2 Generelle merknader til konvensjonen
Konvensjonen tek sikte på å motarbeide auka ulovleg handel med kulturgjenstandar med dei skader dette fører med seg. Konvensjonen legg opp til eit internasjonalt samarbeid med detaljerte føresegner om restitusjon og retur av ulovleg utførte eller stolne kulturgjenstandar.
Konvensjonen brukar ordet «kulturgjenstandar». I mange internasjonale konvensjonar, mellom anna den før nemnde UNESCO-konvensjonen, blir omgrepet «kulturminne» bruka. I Unidroit-konvensjonen blir omgrepet «kulturgjenstandar» bruka med den same tydinga. Under tingingane om Unidroit-konvensjonen blei ordet «kulturgjenstandar» oppfatta som meir nøytralt enn ordet «kultureigedom». Det var også ynske om å unngå ordet eigedom i konvensjonen, ettersom det engelske ordet har eit kommersielt innhald som ikkje blir nytta i samanheng med kulturgjenstandar.
Med ulovleg utførte kulturgjenstandar blir rekna gjenstandar som er førde ut frå territoriet til ein konvensjonsstat i strid med lovgjevinga til denne staten om utførsel av kulturgjenstandar. Konvensjonen omfattar ikkje dei tilfella der utførsel har skjedd i strid med anna nasjonal lovgjeving enn den som regulerer vern av kulturarven, og heller ikkje tilfelle der utførselen har skjedd i strid med lovgjevinga til ein stat som ikkje er part i konvensjonen.
Etter konvensjonen har den som har ein stolen eller ulovleg utført kulturgjenstand på tidspunktet for tilbakelevering krav på ei rimeleg skadebot, under føresetnad av at vedkomande utviste rimeleg aktsemd då han skaffa seg gjenstanden. Ved tilbakelevering av stolne kulturgjenstandar skal ein søkje å få den som overdrog gjenstanden, eller einkvar annan som tidlegare har overdrege han, til å betale skadebot. Ved tilbakelevering av ulovleg utførte kulturgjenstandar skal skadebot betalast av den staten som ber om tilbakelevering.
Vidare har konvensjonen reglar om saksanlegg ved tilbakelevering av gjenstandar, medrekna tidsfristar for saksanlegg og oppgåvene til ansvarlege styresmakter. Reglane i konvensjonen skal ikkje ha tilbakeverkande kraft.