Vanskelegstilte på bustadmarknaden

Finansmarknaden er for tida prega av stor uro. Det er grunn til å tru at fleire norske husstandar slit med å handtera sine utgifter, mellom anna til å bu. Dette er ei utvikling som kommunane no opplever som utfordrande. Regjeringa har allereie gjort tiltak med sikte på å halda hjula i gang i både finansmarknaden og eksportnæringa. Vi har også varsla ei ny finanspolitisk krisepakke på nyåret, der kommunane er ei viktig målgruppe.

Til kommunene

Vår ref 08/2532-1 BEE       Dato 10.12.2008


Finansmarknaden er for tida prega av stor uro. Det er grunn til å tru at fleire norske husstandar slit med å handtera sine utgifter, mellom anna til å bu. Dette er ei utvikling som kommunane no opplever som utfordrande. Regjeringa har allereie gjort tiltak med sikte på å halda hjula i gang i både finansmarknaden og eksportnæringa. Vi har også varsla ei ny finanspolitisk krisepakke på nyåret, der kommunane er ei viktig målgruppe.

Når det gjeld utfordringar knytt til vanskelegstilte på bustadmarknaden, ønskjer eg i dette brevet å minna om nokre av dei moglegheitene som kommunane allereie har. Desse bør nyttast i størst mogleg grad.

Startlånet – ei ordning for unge og vanskelegstilte på bustadmarknaden
Startlånet blir tildelt frå Husbanken til kommunane for vidare utlån. Formålet med startlånordninga er å skaffa og sikra bustader for unge og vanskelegstilte på bustadmarknaden. Lånet skal vera eit tilbod for dei som vanlegvis ikkje får lån i dei ordinære kredittinstitusjonane.

Låneordninga kan bli gjeve som topp- eller fullfinansiering ved kjøp av bustad, toppfinansiering ved bygging av ny bustad, utbetring av bustad eller til refinansiering av lån slik at låntakar kan bli buande i bustaden sin. Ordninga er med andre ord eit unikt tilbod til personar som har problem med å få lån i private bankar, og eit særleg godt tiltak i tider der viljen til å gje lån i private bankar er lav.

Husbanken tilbyr både flytande rente og fastrenteavtalar på 3, 5 og 10 år. I tillegg er det i forslag til statsbudsjett for 2009 lagt til rette for 20 års fastrente. Renteføresetnadene til låneordninga er gode. Til dømes blir fastrenta med 3 års binding nedjustert frå 5,3 % i desember til 4,1 % frå 1. februar 2009. Eg vil understreka at renta på toppfinansieringa ikkje er høgare enn for resten av lånet, noko som ofte er tilfelle for lån i private kredittinstitusjonar.

I tider der startlånet har ei ekstra viktig rolle, må flest mogleg av den aktuelle målgruppa for startlån få kjennskap til ordninga. Husbanken har utarbeidd informasjonsmateriell som er tilgjengeleg på fleire språk. Dette informasjonsmateriellet er tilgjengeleg for alle kommunar som forvaltar ordninga. Eg vil med dette oppmoda dykk om å ta kontakt med det lokale regionkontoret til Husbanken og få hjelp til å gjera ordninga meir brukt.

Saman med KS vil Husbanken i 2009 gjennomføra regionale konferansar der startlånet og andre økonomiske verkemidlar står på dagsorden. Meir informasjon vil bli lagt ut på nettsidene til Husbanken, www.husbanken.no.

Sjølv om startlånet er ei ordning for unge og vanskelegstilte, og ei særleg god ordning i tider der private finansinstitusjonar er restriktive, vil eg minna om viktigheita av frårådingsplikta som følgjer av finansavtalelova.

Kommunalt disponerte bustader
I dei aller fleste kommunar er det innbyggarar som av ulike årsaker har behov for hjelp til å skaffa seg ein bustad og/eller for å bli buande i den bustaden dei har. Vi veit at mange kommunar slit med for få kommunale bustader som møter behova til gruppa av vanskelegstilte. Til tross for omfattande statlege tilskotsordningar, har ikkje talet på kommunalt disponerte bustader auka i særleg grad. Regjeringa har difor fått gjennomført ei undersøking om årsaker til lav vekst av bustader. Rapporten er av interesse for både statlege og kommunale aktørar. Rapporten ligg tilgjengeleg på www.regjeringen.no/krd.

For alle kommunar er det viktig å ha ein god, konkret og detaljert bustadsosial handlingsplan. Nokre kommunar har i tillegg behov for meir kunnskap om korleis ein best kan endra og utvida den kommunale bustadmassen dei disponerer. Ein annan innfallsvinkel er å få dokumentert tilstanden i den bustadmassen ein har. Med meir kunnskap om situasjonen vil ein enklare kunna planleggja langsiktig. Hos Husbanken kan ein søkja om kompetansetilskot til slike utviklingsarbeid. Rammene som ligg i statsbudsjettforslaget gir rom for tilsegn om 93,2 mill. kr i 2009. Bustadsosiale tiltak har fyrsteprioritet innanfor ordninga. Eg oppmodar difor dei av dykk som har behov for slike tiltak om å kontakta Husbanken for meir informasjon og oppfølging.

I statsbudsjettforslaget for 2009 legg vi opp til 1500 nye tilsegn om utleigebustader i 2009, jf. kap. 581, post 75 Bustadtilskot til tilpassing, etablering og utleigebustader. Bustøtta må også sjåast i samanheng med utviklinga av fleire utleigebustader. Vidare er det eit nasjonalt mål at denne aktiviteten vil bidra til vekst av bustader på nasjonalt nivå. For å nytta bustadtilskotet til utleigebustader best mogleg, vil Husbanken ved tildeling i 2009 be kommunane om å gjera greie for på kva måte tilskotet bidrar til å gjera bustadmassen meir eigna for vanskelegstilte.

Bustadtilskotet til utleigebustader skal som hovudregel bidra til fleire bustader for kommunen. Likevel ser eg at einskilde kommunar har for mange bustader som ikkje er eigna, og difor ikkje kan nå målet om auke i talet på bustader. Andre kommunar har behov for å spreia bustadene for å unngå oppsamling på einskilde område. Gjeve desse omsyna, ber eg alle kommunar som treng å endra og utvida bustadmassen sin, om å ha ei heilskapleg tilnærming til utviklinga og grunna denne godt i søknaden om bustadtilskot til utleigebustad.

Det er framleis kommunar som ikkje følgjer opp forvaltingslova når dei tildeler kommunal bustad. Tildeling av kommunal bustad er eit enkeltvedtak. Vedtaka skal vera skriftlege og gjort greie for. Vidare skal forvaltingsorganet som har treft vedtaket, sikra at partane blir underretta så raskt som mogleg. Då skal det også bli opplyst om moglegheitene for å klaga på vedtaket. Eg nyttar difor denne anledninga til å minna om at forvaltingslova skal følgjast, og at dei kommunane som ikkje har gjort dei naudsynte tilpassingane, tar tak i problemet omgåande.

Ei styrkt bustøtte
Regjeringa har nyleg foreslått eit nytt regelverk for bustøtte, jf. St.prp. nr. 11 (2008-2009). Forslaget ligg til behandling i Stortinget. Dato for iverksetjing er sett til 1. juli 2009.

Det nye regelverket opnar for at alle kan få bustøtte, unnateke studentar utan barn og militære. I tillegg til at dette hjelper den einskilde husstand, vil eit betre regelverk gje tryggleik for kommunane i arbeidet med å busetja vanskelegstilte. Ved etablering av nye bustader kan kommunane i større grad rekna med at husleiga frå bebuar er sikra. Vidare vil det nye regelverket vera enklare å administrera for sakshandsamarane i kommunane.

Husbanken vil sikra at det er eit godt informasjonsmateriell klart før sjølve iverksetjinga. Det vil også bli arrangert kurs for sakshandsamarar. Kommunane har ein viktig jobb gjennom å ha fokus på kven som ved nytt regelverk kvalifiserar til bustøtte. Dette er ei utfordring eg håpar de i kommunane tek tak i etter beste evne.

Bustadsosialt rundskriv
Vi står overfor fleire utfordringar i arbeidet med vanskelegstilte på bustadmarknaden. I løpet av våren 2009 vil eit nytt bustadsosialt rundskriv bli distribuert til alle kommunane. Formålet med rundskrivet er å synleggjera ulike tiltak og verkemiddel som er nyttige i det bustadsosiale arbeidet.

 

 

Med helsing


Magnhild Meltveit Kleppa
Kommunal- og regionalminister