V-003/2022 Rundskriv om utarbeiding av søknad om tilskot for 2023 og statistikk
Rundskriv | Dato: 26.01.2022 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Mottakar: Ifølgje liste
Nr:
V-003/2022
Vår referanse:
21/4985-23
1. Innleiing
Rundskrivet gir retningsliner for utfylling av budsjettsøknad for 2023 og statistikkskjema for 2021.
Budsjettsøknaden og statistikkskjemaet skal leverast via Altinn-portalen – www.altinn.no. Søknadsskjemaet vil vere tilgjengeleg i institusjonen sin innboks i Altinn i perioden 1. februar–1. mars 2022.
Det at Kultur- og likestillingsdepartementet nyttar søknadsskjema i Altinn, betyr at du som søkjer på vegner av verksemda, må ha elektronisk ID for å logge inn. Dette er den same IDen som du brukar når du til dømes leverer skattemeldinga. Dersom du ikkje har elektronisk ID, kan du lese om korleis du skaffar deg det, på denne sida på ID-porten hos Digitaliseringsdirektoratet.
For å få tilgang til budsjett- og statistikkskjema må den eller dei som skal fylle ut på vegner av verksemda, først logge seg inn på sin eigen Altinn-profil. Les meir om pålogging og tildeling av roller for utfylling av budsjett- og statistikkskjema i vedlagde rettleiing.
På den første sida i søknadsskjemaet finn de gode tips om utfylling av skjemaet, mellom anna om val av riktig nettlesar, lagring av tekst, og korleis ein undervegs i arbeidet kan sjå ein PDF-versjon av søknaden. Mange av felta i skjemaet har eigne hjelpetekstar.
Vi oppmodar om å lese informasjonen om utfylling av skjemaet og alle hjelpetekstar nøye, og å byrje på arbeidet med søknaden i god tid.
Har du praktiske spørsmål om innlogging i Altinn, ta kontakt med Altinns portalhjelp.
Norsk kulturråd skal hjelpe departementet i arbeidet med budsjettsøknader og statistikk frå musikk- og scenekunstinstitusjonane. Har du spørsmål til utfyllinga av budsjett- og statistikkskjema, ta kontakt med Norsk kulturråd: support@kulturradet.no. Merk e-posten "statstilskot" i emnefeltet.
2. Budsjettsøknad
Søknaden skal mellom anna innehalde:
- revidert rekneskap for 2021
- arbeidsbudsjett 2022
- status om økonomisk utvikling
- vurdering av måloppnåing i 2021
- mål og prioriteringar for 2023
- statistikkskjema for publikum, aktivitetar, årsverk og tilsette
I budsjettskjemaet er det lagt inn ein ny talkolonne om eigeninntekter på digitale produksjonar og nye felt for rapportering om klima- og miljøtiltak.
Institusjonane skal rapportere om korleis covid-19-situasjonen har påverka drifta, både når det gjeld økonomiske konsekvensar og måloppnåing. Rettleiing om dette blir gitt i punkta nedanfor.
2.1 Revidert rekneskap
Rekneskapen inkludert balansen må innehalde alle utgifter og inntekter som institusjonen har hatt i løpet av året. Rekneskapen skal vere revidert. Vesentlege avvik mellom rekneskap og arbeidsbudsjett for 2021 skal kommenterast. Eventuelt budsjettavvik som følgje av covid-19 skal kommenterast i feltet "kommentarar til rekneskap og balanse". Tilskotsmottakarane må forklare årsaker til eit eventuelt negativt årsresultat og opplyse om korleis dette blir dekt inn. Det same gjeld eventuell negativ eigenkapital.
Tilskotsmottakarar som har fått ekstra eingongstilskot i 2021 i samband med covid-19 eller anna eingongstilskot, skal rapportere desse midlane som "anna offentleg tilskot frå Kulturdepartementet" i nettskjemaet.
2.2 Arbeidsbudsjett for 2022
Tilskotsmottakar må utarbeide arbeidsbudsjett for 2022 – plan for disponering av samla utgifter og inntekter ved institusjonen. Arbeidsbudsjettet må innehalde alle utgifter og inntekter som tilskotsmottakaren reknar med å få i løpet av budsjettåret. Eventuelle kommentarar som gjeld covid-19-situasjonen og arbeidsbudsjettet, skal leggjast inn i feltet "kommentarar til rekneskap og balanse".
2.3 Statusrapport om økonomisk utvikling
Statusrapporten skal vere ein presentasjon av dei vesentlegaste forholda ved tilskotsmottakaren sin økonomiske situasjon. Rapporten skal også gjere greie for andre sentrale problemstillingar for institusjonen, og omtale tiltak for å sikre god ressursutnytting. Rapporten skal gjere greie for problemstillingar som gjeld covid-19-situasjonen.
2.4 Vurdering av måloppnåing
Merk at tilskotsmottakar skal gi ei vurdering av måloppnåing i samsvar med dei måla som vart omtalte i budsjettsøknaden for 2021. Altinn-skjemaet er på førehand fylt ut med dei måla som tilskotsmottakar skreiv inn i søknaden for 2021.
Tilskotsmottakar må også rapportere i tråd med andre krav og føresetnader for statstilskotet, jf. tilskotsbrevet for 2021.
Kulturinstitusjonar har vore og er hardt ramma av smitteverntiltaka under covid-19-pandemien. Nedgang i aktivitet og publikumsbesøk og reduksjon i eigeninntekter har påverka institusjonane sine moglegheiter til å bidra til å nå sektorpolitiske mål. Dette gjeld særleg måla for formidlingsaktivitet og evna til å gjennomføre aktivitetar og arrangement. I rapporten skal institusjonane gjere greie for kva utfordringar som har oppstått som følgje av covid-19, og orientere om kva alternative former for drift og publikumsretta aktivitet som er gjennomført, eller som institusjonen planlegg å gjennomføre.
2.5 Mål og prioriteringar for 2023
Tilskotsmottakarane må i søknaden for 2023 opplyse om måla for verksemda. Tilskotsmottakarane skal sjølve definere måla for verksemda innanfor ramma av dei overordna måla for kulturpolitikken. Måla må formulerast slik at det i ettertid er mogleg å måle og vurdere om dei er nådde. Planlagd drift i søknadsåret skal ta utgangspunkt i uendra driftstilskot.
Tilskotsmottakaren skal omtale strategiar og langsiktige planar for dei neste tre åra. Det skal gå tydeleg fram av omtalen kva som er tilskotsmottakaren sine strategiar og planar i ein situasjon der statstilskotet blir vidareført på same nivå som i dag.
Talbudsjettet for 2023 må innehalde alle utgifter og inntekter institusjonen reknar med å få. Inntekter og utgifter må balansere. Tilskot frå andre enn Kultur- og likestillingsdepartementet, fylkeskommunar, kommunar og Den kulturelle skolesekken skal spesifiserast i særskilde felt.
Søknaden kan innehalde maksimalt tre nye tiltak med behov for auke i tilskotet. Forslag til slike tiltak krev særskild grunngiving med plan for finansiering. Eventuelle forslag må innehalde ein kort omtale av tiltaket der ein gjer greie for behovet for og målet med tiltaket. I tillegg må tilskotsmottakaren vurdere om tiltaket kan gjennomførast ved omdisponering av dei ressursane som er til disposisjon, og kva konsekvensane av dette vil vere. Eventuelle forslag om nye tiltak med behov for auke i tilskotet skal registrerast i prioritert rekkjefølgje.
2.6 Statistikkskjema
Tilskotsmottakarane skal fylle ut skjemaet for statistikk over aktivitetar, publikum, årsverk og likestilling.
I statistikkskjemaet er det lagt inn nye felt for rapportering om medverking frå barn og unge.
3. Fristar i 2022
Frist for å levere søknaden er 1. mars 2021 kl. 23.59.
Søknadsskjemaet vil vere tilgjengeleg i Altinn frå 1. februar, og institusjonen kan arbeide med og gjere endringar i søknaden fram til fristen går ut. Søknadsfristen er absolutt, og det blir ikkje gitt utsetjing, uavhengig av årsak. Søknader som blir sende inn etter fristen, vil avvisast automatisk.
Følgjande dokument skal leverast innan fristen:
- Budsjettsøknad for 2023 og statistikk for 2021.
- Revidert rekneskap og revisormelding for 2021. Årsmeldinga frå styret skal berre leverast av store føretak.
Dokumenta skal vere signerte. Dokumenta skal sendast til postmottak@kud.dep.no. - Skjema for pensjonsskyldnader. I samband med innsending av budsjettsøknad 2023 og rekneskap for 2021 blir musikk- og scenekunstinstitusjonane bedne om å fylle ut skjema for pensjonsskylnader, jf. tilskotsbrev for 2022 frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Skjemaet skal sendast til postmottak@kud.dep.no.
Med helsing
Bernt Martin Schjerven (e.f.)
fung. avdelingsdirektør
Elisabeth Pedersen
seniorrådgjevar
Vedlegg:
- Rettleiing for utfylling av budsjett- og statistikkskjema (.pdf)
- Vanlege spørsmål om søknadsprosess og Altinn (.pdf)
Kopi: Norsk kulturråd
Adresseliste:
Arktisk filharmoni
Bergen Nasjonale Opera
Brageteatret - Regionteater for Buskerud
Carte Blanche AS
Dansens Hus
Den Nationale Scene
Den Norske Opera & Ballett
Det Norske Blåseensemble anno 1734
Det Norske Teatret
Det Vestnorske Teateret AS
Haugesund Teater
Hålogaland Teater
Kilden Teater og Konserthus for Sørlandet IKS
Musikkselskapet Harmonien - Bergen Filharmoniske Orkester
Nationaltheatret
Nordland Teater
Operaen i Kristiansund AS
Oslo-Filharmonien
Rogaland Teater AS
Stavanger Symfoniorkester
Teater Ibsen
Teater Innlandet
Teater Vestland
Teatret Vårt
Trondheim Symfoniorkester
Trøndelag Teater