sitt personell skal på ein parts territorium og på kvar annan stad som er underlagt parten sin jurisdiksjon og kontroll, ha den rettslege handleevna og nyte dei privilegia og den immuniteten som er naudsynt for at han skal kunne utføre oppgåvene sine. Rettsleg handleevne, privilegium og immunitet skal fastleggjast i avtalar mellom Organisasjonen og partane.
Artikkel III omhandlar krav til nasjonale gjennomføringstiltak av føresegnene i traktaten. Kvar part skal gjere dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre pliktene etter traktaten og forby handlingar i strid med føresegnene i traktaten. Statane er pålagde å samarbeide med og yte hjelp i rettslege spørsmål til andre traktatpartar for å lette etterlevinga av pliktene som kvar part har etter denne artikkelen. Kvar part skal underrette Organisasjonen om tiltak som er gjorde i medhald av denne artikkelen. Vidare skal kvar part peike ut eller opprette ei nasjonal styresmakt som skal fungere som eit nasjonalt samordningssenter for kontakt med Organisasjonen og dei andre partane. I Noreg vil Utanriksdepartementet bli utpeikt som slik nasjonal styresmakt.
Artikkel IV inneheld reglane om verifikasjon og må sjåast i samanheng med protokollen til traktaten, som utdjupar verifikasjonsreglane i detalj. Det blir oppretta ei omfattande verifikasjonsordning som inneheld eit internasjonalt overvakingssystem, samråd og avklaring, stadlege inspeksjonar og tillitsskapande tiltak. Verifikasjonsordninga skal kunne oppfylle traktaten sine krav til verifikasjon på det tidspunktet han trer i kraft.
For å fremme føremålet med traktaten skal ein part ha høve til også å nytte opplysningar innhenta med hjelp av nasjonale tekniske verifikasjonsmiddel på ein måte som er i samsvar med allment godkjende prinsipp i folkeretten. Ingen part skal gripe forstyrrande inn i komponentar av traktaten si verifikasjonsordning eller slike nasjonale tekniske verifikasjonsmiddel, men kvar part har rett til å setje i verk vernetiltak for å forhindre utlevering av fortrulege opplysningar og data som ikkje er relevante i høve til traktaten.
Kvar part pliktar å samarbeide, gjennom si nasjonale styresmakt etter artikkel III, med Organisasjonen og med andre partar for å sikre etterleving av traktaten. Kvar part pliktar å setje opp naudsynt utstyr for å kunne delta i verifikasjonstiltaka som traktaten fastset, og å opprette naudsynt samband og å leggje fram data innhenta frå dei nasjonale stasjonane som inngår som ein del av Internasjonalt overvakingssystem. Kvar part pliktar å tillate stadlege inspeksjonar og å delta i ein samråds- og avklaringsprosess og i tillitsskapande tiltak når det høver. Kvar part skal ha rett til å setje i verk tiltak for å verne sensitive anlegg og hindre utlevering av fortrulege opplysningar og data som ikkje er relevante i høve til traktaten. Vidare skal alle naudsynte tiltak setjast i verk slik at opplysningar om sivile og militære aktivitetar og anlegg innhenta under verifikasjonen kan haldast fortrulege. Partane skal også samarbeide om å betre verifikasjonsordninga og om å undersøkje korleis ein kan betre verifikasjonen med ny teknologi med sikte på konkrete tiltak for å oppnå høgare kapasitet og kostnadseffektivitet i verifikasjonsordninga.
Teknisk sekretariat får ansvaret med å sikre gjennomføringa av dei tekniske verifikasjonsoppgåvene som er spesifiserte i traktaten og protokollen til traktaten. Mellom anna skal Teknisk sekretariat overvake, samordne og sikre drifta av Internasjonalt overvakingssystem og Internasjonalt datasenter i samsvar med dei aktuelle driftshandbøkene.
Internasjonalt overvakingssystem skal omfatte overvakingsanlegg innan seismologi, hydroakustikk, radionuklide målingar og infralyd samt tilhøyrande sambandsmiddel. Desse fire teknologiane vil samla gjera det mogleg å overvake kjernefysiske sprengingar på og under jordoverflata, i atmosfæren og under vatn. Dei seismologiske stasjonane er inndelt i eit primær- og eit sekundærnett, jf. tabell 1-A og 1-B i vedlegg 1 til protokollen. Alle overvakingsanlegg i Internasjonalt overvakingssystem skal eigast og drivast av vertsstatane eller statar som på annan måte tek på seg ansvaret for dei i samsvar med protokollen.
Organisasjonen skal finansiere etablering av nye overvakingsstasjonar, naudsynt teknisk oppgradering av eksisterande stasjonar, datakommunikasjon, kvalitetskontroll av data frå stasjonane, og drift og vedlikehald av anlegga i Internasjonalt overvakingssystem.
Det vert gjort eit unntak for seismologiske stasjonar i sekundærnettet, der Organisasjonen berre skal dekkje kostnadene med eventuelle nyetableringar og oppgraderingar, samt meirkostnadene med å skaffe og overføre data som Organisasjonen treng. Ordinære drifts- og vedlikehaldsutgifter for sekundærstasjonane må partane dekkje sjølve eller søkje dekt på annan måte.
Avtalar eller ordningar om dekning av kostnader skal inngåast med partane eller vertsstatane eller statar som på annan måte tek på seg ansvaret for anlegg i Internasjonalt overvakingssystem. Partane får høve til sjølve å dekkje kostnadene med nyetablering eller teknisk oppgradering av anlegg, mot reduksjon i det finansielle bidraget til Organisasjonen. Ein slik reduksjon kan ikkje overstige 50 prosent av det finansielle bidraget parten skal betale kvart år, men kan fordelast over dei påfølgjande åra.
Endringar av Internasjonalt overvakingssystem kan i visse spesifiserte tilfelle reknast som spørsmål av administrativ eller teknisk art etter artikkel VII og kan dermed gjennomførast etter tilråding frå Eksekutivrådet utan at det vert kalla saman ein endringskonferanse. Mellombelse endringar i Internasjonalt overvakingssystem kan setjast i verk dersom det oppstår vesentleg skade i eit overvakingsanlegg eller dersom det trengst å kompensere for anna mellombels redusert overvakingsdekning.
Kvar part kan, i samsvar med fastsette retningsliner, opprette samarbeidsordningar med Organisasjonen med sikte på å stille til rådvelde for Internasjonalt datasenter tilleggsdata frå nasjonale anlegg som formelt ikkje er ein del av Internasjonalt overvakingssystem. Alle kostnader med slike samarbeidande nasjonale anlegg skal berast av vedkommande part, som også må sørgje for at dei naudsynte tekniske krava vert oppfylte.
Artikkel IV inneheld også føresegner om etterleving av traktaten gjennom føresegner om samråd og avklaring og om stadleg inspeksjon. Dersom det oppstår tvil om etterlevinga av traktaten, skal partane om mogleg først gjera alt som står i deira makt for å avklare situasjonen. Ein part skal kunne rette ei oppmoding om slik avklaring til ein annan part anten direkte eller via Eksekutivrådet. Den oppmoda parten skal gje ei forklaring seinast 48 timar etter oppmodinga. Dersom den oppmodande parten meiner at forklaringa ikkje er tilfredsstillande, kan saka leggjast fram for Eksekutivrådet, som kan tilrå tiltak i samsvar med artikkel V i traktaten som har ytterlegare føresegner for å sikre etterleving av traktaten, mellom anna mogleg avgrensing eller suspensjon av ein traktatpart sine rettar og privilegium, jf. nedanfor.
Kvar part har rett til å be om stadleg inspeksjon i samsvar med føresegnene i traktaten og protokollen til traktaten. Oppmoding om stadleg inspeksjon skal rettast til Eksekutivrådet og Generaldirektøren og skal byggje på data innhenta av Internasjonalt overvakingssystem, eventuelt kombinert med relevante tekniske opplysningar innhenta med hjelp av nasjonale tekniske verifikasjonsmiddel.
Generaldirektøren skal innan seks timar oversende oppmodinga til den parten som er ønska inspisert. Teknisk sekretariat skal omgåande byrje å førebu den stadlege inspeksjonen. Generaldirektøren skal søkje å avklare dei faktiske tilhøva med sikte på å tilfredsstille den oppmodande parten. Dersom dette ikkje lykkast, skal Eksekutivrådet ta stilling til oppmodinga seinast 96 timar etter at ho er motteke. Vedtak om stadleg inspeksjon skal krevje tilslutning av minst 30 av dei 51 medlemmene i Eksekutivrådet. Det er fastsett særskilde retningsliner for å forhindre ikkje gjennomtenkte eller utilbørlege oppmodingar om stadleg inspeksjon.
Ein stadleg inspeksjon godkjent av Eksekutivrådet skal gjennomførast omgåande av eit inspeksjonslag utpeikt av Generaldirektøren. Den oppmodande parten skal ha rett til å peike ut ein observatør ved inspeksjonen. Inspeksjonslaget skal koma til innreisestaden seinast seks dagar etter at Eksekutivrådet mottok oppmodinga. Ein stadleg inspeksjon skal i utgangspunktet ikkje vara lenger enn 60 dagar, men kan lengjast med opptil 70 dagar.
Kvar part skal gje Organisasjonen løyve til å gjennomføre ein stadleg inspeksjon på sitt territorium, og skal gjera alt innan rimelege grenser som er mogleg for å medverke til at inspeksjonslaget kan fullføre oppgåva si. Den parten som vert inspisert, har rett til å setja i verk tiltak for å sikre nasjonale tryggleiksinteresser og forhindre utlevering av fortrulege opplysningar som ikkje er relevante i høve til føremålet med inspeksjonen. Ved gjennomføring av ein stadleg inspeksjon skal inspeksjonslaget utføre oppgåvene sine effektivt og til rett tid med minst mogleg ulempe for den inspiserte parten. Inspektørane skal berre nytte dei metodane som er naudsynte for å skaffe relevante fakta.
Etter at inspeksjonen er over skal Generaldirektøren stille eit utkast til inspeksjonsrapport til rådvelde for den inspiserte parten, som skal ha rett til å koma med kommentarar og forklaringar innan 48 timar. Generaldirektøren skal deretter oversende inspeksjonsrapporten, vedlagd desse kommentarane, til Eksekutivrådet og dei andre partane. Eksekutivrådet skal gjennomgå inspeksjonsrapporten med sikte på mellom anna å avgjera om føresegnene i traktaten har vore etterlevde, og skal om naudsynt gjera tiltak i samsvar med artikkel V.
Artikkel IV inneheld vidare føresegner om tillitsskapande tiltak. Kvar part plikter å samarbeide med Organisasjonen om tillitsskapande tiltak med sikte på å hindre feiltolking av data frå kjemiske eksplosjonar.
Artikkel V har fleire føresegner for å sikre etterleving av traktaten. Ein traktatpart vil kunne få sine rettar og privilegier etter traktaten avgrensa eller suspendert, dersom føresegnene i traktaten ikkje vert etterlevde. I dei tilfella der føresegnene i traktaten er misleghalde på ein alvorleg måte, vil Konferansen mellom partane kunne gjere framlegg om kollektive tiltak i samsvar med folkeretten. I særleg alvorlege tilfelle kan Konferansen, eller eventuelt Eksekutivrådet, leggje saka fram for FN.
Artikkel VI gjev eit sett av retningsliner for tvisteløysing. Når ein tvist oppstår mellom to eller fleire traktatpartar, eller mellom ein eller fleire traktatpartar og Organisasjonen, med omsyn til bruken eller tolkinga av traktaten, skal dei partane det gjeld samrå seg med sikte på ei rask løysing av tvisten. Eksekutivrådet kan medverke til ei løysing med dei verkemidla Eksekutivrådet meiner er høvelege. Med førehandsgodkjenning frå FNs generalforsamling kan Konferansen mellom partane og Eksekutivrådet leggje kvart tvisteløysingsspørsmål fram for Den internasjonale domstolen med sikte på å innhente råd.
I artikkel VII heiter det at kvar traktatpart kan, etter at traktaten har trådd i kraft, gjere framlegg om endringar i traktaten, protokollen eller vedlegga til protokollen. Det er fastsett ein eigen endringsprosedyre. Endringsforslag skal stilast til Generaldirektøren for vidaresending til alle traktatpartane og depositaren. Endringsforslag kan berre leggjast fram for endringskonferansen, som skal kallast inn dersom eit fleirtal av traktatpartane ønskjer dette.
Artikkel VIII gjev reglar om gjennomføring av tilsynskonferansar for traktaten. Med mindre eit fleirtal av traktatpartane fastset noko anna, skal det ti år etter at traktaten har trådd i kraft haldast ein Konferanse mellom partane, som skal gjennomgå bruken og effektiviteten av traktaten. Slike konferansar kan deretter kallast saman med ti års mellomrom dersom Konferansen mellom partane gjer eit prosedyrevedtak om dette året før. Ein slik konferanse kan også haldast før ti år er gått, dersom Konferansen vedtek dette som eit realitetsspørsmål.
Artikkel IX slår fast at traktaten skal gjelde i uavgrensa tid. Kvar traktatpart vil kunne trekkje seg frå traktaten, dersom han meiner at eksepsjonelle hendingar som rører ved innhaldet i traktaten, har sett landet sine overordna interesser i fare. Traktatparten skal notifisere ei slik tilbaketrekking 6 månader i førevegen til alle partar, Eksekutivrådet og Tryggingsrådet i FN.
Artikkel X slår fast at vedlegga til traktaten, protokollen og vedlegga til protokollen utgjer ein integrert del av traktatteksta.
Artikkel XIslår fast at traktaten skal vera open for underteikning for alle statar før han trer i kraft.
I artikkel XII heiter det at traktaten skal ratifiserast av signatarstatane i samsvar med deira respektive forfatningsreglar.
Artikkel XIII fastset at ein stat som ikkje underteiknar traktaten før han trer i kraft, når som helst kan tiltre traktaten på eit seinare tidspunkt.
Artikkel XIV slår fast at traktaten trer i kraft 180 dagar etter at alle statar som er oppførte i vedlegg 2 til traktaten, har deponert ratifikasjonsdokumentet sitt, men ikkje før to år etter at traktaten er lagt fram for underteikning.
Dersom traktaten ikkje har trådd i kraft tre år etter at han vart opna for underteikning, skal depositaren på oppmoding frå eit fleirtal av dei statane som har deponert ratifikasjonsdokumentet sitt, kalle saman til ein konferanse for desse statane. Konferansen skal fastslå i kva grad krava til ikrafttreding er oppfylt, og skal med konsensus vedta kva for tiltak som i samsvar med folkeretten kan gjerast for å framskunde ratifikasjonsprosessen med sikte på å påskunde ikrafttreding.
Depositaren skal kalle saman til ein slik konferanse kvart av dei påfølgjande åra til traktaten trer i kraft, med mindre noko anna er fastsett.
Artikkel XV slår fast at partane ikkje kan take atterhald med omsyn til einskilde artiklar eller vedlegg i traktaten. Men det kan takast atterhald med omsyn til protokollen og vedlegga til protokollen dersom dette ikkje er i strid med målet og føremålet med traktaten.
Artikkel XVI peiker ut FNs generalsekretær som depositar for traktaten.
Artikkel XVII slår fast at traktaten er like gyldig i arabisk, engelsk, fransk, kinesisk, russisk og spansk tekst.
Vedlegga til traktaten
Vedlegg I viser til samansetnaden av Eksekutivrådet som fastsett i artikkel II og lister opp kva for statar som inngår i dei einskilde geografiske regionane som medlemmene i Eksekutivrådet skal koma frå. Vedlegg I skal ajourførast når det trengst.
Vedlegg II gjev ei oversikt over dei statane som etter artikkel XIV må ha deponert ratifikasjonsdokumentet sitt før traktaten kan tre i kraft. Denne gruppa utgjer 44 land, mellom desse Noreg, som mellom anna står på Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) si liste over land med kjernefysiske anlegg, og som formelt har delteke i forhandlingane om traktaten.
Protokollen til traktaten
Protokollen til traktaten slår fast i detalj verifikasjonsføresegnene i samsvar med artikkel IV. Protokollen består av tre delar, med to vedlegg. Del I omfattar Internasjonalt overvakingssystem og Internasjonalt datasenter, Del II inneheld prosedyrar for stadleg inspeksjon og Del III omhandlar tillitsskapande tiltak.
Internasjonalt overvakingssystem skal omfatte overvakingsanlegg innan seismologi, hydroakustikk, radionuklide målingar og infralyd samt tilhøyrande sambandsmiddel. Overvakingsanlegga, som er oppførte i vedlegg 1 til protokollen, skal oppfylle dei tekniske og driftsmessige krava som er spesifiserte i dei respektive driftshandbøkene, og skal opprettast og drivast av Organisasjonen i samarbeid og samråd med partane, eventuelt med land som ikkje har slutta seg til traktaten, og med internasjonale organisasjonar når tilhøva tilseier det.
Teknisk sekretariat skal inngå avtalar eller ordningar med vertsstatane eller statar som på annan måte tek på seg ansvaret for å opprette, drive, oppgradere, finansiere og vedlikehalde overvakingsanlegg og tilhøyrande sambandsmiddel. Ein slik stat skal gje Teknisk sekretariat rett til tilgjenge til overvakingsanlegg for å kontrollere utstyr og samband, og skal akseptere å måtte gjera naudsynte endringar i utstyr og driftsrutinar.
Seismologisk overvaking omfattar oppretting og drift av eit verdsfemnande nett av 50 primære og 120 sekundære seismologiske målestasjonar. Primærstasjonane skal overføre data uavbrote til Internasjonalt datasenter via direktekopla samband. Sekundærstasjonane skal berre overføre data når det krevst, og skal til kvar tid gjera sine data tilgjengelege slik at Internasjonalt datasenter automatisk kan hente inn ønska data. Telesambandet mellom Internasjonalt datasenter og dei seismologiske målestasjonane kan anten opprettast som direkte samband eller gå via eit nasjonalt datasenter.
Overvaking ved måling av radionuklidar i atmosfæren omfattar oppretting og drift av eit verdsfemnande nett av 80 målestasjonar supplert med ein del formelt godkjende laboratorium. Alle målestasjonane skal til å byrje med ha kapasitet til å overvake mengda av relevante partiklar i atmosfæren. Førti av stasjonane skal i tillegg utstyrast for å kunne overvake mengda av relevante edelgassar når traktaten trer i kraft. Deretter skal det utarbeidast ein plan for å supplere dei resterande 40 stasjonane med slikt måleutstyr. Målestasjonane skal formidle data til Internasjonalt datasenter i samsvar med omsamde rutinar. Dei formelt godkjende laboratoria skal utføre analysar av prøvar frå målestasjonane og formidle resultata av desse analysane til Internasjonalt datasenter.
Hydroakustisk overvaking omfattar oppretting og drift av eit verdsfemnande nett av hydroakustiske målestasjonar. Nettet omfattar 6 målestasjonar med hydrofonar plasserte i havområda og 5 såkalla T-fasemålestasjonar plasserte på land, nær kysten. Målestasjonane skal formidle data til Internasjonalt datasenter i samsvar med omsamde rutinar.
Infralydovervaking omfattar oppretting og drift av eit verdsfemnande nett av 60 målestasjonar for registrering av lågfrekvente lydbølgjer i atmosfæren. Målestasjonane skal formidle data til Internasjonalt datasenter i samsvar med omsamde rutinar.
Internasjonalt datasenter
Internasjonalt datasenter i Wien skal ta imot, samle, analysere, utarbeide rapportar om og arkivere data frå Internasjonalt overvakingssystem. Standardprodukt frå Internasjonalt datasenter omfattar lister over alle signala som vert registrerte av Internasjonalt overvakingssystem, og fullstendige lister og bulletinar over hendingar med opplysningar om stad, styrke og andre relevante opplysningar som kan utleiast av dei registrerte signala.
Internasjonalt datasenter skal utarbeide ein standardbulletin der hendingar som ein med stor visse meiner er av ikkje-kjernefysisk art, til dømes jordskjelv, skal filtrerast ut. Filtreringa skal baserast på automatiske, omsamde kriterium, og vil resultere i ein vesentleg reduksjon av talet på hendingar kvar dag, samanlikna med standardbulletinen. Kvar part har i tillegg rett til kostnadsfritt å få utført filtrering grunna på nasjonale kriterium.
Internasjonalt datasenter skal kostnadsfritt og i rimeleg omfang yte teknisk hjelp til partane og gjera utrekningar og ekspertanalysar av data for konkrete hendingar dersom ein part ber om det. Resultata frå slike analysar skal stillast til rådvelde for alle partar. Internasjonalt datasenter skal vidare sørgje for at partane har fri og lett tilgjenge, på like vilkår, til alle rådata og handsama data frå Internasjonalt overvakingssystem. Tilsending av data innan eit visst volum skal vera kostnadsfritt for partane.
Internasjonalt datasenter skal kontinuerleg overvake og rapportere om driftsstatus for anlegga i Internasjonalt overvakingssystem og for eigne system. Det skal omgåande varsle dei ansvarlege dersom komponentar ikkje tilfredsstiller dei spesifiserte krava.
Stadleg inspeksjon
Stadleg inspeksjon skal gjennomførast i samsvar med føresegnene i artikkel IV og skal utførast i det området der hendinga har funne stad. Området skal vera samanhengande og ikkje overstige 1000 kvadratkilometer. Ein stadleg inspeksjon skal i utgangspunktet ikkje vara lenger enn 60 dagar, men kan lengjast med opptil 70 dagar. Talet på medlemmer i inspeksjonslaget som til kvar tid er til stades, skal ikkje overstige 40 personar, unnateke under eventuell boring for uttak av radioaktive prøvar. Ingen borgar av den oppmodande parten eller den inspiserte parten skal vera medlem av inspeksjonslaget. Den oppmodande parten har likevel rett til å peike ut ein observatør ved inspeksjonen.
Inspeksjonslaget skal bestå av kvalifiserte inspektørar som vert utpeikte særskilt til denne oppgåva. Ein part skal ha rett til på kvart tidspunkt å koma med innvendingar mot ein inspektør eller inspeksjonsmedhjelpar som er utpeikt; men ein part som har fått varsel om inspeksjon, skal ikkje prøve å få ein inspektør eller inspeksjonsmedhjelpar som er namngjeven i inspeksjonsmandatet, fjerna frå inspeksjonslaget.
Den inspiserte parten skal gje den støtta som er naudsynt for at inspeksjonslaget skal kunne utføre oppgåvene sine i rett tid og på ein effektiv måte, og vil få refundert alle utgifter i samband med dette frå Organisasjonen. Inspeksjonslaget sine medlemmer skal nyte godt av dei same privilegia og den same immuniteten som diplomatiske representantar vert gjevne i medhald av relevante artiklar i Wien-konvensjonen av 1961 om diplomatisk samkvem.
Oppmoding om stadleg inspeksjon skal innehalde alle data som oppmodinga er grunna på, mellom anna det estimerte tidspunktet for hendinga som har utløyst oppmodinga, og dei foreslåtte avgrensingane av området som skal inspiserast. Det skal gjerast greie for resultata av den samråds- og avklaringsprosessen som har funne stad, eller eventuelt gjerast greie for grunnane til at ein slik samråds- og avklaringsprosess ikkje er gjennomført. Dersom Eksekutivrådet følgjer oppmodinga, skal Generaldirektøren omgåande varsle den parten som skal inspiserast. Denne parten skal stadfeste mottak av Generaldirektøren sitt varsel seinast 12 timar etter at det er motteke.
Ved gjennomføring av stadleg inspeksjon skal inspeksjonslaget utføre oppgåvene sine effektivt og til rett tid og til minst mogleg ulempe for den inspiserte parten. Inspektørane skal berre nytte dei metodane som er naudsynte for å skaffe relevante fakta. Den parten som vert inspisert, skal få kopi av alle innsamla data og skal ha rett til å setja i verk tiltak for å verne sensitive installasjonar og forhindre utlevering av fortrulege opplysningar som ikkje er av interesse for føremålet med inspeksjonen. Alt materiale som vert samla inn og deretter viser seg ikkje å vera relevant, skal returnerast til den inspiserte parten.
Det gjeld særskilde retningsliner for stadleg inspeksjon i eit område som ikkje er underlagt nokon stat sin jurisdiksjon eller kontroll.
Dei inspeksjonsteknikkane som kan nyttast, er spesifiserte i protokollen og omfattar mellom anna kartlegging av området, video og fotografi, instrumentelle målingar av radioaktivitet, seismisk overvaking av etterskjelv, resonansseismikk og boring for uttak av radioaktive prøvar. Overflygingar er tillate etter fastsette reglar og med bruk av godkjent inspeksjonsutstyr.
Innsamla prøvar skal så langt det er mogleg analyserast på staden. Dersom dette ikkje lèt seg gjera, skal inspeksjonslaget ha rett til å sende prøvar til ekstern analyse i laboratorium utpeikt av Organisasjonen. Teknisk sekretariat skal kontrollere at slike analysar vert utførte i samsvar med fastlagde retningsliner.
Tillitsskapande tiltak
Kvar part skal på frivillig basis varsle Teknisk sekretariat om alle kjemiske eksplosjonar der det vert nytta ei enkeltladning på minst 300 tonn TNT-ekvivalent sprengstoff. I tillegg skal kvar part på frivillig basis overlevere opplysningar om andre typar kjemiske eksplosjonar, utført i serie, der den totale sprengkrafta er større enn 300 tonn TNT-ekvivalent. Føremålet med dette er å avklare årsaka til kvar slik hending som vert registrert av Internasjonalt overvakingssystem. Partane kan også medverke til kalibrering av Internasjonalt overvakingssystem ved å utføre kjemiske kalibreringssprengingar eller skaffe til vegar relevante opplysningar om kjemiske sprengingar for andre føremål.
Vedlegga til protokollen
Vedlegg I gjev lister over dei i alt 321 målestasjonane i Internasjonalt overvakingssystem innan dei fire teknologiane, samt ei liste over 16 radionuklidelaboratorium. For ein del av målestasjonane er koordinatane ikkje endeleg fastlagde. Andre målestasjonar skal til å byrje med etablerast som relativt enkle stasjonar og verte oppgradert til full kapasitet seinare. Fleire av stasjonane, særleg innan det seismologiske primær- og sekundærnettet, er alt i drift, men dei fleste vil likevel krevje ei teknisk oppgradering for å tilfredsstille krava til deltaking i Internasjonalt overvakingssystem.
Vedlegg II gjev ei liste over kva for typar målingar som Internasjonalt datasenter til å byrje med vil kunne nytte i standardbulletinen til å filtrere ut hendingar som ein med stor visse meiner er av ikkje-kjernefysisk art. Denne lista skal tilmåtast etter kvart som ein får erfaring med å drive overvakingssystemet.