5 Vurdering
Merksemda omkring ulovleg omsetnad av kulturgjenstandar internasjonalt er aukande, og det er naudsynt med eit betre internasjonalt samarbeid når det gjeld vern av kulturminne. Unidroit-konvensjonen om tilbakeføring av stolne eller ulovleg utførte kulturgjenstandar sikrar tilbakeføring av slike gjenstandar som urettmessig er førde ut av eit land. Det er viktig å støtte eit internasjonalt regelverk på dette området. Det er derfor viktig for Noreg å ratifisere Unidroit-konvensjonen om stolne eller ulovleg utførte kulturgjenstandar.
Konvensjonen vil kunne føre til fleire oppmodingar om hjelp til å finne kulturgjenstandar, og ein auka bruk av domstolane til å handsame krav om tilbakesending m.v. Til no har det vore svært få slike saker etter det tilsvarande regelverket i EØS-området, slik at ein reknar med at norsk tiltreding til Unidroit-konvensjonen ikkje vil få særlege økonomiske eller administrative konsekvensar for Noreg.
Miljøverndepartementet tilrår at Noreg tiltrer konvensjonen. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.