5 Programkategori 21.50 Jernbaneformål
Kap. 1350 Jernbaneverket
Post 30 Investeringar i lina
Drammensbanen, Sandvika-Asker
Prosjektet er sist omtala i statsbudsjettet for 2002, jf. St.prp. nr. 1/Budsjett-innst. S. nr. 13 (2001-2002). I samband med innhentinga av anbod på tunnelentreprisane til prosjektet, har Jernbaneverket kome fram til at det kan sparast om lag 159 mill. kr ved å slå entreprisane saman og framskunde prosjektet med eitt år, samanlikna med den opphavlege planen som låg til grunn for løyvinga i statsbudsjettet for 2002. På den bakgrunn har Jernbaneverket no inngått kontrakt for prosjektet som inneber at det kan ferdigstillast i 2005 i staden for i 2006. Tabell 5.1 viser skilnadene i venta utbetalingar til prosjektet mellom framdrift etter den opphavlege planen og framskunda framdrift i prosjektet.
Tabell 5.1
(i mill. 2002-kr) | ||||||
År | 2002 | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 | Sum |
Opphavleg planlagt framdrift | 443 | 679 | 840 | 630 | 325 | 2 917 |
Forsert framdrift | 443 | 900 | 910 | 430 | 75 | 2 758 |
Differanse | 0 | 221 | 70 | -200 | -250 | -159 |
Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til dei budsjettmessige konsekvensane i samband med statsbudsjettet for 2003.
Kap. 4350 Jernbaneverket
Post 91 Nedbetaling av lån til BaneTele AS
I samband med omdanninga av BaneTele til aksjeselskap blei det løyvd eit mellombels statslån på 196 mill. kr. Kongen i statsråd fekk samstundes fullmakt til å fastsetje dei endelege løyvingane til omdanninga av BaneTele til aksjeselskap. Løyvinga til lån til BaneTele AS blei av Kongen i statsråd 15.02.2002 fastsett til 209 mill. kr. Statslånet skal betalast tilbake 01.07.2002, jf. St.prp. nr. 80/Innst. S. nr. 325 (2000-2001). BaneTele AS har bedt om ei forlenging av det mellombelse statslånet. Samferdselsdepartementet vil vurdere ei slik forlenging.