St.prp. nr. 5 (2005-2006)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 854/2005/EF om skiping av eit fleirårig fellesskapsprogram om fremjing av sikrare bruk av Internett og ny direktekopla teknologi (Sikrare Internett pluss)

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsvedtak nr. 854/2005/EF av 11. mai 2005 om skiping av eit fleirårig fellesskapsprogram om fremjing av sikrare bruk av Internett og ny direktekopla teknologi

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR —

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 153 nr. 2,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,

med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet 1,

etter samråd med Regionutvalet,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 2, og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Utbreiinga av Internett og bruken av ny teknologi som t.d. mobiltelefonar aukar kraftig framleis kraftig i Fellesskapet. Samstundes finst det framleis farar, særleg for barn, og misbruk av teknologien held fram og nye farar og misbruk oppstår. For å oppmuntre til utnytting av dei høva som Internett og ny direktekopla teknologi gjev, trengst det òg tiltak for å fremje sikrare bruk og verne sluttbrukarar mot uønskt innhald.

  2. «Handlingsplanen e-Europa 2005», som er ei vidareutvikling av Lisboa-strategien, tek sikte på å stimulere sikre tenester, program og innhald som er baserte på ein allment tilgjengeleg breibandinfrastruktur. Måla er mellom anna ein sikker informasjonsinfrastruktur, utvikling, analyse og spreiing av god praksis, referansemåling og ein samordningsmekanisme for e-politikk.

  3. Det regelverket som vert fastsett på fellesskapsplan for å handtere utfordringane med digitalt innhald i informasjonssamfunnet, omfattar no føresegner for direktekopla tenester, særleg dei føresegnene for kommersiell e-post som ikkje er tinga, i direktivet om personvern og elektronisk kommunikasjon 3 og om viktige sider ved ansvaret til leverandørar av formidlingstenester i direktivet om elektronisk handel 4, og tilrådingar til medlemsstatane, industrien og dei partane som det gjeld, og Kommisjonen, saman med retningslinjene om vern av mindreårige i rekommandasjon 98/560/EF 5.

  4. Det vil framleis vere krav om tiltak både med omsyn til innhald som kan vere skadeleg for barn, eller som er uønskt av sluttbrukaren, og med omsyn til ulovleg innhald, særleg barnepornografi og rasistisk materiale.

  5. Det er ønskjeleg å oppnå internasjonal semje om rettsleg bindande grunnreglar, men dette vil ikkje vere lett. Sjølv om det vert oppnådd semje vil ikkje det i seg sjølv vere nok til å sikre at reglane vert gjennomførde eller at dei som er i faresona, vert verna.

  6. Handlingsplanen for eit sikrare Internett (1999-2004) som vart vedteken ved vedtak 276/1999/EC 6, har ført til fellesskapsfinansiering som har medverka til vellukka fremjing av ei rekkje initiativ, og han har skapt europeisk meirverdi. Ytterlegare finansiering vil gjere at nye initiativ kan byggje på det arbeidet som alt er gjort.

  7. Det trengst framleis praktiske tiltak for å oppmuntre til å melde frå om ulovleg innhald til dei som kan handsame det, for å oppmuntre til vurdering av resultata av filterteknologien og referansemåling av denne teknologien, for å spreie best mogleg praksis for åtferdsreglar isamsvar med reglar for åtferd som det er allmenn semje om, og for å informere og undervise foreldre og barn om korleis dei best og på ein sikker måte kan utnytte potensialet til ny direktekopla teknologi.

  8. Det er svært viktig at medlemsstatane sjølv gjer tiltak i samarbeid med ei rekkje aktørar frå nasjonale, regionale og lokale styresmakter, nettoperatørar, foreldre, lærarar og skuleadministratorar. Fellesskapet kan stimulere best mogleg praksis i medlemsstatane ved å ta på seg ei rettleiande rolle både innanfor Den europeiske unionen og internasjonalt, og gjennom å støtte referansemåling, samankopling av nett og bruksretta forsking på europeisk plan.

  9. Internasjonalt samarbeid er òg særs viktig og kan stimulerast, samordnast, formidlast og gjennomførast ved tiltak gjennom Fellesskapet sine strukturar for samankopling av nett.

  10. Dei tiltaka som Kommisjonen har makt til å vedta i medhald av den gjennomføringsstyresmakta han har fått ved dette vedtaket, er vesentleg forvaltingstiltak i samband med gjennomføringa av eit program med store budsjettmessige følgjer i medhald av artikkel 2 bokstav a) i rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 7. Dei tiltaka bør difor vedtakast etter den framgangsmåten med forvaltingsutval som er nemnd i artikkel 4 i den avgjerda.

  11. Kommisjonen bør sikre komplementaritet og samverknad med tilknytte fellesskapsinitiativ og -program, m.a. ved å ta omsyn til det arbeidet som er gjort av andre organ.

  12. I dette vedtaket er det for heile det tidsrommet som programmet varer, fastsett ei finansiell ramme som utgjer det viktigaste referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta ved den årlege budsjetthandsaminga, slik det er definert i nr. 33 i den tverrinstitusjonelle avtala av 6. mai 1999 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og betre budsjetthandsaming 8.

  13. Ettersom måla for dette vedtaket, nemleg å fremje sikrare bruk av Internett og ny direktekopla teknologi og å kjempe mot ulovleg innhald og innhald som sluttbrukaren ikkje ønskjer, ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane fordi dei aktuelle problema er av ein tverrnasjonal karakter, og difor på grunn av det europeiske omfanget og verknadene av tiltaka, betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet, slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne avgjerda lenger enn det som er naudsynt for å nå desse måla.

  14. Dette vedtaket respekterer dei grunnleggjande rettane og etterlever særleg dei prinsippa som er sannkjende i Pakta til Den europeiske unionen om grunnleggjande rettar, særleg artikkel 7 og 8 -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Målet for programmet

  1. Ved dette vedtaket vert det skipa eit fellesskapsprogram for tidsrommet 2005-2008 for å fremje sikrare bruk av Internett og ny direktekopla teknologi, særleg for barn, og for å kjempe mot ulovleg innhald og innhald som sluttbrukaren ikkje ønskjer.

    Programmet skal kallast «Sikrare Internett pluss» (heretter kalla programmet).

  2. For å nå måla for programmet, som er nemnde i nr. 1, vil følgjande tiltak verte handsama:

    1. kamp mot ulovleg innhald,

    2. handtering av uønskt og skadeleg innhald,

    3. fremjing av sikrare tilhøve,

    4. medvitsauking.

Dei verksemdene som skal gjennomførast under desse tiltaka, er fastsette i vedlegg I.

Programmet skal gjennomførast i samsvar med vedlegg III.

Artikkel 2

Deltaking

  1. Juridiske personar som er etablerte i medlemsstatane, kan ta del i programmet.

    Det er òg ope for deltaking for juridiske personar som er etablerte i kandidatstatar i samsvar med tosidige avtaler som eksisterer eller som skal inngåast med desse statane.

  2. Det kan opnast for deltaking i programmet for juridiske personar som er etablerte i EFTA-statar som er avtalepartar til EØS-avtala, i samsvar med føresegnene i protokoll 31 til den avtala.

  3. Det kan opnast for deltaking i programmet for juridiske personar som er etablerte i tredjestatar, og internasjonale organisasjonar, utan økonomisk støtte frå Fellesskapet innan ramma av programmet, dersom slik deltaking røynleg medverkar til å gjennomføre programmet. Avgjerda om å tillate slik deltaking skal vedtakast i samsvar med den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 4 nr. 2.

Artikkel 3

Kompetansen til Kommisjonen

  1. Kommisjonen er ansvarleg for å gjennomføre programmet.

  2. Kommisjonen skal utarbeide eit arbeidsprogram på grunnlag av dette vedtaket.

  3. Ved gjennomføringa av programmet skal Kommisjonen, i nært samarbeid med medlemsstatane, sikre at det generelt er i samsvar med og utfyller annan relevant fellesskapspolitikk og andre relevante program og tiltak, særleg fellesskapsprogramma for forsking og teknologisk utvikling og programma Daphne II 9, Modinis 10 og eContentplus 11.

  4. Kommisjonen skal handle i samsvar med den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 4 nr. 2, med omsyn til:

    1. vedtaking og endringar av arbeidsprogrammet,

    2. fordeling av budsjettutgiftene,

    3. fastsetjing av kriteria for og innhaldet i innbydingar til framlegg, i samsvar med dei måla som er fastsette i artikkel 1,

    4. vurdering av prosjektframlegg med sikte på fellesskapsfinansiering i samband med utlyste innbydingar til framlegg når det pårekna fellesskapstilskotet er på 500000 euro eller meir,

    5. alle unntak frå dei reglane som er fastsette i vedlegg III,

    6. gjennomføring av tiltak for vurdering av programmet.

  5. Kommisjonen skal gje det utvalet som er nemnt i artikkel 4, melding om framdrifta i gjennomføringa av programmet.

Artikkel 4

Utval

  1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval.

  2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 4 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.

    Det tidsrommet som er fastsett i artikkel 4 nr. 3 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere tre månader.

  3. Utvalet fastset møteføresegnene sine.

Artikkel 5

Overvaking og vurdering

  1. For å sikre at fellesskapsstøtta vert nytta på ein effektiv måte, skal Kommisjonen syte for at det vert utført førehandsvurdering, oppfølging og etterfølgjande vurdering av dei tiltaka som vert gjennomførde i medhald av dette vedtaket.

  2. Kommisjonen skal overvake gjennomføringa av prosjekt som er omfatta av programmet. Kommisjonen skal vurdere korleis prosjekta er vortne gjennomførde og kva verknad gjennomføringa har hatt, slik at han kan avgjere om dei opphavlege måla er vortne nådde.

  3. Kommisjonen skal innan midten av 2006 leggje fram for Europaparlamentet, Rådet, Det europeiske økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet ein rapport om gjennomføringa av dei tiltaka som er nemnde i artikkel 1 nr. 2. I denne samanhengen skal Kommisjonen rapportere om summen for 2007-2008 er i samsvar med dei finansielle overslaga. Kommisjonen skal eventuelt gjere dei tiltaka som er naudsynte innanfor ramma av budsjetthandsaminga for 2007-2008, for å sikre at dei årlege løyvingane er i samsvar med dei finansielle overslaga.

    Når programmet er gått ut skal Kommisjonen leggje fram ein sluttvurderingsrapport.

  4. Kommisjonen skal sende over til Europaparlamentet og Rådet konklusjonane frå den kvalitative og kvantitative vurderinga saman med eventuelle høvelege framlegg til endring av dette vedtaket. Konklusjonane skal sendast over før utkastet til det allmenne budsjettet til Den europeiske unionen for høvesvis 2007 og 2009 vert lagt fram.

Artikkel 6

Finansielle føresegner

  1. Den finansielle ramma for gjennomføringa av fellesskapstiltaka i medhald av dette vedtaket for tidsrommet 1. januar 2005-31. desember 2008 vert med dette fastsett til 45 millionar euro, der 20 50 000 euro skal dekkje tidsrommet fram til 31. desember 2006.

    For tidsrommet etter 31. desember 2006 skal denne summen reknast som stadfesta dersom han for denne fasen stemmer overeins med dei finansielle overslaga som gjeld for det tidsrommet som tek til i 2007. 32Dei årlege løyvingane for tidsrommet 2005-2008 skal godkjennast av budsjettstyresmakta innanfor ramma av dei finansielle overslaga.

  2. I vedlegg II er det ført opp ei rettleiande utgiftsfordeling.

Artikkel 7

Iverksetjing

Dette vedtaket tek til å gjelde den dagen det vert kunngjort i Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Strasbourg, 11. mai 2005.

For EuropaparlamentetFor Rådet
J. P. BORRELL FONTELLESN. SCHMIT
PresidentFormann

Vedlegg I

Tiltak

1. Tiltak 1: Kamp mot ulovleg innhald

Direktelinjer gjer det mogleg for ålmenta å melde frå om ulovleg innhald. Direktelinjene sender rapportane vidare til riktig organ for iverksetjing (ein Internett-tenesteleverandør (ISP), politiet eller ei tilsvarande direktelinje). Sivile direktelinjer utfyller politi-direktelinjer der slike finst. Dei har likevel ei anna rolle enn dei styresmaktene som har ansvaret for handheving av lova, ettersom dei ikkje granskar brotsverk eller arresterer eller reiser sak mot lovbrytarar. Dei kan utgjere senter for sakkunne som kan gje råd til Internett-tenesteleverandørar om kva innhald som kan vere ulovleg.

Det eksisterande direktelinjenettet er ein unik struktur som ikkje ville ha vorte skipa utan fellesskapsstøtte. Slik det er streka under i vurderingsrapporten frå 2002 om handlingsplanen for eit sikrare Internett , har nettet hatt stor framgang med omsyn til å få nye medlemmer og har eit internasjonalt omfang. For at potensialet til dette nettet skal kunne utviklast fullt ut, er det naudsynt å sikre at nettet og samarbeidet dekkjer heile Europa og å auke effektiviteten gjennom utveksling av opplysningar, best mogleg praksis og røynsler. Fellesskapsmidlar bør òg nyttast til å auke medvitet om direktelinjene, og såleis gjere dei meir effektive.

Direktelinjer som vert valde ut etter ei innbyding til framlegg, vil få midlar for vere knutepunkt i nettet og for å samarbeide med dei andre knutepunkta innan det europeiske direktelinjenettet.

Om naudsynt kan det gjevast støtte til telefonhjelpelinjer der barn kan uttrykkje uro over ulovleg og skadeleg innhald på Internett.

For å vurdere effektiviteten til direktelinjer bør det takast omsyn til fleire indikatorar. Kvalitative og kvantitative opplysningar bør samlast inn om skipinga og drifta av direktelinjer, talet på nasjonale knutepunkt, den geografiske dekkinga i medlemsstatane, talet på rapportar som er mottekne, talet på og røynslenivået til direktelinjepersonalet, rapportane om tiltak som er sende over til dei offentlege styresmaktene og Internett-tenesteleverandørane, og, i den grad dei er tilgjengelege, tiltak som er gjorde som eit resultat av dette, særleg talet på og typen nettsider som er trekte tilbake av Internett-tenesteleverandørar som følgje av informasjonen frå direktelinjene. Desse opplysningane bør om mogleg offentleggjerast og sendast over til dei rette styresmaktene.

For å sikre at programmet er effektivt, er det krav om direktelinjer i alle medlemsstatar og kandidatstatar som ikkje har slike frå før. Desse nye direktelinjene må integrerast snøgt og effektivt i det eksisterande europeiske direktelinjenettet. Det bør stimulerast til å gjere prosessen med å innføre direktelinjer snøggare. Sambandet mellom dette nettet og direktelinjer i tredjestatar (særleg i andre europeiske statar der ulovleg innhald vert lagra eller produsert), bør fremjast slik at det vert mogleg å utvikle felles tilnærmingar og å overføre fagkunnskap og best mogleg praksis. I samsvar med nasjonal lovgjeving, og der det er høveleg og naudsynt, må ordningane for samarbeid mellom sivile direktelinjer og styresmakter som har ansvaret for handheving av lova, betrast ytterlegare, medrekna t.d. utvikling av åtferdsreglar for slike direktelinjer. Det kan eventuelt vere naudsynt med juridisk og teknisk opplæring av direktelinjepersonalet. Det er obligatorisk for direktelinjene å ta aktivt del i samankopling av nett og verksemd over landegrensene.

Direktelinjer bør vere knytte til medlemsstatsinitiativ, støttast på nasjonalt plan og vere økonomisk levedyktige for å sikre framleis drift etter at dette programmet går ut. Delfinansiering er meint for sivile direktelinjer og vil difor ikkje verte ytt til direktelinjer som vert drivne av politiet. Direktelinjene vil forklare for brukarane skilnaden mellom verksemda deira og verksemda til dei offentlege styresmaktene, og gjere dei merksame på at det finst andre måtar å rapportere ulovleg innhald på .

For å oppnå størst mogleg innverknad og effektivitet med tilgjengelege midlar, må direktelinjenettet drivast så effektivt som mogleg. Dette kan best oppnåast ved å skipe eit samordnande knutepunkt til nettet, som vil gjere det lettare å oppnå semje mellom direktelinjene slik at det kan utarbeidast retningslinjer på europeisk plan og arbeidsmetodar og -praksis som respekterer dei grensene som nasjonal lovgjeving pålegg dei einskilde direktelinjene .

Det samordnande knutepunktet bør

  • fremje nettet som ein heilskap for å gjere det meir synleg på europeisk plan og auke medvitet om det i Den europeiske unionen, ved å t.d. gje det éin identitet og eitt tilgangspunkt som gjev lett tilgang til den rette nasjonale kontakten,

  • ta kontakt med høvelege organ med sikte på å utvide dekkinga til nettet i medlemsstatane og kandidatstatane,

  • gjere drifta av nettet meir effektiv,

  • utarbeide retningslinjer for best mogleg praksis med omsyn til direktelinjer og tilpasse dei til den nye teknologien,

  • organisere jamleg utveksling av informasjon og røynsler mellom direktelinjene,

  • stille til rådvelde ei gruppe sakkunnige som kan gje råd og rettleiing ved skiping av nye direktelinjer, særleg i kandidatstatar,

  • sikre samarbeid med direktelinjer i tredjestatar,

  • halde ved lag eit nært samarbeid med det samordnande knutepunktet for medvitsauking (sjå punkt 4 nedanfor) for å sikre samanheng og effektivitet i programmet som heilskap og for å auke medvitet til ålmenta om direktelinjene,

  • ta del i forumet for eit sikrare Internett og andre relevante tilskipingar, og samordne innsats og kommentarar frå direktelinjer.

Det samordnande knutepunktet vil overvake effektiviteten til direktelinjene og samle inn nøyaktig og meiningsfull statistikk om drifta deira (talet på og typen rapportar som er mottekne, tiltak som er gjorde, resultat osv.). Desse statistikkane bør kunne jamførast i alle medlemsstatane.

Direktelinjenettet bør sikre dekking og utveksling av rapportar om dei viktigaste typane urovekkjande ulovleg innhald - dvs. ikkje berre barnepornografi. Ulike ordningar og sakkunne kan vere naudsynte for å handsame andre område som t.d. rasistisk innhald, som kan innebere andre typar knutepunkt som handterer ulike emne. Ettersom dei finansielle og administrative ressursane til programmet er avgrensa, er det ikkje sikkert alle slike knutepunkt vil motta midlar; dei vil kanskje måtte nyttast til å styrkje rolla til det samordnande knutepunktet på desse områda.

2. Tiltak 2: Handtering av uønskt og skadeleg innhald

I tillegg til tiltak for å kjempe mot ulovleg innhald ved kjelda, kan brukarar, ansvarlege vaksne når brukarane er mindreårige, trenge tekniske verktøy. Tilgang til desse verktøya kan fremjast for å gjere det mogleg for brukarar å avgjere sjølv korleis dei vil handtere uønskt og skadeleg innhald (makt til brukarane).

Det bør gjevast ytterlegare midlar for å auke mengda av tilgjengeleg informasjon om korleis programvarer og tenester for filtrering verkar og kor effektive dei er slik at brukaren kan gjere valet på eit velinformert grunnlag. Brukarorganisasjonar og institutt for vitskapleg forsking kan vere verdifulle partnarar i denne innsatsen.

Klassifiseringssystem og kvalitetsmerking, kombinert med filtreringsteknologi, kan gje brukarane meir makt til å velje det innhaldet dei ønskjer å motta, og gje europeiske foreldre og lærarar den informasjonen som er naudsynt for å ta avgjerder i samsvar med dei kulturelle og språklege verdiane sine. Med omsyn til resultata av tidlegare prosjekt, kan det gjevast midlar til prosjekt som har som mål å tilpasse klassifiseringssystem og kvalitetsmerking slik at dei tek omsyn til tilnærminga av teknologien innan telekommunikasjon, audiovisuelle medium og informasjonsteknologi; også sjølvreguleringsinitiativ som aukar pålitsgraden til sjølvmerking, og tenester til kontroll av sjølvklassifiseringsmerke, kan motta midlar. Det kan verte naudsynt med ytterlegare innsats for å oppmuntre innhaldsleverandørar til å nytte klassifiseringssystem og kvalitetsmerking.

Det er ønskjeleg at det alt ved utviklinga av ny teknologi vert teke omsyn til tryggleiken til dei barna som nyttar han, i staden for å prøve å handtere konsekvensane av den nye teknologien etter at han er teken i bruk. Tryggleiken til sluttbrukaren er eit kriterium som det skal takast omsyn til, saman med tekniske og kommersielle vurderingar. Ein måte å gjere dette på er å oppmuntre til utveksling av synspunkt mellom barnevelferdsspesialistar og teknisk sakkunnige. Det skal likevel takast omsyn til at ikkje alle produkt som er utvikla for ein direktekopla verden, er meinte for barn.

Programmet vil difor finansiere teknologiske tiltak som stettar dei krava som brukarane har, og som gjer det mogleg for dei å avgrense mengda av uønskt og skadeleg innhald og å handtere dei uønskte e-postmeldingar som dei mottek, i tillegg til å:

  • vurdere effektiviteten til tilgjengeleg filtreringsteknologi og gje denne informasjonen til ålmenta på ein klar og enkel måte som gjer det lettare å samanlikne,

  • lette og samordne utvekslinga av informasjon og best mogleg praksis med omsyn til effektiv handtering av uønskt og skadeleg innhald,

  • auke bruken av innhaldsklassifisering og kvalitetsmerking av nettstader hjå innhaldsleverandørar og tilpasse innhaldsklassifisering og merking slik at dei tek omsyn til tilgangen på det same innhaldet gjennom ulike leveringsmekanismar (tilnærming),

  • om naudsynt, medverke til å gje tilgang til filtreringsteknologi, særleg på språk som ikkje er tilstrekkjeleg dekte av marknaden, eventuelt syte for at teknologien som vert nytta, sikrar personvernet i medhald av direktiv 95/46/EF 12 og 2002/58/EF.

Det skal oppmuntrast til bruk av teknologi som medverkar til betre personvern. Verksemda under dette tiltaket vil ta fullt ut omsyn til føresegnene i rådsrammevedtak 2005/222/JHA av 24. februar 2005 om åtak mot informasjonssystem 13.

Gjennomføringa av dette tiltaket vil verte nært samordna med tiltaka for fremjing av sikrare tilhøve (sjølvreguleringstiltak) og medvitsauking (informasjon til ålmenta om korleis handtere uønskt og skadeleg innhald).

3. Tiltak 3: Fremjing av sikrare tilhøve

Eit sjølvreguleringssystem som fungerer fullt ut, er eit viktig element for å avgrense straumen av uønskt, skadeleg og ulovleg innhald. Sjølvregulering omfattar ei rekkje element: samråd og tilbørleg representasjon av dei partane som det gjeld, åtferdsreglar, nasjonale organ som lettar samarbeidet på fellesskapsplan og nasjonal vurdering av sjølvreguleringsrammene 14. Det trengst framleis fellesskapsinnsats på dette området for å oppmuntre den europeiske Internett-industrien og aktørar innanfor ny direktekopla teknologi til å innføre åtferdsreglar.

Forumet for eit sikrare Internett som vart utvikla i 2004 innanfor ramma av handlingsplanen for eit sikrare Internett, skal verte eit diskusjonsforum som omfattar representantar for industrien, styresmakter som har ansvaret for handheving av lova, avgjerdstakarar og brukarorganisasjonar (t.d. foreldre- og lærarorganisasjonar, barnevernsgrupper, forbrukarvernorgan, organisasjonar som arbeider med borgarrettar og digitale rettar). Det vil utgjere ei plattform der nasjonale samregulerande og sjølvregulerande organ kan utveksle røynsler og der det vil vere mogleg å drøfte korleis industrien kan ta del i kampen mot ulovleg innhald.

Forumet for eit sikrare Internett vil vere eit sentrum for diskusjon mellom sakkunnige og eit utgangspunkt for å skape semje, gjere greie for konklusjonar, tilrådingar, retningslinjer osv. overfor relevante nasjonale og europeiske kanalar.

Forumet for eit sikrare Internett vil omfatte alle tiltaka, og såleis lette drøftingane og stimulere innsats som gjeld ulovleg, uønskt og skadeleg innhald. Forumet kjem til å omfatte plenumsmøte og der det er naudsynt for særlege føremål, arbeidsgrupper med klare mål og fristar, og det vil vere ein møteplass for aktørar frå alle område - medrekna offentlege organ og program, standardiseringsorgan, industrien, andre tenester innanfor Kommisjonen, brukarorganisasjonar (t.d. foreldre- og lærarorganisasjonar, barnevernsgrupper, forbrukarvernorgan og organisasjonar som arbeider med borgarrettar og digitale rettar). Forumet vil gje folk som er aktive på nasjonalt og europeisk plan, særleg dei som tek del i program og initiativ i medlemsstatane, høve til å utveksle synspunkt, informasjon og røynsler. Forumet for eit sikrare Internett bør utveksle informasjon og samarbeide med relevante organisasjonar som driv verksemd på nærskylde område, t.d. innanfor nettverks- og informasjonstryggleik.

Forumet for eit sikrare Internett skal ha følgjande mål:

  1. Stimulere nettverksarbeid mellom dei aktuelle strukturane innanfor medlemsstatane, og utvikle sambandet med sjølvregulerande organ utanfor Europa.

  2. Stimulere semje og sjølvregulering når det gjeld spørsmål som t.d. kvalitetsklassifisering av nettstader, klassifisere innhald på tvers av medium og utvide vurderings- og filtreringsteknikkar slik at dei òg kan omfatte nye typar innhald, t.d. direktekopla spel, og nye typar tilgang, t.d. gjennom mobiltelefonar.

  3. Oppmuntre tenesteleverandørar til å utarbeide åtferdsreglar for spørsmål som t.d. korleis framgangsmåtar for varsling og fjerning av system skal handsamast på ein oversiktleg og samvitsfull måte, og informere brukarar om sikrare bruk av Internett og om direktelinjer for rapportering av ulovleg innhald.

  4. Fremje forsking med omsyn til kor effektive klassifiseringsprosjekta og filtreringsteknologien er. Brukarorganisasjonar og institutt for vitskapleg forsking kan vere verdifulle partnarar i denne innsatsen.

Resultat og funn frå igangsette og fullførte prosjekt som er samfinansierte gjennom programmet, skal vere ein del av prosessen. Ved å skape ei ope plattform vil forumet medverke til å auke medvitet og trekkje inn kandidatstatar og andre tredjestatar, og såleis fungere som ein internasjonal arena for drøfting av eit verdsomfattande problem. Det vil difor sikre at viktige samanslutningar som brukarorganisasjonar(t.d. foreldre- og lærarorganisasjonar, barnevernsgrupper, forbrukarvernorgan og organisasjonar som arbeider med borgarrettar og digitale rettar), industrien og offentlege organ vert medvitne om, rådspurde om og medverkar til innsats for sikrare bruk, både innanfor Fellesskapet og internasjonalt.

Forumet for eit sikrare Internett skal vere ope for deltaking for dei statane som det gjeld utanfor Fellesskapet og kandidatstatar. Internasjonalt samarbeid skal styrkjast gjennom ein rundebordskonferanse som er knytt til forumet for å sikre ein jamleg dialog om beste praksis, åtferdsreglar, sjølvregulering og kvalitetsklassifisering. Kommisjonen skal syte for at samverknaden med nærskylde forum og liknande initiativ vert utnytta fullt ut.

Gjennom ei tilbodsinnbyding kan det skipast eit sekretariat som skal hjelpe forumet for eit sikrare Internett, medrekna sakkunnige på aktuelle område som kan gjere framlegg om studieemne, førebu arbeidsdokument, leie drøftingar og trekkje konklusjonar.

Ein annan type verksemd som kan få finansiell støtte på fellesskapsplan, kan t.d. omfatte sjølvregulerande prosjekt for utarbeiding av åtferdsreglar over landegrensene. Det kan gjevast råd og støtte for å sikre samarbeid på fellesskapsplan gjennom nettverk mellom dei aktuelle organa i medlemsstatane og kandidatstatane og gjennom systematisk revisjon og rapportering av relevante juridiske og lovgjevingsmessige spørsmål, for å medverke til utviklinga av metodar for å vurdere og sertifisere sjølvreguleringa, for å gje praktisk hjelp til statar som ønskjer å skipe sjølvregulerande organ og for å utvide sambandet med sjølvregulerande organ utanfor Europa.

4. Tiltak 4: Medvitsauking

Medvitsaukande tiltak bør rettast mot ei rekkje kategoriar av ulovleg, uønskt og skadeleg innhald (medrekna t.d. innhald som vert rekna som upassande for barn og rasistisk og framandhatsk innhald), og bør eventuelt ta omsyn til nærskylde spørsmål som gjeld forbrukarvern, datavern og informasjons- og nettryggleik (virus/uønskte e-postmeldingar). Desse bør både omhandle innhald som vert spreidd gjennom Verdsveven, og nye former for interaktiv informasjon og kommunikasjon som følgjer av den snøgge utbreiinga av Internett og mobiltelefoni (t.d. «peer-to-peer»-tenester, breibandsvideo, direktemeldingar («instant messaging»), praterom osv.).

Kommisjonen vil framleis gjere tiltak for å oppmuntre til kostnadseffektive måtar for å spreie informasjon til mange brukarar, særleg ved å bruke organisasjonar som har ein mangfaldiggjerande verknad og kanalar for elektronisk formidling, med sikte på å nå dei tiltenkte målgruppene. Kommisjonen kan særleg vurdere bruken av massemedium og spreiing av informasjonsmateriale til skolar og til Internett-kafear.

Programmet vil gje støtte til høvelege organ som vert valde ut etter ei open innbyding til framlegg om å fungere som medvitsaukande knutepunkt i kvar medlemsstat og kandidatstat, og som kan gjennomføre medvitsaukande tiltak og program i nært samarbeid med alle relevante aktørar på nasjonalt, regionalt og lokalt plan. Europeisk tilleggsverdi vil verte skapt ved eit samordnande knutepunkt som vil vere nært knytt opp mot andre knutepunkt for å sikre utveksling av best mogleg praksis.

Organ som ønskjer å fungere som medvitsaukande knutepunkt, må kunne vise at dei har sterk støtte frå dei nasjonale styresmaktene. Dei bør ha eit klart mandat til å utdanne ålmenta i sikrare bruk av Internett og ny direktekopla teknologi eller i medie- og informasjonskunnskap, og må ha dei finansielle ressursane som er naudsynte for å gjennomføre dette mandatet.

Medvitsaukande knutepunkt vil få følgjande oppgåver:

  • utforme ein samanhengande, intensiv og målretta medvitsaukande kampanje som tek i bruk dei mest føremålstenlege media, samstundes som det vert teke omsyn til beste praksis og røynsler frå andre statar,

  • skipe og halde ved lag eit partnarskap (formelt eller uformelt) med dei viktigaste aktørane (offentlege organ, presse- og mediegrupper, samanslutningar av Internett-tilbydarar, brukarorganisasjonar, aktørar innanfor utdanningssektoren) og tiltak på nasjonalt plan med omsyn til sikrare bruk av Internett og ny direktekopla teknologi,

  • fremje dialog og utveksle informasjon mellom aktørar frå utdanningssektoren og teknologisektorane,

  • eventuelt samarbeide med tiltak på andre område som er knytte til dette programmet, t.d. innanfor eit meir generelt medie- og informasjonskunnskapsområde eller innanfor forbrukarvern,

  • informere brukarar om europeisk filtreringsprogramvare og -tenester og om direktelinjer og ordningar for eigenkontroll,

  • samarbeide aktivt med andre knutepunkt i det europeiske nettverket gjennom utveksling av informasjon om beste praksis, deltaking i møte og utforming og gjennomføring av ein europeisk metode som vert tilpassa i samsvar med nasjonale språklege og kulturelle tilhøve,

  • stille til rådvelde ei gruppe sakkunnige og teknisk støtte som trengst for å skipe nasjonale knutepunkt (nye knutepunkt kan «adopterast» av eit knutepunkt som har meir røynsle),

For å sikre best mogleg samarbeid og effektivitet vil det verte skipa eit samordnande knutepunkt som skal støtte knutepunkta i kvar medlemsstat når det gjeld logistikk og infrastruktur, og såleis sikre at arbeidet vert synleg på europeisk plan og at kommunikasjonen og utvekslinga av røynsler er god, slik at dei røynslene som vert gjorde, straks kan utnyttast (t.d. ved å tilpasse materiale som er nytta til medvitsauking).

Det samordnande knutepunktet bør

  • syte for effektiv kommunikasjon og utveksling av informasjon og beste praksis innanfor nettverket,

  • syte for at personalet innanfor det medvitsaukande knutepunktet får opplæring i sikrare bruk av Internett og ny direktekopla teknologi (opplæring av opplæringspersonalet),

  • syte for teknisk støtte til kandidatstatar som ønskjer å setje i verk medvitsaukande tiltak,

  • samordne leveringa av ekspertise og teknisk støtte frå dei samordnande knutepunkta til nye samordnande knutepunkt som vert sette i verk,

  • gjere framlegg om indikatorar og styre innsamlinga, analysen og utvekslinga av statistiske opplysningar om medvitsaukande verksemd, for såleis å vurdere kva innverknad dei har,

  • stille infrastruktur til rådvelde for ein felles, omfattande tverrnasjonal base (Internett-portal) med relevant informasjon og relevante medvitsaukande ressursar og forskingsressursar med lokalt innhald (eller eventuelt lokale nettsider), som kan omfatte nyhendenotisar, artiklar og månadlege nyhendebrev på fleire språk, og å syte for at verksemda til forumet for eit sikrare Internett vert synleggjort,

  • utvide sambandet med medvitsaukande verksemd utanfor Europa,

  • ta del i forumet for eit sikrare Internett og andre relevante tilskipingar, og samordne innsats og kommentarar frå nettet for medvitsauking.

Det skal òg drivast jamførande forsking for å finne ut korleis folk, særleg barn, nyttar ny direktekopla teknologi. Fleire tiltak på fellesskapsplan kan t.d. omfatte støtte til særskilde barnevennlege Internett-tenester eller ein årleg pris for beste medvitsaukande verksemd.

Vedlegg II

Rettleiande utgiftsfordeling

1.Motkjemping av ulovleg innhald25 - 30%
2.Handtering av uønskt og skadeleg innhald

10 - 17%

3.Fremjing av sikrare tilhøve8 - 12%
4.Medvitsauking47 - 51%

Vedlegg III

Gjennomføringa av programmet

  1. Kommisjonen skal gjennomføre programmet i samsvar med dei tekniske spesifikasjonane i vedlegg I.

  2. Programmet vil verte gjennomført gjennom indirekte tiltak som omfattar:

    1. Tiltak med kostnadsdeling

      1. Forsøksprosjekt og tiltak for beste praksis. Eingongsprosjekt på område som er relevante for programmet, medrekna prosjekt som viser best mogleg praksis eller omfattar nyskapande bruk av eksisterande teknologi.

      2. Nettverk: nettverk som fører saman ei rekkje ulike aktørar for å sikre at tiltak vert gjennomførde i heile Den europeiske unionen, og for å lette samordningsverksemda og kunnskapsoverføringa. Dei kan vere knytte til tiltak for beste praksis.

      3. Det skal òg drivast bruksretta forsking på europeisk plan for å finne ut korleis folk, særleg barn, nyttar ny direktekopla teknologi.

      Fellesskapsfinansieringa skal normalt ikkje overstige 50 % av prosjektkostnadene. Offentlege organ kan få dekt ekstrakostnadene sine med opptil 100%.

    2. Oppfølgingstiltak

      Følgjande oppfølgingstiltak skal medverke til gjennomføringa av programmet eller til førebuinga av framtidig verksemd:

      1. Referansemåling og meiningsmålingar for å gje pålitelege data om sikrare bruk av Internett og om ny direktekopla teknologi for alle medlemsstatane skal samlast inn ved hjelp av metodar som kan jamførast.

      2. Teknisk vurdering av teknologi som t.d. filtrering, som skal fremje sikrare bruk av Internett og ny direktekopla teknologi. Vurderinga skal òg ta omsyn til om denne teknologien medverkar til betre personvern, eller ikkje.

      3. Granskingar til støtte for programmet og programtiltaka, medrekna sjølvregulering og arbeidet til forumet for eit sikrare Internett, og førebuing til framtidig verksemd.

      4. Tevlingar om prisar for beste praksis.

      5. Utveksling av informasjon, konferansar, seminar, arbeidsgrupper eller andre møte, og forvalting av verksemd innanfor nettverket,

      6. Formidlings-, informasjons- og kommunikasjonsverksemd.

      Tiltak som tek sikte på marknadsføring av produkt, prosessar eller tenester, reklameverksemd og salsfremjing, er ikkje medrekna.

  3. Utveljinga av tiltak med kostnadsdeling vil byggje på opne innbydingar til framlegg som vert offentleggjorde på Internett-staden til Kommisjonen i samsvar med dei gjeldande finansielle føresegnene.

  4. Dersom det er mogleg, bør søknader om fellesskapsstøtte innehalde ein finansieringsplan som gjev opplysningar om alle sidene ved finansieringa av prosjektet, medrekna den økonomiske støtta som det vert søkt om frå Fellesskapet, og om alle andre søknader om støtte eller om all støtte som vert motteken frå andre kjelder.

  5. Oppfølgingstiltak vil verte gjennomførte gjennom tilbodsinnbydingar i samsvar med dei gjeldande finansielle føresegnene.

Fotnotar

1.

Fråsegn gjeven 16. desember 2004 (enno ikkje offentleggjord i TEU)

2.

Europaparlamentsfråsegn av 2. desember 2004 (enno ikkje offentleggjord i TEU), og rådsavgjerd av 12. april 2005.

3.

Europaparlaments- og rådsdirektiv nr. 2002/58/EF av 12. juli 2002 om behandling av personopplysninger og personvern i sektoren for elektronisk kommunikasjon (direktivet om personvern og elektronisk kommunikasjon), TEF L 201 av 31.7.2002, s. 37.

4.

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2000/31/EF av 8. juni 2000 om visse rettslige aspekter ved informasjonssamfunnstjenester, særlig elektronisk handel, i det indre marked (TEF L 178 av 17.7.2000, s. 1).

5.

Rådsrekommandasjon 98/560/EF av 24. september 1998 om utviklingen av europeisk industris konkurranseevne på området audiovisuelle tjenester og informasjonstjenester, gjennom utarbeidelsen av nasjonale rammer som tar sikte på å nå sammenlignbar og effektivt beskyttelse av mindreårige og menneskeverdet (TEF L 270 av 7.10.1998, s. 48).

6.

Europaparlaments- og rådsvedtak nr. 276/1999/EF av 25. januar 1999 om vedtaking av ein fleirårig fellesskapshandlingsplan for å fremje sikrare bruk av Internett og ny direktekopla teknologi ved å kjempe mot ulovleg og skadeleg innhald, hovudsakleg med omsyn til vern av barn og mindreårige (TEF L 33 av 6.2.1999, s. 1). Vedtaket sist endra ved avgjerd nr. 787/2004/EF (TEU L 138 av 30.4.2004, s. 12).

7.

TEU L 184 av 17.7.1999, s. 23.

8.

TEF C 172 av 18.6.1999, s. 1. Avtala endra ved europaparlaments- og rådsavgjerd 2003/429/EF (TEU L 147 av 14.6.2003, s. 25).

9.

Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 803/2004/EF av 21. april 2004 om vedtaking av eit fellesskapshandlingsprogram (2004-2008) for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner, og for å verne offer og risikogrupper (Daphne II-programmet) (TEU L 143 av 30.4.2004, s. 1).

10.

Europaparlaments- og rådsvedtak nr. 2256/2003/EF av 17. november 2003 om vedtaking av eit program (2003-2005) for overvaking av handlingsplanen e-Europa 2005, spreiing av god praksis og betring av nett- og informasjonstryggleiken (Modinis) (TEF L 336 av 23.12.2003, s. 1).

11.

Europaparlaments- og rådsbeslutning nr. 456/2005/EF av 9. mars 2005 om opprettelse av et flerårig fellesskapsprogram for å gjøre digitalt innhold i Europa mer tilgjengelig, mer anvendelig og enklere å utnytte (TEU L 79 av 24.3.2005, s. 1). Vedtaket endra ved avgjerd nr. 787/2004/EF.

12.

Europaparlaments- og rådsdirektiv 95/46/EF av 24. oktober 1995 om beskyttelse av fysiske personer i forbindelse med behandling av personopplysninger og om fri utveksling av slike opplysninger (TEF L 281 av 23.11.1995, s. 31). Direktivet sist endra ved forordning (EF) nr. 1882/2003 (TEF L 284 av 31.10.2003, s. 1).

13.

TEU L 69 av 16.3.2005, s. 67.

14.

Sjå retningslinjene for gjennomføring på nasjonalt plan av ei ramme for sjølvregulering for vern av mindreårige og menneskeverdet innanfor direktekopla audiovisuelle tenester og informasjonstenester i rådsrekommandasjon 98/560/EF.