Stryn kommune – Motsegn til Kommunedelplan for kystsona (kystsoneplan)
Brev | Dato: 22.12.2009 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Opprinnelig utgitt av: Miljøverndepartementet
Miljøverndepartementet godkjenner Kommunedelplan for kystsona i Stryn kommune, under føresetnad av at låssettingsplass i Svarstadvika blir tatt inn i planen. Låssettingsplassen er svært viktig for framtidig brislingfiske, og blir derfor rekna å vere nasjonalt viktig. Motsegna frå Fiskeridirektoratet tas til følgje.
Stryn kommune – Motsegn til Kommunedelplan for kystsona (kystsoneplan)
Vi viser til oversending frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane datert 21.08.2009.
Saka er i medhald av plan- og bygningslova (1985) § 20-5 femte ledd oversendt Miljøverndepartementet til avgjerd. Fiskeridirektoratet har fremja motsegn mot utlegging av areal i konflikt med registrert låssettingsplass for fiskeriverksemd i Svarstadvika, Nordfjord.
Miljøverndepartementet godkjenner Kommunedelplan for kystsona i Stryn kommune, under føresetnad av at låssettingsplass i Svarstadvika blir tatt inn i planen. Låssettingsplassen er svært viktig for framtidig brislingfiske, og blir derfor rekna å vere nasjonalt viktig. Motsegna frå Fiskeridirektoratet tas til følgje.
Bakgrunn
Kommuneplan for Stryn 2006-2017 blei vedtatt den 02.05.2006. Stryn kommunestyre vedtok samtidig at det skulle utarbeidast ein kystsoneplan for alle sjøareala i kommunen.
Forslag til Kommunedelplan for kystsona i Stryn blei første gong lagt ut til offentleg ettersyn i september 2007.
Fiskeridirektoratet fremja motsegn til planforslaget i brev av 05.10.2007. Motsegna gjaldt fleire formuleringar i retningslinjene til plankartet. I tillegg blei det bedt om at låssettingsplassane ”Svarstad” og ”Freholm" blei inntatt på plankartet. Det blei elles peika på at direktoratet er svært nøgd med at Stryn kommune ser verdien av å ta vare på dei tradisjonelle låssettingsplassane i kommunen.
Motsegna til låssettingsplassen i Svarstadvika blei oppretthaldt i brev av 03.10.2008, etter at Stryn kommune hadde tatt omsyn til dei andre motsegnene.
Mekling fann stad den 20.08.2008. I meklingsmøtet kom det fram at Stryn kommune hadde vedtatt ein reguleringsplan for Svarstadvika II den 09.04.2008. Denne planen var ikkje sendt Fiskeridirektoratet til høyring, og det blei derfor avtalt at framlegget skulle sendast Fiskeridirektoratet for uttale. Det blei ikkje oppnådd semje om låssettingsplassen i Svarstadvika.
Fiskeridirektoratet uttalte i brev av 30.10.2008 at låssettingsplassen i Svarstadvika kan reduserast med ca. 200 meter mot aust, slik at ca. 500 meter blir oppretthaldt til låssetting. Det blir peika på at låssettingsplassen har blitt brukt i årtier, og at plassen stadig er blitt brukt.
Stryn kommunestyre vedtok den 24.02.2009 å oppretthalde sitt tidlegare vedtak om ikkje å ta inn låssettingsplassen i Svarstadvika i Kommunedelplan for kystsonen i Stryn. Kommunen viser til at det er oppført hytter i området, og at det derfor er ynskjeleg å prioritere fritidsbruken i området framover. Etter kommunen si meining må låssetting kunne skje ved alternative plassar.
Synfaring blei gjennomført den 15.10.2009 med representantar frå Stryn kommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Fiskeridirektoratet region vest, Fiskeridirektoratet, grunneigaren og Miljøverndepartementet.
Fiskeri- og kystdepartementet har i brev av 06.11.2009 til Miljøverndepartementet gitt uttale i saka. Det blir vist til at kystsona blir utsett for aukande press i form av utbygging. Kvar for seg kan den verke ubetydeleg, men samla sett kan utbygginga få alvorlege konsekvenser for fiskeriet. Fisket etter brisling samlar fiskarar frå heile landet, og den aktuelle låssettingsplassen i Svarstadvika er kjent som ein av dei viktigaste låssettingsplassane i Nordfjord. Plassen er derfor av nasjonal verdi, og det blir sett på som svært viktig å ta vare på den for framtidig brislingfiske. Det blir derfor prinsipalt anbefalt at motsegna tas til følgje, og at kommunen merker av låssettingsplassen i kystsoneplanen. Subsidiært blir det anbefalt at den omstridte delen av planen blir unntatt frå rettsverknad, og at det blir gitt retningslinjer for å utgreie moglegheitene for eit kompromiss der omsynet både til utbyggjaren og fiskenæringa blir ivaretatt.
Miljøverndepartementets vurdering
Interessemotsetningar mellom eit planframlegg og ein eksisterande låssettingsplass må løysast i den kommunale planprosessen, eventuelt ved bruk av motsegnsinstituttet. Miljøverndepartementets rolle i motsegnssaker er å avgjere plansaker der det er konflikt mellom kommunen og statlig fagorgan/fylkeskommune/nabokommune, i dette tilfellet Fiskeridirektoratet. Det avgjerande spørsmålet i denne saka er om Kommunedelplan for kystsona i Stryn i tilstrekkeleg grad tar omsyn til nasjonale fiskeriinteresser.
I forarbeida til plan- og bygningsloven § 1985, Ot.prp. nr. 56 (1984-85) er det om virkeområdet mot fiske uttalt på side 99:
”Loven tar ikke sikte på å regulere fiske, men vil indirekte få betydning for slik
virksomhet. Ved at havbunn og havoverflate blir gjort til gjenstand for planlegging er en sikret at etablering av faste anlegg og virksomhet i sjøen ikke skjer tilfeldig, men etter en samlet vurdering hvor også fiskeriinteressene må tillegges betydelig vekt.”
Kommuneplanens arealdel kan såleis brukast for å sikre særskilte områda i havet for hausting.
Lås eller stengsetting er ein del av fiskeriet som skjer med not. Fisken blir sett i steng for seinare å bli slept og samla på eitt område for å gå seg åtefri og for levering, eller den blir plassert direkte på ein stad i påvente av levering.
Den nærare lokaliseringa av låssettingsplasser beror på fleire fysiske tilhøve, mellom anna straum og djupn. Det må vere mogleg å fortøye nota, og det må vere rom for minimum 5-10 meter fri vannsøyle under notposen.
Brislingfisket går føre seg i perioden september – oktober. Brisling kan, på grunn av størrelsen, ikkje slepast over lengre strekningar. Den må derfor låssettjast i nærleiken av der den blir fiska. Idet brisling frå år til år er fangbar på ulike stader i fjorden, må det være tilgang på låssettingsplassar i hele lengda av fjorden.
På bakgrunn av opplysningar frå fiskerimyndigheitene legg Miljøverndepartementet til grunn at Svarstadvika er særs veleigna som låssettingsplass. I følgje Fiskeridirektoratet Region Vest er låssettingsplassen i Svarstadvika ein av dei beste i Nordfjord fordi han ligg i ei djup bukt med lite straum. Departementet legg vidare til grunn at låssettingsplassen ved Faleide er mindre eigna, og ikkje har blitt brukt i seinare tid.
Miljøverndepartementet meiner at låssettingsplassen i Svarstadvika ikkje treng å vere i konflikt med kommunens strategi om å prioritere hyttebygging, turisme og fritidsaktivitetar i området. Det blir vist til at brislingfisket foregår i ein avgrensa periode om hausten. Vidare blir det vist til at Fiskeridirektoratet i sin uttale av 30.10.2008, skriv at låssettingsplassen kan reduserast ca. 200 meter mot aust, slik at ca. 500 meter blir oppretthaldt til låssetting.
På bakgrunn av samtale mellom grunneigaren på staden og representant for fiskerinæringa, legg departementet til grunn at det er mogleg å finne fram til ei løysing grunneigar- og fiskerinteressene er samde om i samband med arbeidet med reguleringsplanen for området.
Miljøverndepartementet finn etter dette at Kommunedelplan for kystsonen i Stryn ikkje i tilstrekkeleg grad tar vare på nasjonale fiskeriinteresser. Motsegna frå Fiskeridirektoratet blir derfor tatt til følgje.
I medhald av plan- og bygningslova § 20-5 femte ledd kan departementet gjere dei endringane i planen som ein finn påkravd. Kommunedelplan for kystsonen i Stryn blir derfor godkjent under føresetnad av at låssettingsplassen i Svarstadvika blir tatt inn i planen.
Vedtak
I medhald av plan- og bygningslova § 20-5 femte ledd godkjenner Miljøverndepartementet Kommunedelplan for kystsonen i Stryn, under føresetnad av at låssettingsplassen i Svarstadvika blir tatt inn i planen.
Departementet føreset at kommunen sjølv endrar plankartet i samsvar med dette vedtaket.
Om kunngjering av den endelege arealdelen til kommuneplanen blir det vist til reglane i plan- og bygningslova § 20-5 åttande ledd.
Kommunen er orientert om departementets vedtak ved kopi av dette brevet.
Med helsing
Erik Solheim
Kopi:
Stryn kommune
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Fiskeri- og kystdepartementet
Fiskeridirektoratet