1 Noregs stilling i internasjonalt samarbeid om kamp mot kriminalitet
1.1 Norsk deltaking i politi- og strafferettssamarbeidet i EU
EU-samarbeidet om kamp mot kriminalitet, som er ein del av samarbeidet på justis- og innanriksområdet, er blitt vesentleg styrkt dei seinare åra. Maastrichttraktaten, som trådde i kraft 1. november 1993, innførte føresegner om politi- og strafferettssamarbeid. Samarbeidet bygde på allmenne folkerettslege prinsipp, dvs. på konvensjonar. Denne delen av justissamarbeidet vart vidareført som folkerettsleg samarbeid under Amsterdamtraktaten, som trådde i kraft 1. mai 1999. Desse spørsmåla er nærare omtala i St.meld. nr. 27 (2001-2002), jf. pkt. 5.8.
I den nye EU-forfatningstraktaten vil det meste av samarbeidet på politi- og strafferettsområdet bli overnasjonalt ved at det vert lagt til fellesskapsinstitusjonane, på linje med anna samarbeid i Det europeiske fellesskapet.
Noreg er delvis med i politi- og strafferettssamarbeidet i EU gjennom assosieringsavtalen for Schengen-regelverket. Dette regelverket regulerer visse sider av politisamarbeidet, i tillegg til at det har enkelte reglar om gjensidig hjelp i straffesaker, ved utlevering og ved soningsoverføring.
Føresegnene i det opphavlege Schengen-regelverket blir etter kvart erstatta av nye instrument. I den grad denne utviklinga er ei vidareutvikling av Schengen-regelverket, deltek Noreg i utforminga av desse føresegnene. Det er ein føresetnad at Noreg godtek og gjennomfører desse reglane i nasjonal rett.
Størstedelen av politi- og strafferettssamarbeidet i EU fell likevel utanfor Schengen-regelverket. Noreg har allereie inngått ein avtale med Den europeiske politieininga (Europol) som etablerer eit samarbeid på ei rekkje kriminalitetsområde, jf. St.prp. nr. 98 (2000-2001). Noreg har også underteikna ein avtale med EU om bruk av enkelte artiklar i konvensjonen om gjensidig rettsleg assistanse i straffesaker av 29. mai 2000, med tilleggsprotokoll av 16. oktober 2001.
1.2 Kriminalitetsutviklinga
Det internasjonale trussel- og risikobiletet er i dag breiare og meir samansett enn før, mellom anna fordi nasjonal og internasjonal kriminalitet oftare glir over i kvarandre. Den teknologiske, økonomiske og sosiale utviklinga har ført til ei meir integrert verd der felles interesser på tvers av landegrensene blir stadig viktigare. Dette får òg følgjer for korleis vi vil møte kriminalitetstrusselen.
Auka mobilitet, saman med store forskjellar i levevilkår, er ein viktig del av bakgrunnen for at kriminaliteten i stadig større grad vert grenseoverskridande og organisert. Eit sentralt utviklingstrekk er at den internasjonale kriminaliteten omfattar stadig fleire typar kriminalitet og at kriminalitetsformene heng saman.
Ved at personar, varer, tenester og kapital lettare kan krysse grensene, vert det òg lettare for kriminelle å drive si verksemd i fleire land. Enklare kryssing av landegrensene gjer det til dømes lettare å smugle narkotika og varer som det er lagt høge skattar og avgifter på. Narkotikakriminaliteten er i utgangspunktet internasjonal, sidan dei illegale stoffa som vert omsette i Noreg i all hovudsak vert produserte utanfor Norden. Men i Europa elles finn vi store narkotikaprodusentar, og Noreg og dei andre nordiske landa er viktige marknader i den illegale internasjonale handelen med narkotika. Mange av EU-landa er dessutan transittland for narkotika til dei nordiske landa.
Organisert smugling av asylsøkjarar og innvandrarar er eit stort problem i mange europeiske land, og verksemda går ofte føre seg på ein måte som medfører stor fare for dei som er innblanda. Handel med menneske («trafficking») synest å vere aukande. Særleg gjeld dette kvinner som er eller vert tvinga til å bli prostituerte, og som vert plasserte i eit vestleg land der dei stort sett må leve under svært vanskelege tilhøve.
Oppblomstringa av terrorisme dei seinare åra har vist kor sårbare moderne samfunn er og tydeleg demonstrert behovet for internasjonalt samarbeid. Også kampen mot miljøkriminalitet krev eit sterkt innslag av internasjonalt samarbeid, mellom anna når det gjeld forureining til havs og ulovleg transport av atomavfall. Økonomisk kriminalitet, gjerne knytt til finansielle tenester, er i aukande grad blitt internasjonalisert og opptrer i nye former, men også som tradisjonelt bedrageri av stort omfang. Misbruk av teknologi og data er ein ny arena for internasjonal organisert kriminalitet. Dagens samfunn er i aukande grad avhengig av den teknologiske utviklinga innan data- og telekommunikasjon, og risikoen for angrep på dette området er ein ny faktor som gjer samfunnet meir sårbart. Generelt fører endringsprosessar i samfunnet, både nasjonalt og internasjonalt, til nye utviklingstrekk innanfor dei fleste typar kriminalitet.
Også innanfor Norden ser ein ei utvikling i retning av at kriminelle grupper i aukande grad bruker utpressing, fridomsrøving og grov vald for å realisere sine mål. Etablerte nettverk med internasjonale forgreiningar står bak omfattande organisert kriminalitet. I visse samanhengar kan utlendingar busette i Noreg danne ein base for kriminalitet frå opphavslandet. Kriminalitet knytt til framande miljø kan vere svært vanskeleg å oppklare utan spesiell innsikt i språk og kultur.
Styresmaktene i dei europeiske landa og i store delar av verda elles har dei seinare åra sett mykje inn på å motverke auka aktivitet frå organiserte kriminelle grupper. Når kriminaliteten er grenseoverskridande, må også mottiltak og rettsforfølging vere organisert i eit forpliktande samarbeid på tvers av landegrensene.
1.3 Internasjonalt samarbeid mellom påtalemaktene
I kampen mot kriminalitet er internasjonalt samarbeid viktig i alle ledd i straffesakskjeda: førebygging, etterforsking, domstolsbehandling og fullføring. Samarbeid gjer det lettare å førebyggje, slå ned på og straffeforfølgje kriminalitet på tvers av landegrensene.
Det internasjonale politisamarbeidet går først og fremst føre seg i Interpol, Schengen-samarbeidet og Europol, sjå St. prp. nr. 98 (2000-2001).
Også påtalemaktene har dei seinare åra utvikla det internasjonale samarbeidet seg imellom. På verdsbasis skjer dette først og fremst gjennom organisasjonen International Association of Prosecutors (IAP), der representantar for påtalemaktene møtest og utviklar nye samarbeidsrelasjonar. IAP vart etablert i 1995 og har no medlemmer frå meir enn 120 land.
I Europa er det særleg arbeidet i Europarådet og EU som er viktig for påtalemaktene. I tillegg til å utarbeide rettslege instrument arrangerer Europarådet ein årleg konferanse for riksadvokatane i medlemslanda (for tida 46 statar). Innanfor EU er det særleg arbeidet i Eurojust og det rettslege nettverket (European Judicial Network - EJN) som har direkte følgjer for påtalemakta, sjå nærare nedanfor under pkt. 1.4 om Eurojustsamarbeidet. Det rettslege nettverket vart oppretta av EU i 1998 og er samansett av statsadvokatar (eller tilsvarande) frå alle medlemslanda. Nettverket skal særleg medverke til at oppmodingar til andre land om rettsleg samarbeid, til dømes om avhøyr, ransaking, pågriping, utlevering osv., kan etterkommast så fort og effektivt som råd er. Sekretariatet i EJN er no integrert i administrasjonen for Eurojust. Den norske påtalemakta samarbeider uformelt med det rettslege nettverket i EU.
Riksadvokatane i Austersjøområdet har etablert eit eige samarbeidsforum i nær tilknyting til den såkalla «Task Force». Riksadvokatane i området møtest årleg, og har etablert ekspertgrupper for ulike kriminalitetsområde.
Riksadvokatane i dei nordiske landa har samarbeidd nært i ei årrekkje, både gjennom årlege møte og løpande samarbeid.
1.4 Kort om Eurojust-samarbeidet
Eurojust vart oppretta av EU-rådet den 28. februar 2002 som samarbeidsorgan for dei nasjonale påtalemaktene i EU-landa med sikte på å styrkje kampen mot alvorlege former for internasjonal kriminalitet. Organisasjonen held til i Haag. Eurojust er samansett av representantar for påtalemakta i dei einskilde medlemslanda, som til saman utgjer kollegiet, og ein mindre administrativ fellesstab. Kollegiemedlemmene arbeider på heiltid i Eurojust.
Eurojust skal fremje og forbetre koordineringa mellom medlemsstatane når det gjeld etterforsking og rettsforfølging, mellom anna ved å leggje til rette for gjensidig bistand i straffesaker og utleveringssaker. I tillegg skal Eurojust yte anna støtte med sikte på å effektivisere etterforsking og rettsforfølging. Kamp mot terrorisme er eit prioritert felt. Det same gjeld samarbeidet med Europol, som norske styresmakter legg stor vekt på.
1.5 Kort om avtalen mellom Noreg og Eurojust
Avtalen som er framforhandla, skal styrkje samarbeidet mellom Noreg og Eurojust når det gjeld alvorlege former for internasjonal kriminalitet, særleg organisert kriminalitet. Samarbeidet omfattar heile kompetanseområdet til Eurojust.
Deltaking i dette styrkte samarbeidet på europeisk nivå vil gjere den norske påtalemakta meir effektiv i kampen mot alvorleg internasjonal kriminalitet og terrorisme.
Gjensidig informasjonsutveksling er ein sentral del av dette samarbeidet mellom påtalemaktene. Noreg og Eurojust vil kunne utveksle relevant informasjon i det omfang som er nødvendig for å oppfylle siktemåla med avtalen.
Avtalen krev at ein norsk representant vert utplassert ved Eurojust.
Avtalen antas å være av ein slik viktigheit at Stortinget sitt samtykkje er nødvendig i medhald av Grunnlova § 26 annet ledd.