4 Gjennomgang av føresegnene i avtalen
Dette kapitlet gjev eit oversyn over føresegnene i avtalen. Avtalen inneheld tjueein artiklar. Ein fortale står som innleiing til avtalen.
Partane i avtalen er Noreg og Eurojust.
Fortalen tek utgangspunkt i EU-vedtaket av 28. februar 2002 om å opprette Eurojust. Det vert vist til artikkel 27.3 i vedtaket, som gjev Eurojust fullmakt til å inngå samarbeidsavtalar med tredjeland. Fortalen slår vidare fast at det er i felles interesse for Noreg og Eurojust å utvikle eit tett og dynamisk samarbeid for å møte noverande og framtidige utfordringar som alvorleg kriminalitet fører med seg. Det vert sett på som nødvendig å betre det rettslege samarbeidet mellom Noreg og Eurojust og å leggje forholda til rette for koordinering av etterforsking og påtale i saker som har tilknyting til norsk territorium og territoriet til ein eller fleire av EU-medlemsstatane. Det vert slege fast at personvern knytt til databehandling ligg på eit høgt nivå både i Noreg og i EU. Vidare vert det uttrykt vilje til å respektere menneskerettane slik dei kjem til uttrykk i Den europeiske menneskerettskonvensjonen og i EU-charteret om grunnleggjande rettar. Det vert vist til den nære tilknytinga Noreg allereie har til justissamarbeidet mellom EU-landa gjennom deltaking i Schengen-samarbeidet, samarbeidsavtalen med Europol og tilknytingsavtalen til EU-konvensjonen om gjensidig hjelp i straffesaker. Vidare vert det vist til at Noreg er med i EØS og samarbeider med dei nordiske EU-landa gjennom det nordiske politisamarbeidet.
Artikkel 1 inneheld definisjonar, mellom anna av omgrepa personopplysningar og behandling av personopplysningar.
Artikkel 2 slår fast at formålet med avtalen er å styrkje samarbeidet mellom Noreg og Eurojust i kampen mot alvorlege former for internasjonal kriminalitet slik dei er nemnde i rådsvedtaket.
Artikkel 3 fastset at samarbeidet i art og omfang skal samsvare med Eurojust-mandatet slik det går fram av rådsvedtaket om oppretting av Eurojust. Dette gjeld særleg utveksling av informasjon og koordinering mellom dei kompetente styresmaktene i Noreg og medlemslanda. Det heiter at Eurojust og kompetente styresmakter i Noreg for å oppfylle avtalen kan tilrå for kvarandre å vurdere å setje i verk nødvendige tiltak.
Artikkel 4 fastset at dei kompetente instansane i Noreg er Riksadvokaten og underliggjande påtalemakter.
Artikkel 5 slår fast at partane skal lette samarbeidet ved at Noreg stasjonerer ein utsending ved Eurojust. Den norske utsendingen skal vere ein representant for norsk påtalemakt som er underlagd norsk lov med omsyn til eigne fullmakter. Noreg bestemmer kor lenge utsendingen skal vere stasjonert ved Eurojust. Den norske utsendingen kan vere assistert av ein person som kan fungere i staden for utsendingen når det trengst. Noreg skal informere Eurojust om kva fullmakter utsendingen har innanfor den norske stats territorium med sikte på å oppfylle siktemåla med avtalen. Noreg skal òg definere kva fullmakter utsendingen har i høve til utanlandske påtalemakter. Den norske utsendingen skal sikrast tilgang til nødvendige norske register. Eurojust skal syte for å leggje dei praktiske forholda til rette for den norske utsendingen, mellom anna ved å stille kontorfasilitetar og telefontenester til rådvelde. Dokumenta til den norske utsendingen skal vere ukrenkjelege.
Artikkel 6 seier at eitt eller fleire nasjonale kontaktpunkt for Eurojust-saker kan utpeikast hos kompetent norsk styresmakt for Eurojust-saker. Noreg forpliktar seg til å utpeike eit kontaktpunkt for terrorismesaker.
Artikkel 7 slår fast at det jamleg og minst ein gong i året skal haldast konsultasjonar mellom Noreg og Eurojust for å drøfte avtalen og samarbeidet. I desse konsultasjonane skal det leggjast vekt på spørsmål knytte til databehandling og datasikring.
Artikkel 8 har reglar om at den norske utsendingen, assistenten til denne og norske styresmakter skal kunne delta i operasjonelle og strategiske møte i Eurojust. Deltaking kan skje etter invitasjon frå ein av dei nasjonale medlemmene eller frå kollegiet. Den norske utsendingen og norske styresmakter kan på si side kalle inn dei nasjonale medlemmene, assistentane deira og tilsette i Eurojust til møte.
Artikkel 9 gjev reglar om utveksling av informasjon. Noreg og Eurojust kan utveksle informasjon i det omfang som er nødvendig for å oppfylle siktemåla med avtalen. All informasjonsutveksling skal gå gjennom den norske utsendingen og den eller dei nasjonale medlemmen(e) saka gjeld. Noreg skal sjå til at den norske utsendingen har nødvendig klarering for å behandle slik informasjon. Eurojust skal på oppmoding frå den norske utsendingen hjelpe til med å gje informasjonen tilstrekkeleg vern.
Artikkel 10 bestemmer korleis informasjonen skal overførast frå Noreg til Eurojust. Noreg skal ved overføringa eller seinare opplyse om formålet med overføringa, eventuelle avgrensingar med omsyn til bruk og høve til vidareformidling til dei kompetente styresmaktene i medlemslanda og eventuelle vilkår for sletting og tilinkjesgjering. Eurojust skal ikkje vidareformidle informasjon frå Noreg til tredjeland eller organisasjonar utan samtykke frå Noreg og utan nødvendige sikringstiltak. Eurojust skal føre protokoll over all informasjon som det får Noreg.
Artikkel 11 gjev tilsvarande reglar som artikkel 10 om informasjon som blir overført frå Eurojust til Noreg. Her krevst samtykke frå den nasjonale medlemmen før Noreg kan vidareformidle informasjon frå Eurojust. Noreg skal føre protokoll over all informasjon som ein mottek i samsvar med avtalen.
Artikkel 12 slår fast at Eurojust skal syte for at alle personopplysningar som vert overførte frå Noreg, får eit tilstrekkjeleg vern som minst oppfyller krava som følgjer av Europarådskonvensjonen av 28. januar 1981. Prinsippa og reglane i rådsvedtaket og dei interne saksbehandlingsreglane for databehandling og personvern i Eurojust skal også gjelde for informasjon frå Noreg.
Artikkel 13 gjev tilsvarande reglar som artikkel 12 om informasjon som blir overført frå Eurojust til Noreg. Noreg skal leggje til grunn eit nivå for databehandling og personvern som tilsvarer det som følgjer av Europarådskonvensjonen. Noreg skal bruke prinsipp for databehandling og personvern som minst tilsvarer prinsippa i rådsvedtaket og anna relevant regelverk for den informasjon ein får frå Eurojust.
Artikkel 14 pålegg partane plikt til å gje all informasjon tilstrekkeleg sikring. Informasjonen skal vernast mot utilsikta eller ulovleg øydelegging, endring, tap, misbruk, uautorisert endring eller andre former for uautorisert behandling.
Artikkel 15 gjev dei registrerte innsynsrett i og rett til å be om retting, blokkering og sletting av personopplysningar som gjeld dei sjølve.
Artikkel 16 slår fast at partane skal rette, blokkere eller slette informasjon som er feilaktig eller ufullstendig eller som det er avtalestridig å oppbevare eller lagre. Når slik retting, blokkering eller sletting vert utført, skal avsendar og alle eventuelle mottakarar av vidareformidla informasjon gjerast kjende med dette slik at også desse rettar, blokkerer eller slettar informasjonen i sine system. Når kollegiet behandlar informasjon som gjeld Noreg eller personar under norsk jurisdiksjon, kan den norske utsendingen eller norske styresmakter delta i møtet.
Artikkel 17 har reglar om ansvar for skade som enkeltpersonar vert påførte som følgje av utveksling av informasjon som lir av rettslege eller faktiske feil. Noreg skal ha ansvar for slik skade i samsvar med norsk lovgjeving. Slikt ansvar skal godtakast sjølv om skaden skuldast at Eurojust har oversendt unøyaktige eller urette opplysningar. Eurojust pliktar likevel å betale beløpet tilbake til norske styresmakter dersom feilen oppstod som følgje av opplysningar som er feilaktig formidla frå Eurojust, eller som følgje av at Eurojust, medlemslanda eller eit tredjeland ikkje har innfridd sine plikter. Tilsvarande gjeld for Noreg dersom skaden skuldast at Noreg ikkje har innfridd sine plikter og Eurojust må betale erstatning til medlemsland eller tredjeland som følgje av dette.
Artikkel 18 gjev reglar om tvisteløysing. Dersom saka ikkje vert løyst på minneleg vis, skal tvisten avgjerast ved skilsdom.
Artikkel 19 fastset at avtalen kan seiast opp av kvar av partane med tre månaders varsel. Ved opphøyr skal partane komme til semje om bruk og lagring av informasjon. Viss partane ikkje er komne til semje om dette, kan kvar av dei krevje utveksla informasjon sletta.
Artikkel 20 seier at avtalen kan endrast ved samtykke frå begge partar.
Artikkel 21 slår fast at avtalen skal tre i kraft når partane har meldt frå til kvarandre om at dei internrettslege krava til iverksetjing er oppfylte. Norsk og engelsk avtaletekst gjeld likt.