St.prp. nr. 73 (2006-2007)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-­komiteen om innlemming i EØS-avtala av ramme­programmet til EU for forbrukarpolitikk (2007–2013)

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1926/2006/EF av 18. desember 2006 om skiping av eit fellesskapshandlingsprogram på området forbrukarpolitikk (2007–2013)

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR —

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 153,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,

med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet 1 ,

med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet 2 ,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 3 , og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Fellesskapet kan medverke til vern av helsa, tryggleiken og dei økonomiske og rettslege interessene til borgarane gjennom tiltak på området forbrukarvern.

  2. Det bør difor skipast eit fellesskapshandlingsprogram på området forbrukarpolitik for å byte ut europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 20/2004/EF om innføring av ei generell ramme for finansiering av fellesskapstiltak til støtte for forbrukarpolitikken i tidsrommet 2004–2007 4 . Den avgjerda bør difor opphevast.

  3. I samsvar med artikkel 153 i traktaten bør integrering av forbrukarinteresser i all fellesskapspolitikk prioriterast høgt saman med dei måla for forbrukarpolitikk som er fastsette i dette programmet. Samordning med annan fellesskapspolitikk og andre fellesskapsprogram er vesentleg for å sikre at det fullt ut vert teke omsyn til forbrukarinteressene på andre politikkområde. For å fremje synergiar og unngå dobbeltarbeid bør det innanfor andre fellesskapsfond og –program fastsetjast ein økonomisk støtte til integrering av forbrukarinteresser på dei områda dei gjeld for.

  4. I denne avgjerda er det for heile det tidsrommet som programmet varer, fastsett ei finansiell ramme som utgjer det viktigaste referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta ved den årlege budsjetthandsaminga, slik det er definert i punkt 37 i den tverrinstitusjonelle avtala av 17. mai 2006 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og betre budsjetthandsaming 5 .

  5. Det er av allmenn europeisk interesse at helse- og tryggleiksspørsmåla med omsyn til tenester og varer som ikkje er næringsmiddel og dei økonomiske og rettslege interessene til borgarane, tillegg til interessene deira med omsyn til utvikling av standardar for produkt og tenester, er representerte på fellesskapsplan. Med tanke på kva type organisasjonar som dette gjeld, skal ikkje fornyinga av fellesskapsstøtte til verksemda til slike organisasjonar vere underlagd regelen om gradvis nedtrapping av fellesskapsstøtte.

  6. Det bør sikrast ein overgang mellom dette programmet og det programmet som det bytar ut, særleg med omsyn til framhaldet av fleirårige tiltak og vurderinga av dei gode resultata til programmet og område som treng meir merksemd. Frå og med 1. januar 2014 bør løyvingane til den tekniske og administrative støtta om naudsynt dekkje utgiftene til forvaltinga av tiltaksområde som enno ikkje er vortne avslutta innan utgangen av 2013.

  7. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne avgjerda, bør vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 6 .

  8. Gjennomføringa av programmet bør ta omsyn til at den indre marknaden ikkje vil verke tilfredsstillande dersom forbrukarar ikkje har det same vernet i alle medlemsstatar. Programmet bør difor særleg leggje vekt på forbrukarvern og medvitsauking hjå forbrukarane i dei medlemsstatane som vart medlemmer 1. mai 2004 eller etter, med sikte på å sikre like vilkår for alle medlemsstatar.

  9. Avtala om det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS-avtala) inneheld føresegner om eit utvida samarbeid på området forbrukarvern mellom på den eine sida Det europeiske fellesskapet og medlemsstatane i EF, og på den andre sida dei statane i Det europeiske frihandelssambandet (EFTA) som tek del i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EFTA-EØS-statane). Programmet bør òg opnast for deltaking for andre statar, særleg nabostatane til Den europeiske unionen og statar som har søkt om medlemskap i Den europeiske unionen eller som er kandidatar eller tilmeldingsstatar.

  10. Innanfor ramma av gjennomføringa av programmet bør det oppmuntrast til samarbeid med tredjestatar som ikkje tek del i programmet, samstundes som det vert teke omsyn til alle gjeldande avtaler mellom desse statane og Fellesskapet.

  11. Verdien og verknaden av dei tiltaka som er gjorde innanfor ramma av programmet, bør overvakast og vurderast jamleg, medrekna av uavhengige, eksterne sakkunnige. Med sikte på å vurdere forbrukarpolitikken bør det fastsetjast målbare mål og utarbeidast indikatorar.

  12. Ettersom måla for denne avgjerda ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane fordi dei aktuelle sakene er av tverrnasjonal art, og difor på grunn av at fellesskapstiltaka meir effektivt kan verne helsa og tryggleiken og dei økonomiske og rettslege interessene til borgarane betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet, slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne avgjerda lenger enn det som er naudsynt for å nå desse måla —

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Skiping av programmet

Det vert skipa eit fellesskapshandlingsprogram på området forbrukarpolitikk, heretter kalla «programmet», for tidsrommet 31. desember 2006 til 31. desember 2013.

Artikkel 2

Mål og målsetjingar

  1. Målet for programmet skal vere å utfylle, støtte og overvake politikken til medlemsstatane og medverke til vern av helsa, tryggleiken og dei økonomiske og rettslege interessene til forbrukarane, i tillegg til å fremje retten deira til informasjon og utdanning og til å organisere seg for å tryggje interessene sine.

  2. Det målet som er nemnt i nr. 1, skal nåast gjennom følgjande målsetjingar:

    1. sikre eit høgare nivå av forbrukarvern, særleg gjennom betre dokumentasjon, betre samråd og betre representasjon av forbrukarinteressene,

    2. sikre effektiv bruk av reglane for forbrukarvern, særleg gjennom samarbeid om handheving av regelverket, informasjon, utdanning og rett til å klage.

Desse måla skal nåast gjennom ein kombinasjon av tiltak og verkemiddel frå den lista som er fastsett i vedlegg I, i samsvar med dei prioriteringane som er fastsette i den årlege arbeidsplanen som er nemnd i artikkel 7 nr. 2 bokstav a).

Artikkel 3

Finansiering

  1. Den finansielle ramma for gjennomføringa av programmet er 156 800 000 euro for tidsrommet 31. desember 2006–31. desember 2013.

  2. Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innanfor ramma av dei finansielle overslaga.

Artikkel 4

Finansiell støtte

  1. Den finansielle støtta skal ikkje overstige dei følgjande nivåa:

    1. 50 % av kostnadene for tiltak som vert finansierte av Fellesskapet saman med éin eller fleire medlemsstatar, eller av Fellesskapet saman med dei rette styresmaktene i dei tredjestatane som tek del i medhald av artikkel 8, med unntak av tiltak som har særleg stor nytteverdi, som Fellesskapet skal dekkje høgst 70 % av kostnadene for.

    2. 85 % av kostnadene for tiltak med sikte på å utvikle integrerte europeiske mastergradskurs i forbrukarspørsmål,

    3. 50 % av kostnadene til drifta av europeiske forbrukarorganisasjonar,

    4. 95 % av kostnadene til drifta av europeiske forbrukarorganisasjonar som representerer forbrukarinteressene i utarbeidinga av standardar for produkt og tenester på fellesskapsplan.

  2. Finansiell støtte frå Fellesskapet kan vere i form av:

    1. individuelle mobilitetetsstipend for lærarar og studentar innanfor ramma av integrerte europeiske mastergradskurs i forbrukarspørsmål. Forvaltinga av desse stipenda kan overlatast til dei nasjonale Erasmus-kontora innanfor ramma av programmet for livslang læring.

    2. reise- og opphaldsutgifter i samband med utveksling av tenestemenn som skal handheve regelverket.

  3. Kriteria for vurdering av om tiltak har særleg stor nytteverdi, som nemnt i nr. 1 bokstav a), skal fastsetjast på førehand i den årlege arbeidsplanen. Tiltak som har særleg stor nytteverdi skal særleg gagne forbrukarar frå medlemsstatar som vart medlemmer av Den europeiske unionen 1. mai 2004 eller etter.

  4. Lenginga av den finansielle støtta som er fastsett i nr. 1 bokstav c) og d), skal ikkje vere underlagd regelen om gradvis nedtrapping.

  5. Med omsyn til nr. 1 og 2 kan finansiell støtte frå Fellesskapet òg gjevast i form av faste støttesatsar eller eingongssummar dersom det er føremålstenleg med omsyn til dei aktuelle tiltaka slik dei er definerte i den årlege arbeidsplanen. Når det gjeld finansiering ved faste støttesatsar eller eingongssummar skal dei prosentsatsane som er fastsette i nr. 1, ikkje nyttast sjølv om det framleis er krav om samfinansiering.

Artikkel 5

Støttemottakarar

Dei gruppene av støttemottakarar som kan motta den finansielle støtta som er fastsett i artikkel 4, er førde opp i vedlegg II.

Artikkel 6

Administrativ og teknisk støtte

  1. Den finansielle ramma for programmet kan òg omfatte utgifter som er knytte til førebuing, overvaking, kontroll, revisjon og vurdering som er direkte naudsynt for gjennomføringa av programmet og for at måla for programmet skal nåast, særleg til granskingar, møte, informasjons- og publiseringsverksemd, utgifter knytte til IT-nett for utveksling av informasjon og til eventuelle andre former for teknisk og administrativ støtte som Kommisjonen kan fastsetje i samband med forvaltinga av programmet.

  2. Den finansielle ramma for programmet kan òg omfatte dei utgiftene til teknisk og administrativ støtte som er naudsynte for å sikre overgangen mellom programmet og dei tiltaka som er gjorde i medhald av avgjerd nr. 20/2004/EF. Løyvingar kan eventuelt førast opp i budsjettet etter 2013 for å dekkje desse utgiftene som er naudsynte for å kunne forvalte tiltaksområde som ikkje er fullførde innan 31. desember 2013.

Artikkel 7

Gjennomføring

  1. Kommisjonen er ansvarleg for å gjennomføre programmet.

    Ved gjennomføringa av tiltaka for å nå dei måla og målsetjingane som er fastsette i artikkel 2, skal det gjerast full nytte av høvelege tilgjengelege framgangmåtar, medrekna særleg direkte eller indirekte sentral gjennomføring av Kommisjonen.

  2. Den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 10 nr. 2, skal nyttast på vedtakinga av:

    1. den årlege arbeidsplanen for gjennomføringa av programmet, der det er fastsett:

      • prioriteringar og tiltak som skal gjerast, medrekna tildelinga av finansielle midlar,

      • utveljings- og tildelingskriterium og kriterium for prosentsatsen for den finansielle støtta frå Fellesskapet,

      • bruk av faste støttesatsar eller eingongssummar, og

      • tidsplanen for tilbodsinnbydingar, felles tiltak og innbydingar til framlegg.

    2. ordningane, medrekna utveljings- og tildelingskriteria, for gjennomføring av dei tiltaka som er nemnde i artikkel 4 nr. 1 bokstav a).

  3. Kommisjonen skal gje det utvalet som er nemnt i artikkel 10, melding om dei tiltaka som er gjorde for å gjennomføre programmet.

Artikkel 8

Deltaking for tredjestatar

Programmet er ope for deltaking for

  1. EFTA-EØS-statane i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i EØS-avtala,

  2. tredjestatar, særleg statar som er omfatta av den europeiske naboskapspolitikken, statar som har søkt om medlemskap i Den europeiske unionen eller som er kandidatar eller tilmeldingsstatar, og statane på Vest-Balkan som inngår i stabiliserings- og assosieringsprosessen, i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i dei høvesvise tosidige eller fleirsidige avtalene med desse statane om dei allmenne prinsippa for deltakinga deira i fellesskapsprogram.

Artikkel 9

Overvaking, vurdering og spreiing av resultat

  1. Kommisjonen skal, i nært samarbeid med medlemsstatane, overvake gjennomføringa av tiltaka i programmet på bakgrunn av dei måla som er fastsette. Han skal sende over ein rapport til det Utvalet som er nemnt i artikkel 10, og melde frå til Europaparlamentet og Rådet om dette.

  2. På oppmoding frå Kommisjonen skal medlemsstatane leggje fram for Kommisjonen informasjon om gjennomføringa og verknaden av programmet.

  3. Kommisjonen skal sikre at programmet vert vurdert tre år etter at det vart sett i verk, og etter at det er avslutta. Kommisjonen skal leggje fram resultata av desse vurderingane, saman med merknadene sine, for Europaparlamentet, Rådet, Det europeiske økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet.

Kommisjonen skal gjere resultata av dei tiltaka som er sette i verk i medhald av denne avgjerda, offentleg tilgjengelege.

Artikkel 10

Utvalsframgangsmåte

  1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval.

  2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 3 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.

  3. Utvalet fastset møteføresegnene sine.

Artikkel 11

Oppheving

Avgjerd 20/2004/EF vert oppheva.

Artikkel 12

Iverksetjing

Denne avgjerda skal nyttast frå dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Brussel, 18. desember 2006.

For EuropaparlamentetFor Rådet
J. BORRELL FONTELLESJ.-E. ENESTAM
PresidentFormann 

Vedlegg I

Tiltak og verkemiddel som er nemnde i artikkel 2

Målsetjing I

Sikre eit høgare nivå av forbrukarvern, særleg gjennom betre dokumentasjon, betre samråd og betre representasjon av forbrukarinteressene.

Tiltak 1

Innsamling, utveksling og analyse av data og opplysningar som utgjer dokumentasjonsgrunnlaget for utviklinga av forbrukarpolitikken og integreringa av forbrukarinteresser innanfor EU-politikken på andre område, medrekna:

  • 1.1. Overvaking og vurdering av marknadsutvikling som har innverknad på dei økonomiske interessene og andre interesser til forbrukarane, medrekna granskingar prisgranskingar, granskingar av endringar i marknadsstrukturane, granskingar av forbrukarar og føretak, kartlegging og analysar av forbrukarklager, innsamling og analyse av opplysningar om handel og marknader mellom forbrukarar og føretak på tvers av landegrensene.

  • 1.2. Utvikling og vedlikehald av databasar.

  • 1.3. Innsamling og analyse av statistiske opplysningar og andre relevante opplysningar. I utviklinga av den statistiske delen vil statistikkprogrammet til Fellesskapet verte nytta der det er føremålstenleg.

Tiltak 2

Innsamling, utveksling, analyse av data og opplysningar og utvikling av vurderingsverktøy som utgjer dokumentasjonsgrunnlaget for tryggleiken med omsyn til forbruksvarer og –tenester, medrekna eksponering av forbrukarar for kjemikaliar frå produkt, risikoar og skadar i samband med særskilde forbruksvarer og -tenester og tekniske analysar av meldingar om fare.

Tiltak 3

Støtte til vitskapleg rådgjeving og risikovurdering, medrekna oppgåvene til det uavhengige vitskapsutvalet som er fastsett ved kommisjonsavgjerd 2004/210/EF av 3. mars 2004 skiping av vitskapsutval på områda forbrukartryggleik, folkehelse og miljø 7 .

Tiltak 4

Førebuing av initiativ til fellesskapsregelverk og andre reglar, og fremjing av initiativ til utarbeiding av felles og eigne reglar, medrekna:

  • 4.1. Juridisk og teknisk sakkunne, medrekna granskingar, i samband med utarbeiding av reglar og verknaden av dette.

  • 4.2. Juridisk og teknisk sakkunne, medrekna granskingar, i samband med utarbeiding av politikk når de gjeld tryggleik med omsyn til varer og tenester og dei økonomiske og rettslege interessene til forbrukarane.

  • 4.3. Juridisk og teknisk sakkunne, medrekna granskingar, i samband med at det trengst standardar for produkttryggleik og utarbeiding av standardiseringsmandat for varer og tenester.

  • 4.4. Seminar, konferansar, arbeidsgrupper og møte mellom aktørar og sakkunnige.

Tiltak 5

Finansiell støtte til drifta av europeiske forbrukarorganisasjonar .

Tiltak 6

Finansiell støtte til drifta av europeiske forbrukarorganisasjonar som representerer forbrukarinteressene i utarbeidinga av standardar for produkt og tenester på fellesskapsplan.

Tiltak 7

Kompetansebygging for regionale, nasjonale og europeiske forbrukarorganisasjonar, særleg gjennom opplæring og utveksling av best mogleg praksis og sakkunne for personalet, særleg for forbrukarorganisasjonar i medlemsstatar som vart medlemmer av Den europeiske unionen 1. mai 2004 eller etter.

Målsetjing II

Sikre effektiv bruk av reglane for forbrukarvern, særleg gjennom samarbeid om handheving av regelverket, informasjon, utdanning og rett til å klage.

Tiltak 8

Tiltak for å betre den effektive bruken av fellesskapsregelverket for forbrukarvern, særleg europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/95/EF av 3. desember 2001 om alminnelig produktsikkerhet 8 og europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 2006/2004 av 27. oktober 2004 om samarbeid mellom nasjonale myndigheter med ansvar for håndheving av forbrukervernlovgivning 9 , medrekna:

  • 8.1. Tiltak for å betre samordninga av overvakinga og handhevinga og for å betre samarbeidet mellom dei rette styresmaktene, medrekna utvikling og vedlikehald av IT-verktøy (t.d. databasar, informasjons- og kommunikasjonssystem) og organisering av seminar, konferansar, arbeidsgrupper og møte mellom aktørar og sakkunnige om handheving, utveksling av tenestemenn som skal handheve regelverket og opplæring, også for medlemmer av domstolane.

  • 8.2. Overvaking og vurdering av tryggleiken til varer og tenester som ikkje er næringsmiddel, medrekna styrking og utviding av verkeområdet til varslingssystemet RAPEX, samstundes som det vert teke omsyn til utviklinga innanfor utveksling av informasjon frå marknadsovervaking, og vidare utvikling av det tryggleiksnettet for forbrukarprodukt som er fastsett i direktiv 2001/95/EF.

  • 8.3. Felles overvakings- og handhevingstiltak og andre tiltak med omsyn til forvaltings- og handhevingssamarbeid.

  • 8.4. Tiltak med omsyn til forvaltings- og handhevingssamarbeid med tredjestatar som ikkje tek del i programmet.

Tiltak 9

Juridisk og teknisk sakkunne, medrekna granskingar, med sikte på å overvake og vurdere korleis medlemsstatane innarbeider, gjennomfører og handhevar fellesskapsregelverket for forbrukarvern, særleg europaparlaments- og rådsdirektiv 2005/29/EF av 11. mai 2005 om foretaks urimelige handelspraksis overfor forbrukere i det indre marked 10 og forordning (EF) nr. 2006/2004. Dette omfattar òg utvikling og vedlikehald av offentlege og lett tilgjengelege databasar om gjennomføringa av fellesskapsregelverket for forbrukarvern.

Tiltak 10

Tiltak med omsyn til informasjon, rådgjeving og rett til å klage:

  • 10.1. Overvaking av korleis alternative tvisteløysingsordningar verkar og vurdering av verknaden deira.

  • 10.2. Finansiell støtte til felles tiltak med offentlege eller ideelle organ som som er ein del av fellesskapsnett som hjelper forbrukarane med informasjon og støtte til å nytte rettane sine og få tilgang til høvelege tvisteløysingsordningar (det europeiske nettet for forbrukarsenter).

  • 10.3. Tiltak som betrar kommunikasjonen med EU-borgarar om forbrukarspørsmål, særleg i medlemsstatar som vart medlemmer av Den europeiske unionen 1. mai 2004 eller etter, medrekna publikasjonar om spørsmål som har med forbrukarpolitikk å gjere, direktekopla informasjon og informasjon om tiltak for forbrukarvern og forbrukarrettar.

Tiltak 11

Tiltak for utdanning av forbrukarar, medrekna:

  • 11.1. Særskilte tiltak retta mot unge forbrukarar, gamle forbrukarar og sårbare grupper av forbrukararar som har klare vanskar med å ta vare på interessene sine, og utvikling av interaktive verktøy for utdanning av forbrukarar.

  • 11.2. Finansiell støtte til utviklinga av integrerte europeiske mastergradskurs i forbrukarspørsmål, medrekna ei stipendordning som gjer det mogleg for studentar å få opphald på inntil seks månader i eit anna land.

Vedlegg II

Støttemottakarar som kan motta den finan­sielle støtta som er fastsett i Artikkel 4

  1. Den finansielle støtta til dei tiltaka som er nemnde i artikkel 4 nr. 1 bokstav a), kan tildelast eit offentleg organ eller ein ideell organisasjon som er peikt ut etter ein oversiktleg framgangsmåte av den medlemsstaten eller den rette styresmakta som det gjeld, og som Kommisjonen har godkjent.

  2. Den finansielle støtta til dei tiltaka som er nemnde i artikkel 4 nr. 1 bokstav b), kan tildelast institusjonar for høgare utdanning i medlemsstatar eller tredjestatar som tek del i samsvar med artikkel 8, som definert i artikkel 2 i europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 2317/2003/EF om skiping av eit program for å betre kvaliteten innanfor høgare utdanning og å fremje tverrkulturell forståing gjennom samarbeid med tredjestatar (Erasmus Mundus) (2004–2008) 11 .

  3. Den finansielle støtta til dei tiltaka som er nemnde i artikkel 4 nr. 1 bokstav a), kan tildelast studentar og lærarar som tek del i integrerte europeiske mastergradskurs i forbrukarspørsmål som vert samfinansierte i medhald av artikkel 4 nr. 1 bokstav b).

  4. Den finansielle støtta til dei tiltaka som er nemnde i artikkel 4 nr. 1 bokstav b), kan tildelast dei tenestemennene som skal handheve regelverket for forbrukarvern som er nemnde i forordning (EF) nr. 2006/2004 og direktiv 2001/95/EF.

  5. Den finansielle støtta til dei tiltaka som er nemnde i artikkel 4 nr. 1 bokstav c), kan tildelast europeiske forbrukarorganisasjonar som:

    1. er ikkje-statlege, ideelle, uavhengige av industri, handel og næringsliv eller andre motstridande interesser, og som har som hovudmål og -verksemd å fremje vernet av helsa, tryggleiken og dei økonomiske og rettslege interessene til forbrukarane i Fellesskapet,

    2. har fått mandat til å representere interessene til forbrukarane på fellesskapsplan av nasjonale forbrukarorganisasjonar i minst halvparten av medlemsstatane, og som i samsvar med nasjonale reglar eller nasjonal praksis er representative for forbrukarane og verksame på regionalt eller nasjonalt plan, og

    3. har gjeve Kommisjonen ei tilfredsstillande utgreiing om medlemstala, vedtektene og finansieringskjeldene sine.

  6. Den finansielle støtta til dei tiltaka som er nemnde i artikkel 4 nr. 1 bokstav d), kan tildelast europeiske forbrukarorganisasjonar som:

    1. er ikkje-statlege, ideelle, uavhengige av industri, handel og næringsliv eller andre motstridande interesser, og som har som hovudmål og -verksemd å representere forbrukarinteressene i standardiseringsprosessen på fellesskapsplan, og som

    2. har fått mandat i minst to tredelar av medlemsstatane til å representere forbrukarinteressene på fellesskapsplan

      • av organ som, i samsvar med nasjonale reglar eller nasjonal praksis, representerer nasjonale forbrukarorganisasjonar i medlemsstatane, eller

      • dersom organa i det første strekpunktet ikkje finst, av nasjonale forbrukarorganisasjonar i medlemsstatane som, i samsvar med nasjonale reglar eller nasjonal praksis, representerer forbrukarane og er verksame på nasjonalt plan.

    3. har gjeve Kommisjonen ei tilfredsstillande utgreiing om medlemstala, vedtektene og finansieringskjeldene sine.

Fotnotar

1.

TEU C 88 av 11.4.2006, s. 1.

2.

TEU C 192 av 16.8.2006, s. 8.

3.

Europaparlamentsfråsegn av 23. mars 2006 (enno ikkje offentleggjord i TEU), felles haldning frå Rådet av 14. november 2006 (enno ikkje offentleggjord i TEU) og haldning frå europaparlamentet av 12. desember 2006.

4.

TEU L 5 av 9.1.2004, s. 1. Avgjerda endra ved avgjerd nr. 786/2004/EF (TEU L 138 av 30.4.2004, s. 7).

5.

TEU C 139 av 14.6.2006, s. 1.

6.

TEF L 184 av 17.7.1999, s. 23. Avgjerda endra ved avgjerd nr. 2006/512/EF (TEU L 200 av 22.7.2006, s. 11).

7.

TEU L 66 av 4.3.2004, s. 45.

8.

TEF L 11 av 15.1.2002, s. 4.

9.

TEU L 364 av 9.12.2004, s. 1. Forordninga endra ved direktiv 2005/29/EF (TEU L 149 av 11.6.2005, s. 22).

10.

TEU L 149 av 11.6.2005, s. 22.

11.

TEF L 345 av 31.12.2003, s. 1.