St.prp. nr. 60 (2001-2002)

Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

2 Programkategori 21.20 Luftfartsformål

Kap. 1310 Flytransport

Post 70 Godtgjersle for innanlandske flyruter

Det pågår reforhandling med flyselskapa av kontraktar på eksisterande flyruter, m.a. som følgje av at flypassasjeravgifta blei avvikla frå 01.04.2002 og fordi flytransport ikkje lenger er med i meirverdiavgiftssystemet, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 (2001-2002). Nye anbod frå 01.08.2002 på ruta til Værøy og frå 01.04.2002 på ruta til Fagernes vil også kunne auke nødvendig godtgjersle. Det blir derfor gjort framlegg om å auke løyvinga på kap. 1310, post 70, med 8 mill. kr. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett 2002.

Kap. 1311 Tilskot til regionale flyplassar

Post 70 Tilskot til Luftfartsverkets regionale flyplassar

Sterk trafikksvikt gjer at Luftfartsverkets inntekter frå luftfartsavgiftene må reduserast med 200 mill. kr i forhold til føresetnadene i St.prp. nr. 1 (2001-2002). Luftfartsverkets evne til sjølv å finansiere nødvendige investeringar blir derfor tilsvarande redusert. Samferdselsdepartementet meiner det er nødvendig å styrkje investeringsbudsjettet for at m.a. nødvendige tryggingstiltak i 2002 ikkje skal bli råka, jf. omtale under kap. 2450. Det blir derfor gjort framlegg om å auke løyvinga på kap. 1311, post 70, med 100 mill. kr, inkl. overføring på 2 mill. kr frå kap. 1311, post 71, som gjeld Brønnøysund lufthamn, jf. nedanfor. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett 2002.

Brønnøysund lufthamn

Staten tok i 1997-1998 over 26 regionale lufthamner, m.a. Brønnøysund lufthamn. I samband med dette fekk kommunane ei godtgjersle frå staten. Samferdselsdepartementet fekk i november 2001 opplyst at Brønnøy kommune aksepterte eit frådrag i godtgjersla for Brønnøysund lufthamn. Årsaka var at kommunen ikkje hadde fjerna ei søppelfylling ved lufthamna, noko som var ein føresetnad da staten tok over lufthamna. Godtgjersla til kommunen var opphavleg løyvd på kap. 1311, post 60 Tilskot til ikkje-statlege flyplassar, (seinare post 71).

For å dekkje dei tap Luftfartsverket har hatt i denne saka, blir det gjort framlegg om å auke løyvinga på kap. 1311, post 70 Tilskot til Luftfartsverkets regionale flyplassar, med 2 mill. kr mot tilsvarande reduksjon av kap. 1311, post 71 Tilskot til ikkje-statlege flyplassar, jf. omtalen under kap. 1311, post 70.

Kap. 2450 Luftfartsverket (jf. kap. 5450, 5491 og 5603)

Tabell 2.1 

(i 1 000 kr)
Post/underpostVedteke budsjettRevidert forslagEndring
20022002i pst.
24.1Driftsinntekter, stamrutenett2 430 7002 228 400-8,3
24.2Driftsinntekter, regionale lufthamner221 000303 30037,2
24.3Frå reguleringsfondet00-
Inntekter i alt2 651 7002 531 700-4,5
24.4Driftsutgifter, overslagsløyving1 785 7001 752 200-1,9
24.5Driftsutgifter regionale lufthamner, overslagsløyving231 600220 100-5,0
24.6Avskrivingar360 000375 5004,3
24.7Renter av statens kapital36 00034 500-4,2
24.8Til investeringsformål238 400124 500-47,8
Til reguleringsfondet024 900-
Utgifter i alt2 651 7002 531 700-4,5
24Driftsresultat00-
30Flyplassanlegg, kan overførast598 400500 000-16,4
Sum kap. 2450598 400500 000-16,4

Når det gjeld forslag til vedtak på kap. 2450 Luftfartsverket og kap. 5450 Luftfartsverket, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett 2002.

Tabell 2.2 Inntekter over Luftfartsverkets driftsbudsjett

(i 1 000 kr)
Vedteke budsjettRevidert forslagEndring
20022002i pst.
Luftfartsavgifter, stamrutenett1 677 2001 494 000-10,9
Luftfartsavgifter, regionale flyplassar109 00092 200-15,4
Andre driftsinntekter, stamrutenett548 000522 400-4,7
Andre driftsinntekter, regionale flyplassar15 00014 100-6,0
Avkasting frå Oslo Lufthamn AS205 500212 0003,2
Tilskot regionale flyplassar97 000197 000103,1
Frå reguleringsfondet00-
Sum inntekter2 651 7002 531 700-4,5

Post 24 Driftsresultat

Driftsinntekter

I St.prp. nr. 1 (2001-2002) understreka Samferdselsdepartementet at utviklinga i luftfarten var svært uviss og at ein ville kome tilbake til Stortinget med revisjon av budsjettet dersom utviklinga skulle gjere det nødvendig. Etter framlegget av budsjettet for Luftfartsverket sist haust har etterspurnaden etter Luftfartsverkets tenester, og derfor trafikkinntektene, blitt ytterlegare redusert. Inntektene frå luftfartsavgiftene på stamrutenettet og på dei regionale flyplassane er i forslag til revidert budsjett redusert med til saman 200 mill. kr i forhold til føresetnaden i St.prp. nr. 1 (2001-2002). Dette har i hovudsak samanheng med den generelle nedgangen i trafikken og hendingane i USA 11.09.2001. Ruteendringane innanlands etter at SAS AB kjøpte Braathens er også rekna med å gi færre flyrørsler. Effekten på trafikkutviklinga av fjerninga av flypassasjeravgifta frå 01.04.2002 er førebels uviss og er derfor ikkje rekna med.

Oslo lufthamn, Gardermoen (OSL) hadde ein reduksjon i talet på passasjerar på 15,6 pst. i mars 2002 samanlikna med same periode året før. I dei to første månadene i 2002 gjekk passasjertalet ned med 10,1 pst. på OSL og 9,1 pst. på Luftfartsverkets lufthamner. Oppdaterte trafikkprognosar for 2002 viser ein nedgang i talet på passasjerar og flyrørsler (Luftfartsverkets flyplassar eksklusive OSL) på høvesvis 10 og 7 pst. i forhold til 2001.

Den negative utviklinga i talet på passasjerar er også rekna med å gi direkte effekt på dei kommersielle inntektene. Andre driftsinntekter er derfor justerte ned med til saman 26,5 mill. kr for stamrutenettet og dei regionale flyplassane.

Avkastinga frå Oslo Lufthamn AS er oppjustert frå 205,5 mill. kr til 212 mill. kr på grunn av auka rentesats i forhold til føresetnaden i St.prp. nr. 1 (2001-2002).

Tabell 2.3 Utgifter over Luftfartsverkets driftsbudsjett

(i 1000 kr)
Vedteke budsjettRevidert forslagEndring
20022002i pst.
Personalutgifter1 046 5001 033 000-1,3
Andre driftsutgifter739 200695 200-6,0
Driftsutgifter regionale flyplassar231 600220 100-5,0
Ekstraordinære tryggingstiltak024 000-
Avskrivingar360 000375 5004,3
Renter av statens kapital36 00034 500-4,2
Til investeringsformål238 400124 500-47,8
Til reguleringsfondet024 900-
Utgifter i alt2 651 7002 531 700-4,5

Driftsutgifter

Luftfartsverket reknar med at innsparingar på personalutgifter, andre driftsutgifter og driftsutgifter på regionale flyplassar vil gi netto reduserte driftsutgifter på 67 mill. kr i forhold til vedteke budsjett for 2002. Medrekna dei ekstraordinære driftsutgiftene til tryggingstiltak på 24 mill. kr som Luftfartsverket reknar med i 2002, blir samla reduksjon på 43 mill. kr.

Dei ekstraordinære tryggingstiltaka blei innførte etter terrorhandlingane i USA og gjeld kontroll av passasjerar, handbagasje og innsjekka bagasje ved Kristiansand lufthamn, Kjevik, Stavanger lufthamn, Sola, Bergen lufthamn, Flesland og Trondheim lufthamn, Værnes. EU arbeider med nye tryggingstiltak som eventuelt også må innførast i Noreg. Ein reknar førebels med at desse ikkje vil bli gjort gjeldande før i 2003.

Luftfartsverkets reelle reguleringsfond er pr. 31.12.2001 på 208 mill. kr (i tillegg kjem etterslep på investeringar som er forseinka). På grunn av at det framleis er stor uvisse knytt til trafikkutviklinga, blir det gjort framlegg om å auke reguleringsfondet med 24,9 mill. kr.

Post 30 Flyplassanlegg

Dei reduserte driftsinntektene på om lag 200 mill. kr i 2002, jf. omtale under kap. 2450, post 24, blir delvis kompenserte av forslaget om auka løyving på kap. 1311, post 70 Tilskot til Luftfartsverkets regionale flyplassar, med 100 mill. kr (inklusiv overføringa frå post 71 i samband med Brønnøysund lufthamn). Forslaget til revidert investeringsbudsjett på 500 mill. kr for Luftfartsverket som er 98,4 mill. kr lågare enn i vedteke budsjett, er fordelt med 430 mill. kr på stamrutenettet og 70 mill. kr på dei regionale lufthamnene. Einskilde landsomfattande prosjekt er lagt under stamruteplassar, sjølv om i storleiken 1/3 av dette gjeld regionale flyplassar.

Samferdselsdepartementet legg opp til at reduksjonen på 98,4 mill. kr i forhold til vedteke budsjett, blir fordelt som vist i tabell 2.4.

Tabell 2.4 

(i 1 000 kr)
StamruteplassarRegionale plassarSum
Bygg og anlegg- 17 000- 31 500- 48 500
Flynavigasjonsanlegg- 10 400- 2 000- 12 400
Rullande materiell- 10 000- 2 500- 12 500
Andre tiltak- 26 000- 500- 26 500
Teknisk og operativ oppgradering+ 1 500+ 1 500
Sum- 63 400- 35 000- 98 400

Stamruteplassar

Foreslått investeringsbudsjett til stamruteplassane på 430 mill. kr, er ein reduksjon på 63,4 mill. kr i forhold til St.prp. nr. 1 (2001-2002). Løyvinga til nytt tårn og sikringsbygg på Trondheim lufthamn, Værnes og utskifting av flykontrollsystem (NATCON) blir foreslått utført som planlagt. Det reduserte investeringsbudsjettet gjer at desse tiltaka må utsetjast:

  • Brannteknisk oppgradering av ekspedisjonsbygg på Svalbard lufthamn, Longyear

  • Reasfaltering av taksebane på Bergen lufthamn, Flesland

  • Vedlikehald av einskilde bygg og anlegg

  • Einskilde visuelle hjelpemiddel

  • Renovering av nokre kontrolltårn

  • Kjøp av brannbilar, sope-/blåsemaskinar

  • Diverse eigedomskjøp, IT-tiltak og miljøtiltak

Luftfartsverket vurderer utbetring av tryggingssonene for rullebane vest på Trondheim lufthamn, Værnes. Tiltaket er førebels kostnadsrekna til om lag 10 mill. kr. Dersom det blir nødvendig å gjennomføre tiltaket allereie i 2002, må dette gjerast ved omprioriteringar innanfor foreslått budsjett.

Security

Luftfartsverket har etablert 100 pst. kontroll av innsjekka utanlandsbagasje (Hold Baggage Screening (HBS)) ved Oslo lufthamn, Gardermoen, Bergen lufthamn, Flesland og Haugesund lufthamn, Karmøy. Planen er å innføre dette på alle flyplassar med utanlandstrafikk. Det totale investeringsbehovet for HBS ved Stavanger lufthamn, Sola, Trondheim lufthamn, Værnes og Kristiansand lufthamn, Kjevik er kostnadsrekna til om lag 90 mill. kr. For 2002 blir det gjort framlegg om ei løyving på 55 mill. kr til desse plassane. Dette gir ein auke på om lag 8 mill. kr i forhold til St.prp. nr. 1 (2001-2002), der om lag 47 mill. kr låg i summen på 177 mill. kr under «Bygg og baneanlegg».

Stavanger lufthamn, Sola

Prosjektet er tidlegare omtala, m.a. i St.prp. nr. 76 (2000-2001) og i St.prp. nr. 1 (2001-2002). Det blei der opplyst at prosjektet no blir gjennomgått på nytt med sikte på å redusere totalkostnaden, m.a. i lys av Luftfartsverkets økonomiske situasjon. I vedteke budsjett for 2002 blei det ikkje foreslått ny løyving til prosjektet. Departementet kan heller ikkje no tilrå løyving til tiltaket. Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til Stortinget med omtale av prosjektet når revidert plan for utbygginga ligg føre og Luftfartsverkets økonomiske situasjon gjer det mogleg å setje i gang tiltaket.

Bardufoss lufthamn

Samferdselsdepartementet viser til omtale av saka i St.prp. nr. 1 (2001-2002), side 74. På bakgrunn av ny gjennomgang av tiltaket har Luftfartsverket konkludert med at den skisserte løysinga blir for dyr og arbeider derfor saman med Forsvaret med alternative løysingar. Departementet vil kome tilbake til saka når ho er nærare avklara, men tek sikte på å finne ei snarleg løysing som er tenleg både for flypassasjerane og Forsvaret.

Regionale flyplassar

Til investeringar på dei regionale flyplassane blir det gjort framlegg om å løyve 70 mill. kr, som er 35 mill. kr mindre enn vedteke budsjett for 2002. Reduksjonane har samanheng med behovet for m.a. å opprioritere einskilde security-tiltak på stamruteplassane.

Det reduserte investeringsbudsjettet gjer at desse tiltaka må utsetjast:

  • Oppgradering av einskilde driftsbygg, garasjar og sandlager

  • Oppgradering av endefelt og reasfaltering

  • Vedlikehald av einskilde bygg og anlegg

  • Utskifting av flynavigasjonsutstyr og utstyr til flyvêrtenesta

  • Kjøp av einskilde mindre køyretøy og redningsbåtar

Dette er viktige tiltak som må gjennomførast så snart budsjettsituasjonen gjer det mogleg.

Auken når det gjeld teknisk og operativ oppgradering, gjeld nødvendig framskunding av GNSS-prosjektet (satellittinnflyging på dei regionale plassane).

Etablering av treningssenter for brann- og redningsteneste i Tjeldsund i Nordland

Saka er tidlegare omtala i St.prp. nr. 76 (2000-2001) og i St.prp. nr. 1 (2001-2002). Det blei sett av 3 mill. kr til planlegging og prosjektering av tiltaket i budsjettet for 2002. Samferdselsdepartementet foreslår at tiltaket blir gjennomført som føresett. Samla investering ved etablering av nytt treningssenter i Tjeldsund er førebels kostnadsrekna til i overkant av 30 mill. kr, som må finansierast av Luftfartsverket i 2003 og eventuelt seinare år. Det nye senteret kjem i tillegg til dagens verksemd på Trandum ved Gardermoen.

Dei årlege driftsutgiftene for Luftfartsverket er rekna med å auke med om lag 4 mill. kr i forhold til samla drift av treningsverksemda på Trandum.

Omdanning av Luftfartsverket til aksjeselskap

I St.prp. nr. 66 (1998-1999) blei det m.a. fremma forslag om etablering av Luftfartsverket som statsaksjeselskap frå 01.01.2000. Stortinget vedtok å sende forslaget tilbake til Regjeringa, jf. Innst. S. nr. 226 (1998-1999). I samband med handsaminga av Budsjett-innst. S. nr. 13 (2001-2002) vedtok Stortinget dette:

«Stortinget ber Regjeringen sette i gang arbeidet med å omgjøre Luftfartsverket til aksjeselskap.»

Samferdselsdepartementet tek sikte på å etablere Luftfartsverket som statleg aksjeselskap frå 01.01.2003. M.a. på grunn av nedgangen i flytrafikken er Luftfartsverkets økonomi sterkt redusert i forhold til tidlegare år. Verksemda si evne til sjølv å finansiere viktige investeringar er blitt monaleg redusert i dei siste åra. For at Luftfartsverket skal kunne etablerast som aksjeselskap frå 01.01.2003 med ein forsvarleg økonomi, meiner departementet at det kan vere nødvendig med meir omfattande statleg kjøp av flyplasstenester. Departementet viser i samband med dette også til stortingsproposisjon om Luftfartsverkets tilbod av tenester i det regionale flyplassnett.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at Luftfartsverket framleis skal ha ei samfunnsmessig rolle innanfor luftfarten. I dette ligg m.a. at luftfarten skal vere eit viktig distriktspolitisk verkemiddel. Dette vil m.a. bli teke i vare gjennom aksjelova, vedtektene til selskapet og konsesjonar for den einskilde lufthamn. Selskapet må også framleis ha godkjenning av tekniske og operative forhold frå Luftfartstilsynet.

I selskapsvedtektene vil det m.a., på same måte som for dei samferdselsverksemdene som alt har blitt etablerte som selskap, bli teke inn ei føresegn om at alle vesentlege, prinsipielle, politiske eller samfunnsmessige saker skal leggjast fram for generalforsamlinga (statsråden) på førehand. Som for Posten og NSB tek ein sikte på å leggje fram ei melding om statsaksjeselskapet Luftfartsverket kvart anna år.

Disponering av Statens trafikkflygarskoles eigedelar

Stortinget vedtok 06.06.1991 å leggje ned Statens trafikkflygarskole. Alle eigedelane ved skolen blei overførte utan vederlag til Forsvarsdepartementet. Etter avtale mellom Forsvarsdepartementet og Samferdselsdepartementet blei undervisningsmateriell og utstyr m.m. som kunne vere aktuelt for eit trenings- og kompetansesenter, overførte frå skolen til Luftfartsverket. I St.prp. nr. 29 (1993-1994) blei det tilrådd å etablere eit mindre kompetansesenter i regi av Luftfartsverket (seinare er denne verksemda lagt inn i dotterselskapet Nordic Aviation Resources, NAR). I Innst. S. nr. 120 (1993-1994) slutta Stortinget seg til forslaget og la til grunn at ein skulle arbeide vidare med spørsmålet om å etablere kompetansesenteret som ei verksemd på høgre nivå, der ein samstundes skulle vurdere ulike former for tilknyting til høgskolesystemet. Det var ein føresetnad at kompetansesenteret skulle finansierast ved direkte brukarbetaling.

Som eit ledd i oppfølging av denne stortingshandsaminga, sette daverande Kyrkje- undervising- og forskingsdepartementet og Samferdselsdepartementet ned ei arbeidsgruppe (leia av Luftfartsverket) for å avklare kva for oppgåver innanfor luftfartsutdanninga som kan/bør drivast på høgskolenivå og eventuelt knyttast til høgskolesystemet. Arbeidsgruppa la fram ein rapport i 1996 og tilrådde at store delar av luftfartsutdanninga burde leggjast inn under høgskolesystemet. Etter at rapporten hadde vore på høyring, fann Samferdselsdepartementet at det var mest nødvendig å setje fokus på trafikkflygarutdanninga og bad derfor Flyselskapenes Landsforening utarbeide eit konsept for kva slags krav til opptak og undervising dei større flyselskapa vil stille, for å tilsetje kandidatane frå skolen direkte som styrmenn. Flyselskapenes Landsforening la 07.03.2001 fram ei utgreiing med modell for utdanning av trafikkflygarar der det blei tilrådd at flyskolar som driv etter denne modellen, får høgskolestatus etter lov av 11.07.1986 nr. 53 om eksamensrett for og statstilskudd til private høyskoler. Samferdselsdepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet arbeider framleis med denne modellen med tanke på å få ei kompetanseheving og offentleg godkjenning av trafikkflygarutdanninga.

Da det har vore dårleg økonomi ved trenings-og kompetansesenteret, har Samferdselsdepartementet ikkje innvendingar til at Luftfartsverket sel trenings- og kompetansesenteret. Saka har vore lagt fram for Forsvarsdepartementet som ikkje hadde merknader til salet.

Mellombels statleg forsikringsansvar for norske luftfartøy og lufthamner ved skadar på tredjepart som følgje av krigs- og terrorhandlingar

Ved handsaminga av St.prp. nr. 38 / Innst. S. nr. 78 (2001-2002) Om forlengelse av midlertidig statlig forsikringsansvar for norske luftfartøy og lufthavner ved skader på tredjepart som følge av krigs- og terrorhandlinger, fekk Samferdselsdepartementet fullmakt til å forlengje den statlege garantien med ein månad av gongen fram til og med 31.12.2002.

USA forlengde i mars garantiordninga si med 60 dagar fram til 19.05.2002. EU har i Rådsmøte 25.-26.03.2002 godkjent at medlemslanda forlengjer ordningane sine fram til og med 31.05.2002.

FN-organet ICAO arbeider med å få oppretta ei forsikringsordning som byggjer på prinsippet om gjensidig forsikring eller kostnadsdeling (mutual-fund system). Det same gjer organisasjonane til flyselskapa på begge sider av Atlanterhavet. Ein tek sikte på at dei tre ordningane eventuelt skal kunne samordnast. For å få til slike ordningar, er det nødvendig at statane støttar dei enno ei tid framover. EU-kommisjonen var på Rådsmøtet positivt innstilt til å gjere dette. På Rådsmøtet var det også semje om å fortsette samarbeidet for å sikre ei tilbakevending til ein normal forsikringsmarknad.

Førebels kan Samferdselsdepartementet ikkje seie kor lenge det vil vere nødvendig for den norske stat å forlengje garantiordninga, men som nemnd ovanfor blir det arbeidd i fleire fora for å få avvikla dei statlege garantiordningane.

På denne bakgrunn tek Samferdselsdepartementet sikte på å forlengje den statlege garantien førebels ut mai 2002.