1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. [...] av [...] om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane
EØS-KOMITEEN HAR –
med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og
på følgjande bakgrunn:
Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. .../... av ... 1 .
Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1926/2006/EF av 18. desember 2006 om skiping av eit fellesskapshandlingsprogram på området forbrukarpolitikk (2007–2013) 2 .
Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2007 –
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
I protokoll 31 artikkel 6 i avtala vert det gjort følgjande endringar:
Etter nr. 3 skal nytt nr. 3a lyde:
«3a. EFTA-statene skal fra 1. januar 2007 delta i følgende program:
32006 D 1926 : Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1926/2006/EF av 18. desember 2006 om skiping av eit fellesskapshandlingsprogram på området forbrukarpolitikk (2007–2013) (EUT L 404 av 30.12.2006, s. 39).»
Ny tekst i nr. 4 skal lyde:
«EFTA-statene skal bidra finansielt til virksomheten nevnt i nr. 3 og nr. 3a i samsvar med avtalens artikkel 82 nr. 1 bokstav a).»
Ny tekst i nr. 5 skal lyde:
«EFTA-statene skal fra den dag samarbeidet om virksomheten nevnt i nr. 3 og nr. 3a innledes, delta fullt ut i de EF-komiteer og øvrige organer som bistår Kommisjonen i å forvalte eller utvikle denne virksomheten.»
Artikkel 2
Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3 .
Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2007.
Artikkel 3
Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.
Utferda i Brussel, [...]
For EØS-komiteen
Formann
[...]
Sekretærar for EØS-komiteen
[...]