Nasjonal strategi - IKT-forsking og -utvikling
Strategi 2013-2022
Planar/strategi | Dato: 28.08.2013 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet
Regjeringa sin strategi for forsking og utvikling innan IKT peiker ut innsatsområda for IKT-forsking og -utvikling framover og signalisere korleis regjeringa ønsker å prioritere dei offentlege ressursane som blir løyvde til forsking og utvikling innan IKT.
IKT som teknologi blir stadig meir sentral i samfunnet vårt. Teknologien verkar inn på kvardagen til folk, og påverkar bedrifter og offentlege verksemder innan alle sektorar. Bruk av IKT vil vere sentralt i å løyse mange av dei utfordringane vi står overfor – både i Noreg og i resten av verda.
Regjeringa ønsker å utnytte IKT for å få til meir vekst og verdiskaping i Noreg. For å nå dette målet er vi avhengige av sterke og gode kunnskapsmiljø innan IKT, og vi er avhengige av forsking og utvikling innanfor område som er viktige for Noreg. Sjølv om det skjer mykje internasjonalt som vi kan dra nytte av, er det på enkelte område spesielt viktig at vi både har eigen kompetanse og eigne forskings- og utviklingsmiljø.
Regjeringa har peikt ut tre innsatsområde for IKT-forsking og -utvikling framover:
- IKT-FoU av høg internasjonal kvalitet
- næringsutvikling og verdiskaping
- viktige samfunnsutfordringar
Nasjonal strategi - IKT-forskning og -utvikling (3 Mb, pdf-format)