2 Nærmare om programmet
Europakommisjonen fremma 22.11.1999 ein strategi for berekraftig utvikling som oppfølging av europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 2179/98 om ei berekraftig byutvikling i den Europeiske Union. Eit viktig grunnlag for denne strategien og for fellesskapsramma for samarbeid for å fremje berekraftig byutvikling blei lagt fram i ein omfattande rapport om berekraftig byutvikling utarbeidd av ei ekspertgruppe for bymiljø, der også Noreg tok del.
Fellesskapsramma for samarbeid for å fremje berekraftig byutvikling omfattar mellom anna styrking av nettverka mellom lokale styresmakter, utvikling og formidling av røynsler i spørsmål om berekraftig byutvikling og lokal Agenda 21, og samordning av informasjon og synspunkt frå lokale styresmakter på område som er viktige for byutviklinga. Fellesskapsramma tek sikte på å gje lokale styresmakter informasjon om korleis aukande forureining og stort forbruk av naturressursar kan reduserast, og korleis by- og miljøpolitikken kan styrkjast. Miljøproblema i byane er samansette og kan ikkje løysast innanfor den einskilde sektor. Til dømes har auka bruk av privatbil gjeve grunnlag for dagens byspreiing, men resultatet er at ein er blitt meir avhengig av å nytte bil, noko som har ført til aukande forbruk av energi og meir luftforureining lokalt og globalt. Samstundes har nedbygginga av grøne område redusert livskvaliteten til innbyggjarane.
For å møte desse utfordringane meiner Kommisjonen at det er naudsynt med:
integrerte tiltak, dvs. bruk av alle tilgjengelege verkemiddel for å løyse fleire problem samstundes,
politiske grep som løyser problema lokalt og ikkje skyv dei over til andre stader eller kommande generasjonar,
politiske løysingar som fører til endringar i forbruksmønsteret til den einskilde.
Byane er sjølve ansvarlege for å løyse miljøproblema, men Kommisjonen gjev uttrykk for at medlemsstatane kvar for seg ikkje maktar å utveksle røynsler og døme på god praksis på tvers av landegrensene. Dette kan difor gjerast på ein meir effektiv måte gjennom eit samarbeid mellom dei einskilde statane. Rolla til Unionen er å oppmuntre lokale styresmakter til å sannkjenne utfordringane og assistere dei i arbeidet fram mot ei berekraftig utvikling.
Fellesskapsramma har som mål å tilby økonomisk og teknisk støtte til nettverk som blir skipa mellom lokale styresmakter for å stimulere til gjennomføring av miljølovgjevinga på lokalt nivå, ei berekraftig byutvikling og lokal Agenda 21.
Partane i samarbeidsavtala er Kommisjonen og Kampanjen for berekraftige byar i Europa med tilhøyrande nettverk av byar (meir enn 540 byar tek del). Avtala omfattar dei byane som tek del i nettverka som er tilslutta kampanjen. Også Kypros, Malta og statane i Aust- og Sentral-Europa kan ta del, samt EFTA/EØS-statane etter EØS-avtala.
Følgjande typar verksemd kan finansierast gjennom fellesskapsramma:
Utveksling av informasjon om berekraftig byutvikling og lokal Agenda 21 og forbetring av miljøet i område med miljøproblem. Det kan bli gjeve støtte til utvikling av verkty for informasjon, dokumentasjon og opplysningskampanjar for å auke medvitet om berekraftig byutvikling blant styresmakter, næringsliv og folk flest, og utvikling og formidling av gode døme (40 % av midlane).
Samarbeid mellom aktørane som det gjeld, spesielt for å betre kommunikasjonen, samordninga og informasjonsutvekslinga mellom byane. Det kan mellom anna gjevast støtte for å hjelpe lokale styresmakter til å gjennomføre miljøpolitikken og integrere endringsprosjekt i byane. Ein kan også gje støtte til inngåing av partnarskap mellom private og offentlege aktørar (40 % av midlane).
Tiltak som er naudsynte for å analysere og evaluere verksemd innanfor berekraftig byutvikling og Lokal Agenda 21, til dømes rapportering av omfanget av problem, utbreiing og type som kan krevje tiltak på felleskapsplan. Utvikling og bruk av miljørapporteringssystem kan også få støtte (20 % av midlane).
Innbyding til å søkje om midlar frå fellesskapsramma skal offentleggjerast i Tidend for Dei europeiske fellesskapa. Verksemd som kan få medfinansiering gjennom fellesskapsramma, skal veljast ut av Kommisjonen. Det vil bli lagt vekt på kriterium som kostnad/nytte, multiplikatoreffekt på europeisk nivå, balanse mellom partnarane, multinasjonale og tverrsektorielle tiltak og aktiv innsats frå partane. Det er lagt opp til strenge rapporterings- og kontrollrutinar for bruk av midlane.
Midtvegs i perioden skal Kommisjonen gjennomføre ei evaluering av programmet og leggje fram resultata for Europaparlamentet og Rådet.
Det vil bli skipa eit rådgjevande utval som skal hjelpe Kommisjonen i iverksetjinga av programmet. Utvalet skal sjølv vedta møteføresegnene sine. EFTA/EØS-statane vil ta del i utvalet med same rettar og plikter som medlemsstatane i EU, bortsett frå røysterett.
Framlegget er i stor grad i samsvar med dei strategiane og arbeidsmåtane som regjeringa har med omsyn til utvikling av meir berekraftige byar og tettstader. Miljøverndepartementet støttar utvikling av gode døme og god praksis, og formidlar kunnskap og resultat gjennom rapportar, «prosjektark» og liknande. Det blir lagt auka vekt på partnarskapsløysingar, og det blir arbeidd med indikatorar for ei berekraftig byutvikling. Gjennom Lokal Agenda 21-arbeidet blir byar og andre lokalsamfunn oppmoda til å ta miljøansvar, og det blir skipa nettverk for utveksling av idear og resultat. Deltaking i programmet vil kunne vere eit nyttig supplement og utviding av den nasjonale innsatsen.
Dei lokale aktørane/byane vil særleg kunne dra nytte av slik deltaking. Mange norske kommunar tek allereie del i dei fem nettverka som inngår i Kampanjen for berekraftige byar i Europa. Midlar frå fellesskapsramma vil kome dei norske byane til gode dersom desse er aktive søkjarar.