2 Nærmare om dei sentrale artiklane i direktivet
Utviklinga på det finansielle området har vore snøgg og omfattande dei siste åra. Stadig nye produkt vert utvikla og bodne fram for forbrukarane. Samstundes er det ei utvikling i retning av at forbrukarane i stadig større grad gjer avtaler om finansielle tenester per telefon eller via Internett.
Direktivet gjeld avtaler om finansielle tenester som vert gjorde ved fjernsal. Fjernsal er marknadsføring som finn stad og avtaler som vert gjorde utelukkande ved bruk av fjernkommunikasjonsmiddel og utan at avtalepartane møtest fysisk, t.d. når avtala vert gjord per Internett, telefon, brev eller telefaks. Omgrepet »finansielle tjenester» femner vidt, og dekkjer mellom anna forsikring og individuelle pensjonsordningar, tradisjonelle banktenester som kontohald, avtaler om betalingskort og betalingsformidling, og dessutan investeringstenester, så som avtaler som er knytte til kjøp av fondsdelar og aksjar. Definisjonen er ikkje uttømmande, slik at han vil fange opp nye produkt som vert utvikla og bodne fram for forbrukarane. Ettersom direktivet dekkjer så ulike tenester, er reglane på ein del punkt tilpassa særpreget ved dei ulike tenestene, slik at ulike reglar vil gjelde alt etter kva slags teneste det er tale om. Avtaler som er knytte til aksjar og andre produkt som svingar i verdi, er til dømes ikkje omfatta av angreretten.
Berre avtaler mellom forbrukarar og næringsdrivande er omfatta, og direktivet gjeld òg i høve til offentlege institusjonar som yter finansielle tenester.
Direktivet utfyller det generelle fjernsalsdirektivet 97/7/EF, som er ein del av EØS-avtala (jf. avgjerd i EØS-komiteen nr. 15/98 av 6. mars 1998), og der finansielle tenester var haldne utanfor verkeområdet i påvente av direktivet som no er vedteke.
Hovudføresegnene i direktivet inneheld reglar om
krav til informasjon som skal gjevast forbrukaren før avtala vert gjord, artikkel 3.
krav om at forbrukaren skal få opplysningar og avtalevilkår skriftleg, anten på papir eller e-post, etter at avtala er gjord, artikkel 5.
innføring av ein rett til å gå frå avtala, angrerett på 14 dagar, men 30 dagar for forsikringsavtaler og individuelle pensjonsavtaler, artikkel 6. Det er visse unntak, mellom anna for reiseforsikringar som gjeld i kortare tidsrom, avtaler som partane fullt ut har oppfylt og avtaler som er knytte til verdipapir o.l. der prisen er avhengig av svingingar på finansmarknaden. Om bustandlån og lån som er sikra ved pant i fast eigedom skal vere omfatta av angreretten, skal vurderast av kvar einskild stat ved gjennomføringa.
oppgjer ved bruk av angreretten og plikt for forbrukaren til å yte delbetaling for ytingar som er mottekne når angreretten vert nytta, artikkel 7.
rett til annullering av transaksjonar og tilbakebetaling til forbrukaren ved svikaktig misbruk av betalingskortet til forbrukaren, artikkel 8.
forbod mot å yte eller krevje betaling for tenester som ikkje er tinga, artikkel 9.
avgrensingar i bruken av visse kommunikasjonsmiddel i marknadsføring, m.a. krav om samtykke på førehand ved bruk av e-post og rett til å reservere seg mot uønskt marknadsføring, artikkel 10.
Der ei avtale gjev opphav til fleire like transaksjonar, gjeld reglane for »hovudavtala». Eitt døme er avtaler om betalingskort, der informasjonsplikta og angreretten vil gjelde ved inngåing av betalingskortavtala, men ikkje for dei einskilde transaksjonane så som uttak av kontantar og betaling ved varekjøp.
Føresegnene skal gjerast ufråvikelege, dvs. at forbrukaren ikkje skal kunne fråskrive seg dei rettane som reglane gjev, jf. artikkel 12. Statane pliktar seg ved gjennomføringa til å syte for at reglane i direktivet vert etterlevde, ved å fastsetje dei sanksjonane som vert rekna som høvelege (artikkel 11) og å fremje høve til tvisteløysing, jf. artikkel 13 og 14.
Direktivet vil verte lagt til på lista i direktiv 98/27/EF om nedlegging av forbod med omsyn til vern av forbrukarinteresser (forbodsdirektivet). Dette direktivet er ein del av EØS-avtala, jf. avgjerd i EØS-komiteen nr. 129/1999 av 24. september 1999. I tillegg vil det føre til nokre mindre endringar av teknisk karakter i to andre direktiv.