V-002/2022 Rundskriv om utarbeiding av søknad om tilskot for 2023 og statistikkskjema for 2021

1. Innleiing

Rundskrivet gjev retningsliner for utfylling av budsjettsøknad for 2023 og statistikkskjema for 2021.

Budsjettsøknaden og statistikkskjemaet skal leverast via Altinn-portalen – www.altinn.no.
Søknadsskjemaet vil vera tilgjengeleg i innboksen åt institusjonen i Altinn i perioden 1. februar–1. mars 2022.

Det at Kultur- og likestillingsdepartementet nyttar søknadsskjema i Altinn inneber at du som søkjer på vegner av verksemda, må ha elektronisk ID for å logga inn. Dette er den same IDen som du nyttar når du til dømes leverer skattemeldinga. Dersom du ikkje har elektronisk ID kan du lesa om korleis du skaffar deg slik ID på denne sida på ID-porten hjå Difi.

For å få tilgang til budsjett- og statistikkskjema må den, eller dei, som skal fylla ut på vegner av verksemda, fyrst logga seg inn på sin eigen Altinn-profil. Les meir om pålogging og tildeling av roller for utfylling av budsjett- og statistikkskjema i den vedlagde rettleiinga. 

På den fyrste sida i søknadsskjemaet finn de gode tips om utfylling av skjemaet, mellom anna om val av rett nettlesar, lagring av tekst og korleis ein under vegs i arbeidet kan sjå ein PDF-versjon av søknaden. Mange av felta i skjemaet har eigne hjelpetekstar.
Vi oppmodar om å lesa informasjonen om utfylling av skjemaet og alle hjelpetekstarne nøye, og å byrja arbeidet med søknaden i god tid.

Har du praktiske spørsmål om innlogging i Altinn, ta kontakt med portalhjelpa til Altinn.

Har du spørsmål til utfyllinga av budsjett- og statistikkskjema, ta kontakt med Norsk kulturråd som har ansvaret for søkarrettleiing til musea:
E-post: veiledning.budsjettsoknad@kulturradet.no – tlf. 932 28 171
E-post: veiledning.statistikkskjema@kulturradet.no – tlf. 452 37 083

2. Budsjettsøknad

Søknaden skal mellom anna innehalda:
- revidert rekneskap for 2021
- arbeidsbudsjett 2022
- årsrapport for 2021
- søknad for 2023
- museumsstatistikk for 2021

I budsjettskjemaet er det lagt inn nytt felt om eigeninntekter på digitale produksjonar.

Institusjonane skal rapportera i dei aktuelle felta om korleis covid-19-situasjonen har verka inn på drifta i den einskilde institusjonen både med omsyn til økonomiske konsekvensar og aktivitet. Rettleiing om dette blir gitt i punkta nedanfor.

2.1 Revidert rekneskap for 2021

Rekneskapen inkludert balansen må innehalda alle utgiftene og inntektene som institusjonen har hatt i løpet av året. Rekneskapen skal vera revidert. Større avvik mellom rekneskap og arbeidsbudsjett for 2021 skal kommenterast. Eventuelt budsjettavvik som følgje av covid-19 skal kommenterast i feltet "kommentarar til rekneskap og balanse". Tilskotsmottakarane må forklara grunnane til eit eventuelt negativt årsresultat og opplysa om korleis dette vert dekt inn. Det same gjeld eventuell negativ eigenkapital.

Tilskotsmottakarar som har fått omframt eingongstilskot i 2021 i samband med covid-19 eller anna eingongstilskot, skal rapportera desse midlane som "anna offentleg tilskot frå Kultur- og likestillingsdepartementet" i nettskjemaet.

2.2 Arbeidsbudsjett for 2022

Tilskotsmottakar må arbeida ut arbeidsbudsjett for 2022 – plan for disponering av samla utgifter og inntekter ved institusjonen. Arbeidsbudsjettet må innehalda alle utgiftene og inntektene som tilskotsmottakaren reknar med å få i løpet av budsjettåret. Summen i feltet Kultur- og likestillingsdepartementet "budsjett" er førehandsutfylt med tildelt beløp for fast driftstilskot frå Kultur- og likestillingsdepartementet for inneverande år. Eingongstilskotet som er løyvd som del av driftstilskotet må leggjast inn i feltet for "andre offentlege tilskot frå Kultur- og likestillingsdepartementet". Eventuelle kommentarar om arbeidsbudsjettet knytte til covid-19-situasjonen skal leggjast inn i feltet "kommentarar til rekneskap og balanse".

2.3 Årsrapport for 2021

Rapporten skal gjere greie for aktiviteten og resultatet i rapporteringsåret med utgangspunkt i dei formåla som er omtalte i budsjettsøknaden for 2021 og krava i tilskotsbrevet for 2021.

Tilskotsmottakaren skal også gi ein statusrapport om dei vesentlegaste forholda ved den økonomiske situasjonen. I rapporten skal institusjonane gjere greie for utfordringar som har oppstått som følgje av covid-19, og opplyse om kva alternative former for drift og publikumsretta aktivitet som er gjennomført, eller som institusjonen planlegg å gjennomføre.

2.4. Søknad for 2023

Tilskotsmottakaren må i søknaden for 2023 oppgi kva som er formålet med verksemda. Formålet skal vere mest mogleg dekkjande for tilskotsmottakaren sin samla aktivitet.

Tilskotsmottakaren skal òg gjere greie for planlagd drift i søknadsåret. Omtalen skal ta utgangspunkt i ein situasjon der driftstilskotet blir vidareført på same nivå som i dag. Talbudsjettet må innehalde alle utgifter og inntekter institusjonen reknar med å få i løpet av 2023. Inntekter og utgifter må balansere. Tilskot frå andre enn Kultur- og likestillingsdepartementet, fylkeskommunar, kommunar og Den kulturelle skolesekken skal spesifiserast i særskilde felt.

Søknaden kan innehalde maksimalt tre nye tiltak med behov for auke i tilskotet. Forslag til slike tiltak krev særskild grunngiving med plan for finansiering. Eventuelle forslag må innehalde ein kort omtale av tiltaket der ein gjer greie for behovet for og målet med tiltaket. I tillegg må tilskotsmottakar vurdere om tiltaket kan gjennomførast ved omdisponering av dei ressursane som er til disposisjon, og kva konsekvensane av dette vil vere. Eventuelle forslag om nye tiltak med behov for auke i tilskotet skal registrerast i prioritert rekkjefølgje.

2.5 Statistikkskjema

Tilskotsmottakarane skal fylla ut skjemaet for museumsstatistikk for 2021.
I statistikkskjemaet er det lagt inn nye felt for rapportering om medverknad frå barn og unge, digital formidling, bygningssamlingane, registrering av publikasjonar og prosjekt, i tillegg til formidlingsspråk ved besøksarenaer. Dessutan er basisopplysningar om besøksarenaer førehandsutfylt.

3. Frist i 2022

Frist for å levera søknaden er 1. mars 2022 kl. 23.59.

Søknadsskjemaet vil vera tilgjengeleg i Altinn frå 1. februar, og institusjonen kan arbeida med og gjera endringar i søknaden fram til fristen går ut. Søknadsfristen er absolutt, og det vert ikkje gjeve utsetjing. Søknader som vert sende inn etter fristen vil verta automatisk avviste.

Fylgjande dokument skal leverast innan fristen:

  1. Budsjettsøknad for 2023 og museumsstatistikk for 2021.
  2. Revidert rekneskap og revisormelding for 2021. Årsmeldinga frå styret skal berre leverast av store føretak. Dokumenta skal vera signerte. Dokumenta skal sendast til postmottak@kud.dep.no.

Med helsing

Gunhild Strand Molle (e.f.)
avdelingsdirektør

Natalia Ryan
seniorrådgjevar

Vedlegg:

Kopi: Norsk kulturråd

Adresseliste:
Astrup Fearnley Museet
Det Internasjonale Barnekunstmuseet
Ishavsmuseet Aarvak
Jødisk Museum i Oslo
Jødisk museum Trondheim
Kistefos-Museet
Norsk Skogfinsk Museum
Skibladner - AS Oplandske Dampskipsselskap