V-005-2022 Rundskriv om utarbeiding av søknad om tilskot for 2023 og statistikk

1. Innleiing

Rundskrivet gir retningsliner for utfylling av budsjettsøknad for 2023 og statistikkskjema for 2021.

Budsjettsøknaden og statistikkskjemaet skal leverast via Altinn-portalen – www.altinn.no.

Søknadsskjemaet vil vere tilgjengeleg i institusjonen sin innboks i Altinn i perioden 1. februar–1. mars 2022.

Det at Kultur- og likestillingsdepartementet nyttar søknadsskjema i Altinn betyr at du som søkjer på vegner av verksemda, må ha elektronisk ID for å logge inn. Dette er den same IDen som du brukar når du til dømes leverer skattemeldinga. Dersom du ikkje har elektronisk ID, kan du lese om korleis du skaffar deg det, på denne sida på ID-porten hos Digitaliseringsdirektoratet.

For å få tilgang til budsjett- og statistikkskjema må den eller dei som skal fylle ut på vegner av verksemda, først logge seg inn på sin eigen Altinn-profil. Les meir om pålogging og tildeling av roller for utfylling av budsjett- og statistikkskjema i vedlagde rettleiing.

På den første sida i søknadsskjemaet finn de gode tips om utfylling av skjemaet, mellom anna om val av riktig nettlesar, lagring av tekst, og korleis ein undervegs i arbeidet kan sjå ein PDF-versjon av søknaden. Mange av felta i skjemaet har eigne hjelpetekstar. 

Vi oppmodar om å lese informasjonen om utfylling og alle hjelpetekstar nøye, og å byrje på arbeidet med søknaden i god tid.

Har du praktiske spørsmål om innlogging i Altinn, ta kontakt med Altinns portalhjelp.

Har du spørsmål til utfyllinga av budsjett- og statistikkskjema, ver god og bruk denne adressa: skjemaveiledning@kud.dep.no.

2. Budsjettsøknad

Søknaden skal mellom anna innehalde:

  • revidert rekneskap for 2021
  • arbeidsbudsjett 2022
  • årsrapport for 2021
  • søknad for 2023
  • statistikkskjema for publikum, aktivitetar, årsverk og tilsette

I budsjettskjemaet er det lagt inn ein ny talkolonne om eigeninntekter på digitale produksjonar.

Institusjonane skal rapportere om korleis covid-19-situasjonen har påverka drifta, både når det gjeld økonomiske konsekvensar og aktivitet. Rettleiing om dette blir gitt i punkta nedanfor.

2.1 Revidert rekneskap for 2021

Rekneskapen inkludert balansen må innehalde alle utgifter og inntekter som institusjonen har hatt i løpet av året. Rekneskapen skal vere revidert. Vesentlege avvik mellom rekneskap og arbeidsbudsjett for 2021 skal kommenterast. Eventuelt budsjettavvik som følgje av covid-19 skal kommenterast i feltet "kommentarar til rekneskap og balanse". Tilskotsmottakarane må forklare årsaker til eit eventuelt negativt årsresultat og opplyse om korleis dette blir dekt inn. Det same gjeld eventuell negativ eigenkapital.

Tilskotsmottakarar som har fått ekstra eingongstilskot i 2021 i samband med covid-19 eller anna eingongstilskot, skal rapportere desse midlane som "anna offentleg tilskot frå Kulturdepartementet" i webskjemaet.

2.2 Arbeidsbudsjett for 2022

Tilskotsmottakar må utarbeide arbeidsbudsjett for 2022 – plan for disponering av samla utgifter og inntekter ved institusjonen. Arbeidsbudsjettet må innehalde alle utgifter og inntekter som tilskotsmottakar reknar med å få i løpet av budsjettåret. Dersom institusjonen har kommentarar til arbeidsbudsjettet som gjeld covid-19-situasjonen, skal dei leggast inn i feltet "kommentarar til rekneskap og balanse".

2.3 Årsrapport for 2021

Rapporten skal gjere greie for aktiviteten og resultatet i rapporteringsåret med utgangspunkt i dei formåla som er omtalte i budsjettsøknaden for 2021 og krava i tilskotsbrevet for 2021. 

Tilskotsmottakaren skal også gi ein statusrapport om dei vesentlegaste forholda ved den økonomiske situasjonen. I rapporten skal institusjonane gjere greie for utfordringar som har oppstått som følgje av covid-19, og opplyse om kva alternative former for drift og publikumsretta aktivitet som er gjennomført, eller som institusjonen planlegg å gjennomføre.

2.4 Søknad for 2023

Tilskotsmottakar må i søknaden for 2023 oppgi kva som er formålet med verksemda.
Formålet skal vere mest mogleg dekkjande for tilskotsmottakaren sin samla aktivitet. 

Tilskotsmottakar skal òg gjere greie for planlagd drift i søknadsåret. Omtalen skal ta utgangspunkt i ein situasjon der driftstilskotet blir vidareført på same nivå som i dag.
Talbudsjettet må innehalde alle utgifter og inntekter institusjonen reknar med å få i løpet av 2023. Inntekter og utgifter må balansere. Tilskot frå andre enn Kultur- og likestillingsdepartementet, fylkeskommunar, kommunar og Den kulturelle skolesekken skal spesifiserast i særskilde felt.

Søknaden kan innehalde maksimalt tre nye tiltak med behov for auke i tilskotet. Forslag til slike tiltak krev særskild grunngiving med plan for finansiering. Eventuelle forslag må innehalde ein kort omtale av tiltaket der ein gjer greie for behovet for og målet med tiltaket. I tillegg må tilskotsmottakar vurdere om tiltaket kan gjennomførast ved omdisponering av dei ressursane som er til disposisjon, og kva konsekvensane av dette vil vere. Eventuelle forslag om nye tiltak med behov for auke i tilskotet skal registrerast i prioritert rekkjefølgje.

2.5 Statistikkskjema

Tilskotsmottakarane skal fylle ut skjemaet for statistikk over aktivitetar, publikum, tilsette og årsverk.
I statistikkskjemaet er det lagt inn nye felt for rapportering om medverking frå barn og unge.

3. Fristar i 2022

Frist for å levere søknaden er 1. mars 2022 kl. 23.59.

Søknadsskjemaet vil vere tilgjengeleg i Altinn frå 1. februar, og institusjonen kan arbeide med og gjere endringar i søknaden fram til fristen går ut. Søknadsfristen er absolutt, og det blir ikkje gitt utsetjing, uavhengig av årsak. Søknader som blir sende inn etter fristen vil avvisast automatisk.

Den 15. desember 2017 vedtok Stortinget endringar i rekneskapslova som inneber at kravet til årsmelding for små føretak er oppheva. I tillegg til rapporteringa i nettportalen, skal tilskotsmottakarar som er definerte som små føretak etter krava i rekneskapslova, sende inn revidert rekneskap for 2021 med revisormelding til postmottak@kud.dep.no så snart dokumenta ligg føre og seinast 1. mars 2022.

Med helsing

Bernt Martin Schjerven (e.f.)
fung. avdelingsdirektør

Elisabeth Pedersen
seniorrådgjevar

Vedlegg:

Adresseliste:

Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse
Landsdelsmusikerordningen i Nord-Norge LINN
Prinsesse Astrids Musikkpris c/o Trondheim Symfoniorkester*
Talent Norge AS