4 Avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar
I forhandlingsmøte 29. mai 2006 blei Norsk Fysioterapeutforbund, KS og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2006 – 30. juni 2007.
Avtalen føreset ei regulering av takstar, driftstilskot og avsetning til fond for etter- og vidareutdanning med 4,9 prosent per 1. juli 2006. Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats.
Departementet tilrår at løyvinga for 2006 under kap. 2755 post 71 Refusjon fysioterapi blir auka med 41,0 mill. kroner.
Fastlønnstilskotet til kommunar med fysioterapeutstillingar var 134 300 kroner i 2005. Departementet tilrår at fastlønnstilskotet blir regulert til 139 600 kroner for 2006, og at kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønnsordning fysioterapeutar blir auka med 4,0 mill. kroner.