1 Innleiing
I Finansdepartementets proposisjon om tilleggsløyvingar og omprioriteringar på statsbudsjettet for 2002 som Finansdepartementet legg fram samtidig med Samferdselsdepartementets proposisjon, er det gjort framlegg om løyvingar på Samferdselsdepartementets budsjett for 2002. Desse gjeld programkategoriane 21.20 Luftfartsformål, 21.30 Vegformål, 21.40 Særskilde transporttiltak og 21.50 Jernbaneformål. Endringane blir nærare omtala i Samferdselsdepartementets proposisjon.
Omtalen i denne proposisjonen gjeld desse sakene:
Under 21.20 Luftfartsformål:
Som følgje av reforhandling av kontraktar på eksisterande flyruter og nye anbod på Værøy og Fagernes, er det behov for å auke løyvinga på kap. 1310, post 70, med 8 mill. kr.
På bakgrunn av at Luftfartsverket har reduksjon i inntektene, er det behov for å auke løyvinga til Luftfartsverket på kap. 1311, post 70, med 100 mill. kr.
Departementet gjer greie for revidert budsjett for Luftfartsverket.
Det blir gjort greie for framdrifta i arbeidet med å omdanne Luftfartsverket til aksjeselskap, og orientert om nokre saker i samband med omdanninga.
Departementet gjer greie for disponering av eigedelar frå Statens trafikkflygarskole.
Det blir orientert om arbeidet med å finne andre ordningar til erstatning for mellombels statleg forsikringsansvar for norske luftfartøy og lufthamner ved skadar på tredjepart, som følgje av krigs- og terrorhandlingar.
Under 21.30 Vegformål:
Departementet gjer greie for ein auke av løyvinga på kap. 1320, post 31, med 50 mill. kr til rassikringstiltak.
Omorganiseringa av Statens vegvesen medfører tilleggskostnader, og det blir gjort greie for korleis desse kostnadene vil bli dekte inn.
Det blir gjort greie for nokre forhold i tilknyting til omdanninga av Statens vegvesens produksjonsverksemd til aksjeselskap.
Departementet gjer greie for alternativ bruk av ferjetilskot.
Det blir gjort greie for prinsippa for omtale for Stortinget og budsjettering av vegprosjekt som har vore igjennom ekstern kvalitetssikring.
Departementet gjer greie for styringsramme og kostnadsramme for prosjekta E6 Assurtjern-Klemetsrud, E6 Skjerdingstad-Jaktøyen og E6 Jevika-Selli.
Det blir gjort greie for framdrifta i handlingsprogrammet for rassikring.
På bakgrunn av at Jernbaneverket og NSB BA meiner at det ikkje vil vere behov for å flytte godsterminalen frå Brattøra til Leangen, gjer departementet greie for at det vil bli gjort ei ny utgreiing i saka, m.a. konsekvensane for E6 Nordre avlastingsveg i Trondheim.
Det blir orientert om status for riksvegferjesambandet Hjellestad-Klokkarvik.
Departementet orienterer om planar om å framskunde utbygginga av E6 i Østfold.
Det blir orientert om redusert bidrag frå bompengar i Oslopakke 2.
Departementet orienterer om framdrifta i arbeidet med ein bompengeproposisjon om Tønsbergpakka.
Det blir gjort greie for status i arbeidet med prosjektet E10 Lofotens fastlandsforbindelse (LOFAST).
Departementet tilrår delvis bompengefinansiering av Listerpakka og at E39 Lyngdal-Flekkefjord blir gjennomført som OPS-prøveprosjekt.
Under 21.40 Særskilde transporttiltak:
Som følgje av ein rabattsats på 40 pst. for ordninga med skole- og studentrabatt, er det behov for å auke løyvinga til fylkeskommunane over rammetilskotet og til NSB BA på kap. 1351, post 70.
Under 21.50 Jernbaneformål:
Departementet gjer greie for innsparingar ved raskare framdrift i prosjektet Sandvika-Asker.
Det blir orientert om ei mogleg forlenging av statslånet til BaneTele AS.