Tiltaksplan for ville pollinerande insekt 2021 - 2028
Planar/strategi | Dato: 11.08.2021 | Klima- og miljødepartementet, Energidepartementet, Forsvarsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Samferdselsdepartementet
Regjeringa har lagt fram ein tiltaksplan for ville pollinerande insekt. Tiltaka skal betre kunnskapen om og tilstanden for dei pollinerande insekta, som treng meir og betre leveområde, som blomerik eng. Bier og andre pollinerande insekt er heilt avgjerande for tilstanden i økosystema på land, og for oss menneske. Det gjeld ikkje minst dei ville pollinerande insekta, som har ein negativ utvikling globalt.