Historisk arkiv

Regjeringas Tyskland-strategi 2019

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide presenterte regjeringas oppdaterte Tyskland-strategi saman med Tysklands utanriksminister Heiko Maas på eit ope møte i Oslo 14. juni 2019. På møtet vart også stortingsmeldinga om Noregs rolle og interesser i multilateralt samarbeid lansert.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide og Tysklands utanriksminister Heiko Maas i Oslo før presentasjonen av den nye Tyskland-strategien 14. juni 2019. Foto: Xander Heinl, Photothek
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide og Tysklands utanriksminister Heiko Maas i Oslo før presentasjonen av den nye Tyskland-strategien 14. juni 2019. Foto: Xander Heinl, Photothek

- Tyskland er eit sentralt EU-land og Noregs viktigaste partnar i Europa. Det norsk-tyske forholdet er svært godt, og vi har eit omfattande samarbeid. Noreg og Tyskland har samanfallande synspunkt på svært mykje, ikkje minst vektlegginga av multilateralt samarbeid og ein regelstyrt verdsorden, uttalte utanriksminister Ine Eriksen Søreide i høve presentasjonen av strategien.

Den første norske Tyskland-strategien kom i 1999. Strategien er eit verkemiddel for ei heilskapleg, strategisk og samordna norsk tilnærming til Tyskland. Formålet med oppdateringa av strategien er å bygge vidare ut samarbeidet mellom Noreg og Tyskland, basert på felles interesser og gjensidig nytte. Den nye strategien er i større grad enn før via norsk-tysk samarbeid om internasjonale spørsmål. Men strategien dekker dei fleste politikkområde, og er utarbeidd i samråd med alle relevante departement.

Dei viktigaste måla for strategien er

  • saman med Tyskland å forsvare og styrke multilaterale institusjonar, internasjonale køyrereglar og ein friast mogleg verdshandel, og dessutan fremje demokrati, menneskerettar og rettsstatlege prinsipp, fred og tryggleik, berekraftig utvikling, klima og miljø,
  • å få størst mogleg gjennomslag for norske interesser i EU, i samråd med Tyskland,
  • å utvikle og utdjupe det tryggings- og forsvarspolitiske samarbeidet med Tyskland bilateralt, innanfor ramma av Nato og FN, og gjennom det norske samarbeidet med EU,
  • å fremje ei berekraftig forvalting av havressursane som grunnlag for ein styrkt havøkonomi gjennom dialog og samarbeid med Tyskland,
  • å støtte den norske næringslivssatsinga på den tyske marknaden gjennom rådgiving, profilering og samarbeidstiltak med næringane,
  • å halde fram med å vere ein stabil og sikker leverandør av energi til den tyske marknaden og ein viktig bidragsytar til og samarbeidspartnar for Tysklands innsats for energiomstilling og for å nå klimamåla i Europa
  • å sikre gode transportvilkår for gods og passasjerar mellom Noreg og Europa, på veg, bane og sjø, gjennom nær dialog og samarbeid med tyske styresmakter,
  • å styrke samarbeidet mellom norske og tyske universitet, høgskolar, forskingsinstitusjonar, næringslivsaktørar, forskarar og forskargrupper,
  • å auke kunnskapen om Tyskland og det tyske språket blant norske skoleelevar og studentar,
  • å fremje norsk kulturliv og norsk kulturell og kreativ næring i Tyskland.

Du kan lese strategien her.

Her er ein tysk versjon.

***

Papirutgåver av strategien kan bestillast med epost til europapolitisk.seksjon@mfa.no.  Oppgi om du vil ha strategien på (ny)norsk eller tysk.