Ungdomsråd eller andre medverknadssorgan for barn og unge

Barn og unge er framtida. Barn og unge har mykje kreativt tankegods som det er viktig å få fram. Eg har eit sterkt engasjement for ungdom, og eg ønskjer at deira røyster skal bli høyrde. Derfor har vi no starta forsøk med røysterett for 16- og 17-åringar i nokre utvalde kommunar ved kommunestyrevalet i 2011.

I lokaldemokratimeldinga som vart lagt fram sommaren 2008, var ungdomsråd eit av fleire viktige tema som vart omtala. Det vart peika på nytta eit slikt organ kan ha, og moglegheita for å lovfeste etableringa av eit slikt organ vart diskutert.

Kvart fjerde år samlar Kommunal- og regionaldepartementet inn data om organisasjonskjenneteikn ved kommunane og fylkeskommunane. Ei oversikt syner at 8 av 10 kommunar har anten barn og unge sitt kommunestyre eller barn- og/eller ungdomsråd. Det synes eg er hyggeleg lesing! Men eg vil likevel ikkje slå meg til ro med desse tala.

Eg ønskjer at alle kommunane skal sjå nytta av eit sterkt medverknadsorgan for barn og unge. Barn og unge i heile landet fortener ei moglegheit til å kunne bidra i utviklinga av lokalsamfunnet. Eg vil difor oppmode dei kommunane som i dag ikkje har eit slikt medverknadsorgan om å sette det temaet på dagsordenen, og få på plass eit slik ungdomsorgan.

Eg vil no sjå nærare på korleis eg kan bidra til å styrke ungdomsråda slik at dei vert sterke og reelle medverknadsorgan. Det er viktig at ungdomsråd vert oppfatta som nyttig og interessant for dei unge, og at dei unge føler at dei blir tekne på alvor. Men det er også viktig at kommunestyra syner at de meiner alvor med eit slikt organ.

Eg vil minne om at det er fleire måtar kommunestyre og fylkesting kan innrette seg for å styrke rolla til ungdomsråd. Fleire ungdomsråd disponerer eigne midler, noko eg meiner er eit godt tiltak.

Eg vil og oppmode til å gje representantar for ungdomsråd møte- og talerett i kommunestyret. Det er fullt mogeleg for kommunestyre og fylkesting innanfor dagens regelverk å gje talerett til andre enn sine medlemer. 

I tillegg kan de vurdere å etablere ungdomsråd som fast utval etter kommunelova. Som fast utval vil ungdomsråda kunne få avgjerslemynde delegert frå kommunestyre eller fylkesting. Dei vil også kunne få rett til å innstille i saker som skal avgjerast av kommunestyret eller fylkestinget. Det hadde vore interessant om nokon hadde gitt sin ungdom ei slik moglegheit.

Mitt mål er at ungdomsråd skal vere ein god skule i demokrati, og eit organ med reell innverknad.

Eg vil følgje utviklinga på området, og eg vil vurdere å setje i gang tiltak som kan bidra til at ungdomsråd som organ blir gode og velfungerande medverknadsorgan for barn og unge i heile landet.

I mellomtida ønskjer eg dykk lukke til i arbeidet med å engasjere dei unge, og å ta dei på alvor.


Med helsing


Liv Signe Navarsete

 

Kopi:

KS