3 Samarbeidsavtalen mellom Noreg og Eurojust
3.1 Forhandlingsprosessen
Etter tilslutnad frå Regjeringa vart forhandlingane om ein samarbeidsavtale med Eurojust innleidde 6. oktober 2003, og vart avslutta 16. juni 2004. Ein forhandlingsdelegasjon vart oppnemnd ved vedtak i Utanriksdepartementet 2. juli 2003, og har vore slik samansett:
Avdelingsdirektør Jan Bugge-Mahrt, Utanriksdepartementet, forhandlingsleiar,
Underdirektør Anne Brodtkorb, Justisdepartementet, nestleiar
Førstestatsadvokat Knut Kallerud, Riksadvokatembetet
Rådgjevar Ziv Bødtker, Utanriksdepartementet
Den framforhandla avtalen vart behandla av kollegiet i Eurojust den 13. juli 2004. EU-rådet godkjende avtalen 24. februar 2005. Avtalen vart underteikna av Noreg og Eurojust 28. april 2005.
3.2 Hovudspørsmål i forhandlingane
Målsetjinga i forhandlingane har vore å leggje til rette for breiast mogeleg deltaking i det eksisterande samarbeidet. Ei hovudsak har vore forhandlingane om høve til å stasjonere ein norsk utsending ved hovudkvarteret, og å sikre ei best mogeleg utnytting av denne ordninga.
Viktige spørsmål som kom opp var føresetnadene for norsk deltaking i kollegiemøta og forholdet til dei utvida kollegiefullmaktene, jf. pkt. 3.3 nedanfor. I forhandlingane la partane også stor vekt på reglane om informasjonsutveksling, behandling av persondata og datasikring. Det var viktig å sikre tilstrekkeleg vern og korrekt handtering av persondata og annan sensitiv informasjon som skulle utvekslast mellom Noreg og Eurojust.
Dei fysiske arbeidstilhøva for den norske representanten i Eurojust, mellom anna kontorplass og tilgang til infrastruktur, vart frå norsk side vektlagde som viktige faktorar for at samarbeidet skulle kunne fungere mest mogeleg som tiltenkt.
3.3 Samarbeidsomfang
Noreg ser det som viktig å delta i størst mogeleg grad i det rettslege samarbeidet i EU, som no er i sterk utvikling. Avtalen sikrar tilgang til eit breitt samarbeid på heile Eurojusts kompetanseområde, slik dette er definert i rådsvedtaket. Frå norsk side ønskjer ein eit aktivt samarbeid med Eurojust for å fremje koordineringa av etterforsking og rettsforfølging mellom Noreg og EU-medlemsstatane. Samarbeidet vil òg gjere det lettare å yte gjensidig internasjonal rettshjelp og å etterkomme utleveringskrav.
Eurojust-samarbeidet inneber ikkje regelutvikling, og norsk samarbeid med Eurojust kan difor ikkje samanliknast med EØS-samarbeidet eller Schengen-samarbeidet.
Avtalen med Eurojust inneber i første rekkje eit praktisk samarbeid mellom påtalemaktene i Noreg og EU gjennom utveksling av informasjon og stasjonering av ein representant for norsk påtalemakt ved Eurojust. Berre EU-land kan delta i Eurojust med fulle rettar. Den norske utsendingen vil såleis ikkje kunne delta i Eurojust-samarbeidet på like fot med representantane for medlemslanda. Den norske utsendingen vil ikkje vere medlem av kollegiet, men vil kunne inviterast til møte mellom medlemmene og i kollegiet når det behandlar informasjon som vedgår Noreg eller personar under norsk jurisdiksjon. Omvendt vil den norske utsendingen kunne ta initiativ til tilsvarande møte.
Etter samarbeidsavtalen kan Eurojust og Noreg for å oppfylle siktemålet med avtalen tilrå for kvarandre å vurdere å setje i verk nødvendige tiltak. I praksis vil dette seie at norske styresmakter gjennom Eurojust kan gje slik tilråding til styresmaktene i kvar av medlemsstatane, og at styresmaktene i kvar av medlemsstatane på tilsvarande måte kan gje slik tilråding til norske styresmakter. Mens kollegiet kan be om at den nasjonale påtalemakta i eit medlemsland set i verk tiltak, vil dette ikkje vere aktuelt med omsyn til Noreg.
Samarbeidet mellom Eurojust og Norge vil gjennom avtalen vere underlagt dei same kontrollfunksjonar for informasjonsbehandling som gjeld for medlemslanda. Desse vert i hovudsak utførte av ein datasikringsansvarleg og av den felles kontrollinstansen for Eurojust, sjå pkt. 2.2 ovanfor.
Det er venta at rolla til Eurojust vil bli vidareutvikla i framtida. Nye behov vil også kunne melde seg. Det er viktig at samarbeidet mellom Noreg og Eurojust får rom til å utvikle seg parallelt med den dynamiske utviklinga i Eurojust. Det skal mellom anna i samband med dette haldast jamlege konsultasjonar mellom norske styresmakter og Eurojust for å drøfte avtalen og samarbeidet.
3.4 Informasjonsutveksling
Informasjonsutvekslinga mellom Noreg og Eurojust vil kunne omfatte sensitivt materiale. Informasjon frå Noreg vil bli registrert i ein database og vil kunne vidareformidlast til andre kompetente styresmakter i medlemslanda. Noreg og Eurojust kan utveksle informasjon i det omfang som er nødvendig for å oppfylle avtalen. Føresegnene i avtalen gjev rett til å avgrense bruk av, tilgang til og vidareformidling av informasjon til tredjeland eller organisasjonar. Ved overføringa eller seinare skal det opplysast kva som er formålet med overføringa og kva for avgrensingar som eventuelt gjeld for bruk og vidareformidling. Eventuelle vilkår for sletting skal òg nemnast. Det er fastsett at det skal gjevast uttrykkjeleg løyve før vidareformidling til tredjeland eller organisasjonar finn stad. Begge partar skal føre protokoll over informasjonsutvekslinga slik at denne får notoritet.
Ved ei eventuell oppseiing av avtalen skal partane komme til semje om den vidare behandlinga av informasjon som er utveksla, mellom anna om tilinkjesgjering. Dersom det ikkje blir oppnådd slik semje, har begge partar rett til å be om at informasjonen som er formidla vert gjort til inkje.
3.5 Personvern og datasikring
Rådsvedtaket om oppretting av Eurojust har vidtgåande føresegner om personvern. Noreg og Eurojust har felles interesse av eit sterkt personvern, og det har under forhandlingane vore viktig å sikre eit likeverdig personvernnivå for norske borgarar og borgarar av EU-land. Dette er gjort ved at avtalen inneheld eigne reglar om databehandling og personvern og elles viser til det som er sagt om dette i rådsvedtaket. På denne måten vert det understreka at dei interne reglane i Eurojust også gjeld for informasjon som er motteken frå Noreg. Norske borgarar har tilsvarande rettar som EU-borgarar når det gjeld innsyn, retting, blokkering og sletting. Informasjon om norske borgarar er i tilsvarande grad underlagd dei kontrollfunksjonane som den datasikringsansvarlege og den felles kontrollinstansen for Eurojust utøver.
Avtalen gjev dei registrete innsynsrett i og rett til å be om retting, blokkering og sletting av personopplysningar som gjeld dei sjølve. Avtalepartane skal treffe tilsvarande tiltak på eige initiativ dersom informasjonen er feilaktig eller ufullstendig eller dersom oppbevaring eller lagring ikkje er i tråd med formålet med avtalen. Når slike tiltak vert sette i verk, skal avsendar og alle eventuelle mottakarar av vidareformidla informasjon gjerast kjende med dette slik at dei òg set i verk tilsvarande tiltak med omsyn til desse opplysningane i sine system.
Avtalen har reglar om ansvar for skade som enkeltpersonar vert påførte som følgje av utveksling av informasjon som lir av rettslege eller faktiske feil.
Partane er forplikta til å sjå til at motteken informasjon er tilstrekkeleg fysisk sikra mot utilsikta eller ulovleg tilgang, øydelegging, endring, tap eller anna uautorisert behandling. Vidare skal informasjon ikkje formidlast mellom partane eller vidareformidlast til ein tredjepart utan at fysiske sikringstiltak for overføring og oppbevaring er sette i verk.
Datatilsynet har vore konsultert under utforminga av dei aktuelle føresegnene.