St.prp. nr. 9 (2001-2002)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i ei fellesskapsramme for samarbeid for å fremje berekraftig byutvikling

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og Rådsavgjerd nr. 1411/2001/EF av 27. juni 2001 om ei fellesskapsramme for samarbeid for å fremje berekraftig byutvikling

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 175 nr. 1,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen 1

,

med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet 2

,

med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet 3

,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 4

, og

ut frå desse synsmåtane:

  1. I traktaten er det fastsett at det skal utarbeidast og gjennomførast ein fellesskapspolitikk på miljøområdet, og gjort greie for måla og prinsippa for denne politikken.

  2. Ved vedtakinga av europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 2 179/98/EF 5

    stadfesta Fellesskapet at det held fast ved den framgangsmåten og den overordna strategien som Kommisjonen har valt i programmet sitt «Mot ei berekraftig utvikling» 6

    .

  3. Mange av dei internasjonale pliktene til Fellesskapet, særleg med omsyn til kampen mot klimaendringar, kan berre gjennomførast i samarbeid med lokale styresmakter.

  4. I meldinga si «Berekraftig byutvikling i Den europeiske unionen: ei handlingsramme» av 28. oktober 1998 plikta Kommisjonen seg til å halde fram med å støtte nettverksarbeidet mellom lokale styresmakter og sikre eit høveleg rettsleg grunnlag for finansiering av slikt arbeid over fleire år.

  5. Europaparlamentet har vedteke fleire resolusjonar 7

    om styrking av bymiljøpolitikken i Den europeiske unionen.

  6. Regionutvalet har vedteke ei fråsegn om grensekryssande og tverrnasjonalt samarbeid mellom lokale styresmakter 8

    og ei fråsegn om kommisjonsmeldinga «Ein dagsorden for byane i Den europeiske unionen» 9

    .

  7. I det femte handlingsprogrammet for miljø vert det sannkjent at alle dei aktørane det gjeld, medrekna Kommisjonen og lokale styresmakter, i fellesskap bør arbeide for å nå målet om berekraftig utvikling og dele det ansvaret som er knytt til dette arbeidet.

  8. I kapittel 28 i Agenda 21, som var temaet i den protokollen som vart underskriven under verdstoppmøtet i Rio i 1992, er det fastsett at dei fleste lokale styresmakter i kvar einskild stat bør få i stand ei samrådsordning med folket og nå fram til semje om ein lokal Agenda 21-handlingsplan.

  9. For å kunne nå måla om ei berekraftig byutvikling og gjennomføre Agenda 21 og regelverket til Fellesskapet er det naudsynt å fastsetje, utarbeide og utveksle god praksis mellom lokale styresmakter og syte for at dei vert gjorde meir medvitne om slik praksis.

  10. Det er naudsynt å auke kapasiteten i nettverka til dei lokale styresmaktene på europeisk plan og utarbeide og utveksle god praksis på området berekraftig byutvikling og Agenda 21 på lokalt plan, og samordne denne verksemda slik at Kommisjonen får opplysningar og fråsegner frå lokale styresmakter om nye og moglege framtidige perspektiv på område som gjeld berekraftig utvikling.

  11. Ettersom måla for det tilrådde tiltaket, dvs. utveksling av retningslinjer for god praksis på europeisk plan og medvitsaukande tiltak blant lokale styresmakter ved hjelp av europeiske nettverk, ikkje i tilstrekkeleg grad kan nåast av medlemsstatane og difor betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne avgjerda lenger enn det som er naudsynt for å nå desse måla.

  12. Det er viktig å fastsetje kva for tiltaksområde som skal prioriterast innanfor fellesskapsramma for samarbeid.

  13. Det er naudsynt å fastsetje effektive metodar for kontroll og vurdering og å syte for at moglege støttemottakarar og ålmenta får tilstrekkelege opplysningar.

  14. Gjennomføringa av denne samarbeidsramma bør vurderast i lys av røynslene frå dei første gjennomføringsåra, og Europaparlamentet og Rådet bør få melding om dette.

  15. I denne avgjerda er det for heile det tidsrommet som programmet varer, fastsett ei finansiell ramme som utgjer det viktigaste referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta, slik det er definert i punkt 33 i den tverrinstitusjonelle avtala av 6. mai 1999 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og betre budsjetthandsaming 10

    .

  16. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne avgjerda, skal vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 11

    -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Det vert skipa ei fellesskapsramme for samarbeid (heretter kalla «samarbeidsramma») for å gje økonomisk og teknisk støtte til nettverk av lokale styresmakter som er organiserte i minst fire medlemsstatar, eventuelt òg i byar i dei statane som er nemnde i artikkel 8, med sikte på å fremje utarbeiding, utveksling og gjennomføring av god praksis på følgjande område:

  • gjennomføring av miljøregelverket til EU på lokalt plan,

  • berekraftig byutvikling,

  • lokal Agenda 21.

Hovudpartnarane skal vere Kommisjonen, nettverk av lokale styresmakter, organiserte aktørar med fleire interesser i bymiljøet, fellesskapsnett som t.d. ikkje-statlege organisasjonar, universitet og andre aktørar som er organiserte på europeisk plan.

Artikkel 2

  1. Dei typane verksemd som kan gjevast fellesskapsstøtte innanfor denne samarbeidsramma, er definerte i vedlegget.

  2. Kommisjonen kan gje støtte til alle nettverk av lokale styresmakter slik det er definert i artikkel 1, eller når det gjeld dei oppfølgingstiltaka som er nemnde i del C i vedlegget, til andre som ønskjer å utvikle slik verksemd.

  3. Fellesskapsstøtta skal omfatte verksemd som skal gå føre seg i det året som det finansielle tilskotet vert gjeve for, og/eller i dei to etterfølgjande åra.

  4. Vedlegget inneheld ei rettleiande oversikt over fordelinga av den økonomiske støtta mellom dei ulike typane verksemd.

Artikkel 3

Kommisjonen skal, i samsvar med den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 11 nr. 2, vurdere dei innleverte framlegga og blant desse velje ut dei prosjekta som skal finansierast innanfor dei prioriterte områda som er nemnde i artikkel 4.

Artikkel 4

  1. Kommisjonen skal offentleggjere i Tidend for Dei europeiske fellesskapa ei melding som inneheld ei utgreiing om dei prioriterte områda som prosjekt skal finansierast innanfor, saman med utveljings- og tildelingskriterium og framgangsmåtar for søking og godkjenning.

  2. Framlegg til prosjekt som treng finansiering, skal sendast inn til Kommisjonen av nettverka av lokale styresmakter slik det er definert i artikkel 1, og for dei typane verksemd som er nemnde i del C i vedlegget, av andre som har rett til å motta støtte.

  3. Innbydingar til å kome med framlegg om prosjekt innanfor denne samarbeidsramma skal kvart år innan 31. januar offentleggjerast i Tidend for Dei europeiske fellesskapa. Etter ei vurdering av framlegga skal Kommisjonen innan 31. mai avgjere kva prosjekt som skal finansierast. På grunnlag av avgjerda om kva prosjekt som skal finansierast, skal det med dei støttemottakarane som er ansvarlege for gjennomføringa, gjerast ei avtale som fastset rettane og pliktene til partnarane.

  4. Ei liste over støttemottakarane og dei prosjekta som vert finansierte gjennom denne samarbeidsramma, skal offentleggjerast saman med opplysningar om storleiken på støtta.

Artikkel 5

Kommisjonen skal syte for at det er samanheng, komplementaritet og samverknad mellom fellesskapsverksemd og -prosjekt som skal gjennomførast innanfor denne samarbeidsramma, og andre fellesskapsprogram og -initiativ, særleg URBAN-initiativet, som er nemnt i artikkel 20 i rådsforordning (EF) nr. 1 260/1999 av 21. juni 1999 om fastsettelse av alminnelige bestemmelser om strukturfond 12

. Prosjekt som vert finansierte gjennom andre fellesskapsprogram og -fond, kan ikkje finansierast gjennom denne samarbeidsramma.

Artikkel 6

  1. Denne samarbeidsramma tek til å gjelde 1. januar 2001 og går ut 31. desember 2004. Den finansielle ramma for gjennomføringa av denne samarbeidsramma er 14 millionar euro for tidsrommet 2001-2004. Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innanfor ramma av dei finansielle overslaga.

  2. Økonomisk støtte på 350 000 euro eller meir kan gjevast berre dersom rekneskapane til støttemottakaren for det føregåande året er vortne godkjende av ein registrert revisor. Rekneskapane for det tidsrommet som tilskotet vert nytta i, skal òg godkjennast av ein registrert revisor. Økonomisk støtte på under 350 000 euro kan gjevast berre dersom rekneskapane til støttemottakaren for det føregåande året ligg føre i ei form som er godkjend av Kommisjonen og vert lagde fram i denne forma i det tidsrommet som tilskotet vert nytta i.

Artikkel 7

Prosjekta skal medverke til å verkeleggjere dei måla som er nemnde i artikkel 1, og skal veljast ut på grunnlag av følgjande allmenne kriterium:

  1. eit gunstig nytte-kostnadstilhøve,

  2. ein vedvarande mangfaldiggjerande verknad på europeisk plan,

  3. eit effektivt og balansert samarbeid mellom dei ulike partnarane med omsyn til programplanlegging og gjennomføring av verksemda, og dessutan økonomisk deltaking,

  4. ein del av den økonomiske deltakinga,

  5. ein innsats for ein fleirnasjonal metode, særleg for samarbeid på tvers av landegrensene innanfor Fellesskapet og eventuelt utover fellesskapsgrensene med nabostatane,

  6. ein innsats for ein integrert fleirsektoriell metode og for ei berekraftig byutvikling, samstundes som det vert teke omsyn til dei sosiale, økonomiske og miljømessige dimensjonane ved ei slik utvikling,

  7. graden av medverknad frå alle partnarane, medrekna representantar for det sivile samfunnet,

  8. ein innsats for å styrkje og fornye offentlege tenester av allmenn interesse.

Artikkel 8

Denne samarbeidsramma skal vere open for deltaking for nettverk av lokale styresmakter, medrekna byar i dei sentral- og austeuropeiske statane, på Kypros og Malta og dessutan i andre statar som har inngått assosieringsavtaler med Fellesskapet.

Artikkel 9

  1. For å sikre at verksemda til mottakarane av fellesskapsstøtta skal lukkast, skal Kommisjonen gjere naudsynte tiltak for å:

    1. stadfeste at den verksemda som det er gjort framlegg om for Kommisjonen, er vorten gjennomførd på rett måte,

    2. førebyggje og motverke avvik,

    3. eventuelt krevje tilbake summar som er vortne betalte ut på urettkome vis.

  2. Utan at det rører ved den revisjonen som vert utførd av Revisjonsretten i medhald av artikkel 248 i traktaten, og ved kontrollar som vert utførde i medhald av artikkel 279 bokstav c) i traktaten, kan tenestemenn og andre tilsette i Kommisjonen utføre kontrollar på staden, medrekna stikkprøvekontrollar, av verksemd som vert finansiert gjennom denne samarbeidsramma. Kommisjonen skal på førehand varsle støttemottakarane om kontrollar som skal utførast på staden, med mindre det er sterk mistanke om svik eller om misbruk av støtta.

  3. Mottakarane av den økonomiske støtta skal syte for at alle underlagsdokument om kostnadene ved ein type verksemd er tilgjengelege for Kommisjonen i eit tidsrom på fem år etter at den siste utbetalinga i samband med denne aktiviteten fann stad. Dokumenta kan òg liggje føre i elektronisk form.

Artikkel 10

  1. Kommisjonen kan redusere, oppheve eller krevje tilbake den økonomiske støtta som er gjeven gjennom ei avtale, dersom det vert oppdaga avvik, eller dersom det viser seg at avtala utan godkjenning frå Kommisjonen er vorten endra i strid med dei avtalte måla eller gjennomføringsvilkåra.

  2. Dersom fristane ikkje er vortne etterlevde, eller dersom utviklinga i gjennomføringa av ei avtale berre rettferdiggjer bruk av ein del av den økonomiske støtta som er vorten tildelt, skal Kommisjonen be støttemottakaren om å leggje fram ei forklaring innan ein fastsett frist. Dersom støttemottakaren ikkje gjev eit tilfredsstillande svar, kan Kommisjonen stanse den resterande økonomiske støtta og krevje at summar som alt er vortne betalte ut, snøgt vert betalte tilbake. Kommisjonen pliktar seg til å vurdere slike forklaringar på ein grundig og snøgg måte.

  3. Støttemottakaren skal kvart år leggje fram for Kommisjonen ein framdriftsrapport for avtaler som varer i meir enn eitt år, og ein finansiell rapport for kvar avtale innan seks månader etter at avtala sluttar å gjelde. Kommisjonen fastset kva form og innhald desse rapportane skal ha. Dersom rapportane ikkje vert lagde fram innan dei fastsette fristane, har mottakaren ikkje lenger rett til vidare finansiering innanfor ramma av denne avgjerda. Kommisjonen pliktar seg til å vurdere rapportane innan ein rimeleg frist for å unngå unaudsynlege seinkingar i utbetalingane.

  4. Alle urettkomne utbetalingar skal betalast tilbake til Kommisjonen. Det kan leggjast til renter på summar som ikkje vert betalte tilbake i rett tid. Kommisjonen fastset nærmare reglar for gjennomføringa av dette nummeret.

Artikkel 11

  1. Kommisjonen skal få hjelp av eit rådgjevande utval.

  2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 3 og 7 i rådsavgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.

  3. Utvalet fastset møteføresegnene sine.

Artikkel 12

Kommisjonen skal vurdere gjennomføringa av denne samarbeidsramma og seinast 31. mars 2003 leggje fram ein rapport om dette for Europaparlamentet og Rådet.

Artikkel 13

Denne avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2001 til 31. desember 2004.

Utferda i Luxembourg, 27. juni 2001.

For EuropaparlamentetFor Rådet
N. FONTAINEB. ROSENGREN
PresidentFormann

Vedlegg

Typar verksemd som kan tildelast økonomisk støtte frå FellesskapetRettleiande fordeling av ressursar 100 %
A.Informasjon og informasjonsutveksling om berekraftig byutvikling og lokal Agenda 21 og betring av miljøkvaliteten i område med både miljøproblem og sosioøkonomiske problem40 %
-utvikle verktøy for opplæring av, informasjon til, dokumentasjon til og medvitsaukande tiltak blant fagfolk, målgrupper, lokale avgjerdstakarar og ålmenta, medrekna lokale styresmakter som ønskjer å betre miljøinnsatsen sin,
-fremje, overføre og formidle god praksis og resultat av demonstrasjonsprosjekt i område med både miljøproblem og sosioøkonomiske problem, mellom anna til lokale styresmakter som ikkje tek del i nettverk som er omfatta av denne avgjerda.
B.Samarbeid mellom partnarane som berekraftig byutvikling og Agenda 21 på europeisk plan kjem ved40 %
-fremje samarbeid mellom dei partnarane som er nemnde i fellesskapshandlingsprogrammet for miljø,
-i samsvar med nærleiks- og partnarskapsprinsippet gjere ein innsats innanfor ramma av dei nasjonale programma for å hjelpe lokale styresmakter, mellom anna med gjennomføring av miljøpolitikken til Fellesskapet, byomformingsprosjekt og byfornyingsplanar for å betre kvaliteten på det lokale bymiljøet, ved hjelp av ein integrert metode,
-lette dialogen, samordninga og utvekslinga av informasjon mellom dei nettverka av lokale styresmakter som er organiserte på europeisk plan, og organa til Fellesskapet,
-støtte skipinga av partnarskap, òg med partnarar frå dei statane som er nemnde i artikkel 8.
C.Oppfølgingstiltak som er naudsynte for å analysere og føre tilsyn med verksemd på området berekraftig byutvikling og lokal Agenda 2120 %
-rapportar om nivået av, omfanget av og typen problem i byar som vil kunne handsamast på fellesskapsplan,
-analysar av innslaget på lokalt plan av ein metode for berekraftig byutvikling på andre område enn i miljøpolitikken, med særleg vekt på samanhengen med strukturpolitikken,
-kontroll- og støttefunksjonar for konsolidering, samordning, bruk, formidling og utvikling av overvakingsinitiativet for ei berekraftig utvikling på lokalt plan/felles europeiske indikatorar.

Fotnotar

1.

TEF C 56 E av 29.2 2000, s. 68.

2.

TEF C 204 av 18.7 2000, s. 35.

3.

TEF C 317 av 6.11 2000, s. 33.

4.

Europaparlamentsfråsegn av 14. desember 2000 (enno ikkje offentleggjord i TEF), og rådsavgjerd av 18. juni 2001.

5.

TEF L 275 av 10.10 1998, s. 1.

6.

TEF C 138 av 17.5 1993, s. 5.

7.

TEF C 226 av 20.7 1998, s. 34 og 36, og TEF C 279 av 1.10 1999, s. 44.

8.

TEF C 51 av 22.2 1999, s. 21.

9.

TEF C 251 av 10.8 1998, s. 11.

10.

TEF C 172 av 18.6 1999, s. 1.

11.

TEF L 184 av 17.7 1999, s. 23.

12.

TEF L 161 av 26.6 1999, s. 1.