Vår nye digitale kvardag
Brosjyre/veiledning | Dato: 13.01.2021 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Opprinnelig utgitt av: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
2020 har vore eit annleis og utfordrande år. Koronapandemien har gitt store utfordringar for næringslivet, men vi har òg sett ein auke i digitaliseringstakta. Korleis kan vi ta med oss det beste frå perioden med korona inn i ein normal kvardag? Dette dokumentet er ei "løypemelding" som beskriv ein del av det som endra seg på det digitale området under koronapandemien, med eksempel til inspirasjon frå både offentleg sektor og næringslivet.
Oppdateringar mai 2021
I samband med at vi har omsett dette heftet til engelsk har vi òg oppdatert den norske utgåva. Vi har blant anna oppdatert omtala av strategiar og meldingar frå regjeringa som er publiserte etter at heftet blei lansert, i tillegg til statistikkar der det er kome nyare tal våren 2021.
- Nytt breibandsmål s. 8
- Oppdatert tal for Utdanningsløftet s. 11
- Oppdatert statistikk om handelsmønster og netthandel s. 16
- Retta feil i tala og oppdatert statistikken om e-konsultasjonar for fastlegar s. 18
- Oppdatert statistikk om appen «Smittestopp» s. 19
- Oppdatert omtale av melding til Stortinget om datadriven økonomi og innovasjon Meld. St. 22 (2020–2021) s. 42
- Oppdatert omtale av melding til Stortinget om den digitale grunnmuren Meld. St. 28 (2020–2021) s. 42
- Oppdatert omtale av ekspertutvalet «Norge mot 2025» s. 44
- Oppdatert referanselista med dei nye publikasjonane s. 49
- Oppdatert namneendringar: DNV GL har endra namn til DNV, AquaCloud 2.0 har endra namn til AquaCloud, roboten Asterix har endra namn til Kilter AX-1 og Programmet for eit digitalt Europa har endra kortnamn frå DEP til DIGITAL