Tilleggshøyring til havressurslova

Heimel for inndraging overfor landanlegg og salslaga sitt ansvar for ressurskontroll. Høyringsfrist: 1. september 2006

Status: Ferdigbehandla

Høyringsfrist:

Vår ref.:

Høyringsinstanser

Dykkar ref

Vår ref

Dato

200601483- /GFD

7. juli 2006

Tilleggshøyring til havressurslova

Departementet syner til høyringa av NOU 2005: 10 Lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar, jf departementet sitt brev datert 24. juni 2005.

Departementet har i samband med arbeidet med ny havressurslov funne grunn til å høyre 2 særskilte spørsmål som ikkje er omtala i Havressurslovutvalet si utredning.

1. Heimel for inndraging overfor landanlegg

Departementet syner til vedlagte forslag til endringar i råfiskloven frå Troms og Finnmark statsadvokatembete, datert 20. juni 2005. Riksadvokaten har i brev av 3. november 2005 slutta seg til og oversendt forslaget.

Departementet sluttar seg til forslaget frå Troms og Finnmark statsadvokatembete og sender dette forslaget på høyring. Ein vil gjere oppmerksam på at heimelen for inndraging som er foreslått tatt inn i råfisklova, kan plasserast i havressurslova i staden. Departementet har ikkje tatt stilling til plasseringa.

2. Salslaga sitt ansvar for ressurskontroll

Departementet meiner det er trong for å gjere endringar i reglane om salslaga sitt ansvar for ressurskontroll. Forslag til lovendringar er gjennomgått i departementet sitt høyringsnotat av i dag.

Høyringsfristen for begge høyringsnotata er sett til 1. september 2006.

Høyringsnotata:

Med helsing

Med hilsen

Jan Fredrik Danielsen
avdelingsdirektør

Gunnar Frogner Dahl
rådgjevar