Strategi for småflyverksemda i Noreg
Planar/strategi | Dato: 31.08.2017 | Samferdselsdepartementet
Regjeringa legg med dette fram ein strategi for småflyverksemda i Noreg. Føremålet med strategien er å gi ei oversikt over småflyverksemda og dei utfordringane verksemda står overfor.
Regjeringa legg i dokumentet fram strategiar for å møte utfordringane. Strategien er avgrensa til ikkje-kommersiell privatflyging som vert drive på hobbybasis eller har rekreasjonsføremål. Strategien tek mellom anna opp samfunnsrolla til småflyverksemda tilgang til landingsplassar, tilgang til luftrom, regulering og miljøeffektar.