Historisk arkiv

Tilskotsordningar for 2016

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Ordningane omfattar områda naturforvaltning, friluftsliv, kulturminnevern, forureining og klima

Miljøstyresmaktene set årleg i verk ei rad tiltak for å betre miljøtilstanden i Noreg. Det er oppnådd mykje i det nasjonale miljøvernarbeidet, men ein står framleis overfor betydelege utfordringar. For å lykkast i arbeidet må styresmaktene samarbeide med andre aktørar. Medverknad frå stat og kommune, private verksemder, organisasjonar og einskildpersonar må til om ein skal løyse  klima- og miljøutfordringane. For å stimulere til ein slik brei medverknad gir Klima- og miljødepartementet tilskot til ymse former for tiltak som blir sette i verk av organisasjonar, private verksemder, kommunar og privatpersonar. Rundskrivet gir orientering om departementet sine tilskotsordningar som er opne for søknad frå  desse. 

Rundskrivet omtalar kva for tildelingskriterium, krav til søknaden, søknadsfristar o.a. som gjeld for den einskilde tilskotsordninga. Nærare råd og rettleiing kan ein få ved å kontakte Fylkesmannen, fylkeskommunen, Riksantikvaren, Sametinget eller Miljødirektoratet.

Vi tek atterhald om at Stortinget vedtek alle ordningane slik det er gjort framlegg om i Prop. 1 S (2015-2016).

 

Oslo, november 2015

 

Med helsing

Klima- og miljøministeren 

 

Innhald

 

Tilskot til naturforvaltningstiltak

Tilskot til vassmiljøtiltak (Kap. 1420 post 70) med følgjande underpostar:

 

Kalking (Kap. 1420 post 70, underpost 1)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til å redusere dei negative effektane av sur nedbør  på naturmangfaldet i vassdrag. Målgruppe for ordninga er frivillige organisasjonar, kommunar,  interkommunale organ og fiskerettshavarar. 

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

- Kjøp av kalk.

- Transport og spreiing av kalk.

- Informasjon og rettleiing om kalking i vassdrag.

- Reetablering av opphavleg naturmangfald i kalka vassdrag.

Tilskot blir gitt til tiltak i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden, og kor det kan bli påvist eller sannsynleggjort at skade på naturmangfaldet skuldast forsuring. I område der tolegrensa for forsuring skapt av menneske ikkje lenger er overskriden, men kor tidlegare forsuring har ført til at opphavleg naturmangfald er borte, kan det bli gitt tilskot til å reetablere opphavleg naturmangfald. Det blir ikkje gitt tilskot til kalking av naturleg sure vassdrag. Søkarar som får tilskot må sjølv medverke med eigen innsats (økonomiske midlar eller arbeidsinnsats). Det blir berre gitt tilskot om fisket i vassdraget blir åpna for allmenta.

Kor skal søknaden  sendast og innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader frå frivillige organisasjonar på lokalt nivå, kommunar og interkommunale organ skal adresserast til Fylkesmannen i det fylket søknaden gjeld. Søknader frå landsdekkjande frivillige organisasjonar skal adresserast til Miljødirektoratet.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Fylkesmannen og Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar om det er nødvendig for å handsame søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2016.

Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.

Anadrome laksefisk (Kap. 1420 post 70, underpost 2)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til  å leggje til rette for bevaring og  forvaltning av ville anadrome laksefisk. Målgruppe for ordninga er frivillige  organisasjonar, forskingsinstitusjonar, kommunar og  interkommunale organ. 

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

- Forvaltning av og informasjon om villaks, sjøaure og sjørøye.

- Praktisk nytta FoU-verksemd og overvaking som grunnlag for mellom anna lokal forvaltning av lakse- og sjøaurebestandar.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Mottakar av søknad er Miljødirektoratet.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Søknaden skal dokumentere at tiltak som inneber fysiske inngrep i naturen ikkje er i strid med godkjend kommunal plan eller kommunalt vedtak.

Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt spesifiserast. Søknader om tilskot til tekniske fiskeforsterkingstiltak skal innehalde opplysningar om området der tiltak er lokalisert, mellom anna geografisk namn, vassdrag og arealkategori i kommuneplan eller reguleringsplan. Søknader om tilskot til fiskekultiveringstiltak og tekniske fiskeforsterkingstiltak må ha lagt ved løyve frå grunneigar, fråsegn frå kommunen og løyve frå Noregs vassdrags- og energidirektorat eller Fylkesmannen. Miljødirektoratet kan krevje at søknaden er basert på ein ferdig driftsplan eller stille som vilkår at driftsplan blir utarbeida. Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar om det er nødvendig for å handsame søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2016.

Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.

Generell vassforvaltning (Kap. 1420 post 70, underpost 3)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til at ein når miljømåla i vassforskrifta. Målgruppe for ordninga er vassområdeutval, interkommunale vassprosjekt, kommunar, forskingsinstitusjonar og frivillige organisasjonar.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot kan bli gitt til:

- Tiltak, tilrettelegging og organisering knytt til arbeidet i vassområde og vassregionar.

- Informasjon knytt til arbeidet i vassområde og vassregionar.

- Utgreiingar og andre tenestekjøp.

Søknader om tilskot til tiltak som inngår som ein del av arbeidet med regionale vassforvaltningsplanar med tilhøyrande tiltaksprogram, og prosjekt som har overføringsverdi til andre vassområde, vil bli prioriterte.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Mottakar av søknaden er Miljødirektoratet.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar om det er nødvendig for å handsame søknaden

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2016.

Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.

Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt (Kap. 1420 post 72)

Mål for ordninga og målgruppe

Ordninga skal sikre full erstatning for dokumenterte og sannsynleggjorte rovviltskader på husdyr og tamrein slik dette er nedfelt i naturmangfaldlova. Erstatningar blir utbetalte i samsvar med ”Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt”, fastsatt 2. juli 1999 og ”Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når tamrein blir drept eller skadet av rovvilt, fastsett 4. mai 2001. Målgruppa er eigarar av husdyr og tamrein.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Søknad om erstatning skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden adresserast til Fylkesmannen i det fylke der søkjaren har bustad.  

Rett utfylling i Miljødirektoratet sitt søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.

Søknadsfrist

Søknadsfrist for tamrein er 1. april 2016, og søknadsfrist for husdyr er 1. november 2016.

Tilskot til rovvilttiltak (Kap. 1420 post 73)

Mål for ordninga

Tilskotsordninga skal medverke til å førebyggje skadar frå rovvilt i husdyrhald og tamreindrift gjennom finansiering av førebyggjande tiltak. Vidare skal midlane nyttast til godtgjering ved forsøk på skadefelling av rovvilt, og medverke til å dempe konfliktar og auke verdiskapinga knytt til førekomst av rovdyr i lokalsamfunn. I tillegg skal midlene dekke omstillingstiltak i område med mykje rovviltskadar.

Del 1. Førebyggjande tiltak 

Målgruppe

Primær målgruppe er husdyreigarar og reineigarar, kommunar og lokale organisasjonar.

Kva for tiltak kan få tilskot

Ein føresetnad for å gi tilskot til husdyr- og tamreineigarar er at tiltaka med stort sannsyn kan ventast å ha ein direkte tapsreduserande verknad. Dette inneber at tiltak som til dømes omfattar utvida tilsynsaktivitet aleine ikkje kan få tilskot. Tiltak som omfattar fellesløysingar med fleire besetningar, heile beitelag, sankelag m.v. vil bli prioriterte for tilskot framfor tiltak i den einskilde besetning. For annan informasjon om kva slag tiltak som kan få tilskot visast til Miljødirektoratet sitt søknadssystem på internett.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader som omfattar den einskilde region adresserast til Fylkesmannen i det fylke der søkjaren har bustad. Søknader av nasjonal karakter skal adresserast til Miljødirektoratet. 

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2016.

Fylkesmannen handsamar søknaden innafor ei budsjettramme og føringar fastsett av den regionale rovviltnemnda.

Del 2. Konfliktdempande tiltak

Målgruppe

Målgruppe er husdyreigara, reineigarar og kommunar. Lokale, regionale og landsomfattande organisasjonar og forskingsinstitusjonar kan også søke om tilskot.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak i kommunar skal gjere lokalsamfunn som råkast av rovvilt, særleg bjørn og ulv, betre i stand til å handtere konfliktar som disse artene kan skape. Tiltaka skal medverke til auka kunnskap om og forståing for rovvilt og rovviltforvaltning. Tiltak retta mot barn og unge blir prioriterte. Evaluering av verknader av tiltak som er sett i gang kan også få tilskot.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader som omfattar den einskilde region adresserast til Fylkesmannen i det fylke der søkjaren har bustad. Søknader av nasjonal karakter skal adresserast til Miljødirektoratet.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2016.

Fylkesmannen handsamar søknaden innafor ei budsjettramme og føringar fastsett av den regionale rovviltnemnda.

Del 3. Omstillingstiltak

Målgruppe

Målgruppa er dyreeigarar med utmarksbasert sauehald i i særleg utsette rovviltområde med mykje rovviltskadar.

Kva for tiltak kan få tilskot

Det gis tilskot til saueeigarar for omstilling til anna næringsretta landbruksverksemd med det formål å  redusera tap av sau og risiko for dyreliding.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Søknad om omstilling skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. februar. Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.

Tilskot til verdiskaping basert på naturarv (kap. 1420 post 81)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til at verneområda og andre verdifulle naturområde blir ein del av ei brei verdiskaping som har langsiktig positiv effekt på natur, lokalsamfunn og næringsutvikling. Målgruppe for ordninga er kommunar, regionråd, frivillige organisasjonar, verksemder, grunneigarar, naturinformasjonssenter, tilsynsutval og verneområdestyre.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

- Attraksjonar og tiltak for kanalisering av ferdsle, til dømes innfallsportar, korte stiar og utsiktspunkt.

- Ulike typar av informasjon og tiltak for utvikling av besøksforvaltning og av nasjonalparkar som merkevare.

- Naturfagleg kompetanseheving i reiselivsverksemder.

- Tiltak for å betre samarbeidet  mellom naturforvaltning, næring og lokalsamfunn.

- Leiing av prosjekt som faller inn under dette, og som får tilskot.

Tilskot blir tildelt søkarar som sjølve medverkar med minst 50 prosent eigeninnsats (økonomisk eller arbeidsinnsats). Tiltak som får tilskot skal vere opne for allmenta.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader adresserast til Fylkesmannen i det fylket der tiltaket skal gjennomførast.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Prosjekt som får tilskot må stille med 50 pst. lokal innsats eller finansiering.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2016.

Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.

Tilskot til truga arter og naturtypar (Kap. 1420 post 82) med følgjande underpostar:

 

Tilskot til truga arter (kap. 1420 post 82, underpost 1)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på prioriterte arter etter naturmangfaldlova, §§ 23 og 24, og truga arter, jf. definisjonen av truga arter i Norsk rødliste for arter. Målgruppe for ordninga er grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar. For midlane øyremerka hubro er målgruppa i første rekkje eigarar av straumnett.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

- Skjøtsel og vedlikehald.

- Tiltak som forbetrar biotopar.

- Konkrete tiltak for einskildarter, som til dømes flytting av individ, reintroduksjon og innsamling av frø.

- Tilpassa bruk på areal som inngår i drifta på landbruksføretak

- Gjerding.

- Kartlegging og overvaking knytt til tiltak.

Det kan også bli gitt tilskot til tiltak for å hindre at hubro døyr som følgje av at dei bruker straumstolpar som sitteplass. Det er primært eigarar av strømnett som kan få slike tilskot.

I tillegg til tiltak i felt, kan det bli gitt tilskot til nødvendig utstyr og informasjon om artene.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Fylkesmannen i det fylket søknaden gjeld.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Søknaden skal beskrive korleis tiltaka skal gjennomførast.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 15. januar 2016.

Tilskot til truga naturtypar (kap. 1420 post 82, underpost 2)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova kap. V, og truga naturtypar, jf. definisjonen av truga naturtypar i Norsk røddliste for naturtyper. Målgruppe for ordninga er grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar. 

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

- Skjøtsel og vedlikehald.

- Tilpassa bruk på areal som inngår i drifta av landbruksføretak.

- Gjerding.

- Kartlegging og overvaking knytt til tiltak.

I tillegg til tiltak i felt, kan det bli gitt tilskot til å utarbeide skjøtsels- eller tiltaksplan, nødvendig utstyr til tiltak og til informasjon om naturtypane.

For 2016 vil tiltak i utvalde naturtypar, naturtypar der høyring om status som utvald naturtype er gjennomført og truga naturtypar der kunnskapsgrunnlaget er godt, bli prioriterte.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Fylkesmannen i fylket der tiltaket skal gjennomførast.

Rett utfylling i søknadssenteret fyller kravet til innhald i søknaden. Søknaden skal gjere greie for korleis tiltaka skal gjennomførast.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2016.

Tilskot til naturinformasjonssenter (Kap. 1420 post 85)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til drift, utvikling og etablering av naturinformasjonssenter.  Målgruppa er autoriserte besøkssenter og andre som arbeider med naturinformasjon, sjå presisering under ”Kva for tiltak som kan få tilskot”.

Kva for tiltak kan få tilskot

Autoriserte naturinformasjonssenter kan søke om eit årleg grunntilskot til administrasjon, planlegging og gjennomføring av informasjonstiltak og naturrettleiing. Grunntilskotet i 2016 er på 912 320 kroner, jf. Klima- og miljødepartementets budsjettproposisjon. 

Autoriserte sentre som har potensial for å nå mange menneske, og som har samarbeid med reiselivet, kan søke om tilskot for å etablere nytt eller utvida tilbod for publikum. Autoriserte sentre kan også søke kompetansetilskot til oppgåver som nøytrale kunnskapsformidlarar og kompetansesenter, og til utstillings- og informasjonstiltak. Andre som arbeider med naturinformasjon (for eksempel museum og stiftingar) kan søke om tilskot til mindre utstillingar og informasjonstiltak.

Forvaltningsknutepunkt for nasjonalparkar og andre store verneområde kan også søke om tilskot til etablering, samt enkle informasjonstiltak.   

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal sendast til Miljødirektoratet.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2016.

Tilskot til fiskeformål (Kap. 1425 post 70)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til å sikre og utvikle bestandar av ville anadrome laksefisk, og leggje til rette for fiske etter anadrome laksefisk. Målgruppe for ordninga er frivillige organisasjonar, forskingsinstitusjonar, kommunar og interkommunale organ.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

- Informasjon om og forvaltning av villaks, sjøaure og sjørøye.

- Anvend forsking og overvaking.

- Tiltak for å betre tilgangen til og moglegheita til fiske for allmenta.

- Tiltak retta mot rekruttering eller stimulering til fiske.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader om tilskot til tiltak av lokal karakter skal adresserast til Fylkesmannen i det fylket søknaden gjeld. Nasjonale tiltak skal adresserast til Miljødirektoratet.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Søknaden skal dokumentere at tiltak som inneber fysiske inngrep i naturen ikkje er i strid  med godkjend kommunal plan eller kommunalt vedtak.

Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt spesifiserast. Søknader om tilskot til tekniske fiskeforsterkingstiltak skal innehalde opplysningar om området der tiltak er lokalisert, mellom anna geografisk namn, vassdrag og arealkategori i kommuneplan eller reguleringsplan. Søknader om tilskot til fiskekultiveringstiltak og tekniske fiskeforsterkingstiltak må ha lagt ved løyve frå grunneigar, fråsegn frå kommunen og løyve frå Noregs vassdrags- og energidirektorat eller Fylkesmannen. Miljødirektoratet og Fylkesmannen kan krevje at søknaden er basert på ein ferdig driftsplan eller stille som vilkår at driftsplan blir utarbeida. Miljødirektoratet og Fylkesmannen kan be om utfyllande opplysningar om det er nødvendig for å handsame søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2016.

Tilskot til viltformål (Kap. 1425 post 71)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til eit haustingsverdig overskot av viltet. Målgruppe for ordninga er frivillige organisasjonar, institusjonar, kommunar og einskildpersonar.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

- Tilrettelegging for og rekruttering til jakt.

- Informasjon om jakt og  jaktmoglegheiter.

- Kartlegging av viltressursane og viltet sine leveområde og viltinteresser i kommunar og regionar.

- Innarbeiding av viltet sine leveområde og viltinteressar i kommunale planar etter plan- og bygningslova.

- Oppretting og drift av lokale samarbeidsråd.

- Deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid.

Søknader om tilskot til tiltak som inngår som del av ein plan vil bli prioriterte.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader om haustbare viltarter, unnateke villrein, grågås og kortnebbgås, skal adresserast til fylkeskommunen i det fylket der tiltaket skal gjennomførast. Søknader om ikkje haustbare viltarter og villrein, grågås og kortnebbgås skal adresserast til Fylkesmannen i det fylket der tiltaket skal gjennomførast. Søknader frå sentralorgan i landsdekkande organisasjonar skal adresserast til Miljødirektoratet.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Om søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart av desse spesifiserast.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2016.

 

Tilskot til friluftsliv

Tilskot til friluftslivsføremål (Kap. 1420 post 78) med følgjande ordningar:

 

Friluftslivsaktivitet

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga. Målgruppe for ordninga er frivillige organisasjonar som er registrert i Enhetsregisteret og interkommunale friluftsråd som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv.

Kva for tiltak kan få tilskot

Det blir primært gitt tilskot til friluftstiltak som stimulerer til direkte friluftsaktivitet, som til dømes organiserte turar, friluftsleirar, praktiske kurs og anna opplæring i friluftslivsaktivitetar. Deler av tilskotet kan nyttast til innkjøp av enkelt utstyr og materiell som medverkar til å fremje friluftslivsaktivitetane. Følgjande blir prioritert:

- Aktivitetar som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege for ulike brukargrupper.

- Tiltak som blir gjennomført i nærmiljøet, med særleg vekt på byar og tettstader.

- Tiltak som medverkar til auka deltaking over tid.

- Tiltak retta mot personar som er lite fysisk aktive.

- Tiltak retta mot barn, unge og barnefamiliar.

- Tiltak retta mot personar med nedsett funksjonsevne.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader frå frivillige organisasjonar på kommune- og fylkesnivå skal adresserast til fylkeskommunen i det fylket søknaden gjeld. Om eit tiltak planleggjast gjennomført i fleire fylker, skal søknad adresserast til kvar av dei aktuelle fylkeskommunane med opplysningar om planlagt aktivitet og behov for midlar i det aktuelle fylket. Om tiltaket har personar frå heile landet som målgruppe, eller det er vanskeleg å knytte tiltaket til eit eller eit fåtal fylke, skal søknaden adresserast til Miljødirektoratet.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.

Søknader frå sentralleddet i medlemsorganisasjonane i Norsk Friluftsliv skal også sende sine søknader gjennom elektronisk søknadssenter, og desse søknadene adresserast til Norsk Friluftsliv.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2016 for søknader som skal til Miljødirektoratet og for søknader som skal til Norsk Friluftsliv.

For lokale og regionale søknader som skal til fylkeskommunane er søknadsfristen 1. februar 2016.

Friluftsaktivitet for personar med innvandrarbakgrunn

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for personar med innvandrarbakgrunn. Målgruppa for ordninga er Friluftsrådenes Landsforbund, Oslofjordens Friluftsråd og sentralleddet i frivillige organisasjonar som er registrert i Enhetsregisteret og som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv for personar med innvandrarbakgrunn, og som har etablert lokallag og aktivitet i minimum to fylker. 

Kva for tiltak kan få tilskot

Det blir primært gitt støtte til friluftslivstiltak som stimulerer direkte til friluftsaktivitet, som til dømes organiserte turar, friluftsleirar, praktiske kurs og annan opplæring i friluftslivsaktivitetar. Deler av tilskotet kan nyttast til innkjøp av enkelt utstyr og materiell som medverkar til å fremje friluftslivsaktivitetar. Av personar med innvandrarbakgrunn blir barn, unge og barnefamiliar prioriterte.

Følgjande blir prioritert:

- Tiltak som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege.

- Tiltak som fører til auka integrering av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles.

- Tiltak som blir gjennomførte i nærmiljøet med særleg vekt på byar og tettstader.

- Tiltak som medverkar til auka deltaking over tid

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2016.

Tiltak i statleg sikra friluftslivsområde

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til å fremme friluftsaktivitet i statleg sikra friluftslivsområde og område verna som friluftslivsområde etter markalova. Gjennom naturvennleg tilrettelegging og skjøtsel skal områda gjerast lett tilgjengelege og attraktive for allmenta sitt friluftsliv. Kommunar og interkommunale friluftsråd kan søke om tilskot.  Forvaltningsansvarleg kan søke om tilskot til friluftslivsområde verna etter markalova.

Kva for tiltak kan få tilskot

Midlane skal nyttast til opparbeiding av området, tilrettelegging og skjøtsel i statleg sikra friluftsområde. Tilrettelegginga har følgjande hovudmål:

- Minske dei fysiske hindringane for friluftsliv og leggje til rette for auka friluftsaktivitet.

- Ivareta kvalitetar knytt til opplevingar i området, og leggje til rette for gode naturopplevingar.

- Hindre at friluftsliv fører til unødige naturinngrep, slitasje og forstyrring på plante- og dyrelivet og øydelegging av kulturminne og kulturmiljø.

Aktuelle tiltak er til dømes informasjonstavler, opparbeiding av atkomstveg og parkeringsplass, turveg eller tursti, fiskeplassar, tiltak for tilgjengelegheit for personar med nedsatt funksjonsevne, badeplass, brygge, toalett, søppelstativ, formidling av kulturminner, tilplanting og skjøtsel.

Tilskuddsordninga prioriterer friluftsområde som:

- Ligg i og ved byar og tettstader.

- Blir eller har potensial for å bli mye brukt.

- Ligg i område med lite tilgjengeleg strandsone og stort press på areala.

- Ligg nær innlandsvassdrag.

For å få tilskot må tiltaket inngå i ein gjeldande og godkjent forvaltningsplan knytt til tilrettelegging av statleg sikra friluftslivsområde. Forvaltningsplanen skal vere utarbeida etter Miljødirektoratets «Mal for forvaltningsplan for statlig sikret friluftslivsområde». Unnatak frå kravet om bruk av mal gjerast der kommune eller friluftsråd på eige initiativ har utarbeida forvaltningsplan. Det er da ein føresetnad at planen inneheld dei opplysningane som ein ber om  i malen. Fylkesmannen godkjenner forvaltningsplanen. Fylkeskommunen kan stille vilkår for gjennomføring av tiltaket. 

For område verna som friluftslivsområde etter markalova er det eit vilkår at tiltaka er i tråd med verneforskrift og eventuell forvaltningsplan for området.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast gjennom Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til fylkeskommunen i det fylke søknaden gjeld. Søknader om tilskot til friluftslivsområde verna etter markalova skal adresserast til Miljødirektoratet.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 1. februar 2016. Alle søkarar skal få svar innan 1. april 2016.

Skjergardstenesta

Mål for ordninga og målgruppe

Midlane skal nyttast til drift  og investeringar  til Skjergardstenesta, og gjeld berre for dei faste einingane i Skjergardstenesta langs kysten frå Halden til og med Bergen.

Driftsområdestyre (i Oslofjorden til og med Telemark), kommunar med eiga driftseining i Skjergardstenesta (kystkommunar i Aust- og Vest-Agder) og dei 4 interkommunale friluftsråda i Vestkystparken (driftseiningar i Skjergardstenesta) kan søke om midlar.

Kva for tiltak kan få tilskot

Midlane skal gå til å dekke utgiftene til praktisk drift og forvaltning av skjergardsparkar og andre offentleg sikra friluftslivsområde langs kysten, knytt til drifta av Skjergardstenesta i Oslofjorden, og i Skjergardsparkane på Sørlandet og i Vestkystparken. Midlane skal også dekke den statlege delen av investeringskostnader knytt til kjøp av nye arbeidsbåtar, jf prioritering i den vedtekne investeringsplanen. Nokre midlar vert også nytta til statleg dekning av store reparasjonskostnadar på båt etter særskilt avtale med Miljødirektoratet.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om driftsmidlar skal adresserast til Fylkesmannen i det fylke søknaden gjeld. For Vestkystparken skal søknad adresserast til Fylkesmannen i Rogaland som har sekretariatet for Vestkystparken i 2016.

Søknad om driftsmidlar skal innehalde rekneskap og rapport for siste år, og driftsplan og budsjett for kommande år.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 1. februar 2016 for søknad om driftstilskot. Alle søkjarar skal få svar innan 15. april 2016. Miljødirektoratet kan sette vilkår for bruk av dei statlege driftsmidlane.

Det er ikkje ein eigen søknadsfrist for søknader om investeringsmidlar til nye båtar. Denne tildelinga følgjer ein felles vedteke investeringsplan, og den einskilde driftseining mottek melding frå Miljødirektoratet etter kvart som det vert aktuelt å starte opp å planlegge innkjøpet. Innkjøpet skjer i samarbeid mellom lokal driftseining og Miljødirektoratet, og følgjer fastsett prosedyre. Miljødirektoratet kan sette som vilkår at staten får ein eigardel i den nye båten.

Søknader om statlege midlar til delfinansiering av store båtreparasjonar har heller ingen eigen søknadsfrist. Tiltaket skal om mogleg drøftast og avtalast med Miljødirektoratet før arbeidet tek til. Søknad sendast til Miljødirektoratet med kostnadsoverslag eller kopi av utgiftar som vedlegg. Tildeling skjer i samsvar med eigen fastsett nøkkel for kostnadsdeling.

Statlege tileigningar, bandlegging av friluftslivsområde (Kap. 1420 post 30)

For å sikre område til friluftsliv skaffar det offentlege til veie areal ved erverv av eigedomsrett eller ved avtale om varig bruksrett (servituttavtale). Det viktigaste føremålet med statlege midlar til sikring av friluftslivområde, er at friluftslivet skal styrkast som ein helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg fritidsaktivitet. Sikring av område for friluftsliv i nærområde er eit viktig verkemiddel for å nå grupper som er lite aktive. Ordninga er ikkje ein tilskotspost, men inngår i rundskrivet slik at kommunar og friluftsråd blir gjort kjend med den.

Det er berre kommunar og interkommunale friluftsråd som kan søke på ordninga, men lokale lag og organisasjonar kan ta initiativ overfor kommunar og friluftsråd om å fremje sikringssøknad.

Statlege midlar vil særleg bli prioriterte ved sikring av areal i nærleiken av bustadområde som kan nåast utan bruk av bil eller båt. Område som kan brukast av store folkegrupper, som til dømes allment tilgjengeleg grønstruktur i og ved byar og tettstader, og  landfaste område i kystsona og sentrale område ved innlandsvassdrag har også høg prioritet.

Søknader som er handsama og prioriterte i ein kommunal prosess etter plan- og bygningslova vil bli prioriterte. Dette aukar sjansane for at ulike interesser er ivaretekne, at sikring av friluftslivsområde skjer som ledd i ein plan for utvikling av friluftslivtilbodet i kommunen og at ein regional eller nasjonal samanheng er vurdert. For friluftsområde av nasjonal og regional verdi kan staten medverke med inntil 100% av kostnadane. For område av viktig lokal verdi kan staten medverke med inntil 50% av kostnadane. Ordninga kan normalt ikkje nyttast til å kjøpe bygningar. Unntak frå dette er bygningar som anten skal rivast eller som kan nyttast i friluftslivsamanheng i området.

Ordninga rettar seg særleg mot areal som blir eller vil bli intensivt nytta, og som bør leggjast til rette for friluftslivsføremål. Sikring av område for friluftsliv skal ikkje vere ein erstatning for ivaretaking av friluftsliv gjennom kommunale arealplanar, men vere eit supplement til slike planar.

Søknad skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter

Søknaden skal adresserast til fylkeskommunen i det fylket søknaden gjeld. Fylkeskommunen sender søknadene vidare til Miljødirektoratet med ei tilråding.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.

Søknadsfristen er 15. januar 2016. Frist for fylkeskommunen til å sende søknadene vidare til Miljødirektoratet med ei tilråding er 1. april 2016. Miljødirektoratet handsamar søknadene, og skal gi melding til søkar om utfallet innan 1. juli 2016. Statlege midlar til føremålet vert tildelt over statleg investeringspost, og det er ingen klagerett på tildelingar.

 

Tilskotsordningar på forureiningsområde

Tilskot til opprydding i  marin forsøpling (Kap. 1420 post 71)

Mål for ordninga og målgruppe 

Tilskotsordninga skal medverke til å redusere marin forsøpling gjennom å dekkje utgifter knytte til opprydding av marint søppel og til førebyggjande arbeid. Hovudfokus er på strandsona, inkludert fjerning av herrelause, kasserte fritidsbåtar. Prinsippet om at forureinar betalar gjeld også for marin forsøpling, så opprydding der det finst ein ansvarleg for avfallet er ikkje omfatta av ordninga. Målgruppa for tilskotsordninga er frivillige organisasjonar og statlige, kommunale og fylkeskommunale føretak eller verksemder  som er organisert som sjølvstendige rettssubjekt, som ideelle stiftingar, interkommunale avfallsselskap og friluftsråd.

Kva for tiltak kan få tilskot 

Tilskot kan bli gitt til transport og innlevering av marint avfall til godkjend mottak etter opprydding, inkludert opprydding av kasserte fritidsbåtar, og til koordinering av større oppryddingsprosjekt. Vidare kan det søkast om midlar til førebygging av marin forsøpling i Noreg gjennom til dømes nasjonale informasjonskampanjar og undervisningsmateriale.

Kor skal søknaden sendast

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Mottakar av søknaden er Miljødirektoratet.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Frist for å søke om midlar blir kvart år annonsert på Miljødirektoratet si heimeside.

Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.

Utbetaling av pant for bilvrak (Kap. 1420 post 75)

Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall, kapittel 4 om kasserte kjøretøy, del IV omhandlar utfylling av vrakmelding og utbetaling av vrakpant.

Mål for ordninga og målgruppe

Målet for ordninga er å få bileigarane til å levere kasserte kjøretøy (bilar under 3 500 kg) til godkjend oppsamlingsplass slik at bilvraka blir handsama på ein forsvarleg måte og kan gjenvinnast. Målgruppa er alle bileigarar.

Kva for tiltak kan få tilskot

Det blir utbetalt pant på 3000 kroner for innlevering av bilvrak og beltemotorsyklar til godkjend oppsamlingsplass.

Vrakpanten blir utbetalt av Tollregion Midt-Noreg mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjend oppsamlingsplass for handsaming.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Utbetaling av vrakpant skjer fortløpande.

Krav til innhald i søknaden

Rett til utbetaling følgjer av Stortinget si løyving. Meldingar om mottekne vrak er grunnlag for utbetaling.

Refusjonsordningar (Kap. 1420 post 76) med følgjande ordningar:

Refusjon av smøreoljeavgifta

Mål for ordninga og målgruppe

Målet for ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til miljøgodkjent handsaming. Refusjon/tilskot skal medverke til å redusere prisen den som har avfall må betale for handtering av spillolje. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg som har førehandstilsegn om tilskot frå Miljødirektoratet.

Kva for tiltak kan få tilskot

Det blir utbetalt refusjon pr. liter spillolje som fyller krava for refusjon, og blir levert til godkjend handsaming. Det blir utbetalt refusjon for mange typar av brukt smøreolje, transformatoroljer o.l. med unnatak for spillolje som kjem frå større skip i internasjonal sjøfart.

Oppfølging og kontroll

Oppfølginga blir ivareteke gjennom statistikk over årleg innsamla spillolje. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg for farleg avfall med førehandstilsegn frå Miljødirektoratet. I tilsegna er det fastsett vilkår som refusjonsmottakar er forplikta til å følgje. Utbetalingsoppmodinga blir kontrollert i høve til vilkåra.

Refusjon av avgift på  trikloreten (TRI)

Refusjonsordning vert oppheva med verknad frå 31. desember 2015. 

Refusjon av avgift  på hydrofluorkarbonar (HFK) og perfluorkarbonar (PFK)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med ordninga er å redusere utslepp til miljøet av hydrofluorkarbonar (HFK) og perfluorkarbonar (PFK). Målgruppa er aktørar som har HFK- og PFK-haldig avfall.

Kva for tiltak kan få tilskot

Det blir utbetalt refusjon for den mengd HFK og PFK som er levert til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere lik dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved tidspunktet for innlevering, jf. Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter § 3-18-2. Avgifta er i 2016 på 354 kroner pr tonn CO2 – ekvivalentar.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Refusjonskrav kan fremjast av den som har levert gass til forsvarleg destruksjon ved søknad til Miljødirektoratet.

Det må leggjast ved analyseprøver til søknaden som viser kva slag mengd og typar av HFK og PFK som er levert til destruksjon. Søknaden skal òg innehalde dokumentasjon som viser at den mengda HFK og PFK det blir søkt om refusjon for, er levert til godkjent mottak for destruksjon. Retten til refusjon fell bort om avfallet ikkje blir oppbevart ved destruksjonsanlegget i minst to veker etter at søknad om refusjon er sendt inn. Retten til refusjon fell òg bort om avfallet i løpet av denne perioden ikkje er merka med kven som har levert avfallet, eller om avfallet ikkje er påført ein referanse til eit analyseprov.

Miljødirektoratet kan fastsetje nærare reglar for utbetaling av refusjon i dei tilfella der HFK- og PFK-haldig avfall blir eksportert.

Oppryddingstiltak (Kap. 1420 post 69)

Mål for ordninga og målgruppe

Ordninga skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunane har til å undersøke og  gjennomføre oppryddingstiltak på land og i botn i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøfarlege stoff. Målgruppa er kommunar, og midlane skal nyttast til delfinansiering av oppryddingstiltak i kommunal regi, òg der fleire aktørar er med på å finansiere tiltaket. Kommunen må normalt sjølv medverke med midlar.

Kva for tiltak kan få tilskot

Omtala av kap. 1420 post 39 side 90-91 i Prop. 1 S (2015-2016) for Klima- og miljødepartementet, inneheld føringar som også gjeld for kap. 1420 post 69. Jf. også omtale i Forskrift om tilskudd til oppryddingstiltak i forurenset grunn og forurenset botn i sjø og ferskvan, av 16/6/2015 nr. 808.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknader skal sendast til Miljødirektoratet. Søknader blir handsama løpande av Miljødirektoratet, men Miljødirektoratet kan sette fristar for søknadshandsaming inn mot dei enkelte års budsjett – jf. informasjon på Miljødirektoratets heimeside om forureina grunn og forureina sjøbunn. Her finn ein også informasjon om krav til innhaldet i søknaden.

Der tiltak er samansette og komplekse, kan det vere ein fordel at det er dialog med Miljødirektoratet før ein søknad blir laga. Ein tilrår av den grunn kontakt med Miljødirektoratet for å klarleggje krava til den einskilde søknad på førehand.

Oppryddingstiltak (Kap. 1420 post 79)

Mål for ordninga og målgruppe

Ordninga skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunale og interkommunale selskap og verksemder, private verksemder og privatpersonar har til å undersøkje og til å gjennomføre oppryddingstiltak i grunn på land og botn i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøfarlege stoff. Målgruppa er slike verksemder og privatpersoner, og midlane skal nyttast til delfinansiering av tiltaka.

Kva for tiltak kan få tilskot

Omtala av kap. 1420 post 39 side 90-91 i Prop. 1 S (2015-2016) for Klima- og miljødepartementet, inneheld føringar og kriteriar som også gjeld for kap. 1420 post 79 (side 105). Jf. også omtale i Forskrift om tilskudd til oppryddingstiltak i forurenset grunn og forurenset botn i sjø og ferskvan, av 26/6/2015 nr. 808.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknader skal sendast til Miljødirektoratet. Søknader blir handsama løpande av Miljødirektoratet, men Miljødirektoratet kan sette frister for søknadshandsaming inn mot dei enkelte års budsjett – jf. informasjon på Miljødirektoratets heimeside om forureina grunn og forureina sjøbunn. Her finn ein også informasjon om kravet til innhald i søknaden.

Der tiltak er samansette og komplekse kan det vere ein fordel at det er dialog med Miljødirektoratet før ein søknad blir laga. Ein tilrår av den grunn kontakt med Miljødirektoratet for å klarleggje krav til innhald i den einskilde søknad på førehand.

 

Tilskot til kulturminnetiltak

Tilskot til kulturminnetiltak (Kap. 1429 post 50, 70, 71, 72, 73,74, 75 og 79)

Generell omtale

Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvaltninga, og gir råd og rettleiing i faglege spørsmål til Klima- og miljødepartementet. Riksantikvaren forvaltar tilskotsmidlane over postane 70, 71, 72, 73, 74, 75 og 79. Sametinget forvaltar tilskotsmidlane over post 50.

Hovudføremålet for kulturminneforvaltninga er å hindre tap av kulturminne og kulturmiljø, og ta vare på kulturminne som bruksressursar og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Tilskotsmidlane må ein sjå i denne samanheng. Eigar vil som hovudregel ha ansvaret for gjennomføring av eit tiltak, men i einskilde høve kan det vere føremålstenleg at Riksantikvaren, fylkeskommunen/Sametinget eller kommunane er ansvarlege i samarbeid med eigar. Der det er mogleg bør tilskotsmidlane kombinerast med ordningar for opplæring som kan heve kunnskapsnivået innan antikvarisk istandsetjing. Det blir lagt vekt på utvikling av handverkskompetanse og bruk av tradisjonelle handverksteknikkar og materiale.

Kor skal søknaden sendast

Som hovudregel skal søknaden sendast fylkeskommunen som vurderer og prioriterer før dei sender søknaden til Riksantikvaren for slutthandsaming. Ta kontakt med fylkeskommunen om det er behov for meir informasjon. Søknad om tilskot til samisk arbeid med kulturminnevern skal sendast til Sametinget.

Søknadsskjema kan ein få ved å vende seg til dei respektive fylkeskommunane. I fylke der det ikkje finst eige søknadsskjema, skal søknaden følgje Krav til innhald i søknaden i dette rundskrivet. Det same gjeld for søknadar som skal sendast direkte til Riksantikvaren.

Søknadsfrist

Søknadsfristen til Riksantikvaren er 15. januar 2016. Søknadar som først skal handsamast av fylkeskommunane må sendast fylkeskommunen i god tid føre dette. Fylkeskommunane kan ha ulike tidsfristar. Desse vert kunngjorde i dagspressa.

Krav til innhald i søknaden

I. Krav til identifikasjon av søkjar:

- Namn, adresse, eventuelt kontaktperson.

- Telefonnummer.

- Bankkontonummer, og eventuelt organisasjonsnummer i Brønnøysundregisteret.

 

II. Krav til fagleg omtale av prosjektet/tiltaket som det blir søkt om pengar til:

- Namn eller adresse på objektet som ein søker tilskot til.

- Kva for tiltak som planleggjast.

- Framdriftsplan for prosjektet/tiltaket.

- Beløp som det vert søkt om.

- Korleis prosjektet/tiltaket er planlagt gjennomført (til dømes bruk av arkitekt, handverkarar, eigeninnsats).

- Referansar frå prosjektleiar og utførande handverkarar frå liknande oppdrag.

 

III. Krav til økonomisk omtale av prosjektet/tiltaket:

Utgifter spesifisert på:

- Løn inkl. feriepengar og arbeidsgjevaravgift.

- Forbruksmateriell.

- Reiser, transport, opphald.

- Konsulenthjelp.

- Andre utgifter (spesifisert).

 

Finansiering spesifisert på:

- Riksantikvaren eller fylkeskommunen (kap. 1429 postane 70, 71, 72, 73, 74, 75 og 79).

- Andre departement eller direktorat.

- Tilskot frå kommunen, eller tilskot frå fylkeskommunen som ikkje er statsmidlar.

- Anna finansiering (spesifisert).

 

Det må vere samsvar mellom budsjettering og summen det søkast om.

Kostnadsoverslag og tilbod frå utøvande handverkar, arkitekt m.v. skal følgje søknaden. Likeeins beskriving av tiltaket med teikningar og eventuelle fotografi. Vidare må søknaden innehalde ei utgreiing av om tiltaket eller delar av tiltaket kan gjennomførast ved mindre tilskot enn omsøkt. Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt bli spesifisert.

Dersom søkjaren er ein organisasjon/institusjon, må søknaden fremjast av leiinga for organisasjonen/institusjonen. Dersom ei verksemd er mottakar av tilskot til drift, må ho kunne leggje fram vedtekter, statuttar e.l. og organisasjonsplan eller oversikt over styringsstrukturen i verksemda.

For anna informasjon om tilskotsordningane visast det til omtala av desse i Prop. 1 S (2015-2016) for Klima- og miljødepartementet. Fylkeskommunen eller Riksantikvaren kan også gi meir informasjon.

Rapportering

Tilskotsmottakar må levere sluttrapport på utført arbeid, under dette ein økonomisk rapport. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrav blir gitt i dei enkelte tilskotsbrev.

Omtale av dei einskilde ordningane

 

Tilskot til samisk arbeid med kulturminnearbeid (Kap. 1429 post 50)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet for ordninga er å setje i stand og synleggjere samiske kulturminne og kulturmiljø. Målgruppa er private eigarar av samiske kulturminne og kulturmiljø.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskotsordninga skal ivareta dei overordna kulturminnefaglege omsyna i arbeidet med samiske kulturminne og kulturmiljø. Det blir gitt tilskot til større vedlikehalds- og restaureringsarbeid, men også til skjøtsel, sikring, standsetjing og formidling. Det er Sametinget som fastsett prioriteringane for ordninga.

Kor skal søknaden sendast

Søknad skal sendast til Sametinget, 9730 Karasjok. Tlf. 78 47 40 00. Sametinget svarer også på spørsmål om ordninga.

Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne (Kap. 1429 post 70)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å medverke til forvaltning og sikring av kunnskapen om automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne. Tilskotsordninga har fire målgrupper:

- Private tiltakshavarar.

- Private eigarar og forvaltarar av automatisk freda arkeologiske kulturminne.

- Forvaltingsinstitusjonar med ansvar for arkeologiske kulturminne etter gjeldande forskrift.

- Ordninga dekkjer òg finnarløn.

Tiltak som kan få tilskot                                                                                                          

- Arkeologiske registreringar og utgravingar jf. forpliktingar omtalt i §§ 8, 9 og 10 i kulturminnelova.

- Staten dekkjer som hovudregel utgiftene til registreringar og utgravingar av arkeologiske kulturminne i samband med mindre private tiltak, jf. kulturminnelova § 10.  

- Utgifter til registreringar og utgravingar av arkeologiske kulturminne, som nemnt i kulturminnelova §§ 8 og 9, bærast av tiltakshavar. Når særlige grunnar ligg føre kan Riksantikvaren fastsetje at utgiftene heilt eller delvis skal dekkjast av staten, jf. kulturminnelova § 10.

- Skjøtsel, restaurering og formidling og tiltak som gir auka tilgjenge eller som medverkar til å avgrense slitasjen på kulturminna. Tiltak der mellom anna lokalt engasjement og særlege opplevings- og formidlingsverdiar er knytte til kulturminna skal prioriterast. Tilskota er knytt opp mot bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne og bevaringsprogrammet for bergkunst. (Sjå punkt 2 under når det gjeld kor søknaden skal sendast og søknadsfrist)

- Delar av midlane i tilskotsordninga er øyremerkte forvaltningsinstitusjonar med ansvar for arkeologiske kulturminne etter gjeldande forskrift.

- Finnarløn som blir fastsett etter skjønn av Riksantikvaren i medhald av kulturminnelova § 13.

For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga.

Kor skal søknaden sendast

- Det skal ikkje sendast eigen søknad om tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre, private tiltak. Ved handsaming av “Søknad om løyve til inngrep i automatisk freda kulturminne” er det fylkeskommunen og Sametinget som vurderer om søknaden gjeld eit mindre, privat tiltak. Utgiftene til arkeologiske undersøkingar vert i så fall heilt eller delvis dekte av staten. Det same gjeld særlege grunnar.

- Søknaden skal sendast fylkeskommunen som handsamar søknadane og sender dei vidare til Riksantikvaren.

- Det skal ikkje sendast søknad for øyremerkte midlar.

- Søknad om finnarløn sendast til Riksantikvaren.

Søknadsfrist

- Det er ingen søknadsfrist. “Søknad om løyve til inngrep i automatisk freda kulturminne” kan leverast heile året.

- Søknadsfristen til Riksantikvaren er 15. januar 2016.

- For øyremerkte midlar er det ingen søknadsfrist.

- Når det gjeld finnarløn kan ein søke heile året.

Krav til innhald i søknaden

For punkt 2 over sjå under generell omtale over. For søknader om tilskot til skjøtsel stiller Riksantikvaren krav om skjøtselsplan. Riksantikvaren kan hjelpe til med utarbeide ein slik plan.

Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap (Kap. 1429 post 71)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga går i hovudsak til Bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige og Bevaringsprogrammet for ruinar Midlane under posten er relaterte til nasjonalt mål: "Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020".

Målet er at freda og andre særleg verdifulle kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap i privat eie skal vere sett i stand til ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020. Tilskotsordninga følgjer opp dei statlege pliktene i  kulturminnelova. Det vil seie å gi heilt eller delvis vederlag til private eigarar av freda kulturminne til fordyrande arbeid som følgjer av vilkår for dispensasjon, og til spesielt tyngande vedlikehaldsansvar, jf kulturminnelova.

Tilskotsordninga har tre målgrupper:

- Private eigarar og forvaltarar av freda bygningar, anlegg, kulturmiljø og landskap.

- Private eigarar og forvaltarar av freda eller spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø som er typiske for liv og verksemd langs kysten.

- Private eigarar og forvaltarar av dei ni freda kulturmiljøa, samt andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap.

Private eigarar og forvaltarar kan vere einskildpersonar, stiftingar, styret i foreining/organisasjon/sameige, kyrkjesokn, sokneråd, frivillige organisasjonar eller liknande.

Riksantikvaren kan sjølv initiere tiltak innanfor særlege satsingsområde. Det er også mogleg for fylkeskommunane på vegne av eigarar å søke om midlar til større oppgåver for kulturminne som har nasjonal verdi.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskot blir fordelt til private (heilt eller delvis) eigarar og forvaltarar av bygningar, anlegg, kulturmiljø og landskap som er vedtaksfreda, automatisk freda, mellombels freda eller der fredingssak er under behandling. Tilskot gis til heil eller delvis dekning av meirutgifter i samband med istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel i samband med fredingsføremålet.

Tilskot til viktige sikrings- og istandsettingstiltak blir tildelt etter følgjande prioriteringar: Tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring og tiltak som sikrar bygningar og anlegg det finst få av. I arbeidet med kystkulturen skal det leggjast til rette for at kulturminne og kulturlandskap kan medverke til å skape attraktive lokalsamfunn. Tilskot til verdifulle kulturmiljø og landskap skal primært tildelast tiltak som er forankra i forvaltnings- og skjøtselsplanar.

Tilskotsmidlar til skjøtsel av utvalte kulturmiljø som er freda etter kulturminnelova, og andre særleg viktige kulturmiljø skal primært nyttast til praktiske forvaltningstiltak for å setje i stand, skjøtte og sikre kulturlandskap. Tiltaka bør medverke til å utvikle prinsipp og modellar for god forvaltning. Ein vil prioritere prosjekt som gir verknad med omsyn til utvikling, samordning eller samspel og prosjekt som har overføringsverdi. Dei freda kulturmiljøa vil bli prioriterte ved tildeling av tilskot. Tilskotsmidlane blir fordelte etter søknad frå private eigarar og forvaltarar av desse områda.

Bruk av tradisjonelle materialar, teknikkar og handverk og opplæring og kunnskapsoppbygging er også viktige grunnar for tildeling av tilskot.

For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren innanfor disponible budsjettmidlar utføre ei samla fagleg vurdering av tiltaka i forhold til målet for tilskotsordninga, under dette også verknader lokalt og regionalt. Riksantikvaren kan også sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt.

Kor skal søknaden sendast

Søknaden skal sendast til fylkeskommunen.

Søknadsfrist

Sjå under generell omtale over.

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne (Kap. 1429 post 72)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga er knytt opp til Bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne. Målet er at dei 10 opphavlege anlegga i bevaringsprogrammet for teknisk og industrielle kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan utgangen av 2015, mens dei fem anlegga som nyleg er inkluderte i programmet skal vere satt i stand i løpet av tre til fem år. 

Målgruppa er i hovudsak private eigarar og forvaltarar av dei utvalde anlegga. Det kan også bli løyvd midlar til andre anlegg som representerer og dokumenterer norsk teknisk og industriell historie.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskotsmidlane blir fordelt til private eigarar og forvaltarar av dei utvalde anlegga. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Tilskot gis til sikring, vedlikehald og istandsetjing. Tiltak som stansar eller hindrar ytterlegare forfall og tiltak for å fullføre pågåande arbeid med å setja i stand dei utvalde anlegga, skal prioriterast. Det vil bli lagt vekt på at denne typen kulturminne skal kunne gi grunnlag for verdiskaping gjennom ny bruk.

Kor skal søknaden sendast

Søknaden skal sendast Riksantikvaren.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 15. januar 2016.

Krav til innhald i søknaden

Sjå under generell omtale over.

Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring  (Kap. 1429 post 73)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga er knytt til Bevaringsprogrammet for stavkyrkjene, Bevaringsprogrammet for ruinar, Bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige og Bevaringsprogrammet for brannsikring av tette trehusmiljø og stavkyrkjer.

Dei 28 stavkyrkjene blei ferdigstilt i 2015 slik at dei no har oppnådd eit ordinært vedlikehaldsnivå. Prioriterte ruinar og profane bygningar frå mellomalderen skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020. Branntilløp og brann i stavkyrkjer, og brann mellom hus i tette trehusmiljø, skal unngåast.

Målgruppa er private eigarar og forvaltarar av automatisk freda bygningar og anlegg frå mellomalderen, og av utvalde tette trehusmiljø. Private eigarar og forvaltarar kan vere einskildpersonar, stiftingar, styret i foreining/organisasjon/sameige, kyrkjesokn, sokneråd og frivillige organisasjonar eller liknande.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskot blir fordelt til private eigarar og forvaltarar av automatisk freda bygningar og anlegg frå mellomalderen, og utvalde tette trehusmiljø. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Tilskot gis til vern, sikring og beredskapsarbeid, under dette brannsikringstiltak, istandsetjing av stavkyrkjene og sikring og konservering av verdifull kyrkjekunst i disse kyrkjene. Det kan også ytast tilskot til sikrings- og restaureringstiltak på mellomalderbygningar og mellomalderruinar. Det blir lagt vekt på prosjekt som har overføringsverdi for brannsikring til andre verdifulle kulturminne og kulturmiljø. Det blir også lagt vekt på utvikling av handverkskompetanse og bruk av tradisjonelle handverksteknikkar og materialar.

Tiltak for istandsetting skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren. Riksantikvaren kan sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak på særleg viktige prosjekt.

Kor skal søknaden sendast

Midlane fordelast direkte frå Riksantikvaren til bygningar og anlegg frå middelalderen, inkludert stavkyrkjar. Andre søknadar sendast til fylkeskommunane som vidaresender søknaden til Riksantikvaren.

Søknadsfrist

Søknadsfrist til Riksantikvaren er 15. januar 2016.

For at fylkeskommunane skal rekkje å handsame søknaden før denne fristen, må søknader sendast fylkeskommunen i god tid føre dette. Fylkeskommunane kan ha ulike tidsfristar. Sjå under generell omtale over.

Krav til innhald i søknaden

Sjå under generell omtale over.

For ruinar stiller Riksantikvaren krav om at det skal lagast ein plan for skjøtselen. Riksantikvaren kan hjelpe til med å utarbeide ein slik plan.

Tilskot til Fartøyvern (Kap. 1429 post 74)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga er knytt opp til Bevaringsprogrammet for fartøy. Målet med ordninga er å sikre og setje i stand eit utval av freda fartøy og fartøy der det er inngått avtale med private eigarar om vern innan 2020. Målgruppe for ordninga er eigarar og forvaltarar av slike kulturminne.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskot blir fordelt til konkret istandsetjings- og vedlikehaldsarbeid på fartøy. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren innanfor disponible budsjettmidlar utføre ei samla fagleg vurdering av tiltaka i lys av den einskilde søknaden, og av behovet og venta miljøfaglege resultat som er synleggjort i søknaden. Riksantikvaren kan også sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt. Grunnstilskotet til Norsk Foreining for Fartøyvern som er på 1,995 mill. kroner blir utbetalt over denne posten etter søknad frå foreininga.

Tilskot vil bli tildelt etter følgjande prioriteringar: Viktige sikrings- og restaureringstiltak som har allmenn interesse, offentleg tilgang, økonomisk gjennomføringsvilje og -evne, potensial for lokalt engasjement, særlege opplevings- og formidlingsverdiar knytt til fartøyet. I tillegg skal tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall og fartøy som det finst få av prioriterast. Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren. For å sikre ei kostnadseffektiv gjennomføring av omfattande og kompliserte tiltak skal det i startfasen gjennomførast planlegging og prioritering av tiltaka. Fartøy som er freda ved vedtak etter kulturminnelova vil bli særskilt prioriterte.

Kor skal søknaden sendast

Søknad skal sendast Riksantikvaren.

Søknadsfrist

Søknadsfrist til Riksantikvaren er 1. november 2015.

Krav til innhald i søknaden

Sjå under generell omtale over.

Tilskot til fartøyvernsenter (Kap. 1429 post 75)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsmidlane er knytt til Bevaringsprogrammet for fartøy. Tilskotsordninga skal hjelpe dei tre utvalde fartøyvernsentra i deira funksjon som kompetansesenter for restaurering og vedlikehald av freda og verna fartøy.

Målgruppe for ordninga er dei tre utvalde fartøyvernsentra: Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum, Hardanger Fartøyvernsenter og Bredalsholmen Dokk- og Fartøyvernsenter.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskot kan ytast som driftstilskot for å dekkje sentra sine kostnader med fellestenester knytte til forsking, dokumentasjon og fagleg rådgiving. Tilskotet skal primært medverke til å finansiere stillingar knytte til dokumentasjonsarbeid i samband med istandsetjing på fartøy som Riksantikvaren gir tilskot til. Noko av tilskotsmidlane kan nyttast til investeringar i anlegga. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga.

Kor skal søknaden sendast

Søknaden skal sendast Riksantikvaren.

Søknadsfrist

Søknadsfristen til Riksantikvaren er 15. januar 2016.

Krav til innhald i søknaden

Sjå under generell omtale over.

Tilskot til verdsarven (Kap. 1429 post 79)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga er knytt til Bevaringsprogrammet for verdsarven. Målet med ordninga er å forvalte stadene på Unescos verdsarvliste i tråd med forpliktingane i Unescos verdsarvkonvensjon og de internasjonale retningslinene frå Unesco. I spesielle tilfelle kan midlane nyttast til tiltak som indirekte medverkar til sikring av verdsarven.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskot blir gitt til private eigarar og forvaltarar i stader i Noreg som står på Unescos verdsarvliste. Dette er for tida åtte stader. Tilskot gis til prosjekt for sikring, istandsetjing, overvaking og andre naudsynte tiltak. I spesielle tilfelle kan midlane nyttast til tiltak som indirekte medverkar til sikring av verdsarven.

Riksantikvaren kan sjølv initiere viktige tiltak. Det er også mogleg for fylkeskommunane på vegne av eigarar å søke om midlar til større oppgåver. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga.

Kor skal søknaden sendast

For Bryggen i Bergen skal søknad sendast til Fylkeskonservatoren i Hordaland, og for Bergstaden Røros til Røros kommune. Søknader for Urnes stavkyrkje og bergkunsten i Alta skal sendast til Riksantikvaren. Søknader som gjeld bygningsvern på Vegaøyane, Vestnorsk fjordlandskap og Struves triangelkjede skal sendast dei respektive fylkeskommunane.

Søknadsfrist

Kommunane og fylkeskommunane har eigne søknadsfristar som ein kan få opplyst ved å vende seg dit. Sjå under generell omtale ovafor. Søknadsfrist til Riksantikvaren er 15. januar 2016.

Krav til innhald i søknaden

Sjå under generell omtale over.

Norsk kulturminnefond - Tilskot til disposisjon for kulturminnetiltak (Kap. 1432 post 50)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med ordninga er å styrke arbeidet med å ta vare på verneverdige kulturminne og kulturmiljø, og medverke til at eit mangfald av desse kan nyttast som grunnlag for framtidig oppleving, kunnskap, utvikling og verdiskaping. Ordninga skal medverke til å redusere tapet av verneverdige kulturminne. Det kan også søkast om tilskot til freda kulturminne. Målgruppa er private eigarar og forvaltarar, under dette einskildpersonar, stiftingar, ideelle organisasjonar, frivillige organisasjonar og liknande.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskot blir primært gitt til tiltak som fører til vern og sikring av verneverdige kulturminne og kulturmiljø, og til å hindre tap av kulturminne. Tilskot kan også gis til freda kulturminne og kulturmiljø. Tilskot til prosjekt som fremjar verdiskaping, handverk, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet blir prioriterte. Vidare blir prosjekt som gir synergieffektar, og som løyser ut private midlar eller betydeleg eigeninnsats prioriterte.

Kor skal søknaden sendast

Søknad skal sendast Norsk kulturminnefond.

Søknadsfrist

Kulturminnefondet har 1. november som ein årleg søknadsfrist for innsending av søknader.

Krav til innhald i søknaden

Sjå heimesida til Norsk kulturminnefond og Forskrift om vedtekter for Norsk Kulturminnefond.

Oversikt over andre tilskotsordningar som er aktuelle for kulturminne og kulturmiljø

Det finst også tilskotsordningar som forvaltast av andre enn Riksantikvaren som kan vere aktuelle å søke om midlar frå til kulturminne- og kulturverntiltak, m.a.:

- Landbruksdirektoratet – spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL), under dette ivaretaking av natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap.

 

Tilskot til klimatiltak

Tilskot til klimatilpassingstiltak (Kap. 1420 post 61):

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å styrkje kommunane sitt arbeid med klimatilpassing.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som gjer samfunnet betre rusta mot klimaendringane.

Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om midlar til:

  • kunnskapsoppbygging
  • utgreiing av konkrete klimatilpassingstiltak

Midlane kan ikkje brukast til gjennomføring av fysiske klimatilpassingstiltak.

For ytterlegare informasjon, sjå Miljødirektoratets nettside.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar om det er nødvendig for å handsame søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2016.

Søknadene blir handsama innanfor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.

CO2-kompensasjonsordning for industrien (Kap. 1420 post 74)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å kompensere norsk industri for auka kraftprisar som følgje av EUs kvotesystem for CO2-utlepp.

Kva for tiltak kan få tilskot

Ordninga omfattar industriverksemder i alle 15 sektorar som i høve til EUs retningslinjer har moglegheit for støtte. Kompensasjonen skal redusere faren for karbonlekkasje og slik hindre auke i globale utslepp som følgje av utflytting av industri til land med mindre stram klimapolitikk.

For ytterlegare informasjon, sjå Miljødirektoratets nettside.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Søknad om kompensasjon kan lastast ned frå Miljødirektoratets nettside.

Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar om det er nødvendig for å handsame søknaden. Ferdig utfylte søknadsskjema sendast til post@miljodir.no

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er  innan 1. mars året etter støtteåret det søkast kompensasjon for. Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. 

 

Andre tilskotsordningar

Tilskot til Den naturlege skulesekken (Kap. 1400 post 62)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til at elever i grunn- og vidaregåande skule får kunnskap og medvit om berekraftig utvikling og miljøutfordringane på kloden, og blir i stand til å forstå og utvikle løysingar på miljøproblema i dag og i framtida. Den naturlege skulesekken legg til rette for utvida bruk av nærmiljøet til skulane i undervisninga og set miljø, friluftsliv og berekraftig utvikling i samanheng med realfag, samfunnsfag og mat og helse. Ordninga legg til rette for samarbeid mellom skular og frivillige miljø- og friluftsorganisasjonar, og støttar utviklinga av lokale, fleirfaglege undervisningsopplegg tilpassa læreplanverket. Grunnskular (1.-10. årssteg) og vidaregåande skular (Vg1) kan få tilskot.

Kva for tiltak kan få tilskot

Den enkelte skule kan søke på midlar til utvikling av undervisningsopplegg innafor berekraftig utvikling. Opplegga skal ha som mål å utvikle elevane og lærarane si nyfikne, kunnskapen deira om natur og samfunn og medvit om berekraftig utvikling. Tiltak som kan få tilskot er utvikling av fleirfaglege undervisningsopplegg som:

- har høg faglig kvalitet og famnar om to eller fleire fag, der naturfag eller samfunnsfag må vera eit av faga

- nyttar skulen sitt nærmiljø som læringsarena

- utførast i samarbeid med eksterne aktørar

- tek i bruk utforskande arbeidsmåtar og legg vekt på grunnleggjande dugleikar.

Ein føresetnad for å få tilskot er at opplegget er i samsvar med rettleiingsmateriell som Naturfagsenteret gir ut årleg på www.natursekken.no/utlysning

Planlegging kan også bli finansierte med midlar frå ein ekstern aktør, og prosjekt der ein kan oppnå samfinansiering vil bli prioriterte.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Naturfagsenteret sitt elektroniske søknadssystem skal nyttast. Naturfagsenteret (post@natursekken.no) kan kontaktast for hjelp til utfylling.

For innhald i søknaden, sjå eige rettleiingsmateriell frå Naturfagsenteret.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknader kan sendast frå 15. januar, og søknadsfristen er 1. mars 2016.

Naturfagsenteret handsamar søknadene frå skulane innanfor ei budsjettramme fastsett av Miljødirektoratet og Utdanningsdirektoratet. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar. Alle søkjarar skal få svar innan 10. mai 2016.

Tilskot til nasjonale og internasjonale miljøtiltak (Kap. 1400 post 76)

Tilskotsordninga skal medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller sine internasjonale plikter for naturmangfald, klima og forureiningar, og nasjonale mål innafor alle resultatområda. Tilskotsordninga skal også medverke til å styrke arbeidet med miljøspørsmål som er viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt.

Midlane under kap. 1400 post 76 er øyremerka bestemte føremål gjennom omtale i Prop. 1 S (2015 – 2016) for Klima- og miljødepartementet.

Omtale av utvalde øyremerka tilskot

Øyremerka midlar til Den naturlege skulesekken

Det er sett av 2,3 mill. kroner til å sette i gang tiltak eller prosjekt hos frivillige organisasjonar, relevante verksemder, stiftingar og naturinformasjonssenter som støtter opp under grunnskulens (1.- 10. årssteg) og Vg1 sin planlegging og gjennomføring av fleirfaglege undervisningsopplegg i nærmiljøet. Ein føresetnad for å få tilskot er at opplegget er i samsvar med rettleiingsmateriell som Miljødirektoratet gir ut årleg i samråd med Naturfagsenteret. Rettleiingsmateriell for 2016 vil vere tilgjengeleg på www.natursekken.no/utlysning.

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden.

Søknadsfristen er 1. mars 2016.

Øyremerka midlar til tiltak mot framande organismar

Det er sett av 2 mill. kroner til tiltak mot framande organismar, under dette informasjon og kartlegging. Målgruppa er regionale, nasjonale og internasjonale frivillige organisasjonar, institusjonar og private verksemder.

Søknaden må innehalde kontaktopplysningar til søkjar, prosjektansvarleg, organisasjonsnummer, kontonummer og ein kort skildring av prosjektet med forslag til budsjett og anslått prosjektperiode (prosjektet må gjennomførast i løpet av tilskotsåret). Søknaden skal òg innehalde opplysningar om eventuelle samarbeidande organisasjonar.

Søknaden skal sendast til Miljødirektoratet sitt postmottak (postmottak@miljodir.no). Søknadsfristen er 15. februar 2016.

Tilskot: Reisestøtte til deltaking for norske frivillige organisasjonar, på nasjonale og internasjonale klima- og miljømøte i 2016

Det er satt av inntil kr. 350 000,- i tilskot til reiseutgiftar knytt til deltaking på internasjonale klima- og miljømøte i 2016.

Målgruppe for ordninga

Målgrupper for reisestøtte er norske frivillige organisasjonar med arbeidsfelt innan klima og forureining.

Kva for tiltak kan få tilskot

Det ønskes ei brei demokratisk deltaking på møta. Dette vil blant anna gjelde på FN-møte som partsmøte under klimakonvensjonen og møte i FNs miljøprogram.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad skal sendast Klima- og miljødepartementet, postmottak@kld.dep.no

Søknaden må innehalde ei grunngjeving for deltakinga og eit budsjett for reise og opphald. Klima- og miljødepartementet vil kunne krevje ein kortfatta rapport frå deltakinga.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfrist til Klima- og miljødepartementet er 1. mars 2016.

Tilskot til ymse organisasjonar og stiftingar m.m  (Kap. 1420 post 77) med følgjande ordningar:

 

Tilskot til frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige stiftingar innanfor forureiningsområdet

Mål for ordninga og målgruppe

Målet for ordninga er å gi grunntilskot til demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar innafor forureiningsområde for å sikre frivillig engasjement og styrke medverknaden i miljøvernspørsmål lokalt, regionalt og sentralt, basert på fagleg innsikt.   

Ordninga omfattar tilskot til:

- Norsk vannforening

- Norsk forening mot støy

- Tilskot til LOOP

- Foreninga ”Hold Norge Rent”

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot blir gitt som grunntilskot/driftstilskot. For 2016 er det rekna med tilskot til dei nemnde mottakarane på same nivå som for 2015.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Sjølv om mottakarane er namngjetne i budsjettproposisjonen, må dei søke for å få tilskot. Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Rett utfylling i Miljødirektoratet sitt søknadssenter oppfyller krava til innhald i søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2016.

Tilskot til naturfaglege organisasjonar

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med ordninga er å gi grunntilskot til demokratisk oppbygde, landsomfattande naturfaglege organisasjonar for å sikre frivillig engasjement og styrke medverknaden i miljøvernspørsmål lokalt, regionalt og sentralt, basert på fagleg innsikt.   

Ordninga omfattar tilskot til:

- Foreningen Våre Rovdyr

- Norsk Biologforening

- Norsk Botanisk Foreining

- Norsk Entomologisk Foreining

- Norsk Ornitologisk Foreining

- Noregs Sopp- og nyttevekstforening

- Norsk Zoologisk Forening

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot blir gitt som grunntilskot/driftstilskot. For 2016 er det rekna med tilskot til dei nemnde mottakarane på same nivå som for 2015.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Rett utfylling i Miljødirektoratet sitt søknadssenter oppfyller krava til innhald i søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2016.

Tilskot til tiltak/prosjekt for å bringe miljø nær folk

Mål for ordninga og målgruppe

Ordninga skal medverke til å informere og engasjere enkeltmenneske til miljøvennleg åtferd. Målgruppe for ordninga er organisasjonar, stiftingar og faglege nettverk. Det er sett av 1 mill. kroner til dette  i 2016.

Kva for tiltak kan få tilskot

Midlane kan nyttast til tiltak og prosjekt som er nyskapande og medverkar til å gjere miljøinformasjon og miljøkunnskap betre tilgjengeleg. Det er viktig å nå breitt ut til befolkninga.

Kor skal søknaden sendast

Søknaden sendast til Miljødirektoratet.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 15. februar 2016.

Stipend (Kap. 1471 post 50)

Stipendmidlane skal medverke til å auke rekruttering til og kompetansen innafor norske polarforsking. Midlane er eit viktig verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradsstudentar, og skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.

Utlysing av ordninga skjer i slutten av oktober kvart år med frist midt i november. Ein komité under Svalbard Science Forum vurderer søknadene og deler ut midlar.

Svalbards miljøvernfond (Kap. 1472 post 50)

Svalbards miljøvernfond blei etablert i 2005. Fondet består mellom anna av midlar frå miljøavgift for reisande til Svalbard og andre avgifter i samband med jakt og fiske.

Både fondskapitalen og avkastninga skal nyttast til tiltak på Svalbard som har til føremål å verne miljøet på øygruppa. Fondet har eit styre som fordeler fondsmidlane etter eksterne søknader. Sekretariatet for fondet er lagt til Sysselmannen på Svalbard.

For fristar og skjema for søknader, sjå: http://www.sysselmannen.no/, og klikk på ”Svalbards miljøvernfond” nedst  til venstre på forsida.

 

Adresseliste

Miljødirektoratet

Postboks 5672 Sluppen
7485 Trondheim
Besøk i Trondheim: Brattørkaia 15
Besøk i Oslo: Grensensvingen 7
tlf. 03400
http://www.miljodirektoratet.no/
Elektronisk søknadssenter  

Riksantikvaren

Postboks 8196 Dep.
0034 Oslo
Besøk: Dronningensgt. 13
tlf. 22 94 04 00
http://www.riksantikvaren.no/

Fylkesmannen

http://www.fylkesmannen.no/

Fylkesmannen i:

Adresse

Telefon/Telefax

Oslo/Akershus

Tordenskjoldsgt. 12
Boks 8111, Dep 0032 Oslo

22 00 35 00
22 00 35 35

Østfold

Vogtsgt. 17, 1502 Moss
Pb 325, 1502 Moss

69 24 70 00
69 24 70 01

Hedmark

Statens hus, Parkgt 36,
Pb 4034, 2306 Lillehammer

62 55 10 00
62 55 10 31

Oppland

Storgata 170, Serviceboks
Statens hus, 2626 Lillehammer

61 26 60 00
61 26 61 67

Buskerud

Fylkeshuset,
Pb 1604, 3007 Drammen

32 26 66 00
32 89 32 36

Vestfold

Statens Park, Anton Jensensgt. 6
Postboks 2076, 3103 Tønsberg

33 37 10 00
33 37 11 35

Telemark

Statens Hus,
Gjerpensgt. 14, 3708 Skien

35 58 61 10
35 52 85 90

Aust-Agder

Ragnvald Blakastads vei 1
Serviceboks 606, Fylkeshuset, 4809 Arendal

37 01 75 00
37 01 76 10

Vest-Agder

Tordenskioldsgt 65
Serviceboks 513, 4605 Kristiansand S

38 17 60 00
38 17 60 13

Rogaland

Statens hus, Lagårdsvn. 78
Pb 59, Sentrum, 4001 Stavanger

51 56 87 00
51 56 88 11

Hordaland

Statens hus, Kaigt. 9
Postboks 7310, 5020 Bergen

55 57 20 00
55 27 20 09

Sogn og Fjordane

Tinghuset, Skrivarvegen 3
6863 Leikanger

57 65 50 00
57 65 50 55

Møre og Romsdal

Fylkeshuset
6404 Molde

71 25 84 43
71 25 85 10

Sør-Trøndelag

Statens Hus
Prinsensgt. 1, 7468 Trondheim

73 19 90 00
73 19 91 01

Nord-Trøndelag

Statens Hus
7734 Steinkjer

74 16 80 00
74 16 80 53

Nordland

Moloveien 10
8002 Bodø

75 53 15 00
75 52 07 03

Troms

Strandveien 13
Postboks 6105, 9291 Tromsø

77 64 20 00
77 64 21 39

Finnmark

Statens hus,
Damsvn 1, 9815 Vadsø

78 95 03 00
78 95 03 07

Fylkeskommuner

Fylkeskommune

Adresse

Telefon/Telefax

Østfold

P.b. 220
1702 Sarpsborg 

69 24 70 00
69 11 70 70 

Akershus

P.b. 1200 Sentrum
0107 Oslo

22 05 50 00
22 05 50 55

Oslo
Bymiljøetaten, Kundedivisjonen

P.b. 9336 Grønland
0135 OSLO

02 180
23 49 30 09

Hedmark

Fylkeshuset
Parkgt. 64, 2325 Hamar

62 54 40 00
62 54 46 60

Oppland

Serviceboks
2626 Lillehammer

61 28 90 00
61 28 94 95

Buskerud

Fylkeshuset
3020 Drammen

32 80 85 00
32 80 85 08

Vestfold

Sven Foynsgt. 9
3126 Tønsberg

33 34 40 00
33 31 59 05

Telemark

Fylkeshuset
3706 Skien

35 58 42 00
35 52 99 55

Aust-Agder

Serviceboks 606
4809 Arendal

37 01 73 00
37 01 73 03

Vest-Agder

Serviceboks 517
4605 Kristiansand S

38 07 45 00
38 07 45 01

Rogaland

P.b. 130
4001 Stavanger

51 51 66 00
51 51 68 35

Hordaland

P.b. 7900
5020 Bergen

55 23 90 00
55 23 99 49

Sogn og Fjordane

Fylkeshuset, Askedalen 2
6863 Leikanger

57 64 30 00
57 65 33 02

Møre og Romsdal

Fylkeshuset
6404 Molde

71 25 80 00
71 25 87 21

Sør-Trøndelag

Erling Skakkesgt. 14
7004 Trondheim

73 86 60 00
73 86 64 80

Nord-Trøndelag

Seilmakergt. 2 
7735 Steinkjer

74 11 10 00
74 11 10 51

Nordland

Prinsensgt. 100
8048 Bodø

75 65 00 00
75 65 00 01

Troms

P.b. 6600
9296 Tromsø

77 78 80 00
77 78 80 01

Finnmark

Fylkeshuset
9815 Vadsø

78 96 20 00
78 96 23 70