St.prp. nr. 70 (2006-2007)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 152/2006 av 8. desember 2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2006/70/EF av 1. august 2006 om gjennom­føringstiltak for direktiv 2005/60 EF – definisjon av «politisk utsett person» m.v.

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. 152/2006 av 8. desember 2006 om endring av vedlegg IX til EØS-avtala (Finansielle tenester)

EØS-KOMITEEN HAR –

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeids­området, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Vedlegg IX til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 130/2006 av 27. oktober 2006 1.

  2. Kommisjonsdirektiv 2006/70/EF av 1. august 2006 om fastsetjing av gjennom­førings­tiltak for europaparlaments- og rådsdirektiv 2005/60/EF med omsyn til definisjonen av «politisk utsett person» og dei tekniske kriteria for forenkla framgangs­måtar for kundekontroll og for unntak i tilfelle der finansiell verksemd vert driven tilfeldig eller i svært avgrensa omfang 2 skal takast inn i avtala –

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I vedlegg IX til avtala etter nr. 23b (europaparlaments- og rådsdirektiv 2005/60/EF) skal nytt nr. 23ba lyde:

  • «23ba. 32006 L 0070: Kommisjonsdirektiv 2006/70/EF av 1. august 2006 om fastsetjing av gjennomførings­tiltak for europaparlaments- og rådsdirektiv 2005/60/EF med omsyn til definisjonen av «politisk utsett person» og dei tekniske kriteria for forenkla framgangs­måtar for kundekontroll og for unntak i tilfelle der finansiell verksemd vert driven tilfeldig eller i svært avgrensa omfang (EUT L 214 av 4.8.2006, s. 29).»

Artikkel 2

Teksta til direktiv 2006/70/EF på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske union, skal verte gyldig.

Artikkel 3

Denne avgjerda tek til å gjelde 9. desember 2006, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3.

Artikkel 4

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske union.

Utferda i Brussel, 8. desember 2006.

For EØS-komiteen
Formann
Oda Helen Sletnes
Sekretærar for EØS-komiteen
Lilja ViarsdóttirMatthias Brinkmann

Fotnotar

1.

TEU L 366 av 21.12.2006, s. 68, og EØS-tillegget til TEU nr. 64 av 21.12.2006, s. 2.

2.

TEU L 214 av 4.8.2006, s. 29.

3.

Forfatningsrettslege krav oppgjevne.