Tilskotsordningar for 2019
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Rundskriv | Dato: 05.11.2018
Nr: T-1/18
Status: Ugyldig/oppheva - erstatta av Tilskotsordningar for 2020
Ordningane omfattar områda naturforvaltning, friluftsliv, forureining, kulturminne, klima m.m.
Miljøstyresmaktene set årleg i verk ei rekkje tiltak for å betre miljøtilstanden i Noreg. Det er oppnådd mykje i det nasjonale miljøvernarbeidet, men ein står framleis overfor betydelege utfordringar. For å lykkast i arbeidet må styresmaktene samarbeide med andre aktørar. Medverknad frå stat og kommune, private verksemder, organisasjonar og einskildpersonar må til om ein skal løyse klima- og miljøutfordringane. For å stimulere til ein slik brei medverknad gir Klima- og miljødepartementet tilskot til ulike tiltak som blir sette i verk av organisasjonar, private verksemder, kommunar og privatpersonar. Rundskrivet gir orientering om departementet sine tilskotsordningar som er opne for søknad frå desse.
Rundskrivet omtalar kriterium for tildeling, krav til søknaden, søknadsfristar o.a. som gjeld for den einskilde tilskotsordninga. Nærare råd og rettleiing kan ein få ved å kontakte Fylkesmannen, fylkeskommunen, Riksantikvaren, Sametinget eller Miljødirektoratet.
Vi tek atterhald om at Stortinget vedtek alle ordningane slik det er gjort framlegg om i Prop. 1 S (2018-2019).
Oslo, 05.11.2018
Med helsing
Klima- og miljøministeren
Innhald
- Tilskot til naturforvaltningstiltak
- Tilskot til friluftsliv
- Tilskotsordningar på forureiningsområde
- Tilskot til kulturminnetiltak
- Tilskot til klimatiltak
- Andre tilskotsordningar
Tilskot til naturforvaltningstiltak
Tilskot til skrantesjukeprøver frå fallvilt (kap 1420 post 64)
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga skal medverke til å kartleggje mogleg spreiing av skrantesjuke. Skrantesjuke er ein smittsam prionsjukdom som rammar hjortedyr, og er dødeleg for dyret. Kommunens ettersøkspersonell er den gruppa som er mest i kontakt med fallvilt, og det er derfor ofte føremålstenleg at dei tek ut naudsynte prøver. Kommunens prøvetaking av fallvilt kan føre til ekstra utgifter, og tilskotsordninga er oppretta for å dekkje utgifter kommunar har i samband med kartleggjing av skrantesjuke hos fallvilt.
Kva for tiltak kan få tilskot
Prøver som kommunar tar i samband med kartlegging av skrantesjuke hos fallvilt.
Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Rett utfylling av søknadsskjema oppfyller kravet til søknaden.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfrist er 1. mai 2019.
Fristen er harmonisert med frist for rapportering av fallvilt. Elektronisk søknadssenter hentar automatisk det talet skrantesjukeprøver som kommunen har registrert frå fallvilt i Hjorteviltregisteret. Det blir gitt ein fast sats per registrert prøve.
Tilskot til tiltak i kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold (kap. 1420 post 65)
Tilskotsregelverk for ordninga ligg her.
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga skal medverke til konfliktdemping i kommunar med ulverevir. Målgruppe for ordninga er kommunar i fylka Hedmark, Akershus og Østfold som har eit eller fleire ulverevir per 1. juni i inneverande år.
Kva for tiltak kan få tilskot
Kommunane sin bruk av midlane skal henge sakleg saman med belastninga med å ha eit ulverevir. Tiltak som kan vere aktuelle er til dømes støtte til informasjon og formidling av kunnskap om ulv til ulike målgrupper i kommunen, støtte til grunneigarar som meiner dei har fått redusert sine inntekter frå jakt som følgje av ulv, støtte til næringsutvekling i kommunen, til fysiske tiltak for å gjere innbyggarar tryggare og støtte til idrett og andre aktivitetar for å kompensere for manglande bruk av skog og mark osv.
Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden
Søknad om tilskot sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. juni 2019. Tilskotet blir fordelt likt på alle aktuelle kommunar.
Tilskot til vassmiljøtiltak (kap. 1420 post 70) med følgjande underpostar:
Kalking (Kap. 1420 post 70, underpost 1)
Forskrift for ordninga ligg her.
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga skal medverke til å redusere negative effektar av sur nedbør på naturmangfaldet i vassdrag. Målgruppe for ordninga er frivillige organisasjonar, kommunar, interkommunale organ og fiskerettshavarar.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak som kan få tilskot er:
- Kjøp av kalk.
- Transport og spreiing av kalk.
- Informasjon og rettleiing om kalking i vassdrag.
- Reetablering av opphavleg naturmangfald i kalka vassdrag.
Tilskot blir gitt til tiltak i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden, og kor det kan bli påvist eller sannsynleggjort at skade på naturmangfaldet skuldast forsuring. I område der tolegrensa for forsuring skapt av menneske ikkje lenger er overskriden, men kor tidlegare forsuring har ført til at opphavleg naturmangfald er borte, kan det bli gitt tilskot til å reetablere opphavleg naturmangfald. Det blir ikkje gitt tilskot til kalking av naturleg sure vassdrag. Søkarar som får tilskot må sjølv medverke med eigen innsats (økonomiske midlar eller arbeidsinnsats). Det blir berre gitt tilskot om fisket i vassdraget blir opna for allmenta.
Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader frå frivillige organisasjonar på lokalt nivå, kommunar og interkommunale organ skal adresserast til Fylkesmannen i det fylket søknaden gjeld. Søknader frå landsdekkjande frivillige organisasjonar skal adresserast til Miljødirektoratet.
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Fylkesmannen og Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar om det er nødvendig for å handsame søknaden.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2019.
Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.
Anadrome laksefisk (kap. 1420 post 70, underpost 2)
Forskrift for ordninga ligg her.
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga skal medverke til å leggje til rette for bevaring og forvaltning av ville anadrome laksefisk. Målgruppe for ordninga er frivillige organisasjonar, forskingsinstitusjonar, kommunar og interkommunale organ.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak som kan få tilskot er:
- Forvaltning av og informasjon om villaks, sjøaure og sjørøye.
I 2019 vil arrangement og informasjonstiltak om villaks i samband med dfet internmasjonale villaksåret også få tilskot.
- Praktisk nytta FoU-verksemd og overvaking som grunnlag for mellom anna lokal forvaltning av lakse- og sjøaurebestandar.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Mottakar av søknad er Miljødirektoratet.
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Søknaden skal dokumentere at tiltak som inneber fysiske inngrep i naturen ikkje er i strid med godkjend kommunal plan eller kommunalt vedtak. Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt spesifiserast. Søknader om tilskot til tekniske tiltak for fiskeforsterking skal innehalde opplysningar om området der tiltak er lokalisert, mellom anna geografisk namn, vassdrag og arealkategori i kommuneplan eller reguleringsplan. Søknader om tilskot til tiltak for fiskekultivering og tekniske fiskeforsterkingstiltak må ha lagt ved løyve frå grunneigar, fråsegn frå kommunen og løyve frå Noregs vassdrags- og energidirektorat eller Fylkesmannen. Miljødirektoratet kan krevje at søknaden er basert på ein ferdig driftsplan eller stille som vilkår at driftsplan blir utarbeida. Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar om det er nødvendig for å handsame søknaden.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2019.
Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.
Generell vassforvaltning (kap. 1420 post 70, underpost 3)
Forskrift for ordninga ligg her.
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga skal medverke til at ein når miljømåla i vassforskrifta. Målgruppe for ordninga er vassområdeutval, interkommunale vassprosjekt, kommunar, forskingsinstitusjonar og frivillige organisasjonar.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tilskot kan bli gitt til:
- Tiltak, tilrettelegging og organisering knytt til arbeidet i vassområde og vassregionar.
- Informasjon knytt til arbeidet i vassområde og vassregionar.
- Utgreiingar og andre tenestekjøp.
Søknader om tilskot til tiltak som inngår som ein del av arbeidet med regionale vassforvaltningsplanar med tilhøyrande tiltaksprogram, og prosjekt som har overføringsverdi til andre vassområde, vil bli prioriterte.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Mottakar av søknaden er Miljødirektoratet.
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar om det er nødvendig for å handsame søknaden
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2019.
Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.
Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt (kap. 1420 post 72)
Forskrift for erstatning for husdyr ligg her, og forskrift for tamrein ligg her.
Mål for ordninga og målgruppe
Ordninga skal sikre full erstatning for dokumenterte og sannsynleggjorte rovviltskader på husdyr og tamrein slik dette er nedfelt i naturmangfaldlova. Erstatningar blir utbetalte i samsvar med ”Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt”, fastsatt 2. juli 1999 og ”Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når tamrein blir drept eller skadet av rovvilt, fastsett 4. mai 2001. Målgruppe for ordninga er eigarar av husdyr og tamrein.
Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden
Søknad om erstatning for husdyr skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden adresserast til Fylkesmannen i det fylke der søkjaren har bustad.
Rett utfylling i Miljødirektoratet sitt søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Søknad om erstatning for tamrein sendast i "Melding om tamrein".
Søknadsfrist
Søknadsfrist for tamrein er 1. april 2019, og søknadsfrist for husdyr er 1. november 2019.
Tilskot til rovvilttiltak (Kap. 1420 post 73)
Mål for ordninga
Tilskotsordninga skal medverke til å førebyggje skadar frå rovvilt i husdyrhald og tamreindrift gjennom finansiering av førebyggjande tiltak. Vidare skal midlane nyttast til godtgjering ved forsøk på skadefelling av rovvilt, medverke til å dempe konfliktar, auke verdiskapinga knytt til førekomst av rovdyr i lokalsamfunn og nyttast til forsking- og utgreiingsoppgåver. I tillegg skal midlene dekke omstillingstiltak i område med mykje rovviltskadar.
Del 1. Førebyggjande tiltak
Målgruppe
Primær målgruppe er husdyreigarar og reineigarar, kommunar og lokale organisasjonar.
Kva for tiltak kan få tilskot
Ein føresetnad for å gi tilskot til husdyr- og tamreineigarar er at tiltaka med stort sannsyn kan ventast å ha ein direkte tapsreduserande verknad. Dette inneber at tiltak som til dømes omfattar utvida tilsynsaktivitet aleine ikkje kan få tilskot. Tiltak som omfattar fellesløysingar med fleire besetningar, heile beitelag, sankelag m.v. vil bli prioriterte for tilskot framfor tiltak i den einskilde besetning. For annan informasjon om kva slag tiltak som kan få tilskot visast til Miljødirektoratet sitt søknadssystem på internett.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader som omfattar den einskilde region adresserast til Fylkesmannen i det fylke der søkjaren har bustad. Søknader av nasjonal karakter skal adresserast til Miljødirektoratet.
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2019.
Fylkesmannen handsamar søknaden innafor ei budsjettramme og føringar fastsett av den regionale rovviltnemnda.
Del 2. Konfliktdempande tiltak
Målgruppe
Målgruppe er husdyreigarar, reineigarar og kommunar. Lokale, regionale og landsomfattande organisasjonar og forskingsinstitusjonar kan også søke om tilskot.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak i kommunar skal gjere lokalsamfunn som råkast av rovvilt, særleg bjørn og ulv, betre i stand til å handtere konfliktar som desse artene kan skape. Tiltaka skal medverke til auka kunnskap om og forståing for rovvilt og rovviltforvaltning. Tiltak retta mot barn og unge blir prioriterte. Evaluering av verknader av tiltak som er sette i gang kan også få tilskot.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader som omfattar den einskilde region adresserast til Fylkesmannen i det fylke der søkjaren har bustad. Søknader av nasjonal karakter skal adresserast til Miljødirektoratet.
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2019.
Fylkesmannen handsamar søknaden innafor ei budsjettramme og føringar fastsett av den regionale rovviltnemnda.
Del 3. Omstillingstiltak
Forskrift for ordninga ligg her.
Målgruppe
Målgruppa er dyreeigarar med utmarksbasert sauehald i særleg utsette rovviltområde med mykje rovviltskader.
Kva for tiltak kan få tilskot
Det gis tilskot til saueeigarar for omstilling til anna næringsretta landbruksverksemd med det formål å redusera tap av sau og risiko for dyreliding.
Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden
Søknad om omstilling skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. februar. Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.
Tilskot til naturarv og kulturlandskap (kap. 1420 post 81) med følgjande ordningar:
Tilskot til tiltak i utvalde kulturlandskap i jordbruket
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga skal medverke til å sikre verdiar knytt til naturmangfald, landskap, kulturminner og kulturmiljø. Ordninga gjeld tiltak innanfor Utvalde kulturlandskap i jordbruket slik desse er avgrensa i Naturbase. Målgruppe for ordninga er grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdkkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak som kan få tilskot skal vere i samsvar med gjeldande planer for kvart enkelt utvalte kulturlandskap. Slike tiltak kan vere:
- Restaurering og skjøtsel av areal.
- Istandsetting, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne.
- Nødvendig planlegging av tiltak.
- Tilrettelegging for ferdsl.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknadsskjema skal sendast til Fylkesmannen. Fylkesmannen kan sette nærmare vilkår for tilskot til det enkelte tiltak, og ta omsyn til eventuelle avtalar mellom søkar og fylkesmannen.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Fylkesmannens landbruksavdeling koordinerer forvaltninga av tilskotet i fylka. Søknadsfrist vil variere i dei ulike fylka, sjå heimesida til fylka.
For eingongstiltak blir det normalt betalt ut tilskot først når Fylkesmannen har godkjent sluttregnskapet. Etter skriftlig førespurnad frå søkar kan fylkesmannen likevel betale ut på bakgrunn av godkjent dokumentasjon etter kvart som delar av tiltaket blir utført. Minst 25 % av tilskotet blir uansett halde tilbake inntil arbeidet er fullført og sluttrekneskapet er godkjent.
Tilskot til tiltak i prioriterte kulturlandskapsområde
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga skal medverke til god forvaltning av naturmangfaldet i prioriterte kulturlandskapsområde. Ordninga gjeld tiltak i eit utval av område definert som "verdifulle kulturlandskap" i miljøforvaltninga si offentlig tilgjengelige "Naturbase", sjå eiga liste over område i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Målgruppe for ordninga er grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak i prioriterte kulturlandskapsområde som kan få tilskot er:
- Skjøtsel eller restaurering
- Nedkjemping av framande artar
- Gjerding og tilpassa driftsform i jordbruket
I tillegg til tiltak i felt, kan det bli gitt tilskot til å utarbeide skjøtsels- eller tiltaksplan, nødvendig utstyr for å gjennomføre tiltak og informasjon.
Tiltak som er forankra i ein skjøtsels- eller tiltaksplan vil bli prioriterte.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfrist er 15. januar 2019.
Tilskot til tiltak for ville pollinerande insekt
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga skal medverke til å sikre eller betre leveområda for ville pollinerande insekt. Målgruppe for ordninga er grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkande organisasjonar, kommunar og institusjonar.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak for pollinerande insekt som kan få tilskot, er:
- Restaurering av leveområde
- Skjøtsel
- Etablering av leveområde, til dømes areal for yngling, oppvekst matsøk og skjul
- Informasjon
- Nedkjemping av framande organismar
- Tilpassa driftsform i jordbruket
Tiltak som medverkar til etablering eller skjøtsel av areal med førekomst av mange raudlista arter, vil bli prioriterte. Tiltaka kan samfinansierast med miljøtilskot i landbruket.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfrist er 15. januar 2019.
Tilskot til verdiskaping naturarv
Forskrift for ordninga ligg her.
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga skal medverke til at verneområda og andre verdifulle naturområde blir ein del av ei brei verdiskaping som har langsiktig positiv effekt på natur, lokalsamfunn og næringsutvikling. Målgruppe for ordninga er kommunar, regionråd, frivillige organisasjonar, verksemder, grunneigarar, besøkssenter, tilsynsutval og verneområdestyre.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak som kan få tilskot er:
- Attraksjonar og tiltak for kanalisering av ferdsle, til dømes innfallsportar, korte stigar og utsiktspunkt.
- Ulike typar informasjon og tiltak for utvikling av besøksforvaltning og av nasjonalparkar som merkevare.
- Naturfagleg kompetanseheving i reiselivsverksemder.
- Tiltak for å betre samarbeidet mellom naturforvaltning, næring og lokalsamfunn.
- Leiing av prosjekt som faller inn under dette, og som får tilskot.
Tilskot blir tildelt søkarar som sjølve medverkar med minst 50 prosent eigeninnsats (økonomisk eller arbeidsinnsats). Tiltak som får tilskot skal vere opne for allmenta.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader adresserast til Fylkesmannen i det fylket der tiltaket skal gjennomførast.
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2019. Miljødirektoratet handsamar søknadene og tildeler tilskot.
Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.
Tilskot til villreinfjellet som verdiskapar
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga skal medverke til brei verdiskaping knytt til dei ti nasjonale villreinområda, særleg innretta mot ulike delar av reiselivet. Ordninga skal medverke til god gjennomføring av dei regionale planane, og til å utvikle og spreie kunnskap om villrein og villreinfjellet til ulike målgrupper. Målgruppe for ordninga er kommunar, samanslutningar av fleire kommunar, fylkeskommunar og autoristerte besøkssentre.
Kva for tiltak kan få tilskot
Det blir tildelt tilskot til prosjekt som fremmer verdiskaping, under dette miljømessig, sosial, kulturell og økonomisk verdiskaping. Det er krav om minst 50 prosent eigeinnsats frå søkaren i form av arbeidsinnsats, eige middel eller andre eksterne middel for å få tilskot.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er er 15. januar 2019. Miljødirektoratet handsamar søknadene og tildeler tilskot. Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.
Tilskot til Nasjonale Turiststigar
Forskrift for ordninga ligg her.
Mål for ordninga og målgruppe
Nasjonale Turiststigar er turstigar med tilhøyrande naturattraksjonar som er internasjonale opplevingsattraksjonar og som trekker ekstraordinært mange besøkande. Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på opplevings- og naturverdiar, til førebyggande beredskapsarbeid, lokal verdiskaping og til ei heilskapeleg besøksforvaltning. Ordninga skal i første rekkje medverke til å handtere utfordringar knytt til slitasje, søppel og avfall, tryggleik og informasjon før og under besøket.
Målgruppe for ordninga er destinasjonsselskap, kommunar, fylkeskommunar, kommunale- eller interkommunale føretak, stiftingar, regionråd, frivillige organisasjonar, verneområdestyre og regionråd.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tilskot blir gitt til stigar som er autoriserte som Nasjonale Turiststigar. Dersom det er ledige midlar i ordninga etter ordinær tildeling, kan stigar som ikkje er autoriserte som Nasjonal Turiststig også få tilskot. Kravet er at desse stigane har tilsvarande utfordringar med slitasje, forsøpling, tryggleik og redningsaksjonar som følgje av eit høgt tal gjester, der ein stor del er internasjonale turistar.
I 2019 vil det vere få eller ingen stigar som er autoriserte som Nasjonal Turiststig, og det meste av midlane vil gå til stigar som ikkje er autoriserte som Nasjonal Turiststig.
Søknader som kan dokumentere breie samarbeidsrelasjonar mellom reiseliv, frivillige, kommunar og forvaltning, og som har ein heilskapeleg plan for besøksforvaltning vil bli prioriterte.
Tiltak som kan få tilskot er:
- Tilrettelegging og merking av stig.
- Sikringsbuar og andre beredskapstiltak.
- Tilrettelegging av soner for tilkomst.
- Toalett- og sanitæranlegg.
- Søppelhandtering.
- Prosjektleiing og planlegging knytt til forvaltning av besøkande og som førebuing til å søkje om autorisasjon.
- Informasjonstiltak, under dette naturrettleiing, fjellvaktteneste, stipatruljar og vertskap ved til dømes stigens startområde.
- Utgreiingar og anna arbeid knytt til besøksforvaltning og som førebuing til å søkje om autorisasjon.
I tildeling av tilskot legg ein stor vekt på at ordninga ikkje skal leggje til rette for meir utbygging og fleire tiltak enn det som er naudsynt. Alle tiltak skal vere innafor rammene av allemannsretten. Alle byggje- og anleggstiltak skal vere tilpassa landskapet, ha minst mogleg omfang, vere minst mogleg synlege og ta omsyn til området sine natur- og opplevingskvalitetar.
Det blir berre gitt tilskot til søkarar som medverkar med minst 50 prosent eigeninnsats (økonomiske midlar eller arbeidsinnsats som kan dokumenterast). Fysiske tiltak som får tilskot skal være opne for allmenta. Det blir ikkje gitt tilskot til drift.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til søknaden.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 1. februar 2019.
Tilskot til truga arter og naturtypar (Kap. 1420 post 82) med følgjande underpostar:
Tilskot til truga arter (kap. 1420 post 82, underpost 1)
Forskrift for ordninga ligg her.
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på prioriterte arter etter naturmangfaldlova, §§ 23 og 24, og truga arter, jf. definisjonen av truga arter i Norsk rødliste for arter. Målgruppe for ordninga er grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak som kan få tilskot er:
- Skjøtsel og vedlikehald.
- Tiltak som forbetrar biotopar.
- Konkrete tiltak for einskildarter, som til dømes flytting av individ, reintroduksjon og innsamling av frø.
- Tilpassa bruk på areal som inngår i drifta på landbruksføretak.
- Gjerding
- Kartlegging og overvaking knytt til tiltak.
Det kan også bli gitt tilskot til tiltak for å hindre at hubro døyr som følgje av at dei bruker straumstolpar som sitteplass. Det er primært eigarar av strømnetrt som kan få slike tilskot. I tillegg til tiltak, kan det bli giott tilskot til nødvendig utstyr og informasjon om artene.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Fylkesmannen i det fylket søknaden gjeld.
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Søknaden skal beskrive korleis tiltaka skal gjennomførast.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 15. januar 2019.
Tilskot til truga naturtypar (kap. 1420 post 82, underpost 2)
Forskrift for ordninga ligg her.
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova kap. V, og truga naturtypar, jf. definisjonen av truga naturtypar i Norsk rødliste for naturtypar. Målgruppe for ordninga er grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak som kan få tilskot er:
- Skjøtsel og vedlikehald.
- Tilpassa bruk på areal som inngår i drifta av landbruksføretak.
- Gjerding.
- Kartleggjing og overvaking knytt til tiltak.
I tillegg til tiltak i felt, kan det bli gitt tilskot til å utarbeide skjøtsels- eller tiltaksplan, nødvendig utstyr til tiltak og til informasjon om naturtypane.
I 2019 vil tiltak i utvalde naturtypar og truga naturtypar der kunnskapsgrunnlaget er godt, bli prioriterte.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Fylkesmannen i fylket der tiltaket skal gjennomførast.
Rett utfylling i søknadssenteret fyller kravet til innhald i søknaden. Søknaden skal gjere greie for korleis tiltaka skal gjennomførast.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2019.
Tilskot til naturinformasjonssenter (Kap. 1420 post 85)
Forskrift for ordninga ligg her.
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga skal medverke til drift, utvikling og etablering av naturinformasjonssenter/besøkssenter. Målgruppa er autoriserte besøkssenter og andre som arbeider med naturinformasjon, sjå presisering under ”Kva for tiltak som kan få tilskot”.
Kva for tiltak kan få tilskot
Autoriserte besøkssenter kan søke om eit årleg grunntilskot til administrasjon, planlegging og gjennomføring av informasjonstiltak og naturrettleiing. Grunntilskotet i 2019 er på 1,029 mill. kroner, jf. Klima- og miljødepartementets budsjettproposisjon.
Autoriserte besøkssentre som har potensial for å nå mange menneske, og som har samarbeid med reiselivet, kan søke om tilskot for å etablere nytt eller utvida tilbod for publikum. Autoriserte besøkssentre kan også søke kompetansetilskot til oppgåver som nøytrale kunnskapsformidlarar og kompetansesenter, og til utstillings- og informasjonstiltak. Sentre som er særskilt nevnt som mottakarar av tilskot til naturrettleiing i Klima- og miljødepartementets budsjettproposisjon kan søke om dette i tillegg. Andre som arbeider med naturinformasjon (for eksempel museum og stiftingar) kan søke om tilskot til mindre utstillingar og informasjonstiltak. Forvaltningsknutepunkt for nasjonalparkar og andre store verneområde kan også søke om tilskot til etablering, samt enkle informasjonstiltak.
I 2019 blir det også gitt tilskot til informasjonstiltak om villaks i regi av ulike organisasjoner i samband med det internasjonale villaksåret, jf Prop. 1S (2018 – 2019).
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal sendast til Miljødirektoratet.
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2019.
Tilskot til fiskeformål (Kap. 1425 post 70)
Forskrift for ordninga ligg her.
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga skal medverke til å sikre og utvikle bestandar av ville anadrome laksefisk, og leggje til rette for fiske etter anadrome laksefisk. Målgruppe for ordninga er frivillige organisasjonar, forskingsinstitusjonar, kommunar og interkommunale organ.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak som kan få tilskot er:
- Informasjon om og forvaltning av villaks, sjøaure og sjørøye.
I 2019 vil også arrangement og informasjonstiltak om villaks i samband med det internasjonale villaksåret få tilskot.
- Anvend forsking og overvaking.
- Tiltak for å betre tilgangen til og moglegheita til fiske for allmenta.
- Tiltak retta mot rekruttering eller stimulering til fiske.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader om tilskot til tiltak av lokal karakter skal adresserast til Fylkesmannen i det fylket søknaden gjeld. Nasjonale tiltak skal adresserast til Miljødirektoratet.
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Søknaden skal dokumentere at tiltak som inneber fysiske inngrep i naturen ikkje er i strid med godkjend kommunal plan eller kommunalt vedtak. Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt spesifiserast. Søknader om tilskot til tekniske fiskeforsterkingstiltak skal innehalde opplysningar om området der tiltak er lokalisert, mellom anna geografisk namn, vassdrag og arealkategori i kommuneplan eller reguleringsplan. Søknader om tilskot til fiskekultiveringstiltak og tekniske fiskeforsterkingstiltak må ha lagt ved løyve frå grunneigar, fråsegn frå kommunen og løyve frå Noregs vassdrags- og energidirektorat eller Fylkesmannen. Miljødirektoratet og Fylkesmannen kan krevje at søknaden er basert på ein ferdig driftsplan eller stille som vilkår at driftsplan blir utarbeida. Miljødirektoratet og Fylkesmannen kan be om utfyllande opplysningar om det er nødvendig for å handsame søknaden.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2019.
Tilskot til tiltak mot skadelege, framande arter (Kap. 1400 post 76)
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga skal medverke til å hindre negativ påverknad på naturmangfaldet frå framande, skadelege artar. Målgruppe for ordninga er regionale og nasjonale frivillige organisasjonar, institusjonar og private verksemder. Offentlege aktørar er ikkje i målgruppa for ordninga.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak som kan få tilskot er:
- Tiltak for å nedkjempe framande, skadelege organismar.
- Informasjon.
- Kartlegging og overvaking av framande, skadelege organismar.
Ved handsaming av søknader om tilskot blir det lagt særleg vekt på i kor stor grad søknaden støtter opp under gjeldande nasjonale prioriteringar i arbeidet mot framande, skadelege arter. Det vil også bli lagt vekt på i kor stor grad tiltaket medverker til å ta vare på naturmangfaldet.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krav til innhald i søknaden.
Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar som er nødvendige i si sakshandsaming. Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvar av desse spesifiserast.
Berre éin søkar kan stå som mottakar av tilskotet. Dersom det blir søkt på vegne av samarbeidande organisasjonar må intern fordeling av middel påreknast.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfrist er 15. januar 2019.
Tilskot til friluftsliv
Tilskot til friluftslivsføremål (Kap. 1420 post 78) med følgjande ordningar:
Friluftslivsaktivitet
Forskrift for ordninga ligg her.
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga skal medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga. Målgruppe for ordninga er frivillige organisasjonar som er registrert i Enhetsregisteret og interkommunale friluftsråd som arbeider med tiltak som fremjar friluftsliv.
Kva for tiltak kan få tilskot
Det blir primært gitt tilskot til friluftstiltak som stimulerer til direkte friluftslivsaktivitet, som til dømes organiserte turar, leirar i friluft, praktiske kurs og anna opplæring i friluftslivsaktivitetar. Mindre delar av tilskotet kan nyttast til innkjøp av enkelt utstyr og materiell som medverkar til å fremje den friluftslivsaktiviteten som det blir søkt om tilskot til, til dømes fiskesetnger, kompass, eit begrensa antal enkle telt mv. Det blir ikkje gitt tilskot til kostnadskrevende utstyr, under dette utstyrssentralar, utstyrsbankar eller lag og foreiningar som vil supplere sitt utstyrslager.
Tiltak som kan få tilskot er:
- Aktivitetar som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege for ulike brukargrupper.
- Tiltak som blir gjennomført i nærmiljøet, med særleg vekt på byar og tettstader.
- Tiltak som medverkar til auka deltaking over tid.
- Tiltak retta mot personar som er lite fysisk aktive.
- Tiltak retta mot barn, unge og barnefamiliar.
- Tiltak retta mot personar med nedsett funksjonsevne.
- Tiltak som inkluderer ein plan for marknadsføring av tiltaket overfor aktuell målgruppe.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader frå frivillige organisasjonar på kommune- og fylkesnivå skal adresserast til fylkeskommunen i det fylket søknaden gjeld. Om eit tiltak planleggjast gjennomført i fleire fylker, skal søknad adresserast til kvar av dei aktuelle fylkeskommunane med opplysningar om planlagt aktivitet og behov for midlar i det aktuelle fylket. Om tiltaket har personar frå heile landet som målgruppe, eller det er vanskeleg å knytte tiltaket til eit eller eit fåtal fylke, skal søknaden adresserast til Miljødirektoratet.
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.
Søknader frå sentralleddet i medlemsorganisasjonane i Norsk Friluftsliv skal også sende sine søknader gjennom elektronisk søknadssenter, og desse søknadene adresserast til Norsk Friluftsliv.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2019 for søknader som skal til Miljødirektoratet og for søknader som skal til Norsk Friluftsliv.
For lokale og regionale søknader som skal til fylkeskommunane er søknadsfristen 1. februar 2019.
Friluftsaktivitet for personar med innvandrarbakgrunn
Forskrift for ordninga ligg her.
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga skal medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for personar med innvandrarbakgrunn. Målgruppa for ordninga er Friluftsrådenes Landsforbund, Oslofjordens Friluftsråd og sentralleddet i frivillige organisasjonar som er registrert i Enhetsregisteret og som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv for personar med innvandrarbakgrunn, og som har etablert lokallag og aktivitet i minimum to fylker. Lokale lag og foreningar kan ikkje søke om midlar frå ordninga.
Kva for tiltak kan få tilskot
Det blir primært gitt tilskot til friluftslivstiltak som stimulerer direkte til friluftsaktivitet, som til dømes organiserte turar, friluftsleirar, praktiske kurs og annan opplæring i friluftslivsaktivitetar. Mindre deler av tilskotet kan nyttast til innkjøp av enkelt utstyr og materiell som medverkar til å fremje den friluftslivsaktiviteten som det blir søkt om tilskot til, til dømes fiskestenger, kompass, eit begrensa antal enkle telt mv. Kostnadskrevende utstyr kan ikkje få tilskot. Det blir heller ikkje gitt tilskot til utstyrssentralar, utstyrsbankar eller lag og foreiningar som vil supplere sitt eige utstyrslager.
Av personar med innvandrarbakgrunn blir barn, unge og barnefamiliar prioriterte.
Tiltak som kan få tilskot er:
- Tiltak som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege.
- Tiltak som fører til auka integrering av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles.
- Tiltak som blir gjennomførte i nærmiljøet med særleg vekt på byar og tettstader.
- Tiltak som medverkar til auka deltaking over tid.
- Tiltak som inkluderer ein plan for marknadsføring av tiltaket overfor aktuell målgruppe.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2019.
Tiltak i statleg sikra friluftslivsområde
Forskrift for ordninga ligg her.
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga skal medverke til å fremme friluftsaktivitet i statleg sikra friluftslivsområde og område verna som friluftslivsområde etter markalova. Gjennom naturvennleg tilrettelegging og skjøtsel skal områda gjerast lett tilgjengelege og attraktive for allmenta sitt friluftsliv. Kommunar og interkommunale friluftsråd kan søke om tilskot til tiltak i statleg sikra friluftslivsområde. Forvaltningsansvarleg kan søke om tilskot til friluftslivsområde verna etter markalova.
Kva for tiltak kan få tilskot
Midlane skal nyttast til opparbeiding av område, tilrettelegging og skjøtsel i statleg sikra friluftsområde og i område verna som friluftslivsområde etter markalova. Tilrettelegginga har følgjande hovudmål:
- Minske dei fysiske hindringane for friluftsliv og leggje til rette for auka friluftsaktivitet.
- Ta vare på kvalitetar knytt til opplevingar i området, og leggje til rette for gode naturopplevingar.
- Hindre at friluftsliv fører til unødige naturinngrep, slitasje og forstyrring på plante- og dyrelivet og øydelegging av kulturminne og kulturmiljø.
Aktuelle tiltak er til dømes informasjonstavler, opparbeiding av atkomstveg og parkeringsplass, turveg eller tursti, fiskeplassar, tiltak for tilgjengelegheit for personar med nedsatt funksjonsevne, badeplass, brygge, toalett, søppelstativ, synleggjering av kulturminne, planting og skjøtsel.
Tilskotsordninga prioriterer friluftsområde som:
- Ligg i og ved byar og tettstader.
- Blir eller har potensial for å bli mye brukt.
- Ligg i område med lite tilgjengeleg strandsone og stort press på areala.
- Ligg ved innlandsvassdrag.
For å få tilskot må tiltaket inngå i ein gjeldande og godkjent forvaltningsplan knytt til tilrettelegging av statleg sikra friluftslivsområde. Forvaltningsplanen skal vere utarbeida etter Miljødirektoratets «Mal for forvaltningsplan for statlig sikret friluftslivsområde». Unnatak frå kravet om bruk av mal gjerast der kommune eller friluftsråd på eige initiativ har utarbeida forvaltningsplan. Det er da ein føresetnad at planen inneheld dei opplysningane som ein ber om i malen. Fylkesmannen godkjenner forvaltningsplanen. Fylkeskommunen kan stille vilkår for gjennomføring av tiltaket.
For område verna som friluftslivsområde etter markalova er det eit vilkår at tiltaka er i tråd med verneforskrift og eventuell forvaltningsplan for området.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot skal sendast gjennom Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til fylkeskommunen i det fylke søknaden gjeld. Søknader om tilskot til friluftslivsområde verna etter markalova skal adresserast til Miljødirektoratet.
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 1. februar 2019. Alle søkarar skal få svar innan 1. april 2019.
Skjergardstenesta
Mål for ordninga og målgruppe
Midlane skal nyttast til drift og investeringar til Skjergardstenesta, og gjeld berre for dei faste einingane i Skjergardstenesta langs kysten frå Halden til og med Møre og Romsdal.
Driftsområdestyre (i Oslofjorden til og med Telemark), kommunar med eiga driftseining i Skjergardstenesta (kystkommunar i Aust- og Vest-Agder) og dei 4 interkommunale friluftsråda i Vestkystparken (driftseiningar i Skjergardstenesta) kan søke om midlar.
Kva for tiltak kan få tilskot
Midlane skal gå til å dekke utgiftene til praktisk drift og forvaltning av skjergardsparkar og andre offentleg sikra friluftslivsområde langs kysten, knytt til drifta av Skjergardstenesta i Oslofjorden, og i Skjergardsparkane på Sørlandet, i Vestkystparken og i Møre og Romsdal.
Med atterhald om eventuelle endringar i forbindelse med Stortingets vedtak av budsjettet for 2019, blir midlane til driftsområda i Skjergardstenesta fordelt på følgjande måte i 2019:
- Østfold: 2,870 mill. kroner
- Oslo og Akershus: 2,970 mill. kroner
- Vestfold: 3,105 mill. kroner
- Telemark: 3,150 mill. kroner
- Aust-Agder: 3,035mill. kroner
- Vest-Agder: 3,855 mill. kroner
- Rogaland og Hordaland: 4,015 mill. kroner
I 2019 vil midlane til driftsområde Møre og Romsdal bli fordelt direkte av Miljødirektoratet til Sunnmøre friluftsråd, da dette driftsområdet framleis er i en oppstartsfase. Frå 2020 tek ein sikte på at midlane til dette driftsområdet blir fordelt i ordinær tildeling til driftsområda.
5 mill. kroner av løyvinga er øyremerkt Skjergardstenesta sitt arbeid med fjerning av marint søppel. Desse midlane vil bli fordelt av Miljødirektoratet gjennom ein eigen prosess.
Midlane på posten skal også dekke den statlege delen av investeringskostnader knytt til kjøp og reparasjonar av nye arbeidsbåtar, jf prioritering i den vedtekne investeringsplanen.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om driftsmidlar skal adresserast til Fylkesmannen i det fylke søknaden gjeld. For Vestkystparken skal søknad i 2019 adresserast til Fylkesmannen i Vestland. For Møre og Romsdal skal søknad i 2019 sendast inn etter nærare avtale med Miljødirektoratet.
Søknad om driftsmidlar skal innehalde rekneskap og rapport for siste år, og driftsplan og budsjett for kommande år.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 1. februar 2019 for søknad om driftstilskot. Alle søkjarar skal få svar innan 15. april 2019.
Miljødirektoratet kan sette vilkår for bruk av dei statlege driftsmidlane.
Det er ikkje ein eigen søknadsfrist for søknader om investeringsmidlar til nye båtar. Denne tildelinga følgjer ein felles vedteke investeringsplan, og den einskilde driftseining får melding frå Miljødirektoratet etter kvart som det vert aktuelt å starte opp å planlegge innkjøpet. Innkjøpet skjer i samarbeid mellom lokal driftseining og Miljødirektoratet, og følgjer fastsett prosedyre. Miljødirektoratet kan sette som vilkår at staten får ein eigardel i den nye båten.
Søknader om statlege midlar til delfinansiering av store båtreparasjonar har heller ingen eigen søknadsfrist. Tiltaket skal om mogleg drøftast og avtalast med Miljødirektoratet før arbeidet tek til. Søknad sendast til Miljødirektoratet med kostnadsoverslag eller kopi av utgiftar som vedlegg. Tildeling skjer i samsvar med eigen fastsett nøkkel for kostnadsdeling.
Statlege tileigningar, bandlegging av friluftslivsområde (Kap. 1420 post 30)
For å sikre område til friluftsliv skaffar det offentlege til veie areal ved erverv av eigedomsrett eller ved avtale om varig bruksrett (servituttavtale). Det viktigaste føremålet med statlege midlar til sikring av friluftslivområde, er at friluftslivet skal styrkast som ein helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg fritidsaktivitet. Ordninga er ikkje ein tilskotspost, men inngår i rundskrivet slik at kommunar og friluftsråd blir gjort kjend med den.
Det er berre kommunar og interkommunale friluftsråd som kan søke på ordninga, men lokale lag og organisasjonar kan ta initiativ overfor kommunar og friluftsråd om å fremje sikringssøknad.
Område i nærleiken av bustadområde som er lett tilgjengelege er prioritert i ordninga. Område som kan brukast av store folkegrupper, som til dømes allment tilgjengeleg grønstruktur i og ved byar og tettstader, landfaste område i kystsona og sentrale område ved innlandsvassdrag har høg prioritet.
Søknader som er handsama og prioriterte i ein kommunal prosess etter plan- og bygningslova vil bli prioriterte. Dette aukar sjansane for at ulike interesser er ivaretekne, at sikring av friluftslivsområde skjer som ledd i ein plan for utvikling av friluftslivtilbodet i kommunen og at ein regional eller nasjonal samanheng er vurdert. For friluftsområde av nasjonal eller regional verdi kan staten medverke med inntil 100% av kostnadane. For område av hovudsakeleg lokal verdi kan staten medverke med inntil 50% av kostnadane. Ordninga kan normalt ikkje nyttast til å kjøpe bygningar. Unntak frå dette er bygningar som anten skal rivast eller som kan nyttast i friluftslivsamanheng i området.
Ordninga rettar seg særleg mot areal som blir eller vil bli intensivt nytta, og som bør leggjast til rette for friluftslivsføremål. Sikring av område for friluftsliv skal ikkje vere ein erstatning for ivaretaking av friluftslivsområde gjennom kommunale arealplanar, men vere eit supplement til slike planar.
Søknad skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.
Søknaden skal adresserast til fylkeskommunen i det fylket søknaden gjeld. Fylkeskommunen sender søknadene vidare til Miljødirektoratet med ei tilråding.
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.
Søknadsfristen er 15. januar 2019. Frist for fylkeskommunen til å sende søknadene vidare til Miljødirektoratet med ei tilråding er 1. april 2019. Miljødirektoratet handsamar søknadene, og skal gi melding til søkar om utfallet innan 1. juli 2019. Statlege midlar til føremålet vert tildelt over statleg investeringspost, og det er ingen klagerett på tildelingar.
Tilskotsordningar på forureiningsområde
Returordning for kasserte fritidsbåtar (kap 1420 post 63)
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga skal stimulere båteigarar til å levere kasserte båtar til godkjend returplass slik at fritidsbåten kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast. Tilskotet skal dekkje kostnader ved behandling ved ein kommunal eller interkommunal behandlingsplass.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tilskot til behandling av kasserte fritidsbåtar blir utbetalt til kommunale eller interkommunale behandlingsanlegg.
Kor skal søknaden sendast
Søknad skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Anlegg som miljøsanerer, forbehandlar eller behandlar kasserte fritidsbåtar må sende søknad om førehandsgodkjenning som tilskotmottakar til post@miljodir.no. Det er ingen frist for innsending av slik søknad, men det vil ikkje bli utbetalt tilskot til anlegg som ikkje har førehandsgodkjenning.
Kommunar og interkommunale avfallsselskap må sende søknad om tilskot innan 1. november kvart år, mens førehandsgodkjente mottakarar av tilskot må søkje innan 1. august og 1. november kvart år. Sjå meir om dette på Miljødirekoratets heimesider.
Førehandsgodkjente tilskotsmottakarar kan etter avtale med Miljødirektoratet og søke om tilskot utover dette.
Tilskot til kommunale anlegg og interkommunale selskap som er registrert som selvstendig rettssubjekt, private behandlingsanlegg og tilskot til båteigarar ligg under kapittel 1420 post 75.
Tilskot til opprydding i marin forsøpling (Kap. 1420 post 71)
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga skal medverke til å redusere marin forsøpling gjennom å dekkje utgifter knytte til opprydding av marint avfall og til førebyggjande arbeid. Hovudfokus skal vere på strandsona og rydding av marint avfall på sjøbotnen. Prinsippet om at forureinar betalar skal liggje til grunn for arbeidet. Opprydding der det finst ein som er ansvarleg for avfallet er ikkje omfatta av ordninga. I slike tilfelle kan styremaktene gi pålegg om opprydding, og utgiftene skal dekkjast av ansvarleg forureinar. Målgruppa for tilskotsordninga er frivillige organisasjonar og statlege, kommunale og fylkeskommunale føretak eller verksemder som er organisert som sjølvstendige rettssubjekt, som ideelle stiftingar, interkommunale avfallsselskap og friluftsråd.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tilskotsordninga prioriterer tiltak som oppfyller fleire av følgjande kriterium:
- Prosjekt som samlar aktørar, mange deltakarar og dekker større geografiske område.
- Oppryddingstiltak som er retta mot lite tilgjengelege område som truleg ikkje vil bli rydda av andre, eller stader der forsøplinga fører til svært stor skade for natur og miljø.
- Førebyggingstiltak med ein målretta plan for å engasjere og involvere spesifikke sektorar eller næringar, for eksempel gjennom distribusjon av informasjons- og undervisningsmateriell.
- Metodeutvikling som medverkar til meir effektiv opprydding over heile landet.
- Søkjarar med spesiell kompetanse innanfor det omsøkte tiltaket.
- Tiltak som sikrar ein effektiv bruk av midlane med godt dokumenterte utgiftspostar.
- Tiltak som medverkar med eigenfinansiering eller medfinansiering frå andre kjelder.
- Tiltak som inneheld konkrete, realistiske og gjennomførbare planar for gjennomføring av prosjektet
Kor skal søknaden sendast
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Mottakar av søknaden er Miljødirektoratet.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Frist for å søke om midlar blir kvart år annonsert på Miljødirektoratet si heimeside.
Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget.
Utbetaling av vrakpant, og tilskot til kjøretøy og fritidsbåtar (Kap. 1420 post 75)
Vrakpantordninga vart frå og med 1. januar 2018 utvida til å omfatte nye køyretøygrupper, som mopedar, lette og tunge motorsyklar, lastebilar, bubilar og campingvogner. Til eigarar av varebilar som vrakar sin gamle varebil med diesel- eller bensinmotor, og samstundes kjøper ein ny varebil med nullutslepp, blir det utbetalt eit ekstra tilskot. Tilskot til kommunale anlegg og interkommunale selskap som er registrert som selvstendig rettssubjekt og private behandlingsanlegg og tilskot til eigarar av fritidsbåtar ligg også under denne posten.
Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall, kapittel 4 om kasserte kjøretøy, Del IV i forskrifta omhandlar utfylling av vrakmelding og utbetaling av vrakpant.
Mål for ordninga og målgruppe
Målet for vrakpantordninga er å få eigararane til å levere kasserte kjøretøy til godkjend oppsamlingsplass slik at bilvraka blir handsama på ein forsvarleg måte og kan gjenvinnast. Målgruppa er alle bileigarar.
For dei nye kjøretøygruppene vert panten utbetalt som eit tilskot til behandlingsanlegget der eigaren får ein viss del av beløpet for å levere køyretøyet til vraking hos ein godkjend biloppsamlar. Målgruppa er alle eigarar.
Private behandlingsanlegg for fritidsbåtar kan søke om tilskot frå Miljødirektoratet gjennom tilskotsordninga for fritidsbåtar.
Kva for tiltak kan få tilskot
Det blir utbetalt pant på 3000 kroner for innlevering av bilvrak og beltemotorsyklar til godkjend oppsamlingsplass. Vrakpanten blir utbetalt av Tollregion Midt-Noreg mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjend oppsamlingsplass for handsaming.
For dei andre kjøretøygruppene vert tilskot utbetalt til behandlingsanlegget og vrakpant blir betalt til eigarane. Ved innlevering av fritidsbåtar får den enkelte eigar ein pant på 1000 kr. Tilskotet til båteigarar og private behandlingsanlegg ved kassering av fritidsbåtar, blir utbetalt av Miljødirektoratet.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Utbetaling av vrakpant skjer fortløpande.
Krav til innhald i søknaden
Rett til utbetaling følgjer av Stortinget si løyving. Meldingar om mottekne vrak er grunnlag for utbetaling.
Refusjonsordningar (Kap. 1420 post 76) med følgjande ordningar:
Refusjon av smøreoljeavgifta
Mål for ordninga og målgruppe
Målet for ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til miljøgodkjent handsaming. Refusjon/tilskot skal medverke til å redusere kostnadene for den som leverer spillolja. Den som har avfall må betale for handtering av spillolje. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg som har førehandstilsegn om tilskot frå Miljødirektoratet.
Kva for tiltak kan få tilskot
Det blir utbetalt refusjon pr. liter spillolje som fyller krava for refusjon, og blir levert til godkjend handsaming. Det blir utbetalt refusjon for brukt smøreolje og andre brukte oljar med tilsvarande eigenskapar. Det blir ikkje utbetalt refusjon for spillolje som kjem frå større skip i internasjonal sjøfart.
Oppfølging og kontroll
Oppfølginga blir ivareteke gjennom statistikk over årleg innsamla spillolje. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg for farleg avfall med førehandstilsegn frå Miljødirektoratet. I tilsegna er det fastsett vilkår som refusjonsmottakar er forplikta til å følgje. Utbetalingsoppmodinga blir kontrollert i høve til vilkåra.
Refusjon av avgift på hydrofluorkarbonar (HFK) og perfluorkarbonar (PFK)
Mål for ordninga og målgruppe
Målet med ordninga er å redusere utslepp til miljøet av hydrofluorkarbonar (HFK) og perfluorkarbonar (PFK). Målgruppa er aktørar som har HFK- og PFK-haldig avfall.
Kva for tiltak kan få tilskot
Det blir utbetalt refusjon for den mengd HFK og PFK som er levert til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere lik dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved tidspunktet for innlevering, jf. Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter § 3-18-2. Avgifta er i 2019 på 508 kroner pr tonn CO2 – ekvivalentar.
Oppfølging og kontroll
Oppfølginga blir ivareteke gjennom statistikk over årleg mengd HFK og PFK som er levert til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon. Utbetalingsoppmodinga blir kontrollert i høve til vilkåra.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Refusjonskrav kan fremjast ved søknad til Miljødirektoratet. Søknaden skal blant anna innehalde dokumentasjon av mengde og samansetting av gassen, og det skal leggjast til rette for kontroll av at gassen blir forsvarleg destruert. Miljødirektoratet kan gi nærmare opplysningar om søknadsprosedyre, og dei krav som blir stilt.
Miljødirektoratet kan fastsetje nærare reglar for utbetaling av refusjon i dei tilfella der HFK- og PFK-haldig avfall blir eksportert.
Oppryddingstiltak (Kap. 1420 post 69)
Mål for ordninga og målgruppe
Ordninga skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunane har til å undersøke og gjennomføre oppryddingstiltak på land og i botn i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøfarlege stoff. Målgruppa er kommunar, og midlane skal nyttast til delfinansiering av oppryddingstiltak i kommunal regi, òg der fleire aktørar er med på å finansiere tiltaket. Kommunen må normalt sjølv medverke med midlar.
Kva for tiltak kan få tilskot
Omtala av kap. 1420 post 39 i Prop. 1 S (2018-2019) for Klima- og miljødepartementet inneheld føringar som også gjeld for kap. 1420 post 69. jf. også omtale i Forskrift om tilskudd til oppryddingstiltak i forurenset grunn og forurenset botn i sjø og ferskvan, av 16/6/2015 nr. 808.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknader skal sendast til Miljødirektoratet. Søknader blir handsama løpande av Miljødirektoratet, men Miljødirektoratet kan sette fristar for søknadshandsaming inn mot dei enkelte års budsjett – jf. informasjon på Miljødirektoratets heimeside om forureina grunn og forureina sjøbunn. Her finn ein også informasjon om krav til innhaldet i søknaden.
Der tiltak er samansette og komplekse, kan det vere ein fordel at det er dialog med Miljødirektoratet før ein søknad blir laga. Ein tilrår av den grunn kontakt med Miljødirektoratet for å klarleggje krava til den einskilde søknad på førehand.
Oppryddingstiltak (Kap. 1420 post 79)
Mål for ordninga og målgruppe
Ordninga skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunale og interkommunale selskap og verksemder, private verksemder og privatpersonar har til å undersøkje og til å gjennomføre oppryddingstiltak i grunn på land og botn i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøfarlege stoff. Målgruppa er slike verksemder og privatpersoner, og midlane skal nyttast til delfinansiering av tiltaka.
Kva for tiltak kan få tilskot
Omtala av kap. 1420 post 39 i Prop. 1 S (2018-2019) for Klima- og miljødepartementet, inneheld føringar og kriteriar som også gjeld for kap. 1420 post 79. Jf. også omtale i Forskrift om tilskudd til oppryddingstiltak i forurenset grunn og forurenset botn i sjø og ferskvan, av 26/6/2015 nr. 808.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknader skal sendast til Miljødirektoratet. Søknader blir handsama løpande av Miljødirektoratet, men Miljødirektoratet kan sette frister for søknadshandsaming inn mot dei enkelte års budsjett – jf. informasjon på Miljødirektoratets heimeside om forureina grunn og forureina sjøbunn. Her finn ein også informasjon om kravet til innhald i søknaden.
Der tiltak er samansette og komplekse kan det vere ein fordel at det er dialog med Miljødirektoratet før ein søknad blir laga. Ein tilrår av den grunn kontakt med Miljødirektoratet for å klarleggje krav til innhald i den einskilde søknad på førehand.
Tilskot til kulturminnetiltak
Tilskot til kulturminnetiltak (Kap. 1429 post 50, 60, 70, 71, 72, 73,74, 75, 77 og 79)
Generell omtale
Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvaltninga, og gir råd og rettleiing i faglege spørsmål til Klima- og miljødepartementet. Riksantikvaren forvaltar tilskotsmidlane over postane 60, 70, 71, 72, 73, 74, 75, 77 og 79.
Hovudføremålet for kulturminneforvaltninga er at eit mangfald av kulturminne, kulturmiljø og landskap skal takast vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk. Ein må sjå tilskotsmidlane i denne samanheng. For manga av tilskotsordningane vil eigar ha ansvaret for gjennomføring av tiltak. I andre høve kan det vere føremålstenleg at Riksantikvaren, fylkeskommunen, Sametinget, dei arkeologiske forvaltningsmusea eller kommunane er ansvarlege i samarbeid med eigar. For dei ordningar kor det er relevant bør tilskotsmidlane kombinerast med ordningar for opplæring som kan heve kunnskapsnivået innan antikvarisk istandsetjing. Det blir lagt vekt på utvikling av handverkskompetanse og bruk av tradisjonelle handverksteknikkar og materiale
Kor skal søknaden sendast
For dei fleste ordningane skal søknaden sendast fylkeskommunen som vurderer og prioriterer tiltaka før dei etter søknad får overført midlar frå Riksantikvaren. For nokre tilskot skal søknad sendast direkte til Riksantikvaren, og for nokre tilskot skal det ikkje sendast søknad i det heile tatt. Sjå omtale av de einskilde ordningane nedanfor. Ta kontakt med fylkeskommunen om det er behov for meir informasjon. Søknad om tilskot til arbeid med samiske kulturminne og kulturmiljø skal sendast til Sametinget.
For dei tilskotsordningane kor det skal sendast søknad, kan ein få søknadsskjema ved å vende seg til fylkeskommunen, Riksantikvaren eller Sametinget. I fylke der det ikkje finst eige søknadsskjema, skal søknaden følgje Krav til innhald i søknaden i dette rundskrivet. Det same gjeld for søknadar som skal sendast direkte til Riksantikvaren.
Søknadsfrist
Søknadsfristen til Riksantikvaren varierer. For nokre tilskot er det ingen søknadsfrist, og for nokre tilskot skal det ikkje sendast søknad. Sjå under dei ulike postane. Søknadar som først skal handsamast av fylkeskommunane eller Sametinget må sendast fylkeskommunen eller Sametinget i god tid før dette. Fylkeskommunane og Sametinget kan ha ulike tidsfristar, sjå under kvar enkelt tilskotspost.
Krav til innhald i søknaden
I. Krav til identifikasjon av søkjar:
- Namn, adresse, eventuelt kontaktperson.
- Telefonnummer
- Bankkontonummer, og eventuelt organisasjonsnummer i Brønnøysundregisteret.
- Er søkjar eigar og/eller forvaltar av kulturminnet?
- Har søkjar ekstern revisor eller rekneskapsførar?
- Er søkjar mva-pliktig eller har han rett til mva-kompensasjon?
II. Krav til fagleg omtale av prosjektet/tiltaket som det blir søkt om pengar til:
- Namn eller adresse på objektet som ein søker tilskot til.
- Kva for tiltak som planleggjast.
- Framdriftsplan for prosjektet/tiltaket.
- Beløp som det vert søkt om.
- Korleis prosjektet/tiltaket er planlagt gjennomført (til dømes bruk av arkitekt, handverkarar, eigeninnsats).
- Referansar frå prosjektleiar og utførande handverkarar frå liknande oppdrag.
III. Krav til økonomisk omtale av prosjektet/tiltaket:
Utgifter spesifisert på:
- Løn inkl. feriepengar og arbeidsgjevaravgift.
- Forbruksmateriell.
- Reiser, transport, opphald.
- Konsulenthjelp.
- Andre utgifter (spesifisert). Finansiering spesifisert på:
- Eigenandel/eigeninnsats.
- Riksantikvaren eller fylkeskommunen/Sametinget (kap. 1429 postane 70, 71, 72, 73, 74, 75 og 79).
- Andre departement eller direktorat.
- Tilskot frå kommunen, eller tilskot frå fylkeskommunen som ikkje er statsmidlar.
- Anna finansiering (spesifisert).
Det må vere samsvar mellom budsjettering og summen det søkast om.
Kostnadsoverslag og tilbod frå utøvande handverkar, arkitekt m.v. skal følgje søknaden, likeeins beskriving av tiltaket med teikningar og eventuelle fotografi. Vidare må søknaden innehalde ei utgreiing av om tiltaket eller delar av tiltaket kan gjennomførast ved mindre tilskot enn omsøkt. Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt bli spesifisert.
Dersom søkjaren er ein organisasjon/institusjon, må søknaden fremjast av leiinga for organisasjonen/institusjonen. Dersom ei verksemd er mottakar av tilskot til drift, må ho kunne leggje fram vedtekter, statuttar e.l. og organisasjonsplan eller oversikt over styringsstrukturen i verksemda.
For anna informasjon om tilskotsordningane blir det vist til omtala av desse i Prop. 1 S (2018-2019) for Klima- og miljødepartementet. Fylkeskommunen eller Riksantikvaren kan også gi meir informasjon.
Rapportering
Tilskotsmottakar må levere sluttrapport på utført arbeid, under dette ein økonomisk rapport. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrav blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva.
Omtale av dei einskilde ordningane
Tilskot til kulturminnearbeid i kommunane (kap. 1429 post 60)
Mål for ordninga og målgruppe
Målet med ordninga er å styrke kompetansen om kulturminne i kommunane og få betre oversyn over verneverdige kulturminne. Ordninga legg til rette for dette gjennom arbeid med kulturminneplanar i kommunane.
Tiltak som kan få tilskot
Det blir gitt tilskot til kommunar som ønskjer å sette i gang, nyleg har sett i gang eller vil rullere eksisterande kulturminneplan. Tilskot blir òg gitt til kompetansemodellar som styrkjer arbeidet lokalt og regionalt. Dette gjeld samarbeid mellom fylkeskommunar, kommunar, museum og Sametinget. Òg særskilte satsingar i kommunane kan komme inn under tilskotsposten.
Kor skal søknaden sendast
Søknaden skal sendast fylkeskommunen som sender den vidare til Riksantikvaren.
Krav til innhald i søknaden
Søknaden må innehalde:
- Omtale av prosjektet, organisering av arbeidet, framdrift, budsjett og finansiering for arbeidet fram til vedtatt plan.
- Politisk vedtak om oppstart av planarbeidet.
Vi viser elles til invitasjonskriv.
Søknadsfrist
Søknadsfristen til Riksantikvaren er 15. januar 2019.
Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne (Kap. 1429 post 70)
Mål for ordninga og målgruppe
Målet med tilskotsordninga er å medverke til forvaltning og sikring av kunnskapen om automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne. Tilskotsordninga har fire målgrupper:
- Private tiltakshavarar.
- Private eigarar og forvaltarar av automatisk freda arkeologiske kulturminne.
- Forvaltingsinstitusjonar med ansvar for arkeologiske kulturminne etter gjeldande forskrift.
- Ordninga dekkjer òg finnarløn.
Tiltak som kan få tilskot
- Arkeologiske registreringar og utgravingar jf. forpliktingar omtalt i §§ 8, 9 og 10 i kulturminnelova.
- Staten dekkjer som hovudregel utgiftene til utgravingar av arkeologiske kulturminne i samband med mindre private tiltak, jf. kulturminnelova § 10.
- Når særlige grunnar ligg føre kan Riksantikvaren fastsetje at utgiftene til arkeologiske registreringar eller utgravingar heilt eller delvis skal dekkjast av staten, jf. kulturminnelova § 10.
- Sikring av arkeologiske kulturminne i saker kor det ikkje finns ein tiltakshavar eller eit konkret tiltak. Dette gjeld til dømes i saker kor arkeologiske kulturminne er utsett for skade som følgje av erosjon, flaum eller andre plutselege hendingar.
- Skjøtsel, restaurering og formidling og tiltak som gir auka tilgjenge eller som medverkar til å avgrense slitasjen på kulturminna. Tiltak der mellom anna lokalt engasjement og særlege opplevings- og formidlingsverdiar er knytte til kulturminne skal prioriterast. Tilskot er knytt opp mot bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne og bevaringsprogrammet for bergkunst. (Sjå punkt 2 under når det gjeld kor søknaden skal sendast og søknadsfrist.)
- Finnarløn som blir fastsett etter skjønn av Riksantikvaren i medhald av kulturminnelova § 13.
For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga.
Kor skal søknaden sendast
Det skal ikkje sendast eigen søknad om tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre, private tiltak. Ved handsaming av “Søknad om løyve til inngrep i automatisk freda kulturminne” vurderer Riksantikvaren alltid om søknaden gjeld eit mindre, privat tiltak. Utgiftene til arkeologiske undersøkingar vert i så fall heilt eller delvis dekte av staten. Tiltakshavar kan søke om dekning av utgifter til arkeologiske undersøkingar dersom det ligg føre særlege grunnar. Søknad skal primært følgje søknad om løyve til inngrep i automatisk freda kulturminne, men ein kan også søke i ettertid. Søknad om løyve til inngrep i automatisk freda kulturminne skal sendast Fylkeskommunen eller Sametinget, eller Riksantikvaren for så vidt angår kyrkjer, klostre, byanlegg m.v. frå mellomalder. Søknad om dekning av utgifter i ettertid, skal sendast Riksantikvaren.
Søknad om sikring av arkeologiske kulturminne skal sendast Riksantikvaren.
Søknad om tilskot frå bevaringsprogram for utvalde arkeologiske kulturminne og bevaringsprogrammet for bergkunst skal sendast Riksantikvaren
Ein kan ikkje søke om å få finnarløn. Dei arkeologiske musea skal alltid vurdere innstilling om finnarløn, og sende saka vidare til Riksantikvaren om det er aktuelt.
Søknaden skal sendast fylkeskommunen som handsamar søknadane og sender dei vidare til Riksantikvaren. Det skal ikkje sendast søknad for øyremerkte midlar.
Søknadsfrist
Det er ingen søknadsfrist ved dekning av utgifter til arkeologiske undersøkingar der det ligg føre særlege grunnar. “Søknad om løyve til inngrep i automatisk freda kulturminne” kan leverast heile året.
For søknad om tilskot frå bevaringsprogram for utvalde arkeologiske kulturminne og bevaringsprogrammet for bergkunst er søknadsfristen Riksantikvaren 15. januar 2019.
Krav til innhald i søknaden
For punkt 2 over sjå under generell omtale over. For søknader om tilskot til skjøtsel stiller Riksantikvaren krav om skjøtselsplan. Riksantikvaren kan hjelpe til med å utarbeide ein slik plan.
Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap (Kap. 1429 post 71)
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga går i hovudsak til Bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige (under dette også freda samiske bygningar). Målet er at freda og andre særleg verdifulle kulturminne, kulturmiljø og landskap i privat eige skal vere sett i stand til ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020. Tilskotsordninga følgjer opp dei statlege pliktene i kulturminnelova. Det vil seie å gi heilt eller delvis vederlag til private eigarar av freda kulturminne til fordyrande arbeid som følgjer av vilkår for dispensasjon, og til spesielt tyngande vedlikehaldsansvar, jf kulturminnelova.
Tilskotsordninga har tre målgrupper:
- Private eigarar og forvaltarar av freda bygningar og anlegg.
- Private eigarar og forvaltarar av freda eller spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø som er typiske for liv og verksemd langs kysten.
- Private eigarar og forvaltarar av dei freda kulturmiljøa, samt andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap.
Private eigarar og forvaltarar kan vere einskildpersonar, stiftingar, styret i foreining. Organisasjon eller sameige, kyrkjesokn, sokneråd, frivillige organisasjonar eller liknande. Riksantikvaren kan sjølv initiere tiltak innanfor særlege satsingsområde. Det er også mogleg for fylkeskommunane på vegne av eigarar å søke om midlar til større oppgåver for kulturminne som har nasjonal verdi.
Tiltak som kan få tilskot
Tilskot blir fordelt til bygningar og anlegg frå etter 1537, inkl. automatisk freda samiske bygningar og anlegg, kulturmiljø og landskap som er vedtaksfreda, mellombels freda eller der fredingssak er under behandling. Tilskot gis til heil eller delvis dekking av meirutgifter i samband med istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel i tråd med fredingsføremålet. Inventar og interiør som vert omfatta av fredinga er også omfatta av ordninga.
Tilskot til viktige sikrings- og istandsettingstiltak blir tildelt etter følgjande prioriteringar: Tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring og tiltak som sikrar bygningar og anlegg det finst få av. I arbeidet med kystkulturen skal det leggjast til rette for at kulturminne og kulturlandskap kan medverke til å skape attraktive lokalsamfunn. Tilskot til verdifulle kulturmiljø og landskap skal primært tildelast tiltak som er forankra i forvaltnings- og skjøtselsplanar.
Tilskotsmidlar til skjøtsel av kulturmiljø som er freda etter kulturminnelova, og andre særleg viktige kulturmiljø og landskap, skal primært nyttast til å setje i stand, skjøtte og sikre verdiane. Tiltaka bør medverke til å utvikle prinsipp og modellar for god forvaltning. Ein vil prioritere prosjekt som er samordna med andre tiltak og har overføringsverdi. Dei freda kulturmiljøa vil bli prioriterte ved tildeling av tilskot. Bruk av tradisjonelle materialar, teknikkar og handverk og opplæring og kunnskapsoppbygging er også viktige grunnar for tildeling av tilskot.
Riksantikvaren kan også sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt.
Kor skal søknaden sendast
Søknaden skal sendast til fylkeskommunen eller Sametinget.
Søknadsfrist
Fylkeskommunane og Sametinget har eigne søknadsfristar som ein kan få opplyst ved å vende seg dit.
Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne (Kap. 1429 post 72)
Mål for ordninga og målgruppe
Målet med bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne er å setje i stand og vedlikehalde det definerte omfanget av dei 15 prioriterte tekniske og industrielle anlegga. Tilskotsmidlane skal prioriterast til istandsetting av det definerte omfanget av dei 15 anlegga. Dei ti opphavlege anlegga i bevaringsprogrammet skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan utgangen av 2015, mens dei fem anlegga som er inkluderte i programmet i ettertid skal vere sette i stand i løpet av tre til fem år etter at dei kom med i programmet. For å styrkje kompetansen innan forvaltning, drift og vedlikehald, og medverke til nettverksbygging, samarbeid og auka kunnskap omkring denne typen kulturminne, arrangerer Riksantikvaren eit årleg fagseminar for anlegga i programmet. Det er ei målsetjing at dette forumet blir ført vidare og utvikla.
Kriterium for måloppnåing
Tilstandsgrad
Anlegga skal vere sett i stand og ha eit normalt vedlikehaldsnivå med minimum tilstandsgrad 2 i eksteriør.
Interiør/maskinpark skal vere sett i stand og ha eit normalt vedlikehaldsnivå der dette er vurdert som ein del av anlegget sitt omfang. Dette må ikkje forvekslast med drift eller produksjon, men inngår som ein del av det fortløpande vedlikehaldet av anlegga.
Anlegga er sjølve ansvarleg for å oppdatere objektas tilstandsgrad gjennom årleg revisjon av virksomhetsplanen.
Virksomhetsplan
Det er utarbeida virksomhetsplanar for anlegga i bevaringsprogrammet. Planane tar for seg anlegga sine resterande behov for sikring, istandsetjing og vedlikehald. Desse skal gi forvaltninga og anlegga ei felles forståing av behov fram mot normalt vedlikehaldsnivå – istandsett. Istandsett må i denne samanhengen ikkje forvekslast med sluttført eller ferdigstilt.
Som ein del av arbeidet med årleg revisjon av planane skal det i 2019 også gjennomførast ein risikovurdering av anleggas omfang knytt opp mot brann, klima/miljø/naturskader mm.. Det kan bli gitt eit mindre tilskot til dette arbeidet over post 72.
Tildelingskriterium
Målgruppa er eigarar og forvaltarar av tekniske og industrielle kulturminne.
Riksantikvaren fordeler midlane på posten etter søknad til konkrete tiltak innanfor sikring, istandsetting og vedlikehald av tekniske og industrielle kulturminner, primært på dei 15 anlegga i bevaringsprogrammet. Tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og tiltak for å fullføre arbeid som er i gang med istandsetjing og vedlikehald skal prioriterast ved tildeling av tilskot. Det kan òg bli løyvd midlar til andre anlegg som representerer og dokumenterer Noregs tekniske og industrielle historie. I tillegg kan Riksantikvaren sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak. Det blir ikkje gitt tilskot til formidling eller annan museal drift og/eller verksemd.
Forvaltning, drift og vedlikehald
Til anlegga i bevaringsprogrammet blir tilskot til forvaltning, drift og vedlikehald (FDV) prioritert. Tilskot til FDV bidrar til å vidareføre vern gjennom å opprettholde kompetanse og forbedre anleggets tilstandsgrad. Innanfor rammane av dette kan tilskotet dekkje kostnader som er naudsynte for at bygg, tekniske system og installasjonar skal fungere.
FDV-stillingar som får tilskot til løn frå Riksantikvaren skal primært følgje opp vedlikehald og istandsetting av dei objekta som inngår i Riksantikvaren sitt bevaringsprogram. Ein mindre del av tilskotet til løn kan nyttast til eigenadministrasjon.
Poster som ikkje skal prioriterast ved tilskot:
- Trygding
- Telefon/internett
- Kommunale skatter, avgifter og renovasjon
- Vakthald
- Museal verksemd og formidling
- Drivstoff, drift og vedlikehald av biler og større verktøy, der det ikkje er avtalt særskilt
- Nye stillingar, unntaket er der det er kompetanseoverføring/lærlingar/innleid hjelp
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 1. november 2019.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakaren skal levere sluttrapportar på utført arbeid til Riksantikvaren som ser til at arbeida er utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra. Kontrollen av tilskotsmottakaren skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og innsende rapportar. Oppfølging på staden er særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet vert utført i samsvar med økonomireglementet for staten og antikvariske retningslinjer.
Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring (Kap. 1429 post 73)
Mål for ordninga og målgruppe
Dei 28 stavkyrkjene blei ferdig sett i stand i 2015. No skal dei haldast i stand gjennom jamt vedlikehald. Prioriterte ruinar og profane bygningar frå mellomalderen skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020. Branntilløp og brann i stavkyrkjer, og brann mellom hus i tette trehusmiljø, skal unngåast.
Målgruppa er private eigarar og forvaltarar av automatisk freda bygningar og anlegg frå mellomalderen, og av utvalde tette trehusmiljø. Private eigarar og forvaltarar kan vere einskildpersonar, stiftingar, styret i foreining/organisasjon/sameige, kyrkjesokn, sokneråd og frivillige organisasjonar eller liknande.
Tiltak som kan få tilskot
Tilskot blir fordelt til private eigarar av profane bygningar frå mellomalderen og eigarar og forvaltarar av prioriterte ruiner frå mellomalderen, og til kommunar med utvalde tette trehusmiljø. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Tilskot blir gitt til vern, sikring og beredskapsarbeid, under dette brannsikringstiltak, vedlikehald av stavkyrkjene og sikring og konservering av verdifull kyrkjekunst i disse kyrkjene. Det kan også ytast tilskot til sikrings- og restaureringstiltak på mellomalderbygningar og mellomalderruinar. Det blir lagt vekt på prosjekt som har overføringsverdi for brannsikring til andre verdifulle kulturminne og kulturmiljø, og på utvikling av handverkskompetanse og bruk av tradisjonelle handverksteknikkar og materialar.
Tiltak for istandsetting skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren. Riksantikvaren kan sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak på særleg viktige prosjekt.
Kor skal søknaden sendast
Søknader sendast Riksantikvaren som fordeler midlane direkte.
Søknadsfrist
Søknadsfrist til Riksantikvaren er 15. januar 2019.
Krav til innhald i søknaden
Sjå under generell omtale over.
For ruinar stiller Riksantikvaren krav om at det skal lagast ein plan for skjøtselen. Riksantikvaren kan hjelpe til med å utarbeide ein slik plan.
Tilskot til Fartøyvern (Kap. 1429 post 74)
Mål for ordninga og målgruppe
Målet med tilskotsordninga er å sikre og setje i stand freda fartøy og eit utval av fartøy som er tildelt status som verna skip, der eigar skriftleg har akseptert å følgje Riksantikvaren sine antikvariske retningsliner. Målgruppa er eigarar og forvaltarar av freda fartøy og fartøy der det er inngått avtale mellom Riksantikvaren og eigar om status som verna skip.
Kriterium for måloppnåing
- Fartøy blir sikra mot tap
- Fartøy oppnår forbetra tilstandsgrad
- Fartøy haldast i operativ stand
- Fartøy beheld sertifikata
Tildelingskriterium
Riksantikvaren fordeler midlane etter søknad til konkrete restaurerings-, istandsetjings og vedlikehaldsarbeid. Tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og fartøy som det finst få av, blir prioritert. I tillegg kan Riksantikvaren sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak. Eit grunntilskot til Norsk Foreining for Fartøyvern blir utbetalt over denne posten etter søknad frå foreininga.
Tilskot til viktige sikrings- og restaureringstiltak vil bli tildelte etter vurdering av følgjande ved fartøya:
- allmenn interesse
- offentleg tilgang
- økonomisk gjennomføringsvilje og -evne
- potensiale for lokalt engasjement
- særlege opplevings- og formidlingsverdiar
Tiltak som får tilskot skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med andre retningslinjer frå Riksantikvaren. For å sikre ei kostnadseffektiv gjennomføring av vedlikeholds- og istandsettingstiltak, skal Riksantikvaren prioritere fartøy med kjent tilstand og ein teknisk-historisk dokumentasjonsrapport.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 1. november 2019.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar skal levere sluttrapport på utført arbeid. Rapporten skal òg omfatte ein økonomisk rapport til Riksantikvaren. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Riksantikvaren kontrollerer at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. Oppfølging på staden er særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet vert utført i samsvar med økonomireglementet for staten og antikvariske retningslinjer.
Tilskot til fartøyvernsenter (Kap. 1429 post 75)
Mål for ordninga og målgruppe
Norsk fartøyvern følgjer prinsippet om vern gjennom bruk. Dette medfører at fartøya må haldast operative, og i størst mogleg grad vere tilgjengelege for publikum. Gjennom fellestenestene skal fartøyvernsentra medverke til at naudsynte handverk innan vedlikehald og istandsetjing av historiske fartøy blir bevart i eit langsiktig perspektiv.
Føremålet med dei tre fartøyvernsentra er at kunnskap knytt til eldre handverksmetodar, «handlingsboren kunnskap», blir bevart i så stor grad som mogleg og gjort tilgjengeleg for forvaltinga, fartøyeigarar og andre verft og båtbyggerier. Tilskot frå post 75 skal sikre at dei tre fartøyvernsentra kan utføre fellestenestene uavhengig av økonomiske konjunkturar i samfunnet.
I 2017 utførte Riksantikvaren ei evaluering av fartøyvernsentra. Dei nye fellestenestene gjeld frå og med 2019, jf. Nasjonal verneplan for fartøy.
Kriterium for måloppnåing
- Bevaring og tilgjengeligjering av kunnskap om eldre handverksteknikkar.
- Produksjon, innsamling og deling av kunnskap: Faktaark, dokumentasjon, rapporter.
- Dokumentasjon av utførte oppdrag
Tildelingskriterium
Riksantikvaren gir tilskot til løn til fartøyvernkonsulentar ved dei tre fartøyvernsentra Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter ved Kristiansand, Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund og Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum i Gratangen. Tilskota skal sikre at sentrene kan utføre oppgåver innanfor fellestenestane. Gjennom fellestenestane skal fartøyvernsentra medverke til at handverk og handverksutviklin, innan vedlikehold og istandsetting, gjennom dokumentasjon av fartøy, blir bevart i eit langsiktig perspektiv. Fartøyvernsentra får oppdrag knytt til fellestenestene av Riksantikvaren.
Søknadsfrist
Posten har søknadsfrist 1. oktober 2019. Dei tre sentra må levere søknad med framlegg til budsjett og disponering av timebruk for oppgåver innan fellestenestene, samt eventuelle investeringar i anlegg og utstyr. Tilskot frå posten skal prioriterast etter vurdering av sentra sine søknader. Det er ikkje eit krav at midlane fordelast likt mellom dei tre sentra.
Oppfølging og kontroll
For å sikre at tiltak er gjennomførte i tråd med formålet med tilskotet, skal Riksantikvaren sjå til at mottakar av tilskota rapporterer og leverer sluttrapportar etter Riksantikvarens fastsatte rutiner. Oppfølging på staden og i kvartalsvise samarbeidsfora med dei tre fartøyvernsentra er viktig. Kontrollen i høve tilskotsmottakarar skjer i samsvar med økonomireglementet, gjennom møte, generell formalia- og sannsynskontroll av revidert årsrekneskap og årsmelding frå fartøyvernsentra.
Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap. 1429 post 77)
Mål for ordninga og målgruppe
Post 77 skal medverke til oppfølging av nasjonale mål og satsingar på kulturminnefeltet ved å legge til rette for at kulturminne, kulturmiljø og landskap blir integrert i lokal og regional utvikling. Tilskot frå posten skal stimulere til forpliktande samarbeid og partnerskap mellom offentlege og private aktørar over sektorgrensar og mellom forvaltningsnivåa.
Tiltak som kan få tilskot
Tilskot kan bli gitt til prosjekt, tiltak og aktivitetar som revitaliserar og tar i bruk kulturminne, kulturmiljø og landskap til økonomisk, miljømessig, sosial og kulturell verdiskaping.
Søknadene må klargjere korleis prosjekta vil medverke til mål vedtekne i lokale og regionale planar og strategiar, og beskrive betydninga for viktige utviklingsfelt som næring, betring av attraktivitet, miljø, folkehelse, integrering og demokratisk deltaking.
For 2019 prioriterast i tillegg søknader som:
- Større prosjekt som sikrar at kulturminne, kulturmiljø og landskap blir integrert i lokal og regional utvikling.
- Baserer seg på samhandling mellom regionalt og kommunalt nivå og lokale aktørar.
- Omfatter integrering gjennom sysselsettingstiltak og demokratisk deltaking.
- Har ein klimavennlig profil.
- Inkluderar tema som frivillighet og folkehelse.
Søknadene må redegjee for korleis prosjekta kan bygge opp under nasjonale og regionale mål og satsingar på kulturminnefeltet. Det må framgå korleis prosjektet er koordinert med andre verkemiddel og arbeidsfelt i kulturminnesektoren, og korleis prosjektet vil kunne påverke den langsiktige forvaltninga av kulturminne.
Andre moment ved vurderinga av søknadene er:
- Korleis samarbeidet mellom aktørane er lagt opp.
- Korleis ulike verkemiddel, innsats og kompetanse er tenkt å gå saman.
- Korleis innbyggjarane blir involvert i prosjektet.
- Korleis prosjektet legg opp til dokumentasjon av resultat og formidling av erfaringar.
- Korleis prosjektet vil medverke til ny kunnskap og læring, lokalt, regionalt eller nasjonalt.
Tilskotet kan dekke opptil 50 % av prosjektkostnadene.
Riksantikvaren kan prioritere utvalte satsingsområde for det enkelte år, og gi nærare krav til søknadene i brev til fylkeskommunane og Sametinget.
Kor skal søknaden sendast
Søknader sendast til fylkeskommunane, eventuelt også Sametinget om prosjektet gjeld samiske kulturminne, kulturmiljø og landskap. Fylkeskommunane og Sametinget koordinerer søknadene, og gir innstilling til Riksantikvaren.
Søknadsfrist
Søknadsfristen til Riksantikvaren er 15. januar 2019.
Krav til innhald i søknaden
Sjå under generell omtale over.
Tilskot til verdsarven (Kap. 1429 post 79)
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga er knytt til Bevaringsprogrammet for verdsarven. Målgruppa er områda i Noreg som er innskrivne eller under nominasjon til Unescos verdsarvliste. Noreg har per i dag åtte verdsarvområde. Målet med ordninga er å forvalte stadene på Unescos verdsarvliste i tråd med forpliktingane i Unescos verdsarvkonvensjon og dei internasjonale retningslinene for implementeringa av Konvensjonen og andre gjeldande internasjonale dokument for bevaring av dei framifrå, universelle verdiane (OUV) frå Unesco.
Tiltak som kan få tilskot
Tilskot blir gitt til eigarar og forvaltarar i stader i Noreg som står på Unescos verdsarvliste. Dette er for tida åtte stader. Tilskot blir gitt til prosjekt for sikring, istandsetjing, overvaking og andre naudsynte tiltak for kulturminne, kulturmiljø og landskap i verdsarvområde.
Riksantikvaren kan sjølv initiere viktige tiltak. Det er også mogleg for fylkeskommunane på vegne av eigarar å søke om midlar til større oppgåver.
Kor skal søknaden sendast
Søknader for Urnes stavkyrkje og Bergkunsten i Alta skal sendast til Riksantikvaren. For Bryggen i Bergen, Vegaøyane, Vestnorsk fjordlandskap, Rjukan-Notodden industriarv og Struves meridianbue skal søknader sendast dei respektive fylkeskommunane. For Røros bergstad og Circumferensenskal søknader for freda bygningar i privat eige sendast fylkeskommunen, andre søknader sendast kommunane, mens søknader frå kommunane sendast Riksantikvaren.
Søknadsfrist
Kommunane og fylkeskommunane har eigne søknadsfristar som ein kan få opplyst ved å vende seg dit. Sjå under generell omtale ovafor. Søknadsfrist til Riksantikvaren er 15. januar 2019.
Krav til innhald i søknaden
Sjå under generell omtale over.
Norsk kulturminnefond - Tilskot til disposisjon for kulturminnetiltak (Kap. 1432 post 50)
Mål for ordninga og målgruppe
Målet med ordninga er å styrke arbeidet med å ta vare på verneverdige kulturminne og kulturmiljø, og medverke til at eit mangfald av desse kan nyttast som grunnlag for framtidig oppleving, kunnskap, utvikling og verdiskaping. Ordninga skal medverke til å redusere tapet av verneverdige kulturminne. Det kan også søkast om tilskot til freda kulturminne. Målgruppa er private eigarar og forvaltarar, under dette einskildpersonar, stiftingar, ideelle organisasjonar, frivillige organisasjonar og liknande.
Tiltak som kan få tilskot
Tilskot blir primært gitt til tiltak som fører til vern og sikring av verneverdige kulturminne og kulturmiljø, og til å hindre tap av kulturminne. Tilskot kan også gis til freda kulturminne og kulturmiljø. Tilskot til prosjekt som fremjar verdiskaping, handverk, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet blir prioriterte. Vidare blir prosjekt som gir synergieffektar, og som løyser ut private midlar eller betydeleg eigeninnsats prioriterte.
Kor skal søknaden sendast
Søknad skal sendast Norsk kulturminnefond.
Søknadsfrist
Ingen søknadsfrist. Søknader vert handsama fortlaupande.
Krav til innhald i søknaden
Sjå heimesida til Norsk kulturminnefond og Forskrift om vedtekter for Norsk Kulturminnefond.
Oversikt over andre tilskotsordningar som er aktuelle for kulturminne og kulturmiljø
Det finst også tilskotsordningar som forvaltast av andre enn Riksantikvaren som kan vere aktuelle å søke om midlar frå til kulturminne- og kulturverntiltak, mellom anna Landbruksdirektoratet – spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL), under dette ivaretaking av natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap.
Tilskot til klimatiltak
Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing (Kap. 1420 post 61) med følgjande to ordningar:
Tilskot til kommunale klimatiltak (Klimasats)
Forskrift for ordninga ligg her.
Mål for ordninga og målgruppe
Formålet er å fremje klimatiltak i kommunar og fylkeskommunar ved å støtte prosjekt som medverker til reduserte utslepp av klimagassar og omstilling til lågutsleppssamfunnet.
Kva for tiltak kan få tilskot
Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om midlar til 5 ulike formål: Klimavennleg areal- og transportplanlegging, klimavennleg transport, klimagassreduserande tiltak i andre sektorar, forprosjekt for klimagassreduserande tiltak og interkommunale nettverk for kompetanseheving og deling av erfaring. Detaljerte kriterium finst på www.miljokommune.no.
Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar om det er nødvendig for å handsame søknaden.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. februar 2019.
Søknadene blir handsama innanfor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.
Dersom det vert fleire søknadsfristar gjennom året vert desse kunngjort på Miljødirektoratet.no, og i nyhetsbrev frå Miljødirektoratet.no og Miljøkommune.no.
Tilskot til klimatilpassing i kommunane
Forskrift for ordninga ligg her.
Mål for ordninga og målgruppe
Målet med tilskotsordninga er å styrkje kommunane sitt arbeid med klimatilpassing.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tilskotsordninga skal fremme arbeidet med klimatilpassing i kommunar og fylkeskommunar ved å medverke til auka kunnskap om korleis klimaendringane rører ved kommunane og fylkeskommunane, og kva slag tiltak som må setjast i verk for å møte klimaendringane
Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om midlar til tiltak som:
- Medverker til å heve kunnskapen om korleis klimaendringar påverkar kommunen og fylkeskommunen sine ansvarsområde, eller gjer kommunane betre rusta til å møte klimaendringane.
- Gir kunnskap om klimatilpassing, og som medverker til utarbeiding av kommunale eller regionale planar eller utøving av mynde.
- Gir kunnskap og erfaringar som medverker til å styrkje den interne kompetansen om klimatilpassing i kommunen eller fylkeskommunen. For ytterlegare informasjon, sjå Miljødirektoratets nettside.
Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar om det er nødvendig for å handsame søknaden.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. februar 2019.
Søknadene blir handsama innanfor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.
CO2-kompensasjonsordning for industrien (Kap. 1420 post 74)
Mål for ordninga og målgruppe
Målet med tilskotsordninga er å kompensere norsk industri for auka kraftprisar som følgje av EUs kvotesystem for CO2-utlepp.
Kva for tiltak kan få tilskot
Ordninga omfattar industriverksemder i alle 15 sektorar som i høve til EUs retningslinjer har moglegheit for støtte. Kompensasjonen skal redusere faren for karbonlekkasje og slik hindre auke i globale utslepp som følgje av utflytting av industri til land med mindre stram klimapolitikk.
For ytterlegare informasjon, sjå Miljødirektoratets nettside.
Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden
Søknad om kompensasjon kan lastast ned frå Miljødirektoratets nettside.
Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar om det er nødvendig for å handsame søknaden. Ferdig utfylte søknadsskjema sendast til post@miljodir.no
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er innan 1. mars året etter støtteåret det søkast kompensasjon for. Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget.
Andre tilskotsordningar
Tilskot til nasjonale og internasjonale miljøtiltak (Kap. 1400 post 76)
Tilskotsordninga skal medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller sine internasjonale plikter for naturmangfald, klima og forureiningar, og nasjonale mål innafor alle resultatområda. Tilskotsordninga skal også medverke til å styrke arbeidet med miljøspørsmål som er viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt. Midlane under kap. 1400 post 76 er øyremerka bestemte føremål gjennom omtale i Prop. 1 S (2018 – 20189) for Klima- og miljødepartementet side 78 – 82. For tilskot til tiltak mot framande, skadelege organismar, sjå under Tilskot til naturforvaltningstiltak.
Særleg omtale av tilskot til reisestøtte til deltaking for norske frivillige organisasjonar på internasjonale klima- og miljømøte i 2019
Det er satt av inntil kr. 350 000,- i tilskot til reiseutgifter knytt til deltaking på internasjonale klima- og miljømøte i 2019.
Målgruppe for ordninga
Målgruppe for reisestøtte er norske frivillige organisasjonar med arbeidsfelt innan klima- og miljøområdet.
Kva for tiltak kan få tilskot
Det er ønske om ei brei demokratisk deltaking på møta. Dette vil mellom anna gjelde på FN-møte som partsmøte under klimakonvensjonen og møte i FNs miljøprogram.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad skal sendast Klima- og miljødepartementet, postmottak@kld.dep.no
Søknaden skal innehalde ei grunngjeving for deltakinga, og eit budsjett for reise og opphald. Klima- og miljødepartementet vil kunne krevje ein kortfatta rapport frå deltakinga.
Søknadsfristen er 1. mars 2019.
Grunnstøtte til frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftingar (Kap. 1400 post 70)
Forskrift for ordninga ligg her.
Mål for ordninga og målgruppe
Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for eit breitt folkeleg engasjement for miljøsaker. Tilskotsordninga skal stimulere til miljøaktivitetar lokalt, regionalt og nasjonalt.
Tilskotsordninga gjeld for frivillige miljøorganisasjonar med over 5000 medlemmer (barne og ungdomsorganisasjonar over 3000 medlemmar) og allmennyttige miljøstiftingar av nasjonal betydning, med hovudmål for verksemda innanfor miljøforvaltninga sitt ansvarsområde.
Midlane blir fordelte utelukkande etter objektive kriterium.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tilskot blir gitt som grunntilskot/driftstilskot. Det er rekna med tilskot på om lag same nivå som i 2018 til dei organisasjonane som er namngjevne i budsjettproposisjonen for 2019.
Kor skal søknaden sendast og søknadsfrist
Sjølv om mottakarane har søkt og er namngjeve i budsjettproposisjonen for 2019, må dei søke innan fristen i 2019 for å få tilskot for 2020. Søknadsfristen for 2020 er 15. mai 2019. For ytterlegare informasjon om innhald i søknaden kontakt Klima- og miljødepartementet ved postmottak.
Søknad skal sendast Klima- og miljødepartementet, postmottak@kld.dep.no
Tilskot til ymse organisasjonar og stiftingar m.m (Kap. 1420 post 77) med følgjande ordningar:
Tilskot til frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige stiftingar innanfor forureiningsområdet
Mål for ordninga og målgruppe
Målet for ordninga er å gi grunntilskot til demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar innafor forureiningsområde for å sikre frivillig engasjement og styrke medverknaden i miljøvernspørsmål lokalt, regionalt og sentralt, basert på fagleg innsikt.
Ordninga omfattar tilskot til:
- Norsk vannforening
- Norsk forening mot støy
- Tilskot til LOOP
- Foreininga ”Hold Norge Rent”
- Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja
Kva for tiltak kan få tilskot
Tilskot blir gitt som grunntilskot/driftstilskot. For 2019 er det rekna med tilskot til dei nemnde mottakarane på om lag same nivå som for 2018.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Sjølv om mottakarane er namngjeve i budsjettproposisjonen, må dei søke for å få tilskot. Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.
Rett utfylling i Miljødirektoratet sitt søknadssenter oppfyller krava til innhald i søknaden.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2019.
Tilskot til naturfaglege organisasjonar
Mål for ordninga og målgruppe
Målet med ordninga er å gi grunntilskot til demokratisk oppbygde, landsomfattande naturfaglege organisasjonar for å sikre frivillig engasjement og styrke medverknaden i miljøvernspørsmål lokalt, regionalt og sentralt, basert på fagleg innsikt.
Ordninga omfattar tilskot til:
- Foreningen Våre Rovdyr
- Norsk Biologforening
- Norsk Botanisk Foreining
- Norsk Entomologisk Foreining
- Norsk Ornitologisk Foreining
- Noregs Sopp- og nyttevekstforening
- Norsk Zoologisk Forening
Kva for tiltak kan få tilskot
Tilskot blir gitt som grunntilskot/driftstilskot. For 2019 er det rekna med tilskot til dei mottakarane som er nemnde i Prop. 1 S (2018 – 2019) på om lag same nivå som for 2018.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.
Rett utfylling i Miljødirektoratet sitt søknadssenter oppfyller krava til innhald i søknaden.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2019.
Tilskot til miljømerking, miljøvennleg forbruk og forbrukarinformasjon
Mål for ordninga og målgruppe
Målet for ordninga er å fremje effektiv ressursbruk, medverke til å redusere klimagassutslepp, sikre robuste økosystem og redusere bruken av miljøgifter.
Ordninga omfattar driftstilskot til:
- Stiftelsen Miljømerking
- Standard Noreg
Kva for tiltak kan få tilskot
Tilskot blir gitt som driftstilskot.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Tildeling av midlar er basert på organisasjonane sine resultat frå føregåande år og ein konkret søknad om midlar for kommande prosjekt, sett opp mot prioriterte nasjonale miljø- og berekraftsmål.
Rett utfylling i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter oppfyller krava til innhald i søknaden.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2019.
Stipend (Kap. 1471 post 50)
Stipendmidlane under Norsk Polarinstitutt skal medverke til å auke rekruttering til og kompetansen innafor norsk polarforsking. Midlane er eit viktig verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradsstudentar, og skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.
Utlysing av ordninga skjer i slutten av oktober kvart år med frist midt i november. Ein komité under Svalbard Science Forum vurderer søknadene og deler ut midlar.
Svalbards miljøvernfond (Kap. 1472 post 50)
Fondet består mellom anna av midlar frå miljøavgift for reisande til Svalbard og andre avgifter i samband med jakt og fiske.
Både fondskapitalen og avkastninga skal nyttast til tiltak på Svalbard som har til føremål å verne miljøet på øygruppa. Fondet har eit styre som fordeler fondsmidlane etter eksterne søknader. Sekretariatet for fondet er lagt til Sysselmannen på Svalbard.
For fristar og skjema for søknader, sjå: http://www.sysselmannen.no/, og klikk på ”Svalbards miljøvernfond” nedst til venstre på forsida.