Tilskott til istandsetting av kyrkjebygg (rentekompensasjon)

Vedlikehalds- og sikringstilstanden for kyrkjene

Departementet vil med dette gjere merksam på at det per september 2011 er gitt tilsegn om rentekompensasjon for rundt 150 mill. kroner av investeringsramma på 400 mill. kroner. For resten av året vil dermed vere grunnlag for å gi rentekompensasjon til investeringar på inntil 250 mill. kroner.

Kommunane
Dei kyrkjelege fellesråda
Sokneråda
Bispedømmeråda

Nr.
P-10/2011
Vår referanse
2011000501
Dato:
03.10.2011

 

1. Investeringsramma for 2011

I rundskriv P-3/2011 av 17. februar 2011 orienterte departementet om at investeringsramma for istandsetting av kyrkjebygg blei fastsett til 400 mill. kroner for 2011.

Departementet vil med dette gjere merksam på at det per september 2011 er gitt tilsegn om rentekompensasjon for rundt 150 mill. kroner av investeringsramma på 400 mill. kroner. For resten av året vil dermed vere grunnlag for å gi rentekompensasjon til investeringar på inntil 250 mill. kroner.

Vi minner om at investeringsramma for 2011 berre gjeld for dette året. Dersom det ved utløpet av 2011 ikkje er gitt tilsegn om rentekompensasjon for heile investeringsramma, vil det ikkje vere høve til å overføre unytta del til 2012. Det er Husbanken som forvaltar tilskottsordninga. For å dra nytte av den ledige ramma, må tilsegn frå Husbanken om rentekompensasjon vere gitt innan utgangen av året.

2. Kyrkjekontrollen 2009/2010

Formålet med rentekompensasjonsordninga er å stimulere til istandsetting og sikring av kyrkjebygg. Etter at rentekompensasjonsordninga kom i stand i 2005, er det gitt tilsegn om rentekompensasjon til prosjekt ved i alt 605 kyrkjer i 255 kommunar.

Ansvaret for vedlikehald og sikring av kyrkjebygga ligg til kommunane og kyrkjeeigarane, sjå kyrkjelova §§ 14 og 15.  I rundskriv P-3/2011 av 17. februar 2011 orienterte vi om resultata frå den siste undersøkinga av vedlikehalds- og sikringssituasjonen for kyrkjene. Undersøkinga Kyrkjekontroll 2009-2010 viser at vedlikehaldstilstanden for kyrkjebygga generelt har blitt betre sidan undersøkinga i 2005/2006, men at mange kyrkjer framleis har eit stort istandsettings- og sikringsbehov. Vi viser til nærare omtale i rundskriv P-3/2011 av 17. februar 2011, men vil minne om at materialet frå undersøkinga 2009/2010 gir kommunane og kyrkjeeigarane detaljert kunnskap om tilstanden og sikringsbehova ved kvar einskild kyrkje.

3. Nærare om rentekompensasjonsordninga

Rentekompensasjonen (tilskottet) svarer til rentene av eit serielån i Husbanken med 20 års løpetid, inklusive ein avdragsfri periode på 5 år. Handsaminga av søknadane skjer fortløpande. Utbetaling av kompensasjon skjer ved særskild søknad til Husbanken etter at tiltaka er gjennomførte.

Frist for igangsetting av prosjekt som det vert gitt tilskott til, er 18 månader etter at tilsegn er gitt. Søknad om utbetaling må sendast Husbanken innan 3 år etter at tilsegn er gitt.
      
Vilkåret for søknad om rentekompensasjon i 2011, er at prosjektet blir ferdigstilt etter 1. januar 2011. Investeringane skal ha ei levetid på minst 10 år. Det er ikkje krav om at investeringa er lånefinansiert. Rentekompensasjonsordninga gjeld også for istandsetting og restaurering av kyrkjeinventar og utsmykking. For å få rentekompensasjon, må det aktuelle prosjektet ha ein kostnad på minst 100 000 kroner. Eit prosjekt kan inkludere fleire einskilde tiltak ved same kyrkje eller vere eit fellestiltak for fleire kyrkjer.

Forskrift, retningslinjer og søknadsskjema er å finne på www.husbanken.no, sjå Tilskott og lenker til tidlegare rundskriv om ordninga.

Med helsing

 

Jørn Hagen e.f.
avdelingsdirektør
Kristian Kopperud
rådgjevar

 

 

Kopi:
Kommunal- og regionaldepartementet
Husbanken
KA Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon
Kyrkjerådet