Tiltakspakke for kommunesektoren
Brev | Dato: 10.12.2008 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Kommunal- og regionaldepartementet
Eg viser til brev 26. november 2008 frå finansministeren til stortingsrepresentant Reidar Sandal, leiar av finanskomiteen på Stortinget.
Ordførarar
Fylkesordførarar
Vår ref 08/280-31 EBY Dato 10.12.2008
Eg viser til brev 26. november 2008 frå finansministeren til stortingsrepresentant Reidar Sandal, leiar av finanskomiteen på Stortinget. I brevet varslar finansministeren at regjeringa vil leggja fram finanspolitiske tiltak for Stortinget i månadsskiftet januar-februar 2009. Regjeringa vil fremja tiltak som er eigna til å stimulera sysselsetjinga. Vi vil prioritera mellombelse tiltak som får rask verknad, og som kan trekkjast tilbake når den økonomiske situasjonen vert meir normal igjen.
Noreg står betre rusta enn mange andre land til å møta vanskelege økonomiske tider m.a. fordi vi har en stor kommunal sektor. I arbeidet med nye tiltak vil regjeringa derfor vurdera situasjonen for kommunesektoren spesielt. Eg vil oppmoda kommunane og fylkeskommunane til å planleggja for at regjeringa vil fremja tiltak som legg til rette for sterkare innsats på kommunalt vedlikehald og utbygging av kommunal infrastruktur. I den samanheng kan det verta nødvendig for kommunar og fylkeskommunar å foreta justeringar i vedteke budsjett for 2009. Det bør skje raskt etter at tiltakspakka er behandla av Stortinget.
I statsbudsjettet for 2009 har regjeringa føreslege ei rentekompensasjonsordning for skule- og symjeanlegg med ei låneramme på 2 mrd. kroner, og ei tilsvarande ordning for kyrkjebygg med ei låneramme på 800 mill. kroner. Vidare har regjeringa føreslege å gje tilsegn om investeringstilskot til 1000 nye sjukeheimsplassar/omsorgsbustader i 2009. Eg vil oppmoda kommunane og fylkeskommunane om å leggja til rette for rask igangsetting av aktuelle vedlikehalds- og investeringsprosjekt som vert finansiert under desse ordningane.
Med helsing
Magnhild Meltveit Kleppa
Kopi til:
Fylkesmennene
KS