St.prp. nr. 89 (2006-2007)

Om utbygging og finansiering av rv 567 Hauge–Lonevåg i Osterøy kommune i Hordaland

Til innhaldsliste

5 Finansieringsopplegg

Statlege midlar

I Statens vegvesen sitt handlingsprogram/planleggingsprogram for perioden 2006-2015 er det sett av 78 mill. kr til prosjektet rv 567 Hauge – Lonevåg innanfor den fylkesfordelte ramma til øvrige riksvegar i Hordaland. Desse midlane er fordelte med 20 mill. kr i første fireårsperiode (2006-2009) og 58 mill. kr i siste seksårsperiode. Gjennom vedtaket i fylkestinget 29. mars 2007 har fylkestinget gått inn for at i tillegg inntil 20 mill. kr kan dekkast innanfor den fylkesfordelte ramma for perioden 2010-2015. Totalt er det etter dette rekna med 98 mill. kr i statlege midlar til prosjektet.

Lokalt tilskot

Ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift blei lagt om frå 1. januar 2004. Stortinget fatta i samband med behandlinga av St.prp. nr. 1 (2003-2004), vedtak om å innføre kompenserande tiltak. I følgje Kommunal- og regionaldepartementet kan midlane nyttast til ulike sektorar og område for å fremje næringsutvikling, m.a. samferdsel. Midlane som er stilt til rådvelde for Hordaland, er fordelte gjennom lokale prosessar. Styret for kompensasjonsmidlane i Osterøy kommune har gått inn for at kompensasjonsmidlane for 2004 på 8 mill. kr skal gå til bygging av prosjektet rv 567 Hauge – Lonevåg. Omlegginga av ordninga med arbeidsgjevaravgifta frå 2007 får ingen konsekvensar for dette.

Bompengeopplegg

Det er lagt opp til delfinansiering med bompengar innanfor bompengeperioden på 17 år som blei lagt til grunn i St.prp. nr. 60 (1999-2000). 17 års bompengeperiode inneber at innkrevjinga blir avslutta hausten 2014. Utan utvidinga med utbygginga mellom Hauge – Lonevåg er det venta at selskapet si gjeld er nedbetalt tidleg i 2012.

Hovudregelen ved innkrevjing av bompengar er nytteprinsippet. Dei som betalar bompengar skal ha nytte av prosjektet. Denne samanhengen går også andre vegen, slik at dei som har nytte av eit vegprosjekt også skal betale bompengar, jf. St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015. Bompengar som i dag blir kravde inn i bomstasjonen, går til å finansiere Osterøybrua, Tiråstunnelen og Hannisdalslinja. Bompengetaksten er lik uavhengig av om ein nyttar ein, to eller alle dei tre vegprosjekta. Utvidinga med prosjektet Hauge – Lonevåg vil innebere at eit prosjekt i tillegg til dei som ligg inne i den opprinnelege utbyggingsplanen blir delfinansiert med bompengar som blir kravde inn ved Osterøybrua. Samanhengen mellom nytte og betaling blir dårlegare dess lengre borte frå bomstasjonen utbygginga skjer. Ei enkel nummerskiltregistrering frå juni 2007 viser at vel 50 pst. av trafikken som passerte bomstasjonen ved Osterøybrua, kjørte på dagens riksveg mellom Hauge og Lonevåg i løpet av perioden med registrering på 12 timar. Vegdirektoratet peikar på at det er den lokale trafikken som må betale bompengar, og ein større del av denne trafikken vil truleg ha nytte av det nye prosjektet over tid. Utbygginga av vegsystemet på Osterøy blir vidareført slik at det blir fullgod standard på tilnærma heile strekninga mellom E16 og kommunesentret Lonevåg. Vidare er det lagt til grunn at delfinansieringa av prosjektet med bompengar kan skje innanfor bompengeperioden på 17 år som blei lagt til grunn i St.prp. nr. 60 (1999-2000). Det er lokalpolitisk tilslutning til å delfinansiere utbygginga med bompengar.

Etter ei samla vurdering tilrår Vegdirektoratet at det kan krevjast inn bompengar på Osterøybrua til delfinansiering av rv 567 Hauge – Lonevåg.

Finansieringsføresetnader

Vegdirektoratet godkjente 4. august 2006 ein søknad frå Osterøy bruselskap AS om å gå over frå manuell innkrevjing til Autopass-systemet. Grunngjevinga for omlegginga er at innkrevjingsopplegget blir meir kostnadseffektivt. Det nye systemet blei sett i drift frå 11. juni 2007. Ved å fjerne bompengar for passasjerar og motorsyklar/mopedar, og ved å redusere talet på takstgrupper for store kjøretøy frå to til ei, er det lagt til grunn eit bortfall av inntekter som skal kompenserast gjennom endring av takstane. Ein vesentleg del av kompensasjonen blir belasta kjøretøy med totalvekt t.o.m. 3 500 kg grunna at storparten av bortfallet av inntekter er knytt til fritak av bompengar for passasjerar. I tillegg utgjer denne gruppa vel 95 pst. av alle kjøretøya. Taksten for «liten bil» er auka med om lag 10 pst. Dei nye takstane er 50 kr for kjøretøy t.o.m. 3 500 kg og 165 kr for kjøretøy over 3 500 kg. Det nye takst- og rabattsystemet er i tråd med gjeldande retningsliner.

Det er ikkje lagt opp til justeringar/endringar av takstane ved utviding av bompengeprosjektet med prosjektet Hauge – Lonevåg. Vegdirektoratet meiner det må vere ein føresetnad at takstane blir gått gjennom og tiltak vurderte dersom taksendringane ved overgang til Autopass-systemet frå juni 2007 fører til ei gjennomsnittsinntekt pr. passering som er lågare enn lagt til grunn i finansieringsanalysen, dvs. 46,30 2006-kr.

Osterøy Bruselskap AS har inngått avtale om å binde renta for delar av bompengelånet. Dette gir ei gjennomsnittleg lånerente på 4,5 pst. i 2006 og 5,2 pst. i perioden 2007-2011. Frå 2012 er det lagt til grunn at lånerenta blir 6,5 pst. Denne lånerenta er også lagt til grunn for utvidinga av bompengelånet ved at utbygginga blir utvida med prosjektet Hauge – Lonevåg. Lånerenta på 6,5 pst. føreset at det før anleggsstart ligg føre dokumentasjon frå ein låneinstitusjon om lån innanfor denne renta.

Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for finansieringsanalysen:

  • Utbyggingskostnad: 194 mill. 2006-kr.

  • Gjennomsnittleg inntekt pr. kjøretøy: 46,30 2006-kr.

  • Trafikkgrunnlag: 2 330 kjøretøy (ÅDT) i 2006.

  • Årleg trafikkvekst: 3 pst.

  • Årleg prisstiging: 2 pst.

  • Årlege innkrevjingskostnader: 2,7 mill. kr

Ein eventuell kostnadsauke skal dekkast i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt. I dette prosjektet skal bompengeselskapet dekke 50 pst. av overskridingar inntil 10 pst., og staten 50 pst. Kostnadsauke ut over 10 pst. er staten sitt ansvar og må dekkast innanfor den fylkesfordelte investeringsramma til øvrige riksvegar i Hordaland.

Dersom økonomien i bompengeselskapet blir svakare enn rekna med, kan bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet auke takstane med inntil 20 pst. ut over prisstiginga og forlenge innkrevjingsperioden med inntil 5 år.

Det er også rekna på eit alternativ med følgjande føresetnader:

  • 10 pst. kostnadsauke

  • Ingen årleg trafikkvekst

  • Takstauke på 20 pst. 2 år etter opninga av prosjektet Hauge – Lonevåg.

Med desse føresetnadene er bompengeperioden rekna til vel 18 år, dvs. ein auke på vel eitt år.

Fylkeskommunal garanti

Som det går fram av kapittel 3, har Hordaland fylkeskommune vedtatt å stille garanti for eit bompengelån på inntil 140 mill. kr knytt til prosjektet Hauge – Lonevåg. Dette kjem i tillegg til dei garantiane som fylkeskommunen tidlegare har vedtatt for utbygginga på Osterøy. Garantien vil fyrst komme til utbetaling dersom bompengeselskapet si gjeld ikkje er mogleg å handtere etter at realtakstane er auka med inntil 20 pst. og innkrevjingsperioden er forlenga med 5 år. Den fylkeskommunale garantien skal godkjennast av Kommunal- og regionaldepartementet.