6 Konklusjonar og tilråding
Regjeringa ser på avtalen mellom Noreg og Eurojust som ein viktig reiskap i arbeidet med å førebyggje og slå tilbake alvorlege former for internasjonal kriminalitet og terrorisme. Avtalen opnar for at Noreg og Eurojust kan samarbeide på dei områda der Eurojust er tillagt oppgåver. Det er viktig at Noreg og Eurojust kan utveksle informasjon og at avtalen opnar for stasjonering av ein norsk utsending ved Eurojust. Informasjonsstraumen vil på denne måten bli samordna og målretta. Tilgangen på informasjon vil gje norsk påtalemakt betre grunnlag for å slå ned kriminalitet i Noreg som har forgreiningar ut over våre eigne landegrenser.
Berre EU-medlemslanda kan delta fullt ut i Eurojust-organa. Med ein norsk utsending til stades i Eurojust, med tilgang til samråd og informasjonsutveksling, vil vi likevel kunne samarbeide tett med påtalemaktene i EU-landa. Avtalen inneber òg at det jamleg skal førast samråd mellom norske styresmakter og Eurojust.
Regjeringa legg vekt på at avtalen sikrar eit sterkt personvern. Enkeltmenneske er sikra rett til innsyn i data som er overførte i samsvar med avtalen eller til å få informasjonen kontrollert. Feilaktig informasjon kan krevjast retta eller sletta.
Avtalen med Eurojust inneber i første rekkje eit praktisk samarbeid mellom påtalemaktene, men gjev òg viktige faglege og politiske kanalar til justissamarbeidet mellom EU-landa. Justisdepartementet meiner at avtalen vil vere eit viktig bidrag i kampen mot internasjonal kriminalitet i Noreg og tilrår at Noreg inngår samarbeidsavtalen med Eurojust. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.