5 Økonomiske og administrative konsekvensar
Iverksetjing av avtalen inneber at det blir utstasjonert ein representant for påtalemakta ved Eurojust. Eurojust vil syte for kontorfasilitetar og dekkje tilknytte administrative kostnader for den norske utsendingen, jf. artikkel 5 nr. 7 i avtalen. Ordninga føreset at utsendingen òg har tilgang til å bruke kontor utanfor Eurojust- lokala.
Det er ønskjeleg at utsendingen nyt godt av vidtgåande immunitet, også på reiser, jf. artikkel 40 i Wienkonvensjonen. Dette tilseier at utsendingen får diplomatisk tilmelding. Det er lagt opp til at utsendingen skal ha eigen kontorplass med tilhøyrande utstyr i den norske ambassaden og vere knytt til denne som spesialutsending.
Samarbeidet vil krevje jamlege kontaktar med norsk påtalemakt og politi og møteverksemd i andre europeiske land. Utgiftene til dette er rekna med i overslaget over årlege løns- og driftskostnader som er omtala nedanfor.
Noreg må sjølv dekkje løn og vanlege tillegg. Utsendingen vil komme inn under særavtalen om tillegg, ytingar og godtgjersler i utanrikstenesta på linje med andre norske utsendingar som er stasjonerte i utlandet. Det er ønskjeleg at den nye stillinga vert løna på same nivå som statsadvokat/førstestatsadvokat. Kostnadene for slik stilling med kontor og særskilde administrasjonskostnader ved ambassaden i Haag vil liggje på 2,1 - 2,6 millionar kroner.
Samarbeidsavtalen med Eurojust krev ikkje at Noreg betaler bidrag til organisasjonen.
Avtalen fastset at staten er erstatningsansvarleg etter norsk lov for skade som private vert påførte som følgje av at urette opplysningar er brukte.
Tidsplanen for utstasjonering vil kunne innebere at verksemda på norsk side vert driven som ei heimebasert ordning fram til utstasjoneringa, truleg hausten 2005. Alle kostnader med stillinga i 2005 vil bli dekte over budsjettet for riksadvokatembetet. Frå og med 2006 er det føresett at midlar vert rammeoverførte frå Justisdepartementet til Utanriksdepartementet.
Gjennomføringa av avtalen vil ikkje føre med seg behov for lov- eller forskriftsendringer.