V-001/2022 Rundskriv om utarbeiding av søknad om tilskot for 2023 og statistikkskjema for 2021
Rundskriv | Dato: 28.01.2022 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Mottakar: Ifølgje liste
Nr:
V-001/22
Vår referanse:
21/4985-32
1. Innleiing
Rundskrivet gjev retningsliner for utfylling av budsjettsøknad for 2023 og statistikkskjema for 2021.
Budsjettsøknaden og statistikkskjemaet skal leverast via Altinn-portalen – www.altinn.no.
Søknadsskjemaet vil vera tilgjengeleg i innboksen åt institusjonen i Altinn i perioden 1. februar–1. mars 2022.
Det at Kultur- og likestillingsdepartementet nyttar søknadsskjema i Altinn inneber at du som søkjer på vegner av verksemda, må ha elektronisk ID for å logga inn. Dette er den same IDen som du nyttar når du til dømes leverer skattemeldinga. Dersom du ikkje har elektronisk ID, kan du lesa om korleis du skaffar deg det, på denne sida på ID-porten hjå Digitaliseringsdirektoratet.
For å få tilgang til budsjett- og statistikkskjema må den, eller dei, som skal fylla ut på vegner av verksemda, fyrst logga seg inn på sin eigen Altinn-profil. Les meir om pålogging og tildeling av roller for utfylling av budsjett- og statistikkskjema i den vedlagde rettleiinga.
På den fyrste sida i søknadsskjemaet finn de gode tips om utfylling av skjemaet, mellom anna om val av rett nettlesar, lagring av tekst og korleis ein under vegs i arbeidet kan sjå ein PDF-versjon av søknaden. Mange av felta i skjemaet har eigne hjelpetekstar.
Vi oppmodar om å lesa informasjonen om utfylling av skjemaet og alle hjelpetekstarne nøye, og å byrja arbeidet med søknaden i god tid.
Har du praktiske spørsmål om innlogging i Altinn, ta kontakt med portalhjelpa til Altinn.
Har du spørsmål til utfyllinga av budsjett- og statistikkskjema, ta kontakt med Norsk kulturråd som har ansvaret for søkarrettleiing til musea:
E-post: veiledning.budsjettsoknad@kulturradet.no – tlf. 932 28 171
E-post: veiledning.statistikkskjema@kulturradet.no – tlf. 452 37 083
2. Budsjettsøknad
Søknaden skal mellom anna innehalda:
- revidert rekneskap for 2021
- arbeidsbudsjett 2022
- statusrapport om økonomisk utvikling
- vurdering av måloppnåing i 2021
- mål og prioriteringar for 2023
- museumsstatistikk for 2021
I budsjettskjemaet er det lagt inn nye felt om eigeninntekter på digitale produksjonar og nye felt for rapportering om klima- og miljøtiltak.
Institusjonane skal rapportera i dei aktuelle felta om korleis covid-19-pandemien har verka inn på drifta i den einskilde institusjonen både med omsyn til økonomiske konsekvensar og måloppnåing. Rettleiing om dette blir gitt i punkta nedanfor.
2.1 Revidert rekneskap for 2021
Rekneskapen inkludert balansen må innehalda alle utgiftene og inntektene som institusjonen har hatt i løpet av året. Rekneskapen skal vera revidert. Større avvik mellom rekneskap og arbeidsbudsjett for 2021 skal kommenterast. Eventuelt budsjettavvik som følgje av covid-19 skal kommenterast i feltet "kommentarar til rekneskap og balanse". Tilskotsmottakarane må forklara grunnane til eit eventuelt negativt årsresultat og opplysa om korleis dette vert dekt inn. Det same gjeld eventuell negativ eigenkapital.
Tilskotsmottakarar som har fått omframt eingongstilskot i 2021 i samband med covid-19 eller anna eingongstilskot, skal rapportera desse midlane som "anna offentleg tilskot frå Kultur- og likestillingsdepartementet" i nettskjemaet.
2.2 Arbeidsbudsjett for 2022
Tilskotsmottakar må arbeida ut arbeidsbudsjett for 2022 – plan for disponering av samla utgifter og inntekter ved institusjonen. Arbeidsbudsjettet må innehalda alle utgiftene og inntektene som tilskotsmottakaren reknar med å få i løpet av budsjettåret. Summen i feltet Kultur- og likestillingsdepartementet "budsjett" er førehandsutfylt med tildelt beløp for fast driftstilskot frå Kultur- og likestillingsdepartementet for inneverande år. Eingongstilskotet som er løyvd som del av driftstilskotet må leggjast inn i feltet for "andre offentlege tilskot frå Kultur- og likestillingsdepartementet".
Eventuelle kommentarar om arbeidsbudsjettet knytte til covid-19-situasjonen skal leggjast inn i feltet "kommentarar til rekneskap og balanse".
2.3 Statusrapport om økonomisk utvikling
Statusrapporten skal vera ein presentasjon av dei viktigaste sidene ved den økonomiske situasjon åt tilskotsmottakaren. Rapporten skal òg gjera greie for andre sentrale problemstillingar for institusjonen, og omtala tiltak for å tryggja god ressursutnytting. Rapporten skal gjere greie for problemstillingar som gjeld covid-19-situasjonen.
2.4 Vurdering av måloppnåing
Merk at tilskotsmottakar skal gje ei vurdering av måloppnåing i samsvar med dei overordna måla for løyvingane til museum (fornying, formidling, forvaltning og forsking) og dei måla som vart omtalte i budsjettsøknaden for 2021. Altinn-skjemaet er på førehand fylt ut med dei måla som tilskotsmottakar skreiv inn i søknaden for 2021.
Tilskuddsmottakar må dessutan rapportera i tråd med andre krav og føresetnader for statstilskotet, jf. tilskotsbrevet for 2021.
Kulturinstitusjonar har vore, og er, hardt råka av smitteverntiltaka under covid-19 pandemien. Nedgang i aktivitet og publikumsbesøk og reduksjon i eigeninntekter har verka inn på det handlingsrommet institusjonane har for å medverka til å nå sektorpolitiske mål. Dette gjeld særleg måla knytte til formidlingsaktivitet og evnen til å gjennomføra aktivitetar og arrangement. I rapporten skal institusjonane gjere greie for kva utfordringar som har oppstått som følgje av covid-19, og orientere om kva alternative former for drift og publikumsretta aktivitet som er gjennomført, eller som institusjonen planlegg å gjennomføre.
Musea har eit breitt spekter av kjerneoppgåver utover publikumsretta aktivitet. Mange av desse oppgåvene har det vore råd å arbeida med trass i smittevernavgrensingar. I rapporten skal musea synleggjera korleis det har vore arbeidd med desse oppgåvene under covid-19.
2.5 Mål og prioriteringar for 2023
Tilskotsmottakarane må i søknaden for 2023 opplysa om måla for verksemda. Tilskotsmottakarane skal sjølve definera måla for verksemda innanfor dei nye overordna måla for løyvingane til museum. Desse måla omfattar: solid kunnskapsproduksjon, relevant formidling, heilskapleg samlingsutvikling, trygg ivaretaking, aktiv samhanding. Måla må formulerast slik at det i ettertid er råd å måla og vurdera om dei er nådde. Planlagd drift i søknadsåret skal ta utgangspunkt i uendra driftstilskot.
Tilskotsmottakaren skal omtala strategiar og langsiktige planar for dei neste tre åra. Det skal gå tydeleg fram av omtalen kva som er strategiane og planane for tilskotsmottakaren i ein situasjon der statstilskotet vert vidareført på same nivå som i dag.
Talbudsjettet for 2023 må innehalda alle utgiftene og inntektene institusjonen reknar med å få. Inntekter og utgifter må balansera. Tilskot frå andre enn Kultur- og likestillingsdepartementet, fylkeskommunar, kommunar og Den kulturelle skulesekken skal spesifiserast i særskilde felt.
Søknaden kan innehalda maksimalt tri nye tiltak med behov for auke i tilskotet. Framlegg til slike tiltak krev særskild grunngjeving med plan for finansiering. Eventuelle framlegg må innehalda ein kort omtale av tiltaket der ein gjer greie for behovet for og målet med tiltaket. I tillegg må tilskotsmottakaren vurdera om tiltaket kan gjennomførast ved omdisponering av dei ressursane som er til rådvelde, og kva konsekvensane av dette vil vera. Eventuelle framlegg om nye tiltak med behov for auke i tilskotet skal registrerast i prioritert rekkjefylgje.
2.6 Statistikkskjema
Tilskotsmottakarane skal fylla ut skjemaet for museumsstatistikk for 2021.
I statistikkskjemaet er det lagt inn nye felt for rapportering om medverknad frå barn og unge, digital formidling, bygningssamlingane, registrering av publikasjonar og prosjekt, i tillegg til formidlingsspråk ved besøksarenaer. Dessutan er basisopplysningar om besøksarenaer førehandsutfylt.
3. Frist i 2022
Frist for å levera søknaden er 1. mars 2022 kl. 23.59.
Søknadsskjemaet vil vera tilgjengeleg i Altinn frå 1. februar, og institusjonen kan arbeida med og gjera endringar i søknaden fram til fristen går ut. Søknadsfristen er absolutt, og det vert ikkje gjeve utsetjing. Søknader som vert sende inn etter fristen vil verta automatisk avviste.
Fylgjande dokument skal leverast innan fristen:
- Budsjettsøknad for 2023 og museumsstatistikk for 2021.
- Revidert rekneskap og revisormelding for 2021. Årsmeldinga frå styret skal berre leverast av store føretak.
Dokumenta skal vera signerte. Dokumenta skal sendast til postmottak@kud.dep.no. - Skjema for pensjonsskyldnader (gjeld dei musea som etter rekneskapslova er store verksemder). I samband med innsending av budsjettsøknad 2023 og rekneskap for 2021 vert dei aktuelle institusjonane bedne om å fylla ut skjema for pensjonsskylnader, jf. tilskotsbrev frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Skjemaet skal sendast til postmottak@kud.dep.no.
Med helsing
Gunhild Strand Molle (e.f.)
avdelingsdirektør
Natalia Ryan
seniorrådgjevar
Vedlegg:
- Rettleiing for utfylling av budsjett- og statistikkskjema (.pdf)
- Vanlege spørsmål om søknadsprosess og Altinn (.pdf)
Kopi: Norsk kulturråd
Adresseliste:
Anno museum
Aust-Agder museum og arkiv
Baroniet Rosendal
Blaafarveværket
Bymuseet i Bergen
Dalane Folkemuseum
Drammens Museum for kunst og kulturhistorie
Galleri F 15
Gudbrandsdalsmusea AS
Hardanger og Voss museum
Haugalandmuseet
Helgeland Museum
Henie Onstad Kunstsenter
Jærmuseet
KODE Kunstmuseer og komponisthjem
Kraftmuseet
MiA – Museene i Akershus
Midt-Troms Museum
Mjøsmuseet
Musea i Sogn og Fjordane
Museene for kystkultur og gjenreisning i Finnmark IKS
Museene i Sør-Trøndelag
Museet Midt
Museum Nord
Museum Stavanger AS
Museum Vest
Museumssenteret i Hordaland
Nasjonalmuseet for kunst arkitektur og design
Nordlandsmuseet
Nordmøre museum
Nordnorsk Kunstmuseum
Nord-Troms Museum
Norsk Bergverksmuseum
Norsk Folkemuseum
Norsk Industriarbeidermuseum
Norsk Luftfartsmuseum
Norsk Teknisk Museum
Nynorsk kultursentrum
Næs Jernverksmuseum
Oslo Museum
Perspektivet Museum
Preus museum
Randsfjordmuseet
Romsdalsmuseet
Ryfylkemuseet
Stiftelsen Buskerudmuseet
Stiftelsen Lillehammer museum
Stiklestad Nasjonale Kultursenter
Sunnhordland Museum
Svalbard Museum
Sørlandets Kunstmuseum
Sør-Troms Museum
Telemark Museum
Valdresmusea AS
Varanger museum IKS
Verdensarvsenter for bergkunst - Alta Museum IKS
Vest-Agder-museet IKS
Vestfoldmuseene IKS
Vest-Telemark Museum
Viti
Østfoldmuseene