Svar på Dokument 8:37 S (2024-2025) om lausdriftskravet
Brev | Dato: 14.01.2025 | Landbruks- og matdepartementet
Mottakar: Stortinget
Dykkar referanse:
MH/hs
Vår referanse:
24/2492
Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) har svara på Dokument 8:37 S (2024-2025) - Representantforslag om at lausdriftskravet i mjølke- og storfeproduksjon berre skal gjelda nybygg.
Dokument 8:37 S (2024-2025) om at lausdriftskravet i mjølke- og storfeproduksjonen kun skal gjelde nybygg
Eg viser til brev frå Stortingets næringskomité datert 20. desember 2024 og til representantforslag 8:37 S (2024-2025) frå stortingsrepresentantane Bengt Rune Strifeldt, Sylvi Listhaug, Roy Steffensen, Terje Halleland, Tor André Johnsen, Bård Hoksrud og Frank Edvard Sve. I forslaget tek representantane til orde for at lausdriftskravet i mjølke- og storfeproduksjonen kun skal gjelde for nybygg, slik at bøndene slepp fordyrande ombyggingar, eller i verste fall nedleggingar på grunn av kravet som skal gjelde frå 2034.
Lausdriftskravet er den største og viktigaste satsinga på dyrevelferd i norsk storfenæring, både i mjølke- og ammekuproduksjon. Overgang til lausdrift bidreg til auka rørslefridom, meir naturleg åtferd, sosial interaksjon og generelt betre helse. Overgangen vil truleg også føre med seg andre dyrevelferdsfremjande tiltak, som utfasing av kutrenar, større plass, sosial oppstalling av kalvar, betre liggeunderlag og miljøberikingar, samt, for nokre dyrehald, auka samvær mellom ku og kalv.
20. desember 2024 la regjeringa fram ei ny melding til Stortinget om dyrevelferd. Meldinga peikar ut ei klar retning på arbeidet med å styrke dyrevelferda ytterlegare. I meldinga varslar regjeringa at vi vil halde fram utviklinga der alt storfe skal få moglegheit for fri bevegelse. Regjeringa føreslår difor å halde fast ved kravet om lausdrift for alt storfe innan 2034.
Gjeldande regelverk ber med seg at storfe i utgangspunktet skal haldast i lausdrift, men med ei overgangstid til 2034. Det betyr at alle båsfjøs etter gjeldande regelverk har ei overgangstid på minst 30 år, som reknast som normal nedskrivingstid for investeringar i landbruket. Endringar i overgangstider gjer mindre føreseielege vilkår for næringa og ei uheldig forskjellshandsaming mellom bønder som har tatt eit ekstra løft for å overhalde gjeldande frist, og dei produsentane som ikkje har gjort det. Det kan bli skapt tvil om overgangstida er reell. Det kan òg skape utfordringar i forvaltninga av regelverket. Lausdriftskravet slik det framstår no har også vore utarbeidd saman med faglaga i jordbruket, og har lagt grunnlaget for jordbruksforhandlingane dei siste 20 åra.
Som representantane viser til er det store investeringskostnader knytt til å leggje om til lausdrift. I dei næraste åra vil det difor vere naudsynt å vektlegge utvikling av rimelegare driftsbygningar for storfe for å bidra til at òg små og mellomstore dyrehald klarar overgangen til lausdrift. Det er naudsynt at omsynet til dyra sin velferd blir vareteke på forsvarleg vis i dette utviklingsarbeidet.
Regjeringa har auka løyvingane til jordbruksoppgjera betydeleg dei siste åra.
Dette har gjeve auka inntektsmoglegheiter for mjølkeprodusentane. Eg vil òg framheve at distriktslandbruket generelt har blitt prioritert. Dette bidreg til betre moglegheiter for omlegging til lausdrift i heile landet. I løpet av regjeringsperioden har avsetninga til investerings- og bedriftsutviklingsordninga i landbruket auka med nærare 80 pst. For 2025 er det avsett til saman 1 272,5 mill. kroner i investeringstilskot i landbruket. Det har blitt gjort endringar for at investeringar innan mjølke- og storfeproduksjon skal prioriterast særskilt, at det skal kunne gis meir støtte per prosjekt, betre rådgjeving for å få til mest mogleg økonomisk berekraftige prosjekt, og at dei distriktsretta omsyna er blitt styrka, med særskilde tiltak for investeringsprosjekta i Nord-Noreg. Regjeringa meiner at investeringsmidlane må vere på eit høgt nivå for å hindre at omlegging bidreg til ei sentralisering av norsk jordbruk.
Regjeringa vil halde fram med å ha ekstra fokus på dei områda der overgangen til lausdrift går sakte. Der førre regjering prioriterte ned dei små storfe- og mjølkebruka ynskjer denne regjeringa å ha med seg desse produsentane i framtida. Investeringsmidlar og utvikling av rimelegare driftsbygningar vil væra ei viktig del av den vidare satsinga i områder med stor del båsfjøs.
Sidan omlegginga i all hovudsak ber med seg behov for nybygg, bidreg dette til ei vesentleg modernisering og effektivisering av drifta, noko som også lettar arbeidskvardagen for den einskilde bonde, og kan gjere generasjonsskifte meir attraktivt.
I dag er om lag 72 pst. av alle mjølkekyr og om lag 54 pst. av besetningane i lausdrift. l følgje Tine var om lag berre 7 pst. av mjølkefjøsa i 2001 lausdriftsfjøs.
Regjeringa legg no opp til at arbeidet med dyrevelferd kan utviklast vidare på ein kunnskapsbasert måte, samtidig som det blir tatt omsyn til næringa sine behov for føreseielege rammevilkår. I stortingsmeldinga om dyrevelferd står eit levande landbruk og aktivt næringsliv i heile landet i sentrum. Forbrukarane skal ha tillit til at jordbruk, havbruk og fiskeri leverer produkt basert på god dyrevelferd.
Eg tilrår difor ikkje at representantforslaget blir vedteke.
Med helsing
Geir Pollestad