Forslag til vedtak om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 854/2005/EF om skiping av eit fleirårig fellesskapsprogram om fremjing av sikrare bruk av Internett og ny direktekopla teknologi (Sikrare Internett pluss).
I
Stortinget gjev samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 854/2005/EF om skiping av eit fleirårig fellesskapsprogram om fremjing av sikrare bruk av Internett og ny direktekopla teknologi (Sikrare Internett pluss).