Vedtak av statleg reguleringsplan for Nye Aker sjukehus i Oslo kommune

I medhald av plan- og bygningslova § 6-4, vedtek Kommunal- og distriktsdepartementet statleg reguleringsplan for Nye Aker sjukehus i Oslo kommune. Den vedtekne reguleringsplanen går fram av plankart og reguleringsføresegner datert 14.12.22.

Bakgrunn for planarbeidet

Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for utvikling av eit nytt sjukehus på Aker i samsvar med målbilete for Oslo universitetssjukehus helseføretak (OUS). Målbiletet blei vedteke i føretaksmøte for Helse Sør-Øst RHF 24. juni 2016. Det inneber at det skal etablerast eit samla regionsjukehus med lokalsjukehusfunksjonar på Gaustad, eit lokalsjukehus på Aker og eit spesialisert kreftsjukehus på Radiumhospitalet. I tillegg skal det etablerast ei regional sikkerheitsavdeling på Ila til erstatning for dagens verksemd på Dikemark. Aker sjukehus skal i samsvar med målbildet vere eit moderne akuttsjukehus med lokal-, område- og regionsfunksjonar for psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar, og ha lokalsjukehusfunksjonar innan somatikk for seks bydelar.

Oslo universitetssjukehus HF er lokal- og områdesjukehus for store deler av befolkninga i Oslo og regionsjukehus for pasientar i Helse Sør-Øst. OUS har òg nasjonale oppgåver innan høgspesialisert medisin, forsking, utdanning og beredskap.

Oslo universitetssjukehus HF starta i 2013 arbeidet med ei idéfaseutgreiing for å vurdere utvikling av framtidig sjukehustilbod i Oslo. I 2014 blei idéfase­utgreiinga lagt ut til offentleg ettersyn. Med utgangspunkt i den offentlege høyringa blei arbeidet vidareført, og tre hovudalternativ evaluerte: 0-alternativet, ei delt løysing mellom Ullevål og Gaustad og ei delvis samling på Gaustad med eit lokalsjukehus på Aker. Målbiletet for vidareutvikling av OUS blei fastset i føretaksmøte i Helse Sør-Øst RHF i 2016.

Utbyggingsløysinga som er lagd til grunn for reguleringsforslaget på Aker er utvikla gjennom konseptfasen i 2018 og 2019, der 14 ulike løysingar blei vurderte. Endeleg konsept blei vedteke av styret Helse Sør-Øst RHF 20. juni 2019. Stortinget innvilga lån til prosjekta i statsbudsjettet for 2020.

Dei statlege reguleringsplanane for Gaustad sjukehusområde og Aker sjukehus har vore handsama samtidig.  

Planprosessen

Arbeidet med reguleringsplanen starta som ein ordinær planprosess, med Helse Sør-Øst RHF som forslagsstillar og Oslo kommune som planstyresmakt. Planprogrammet for reguleringsplanen blei fastsett av Oslo kommune 12. april 2018. I samsvar med plan­programmet blei fire alternative utbyggingsløysingar konsekvensutgreidd, alternativ 1A og 1B, og 2A og 2B. Alternativ 1A og 1B var alternativet forslagsstillar ønska, og inneber ei utnytting som er sett for å møte alle behova som følgjer av å bygge eit moderne sjukehus. Av omsyn til prinsipp om nærleik mellom tidskritiske funksjonar og avdelingar på sjukehuset, blei den freda bygning 27 føreslått riven. Alternativ 2A og 2B tek utgangspunkt i rammene i område- og prosessavklaringa til Oslo kommune og ei tidleg tilråding for utvikling av området frå 2017. Planalternativet har lågare utnytting enn planalternativ 1 og sikrar alle freda bygningar, og både somatikk og psykisk helsevern er plassert sør på tomta.

Reguleringsplanar for bygg for offentleg og privat tenesteyting med eit bruksareal over 15 000 m2 skal konsekvensutgreiast i samsvar med forskrift om konsekvensutgreiingar. Konsekvensane for miljø og samfunn av dei fire alternativa er utgreidde i 27 fagrapportar om bygningsstruktur og estetikk, nær- og fjernverknad, kulturminne og kulturmiljø, naturmangfald, støy, anleggsfasen med meir. Det er òg utarbeidd ein risiko- og sårbarheits­analyse av den planlagde utbygginga. Dei samla verknadene av planforslaga som har vore på høyring og offentleg ettersyn er omtalte i samlerapporten for konsekvensutgreiinga og i planomtalen.

Før første offentlege ettersyn vurderte Oslo kommune ved Plan- og bygningsetaten at planforslaget til Helse Sør-Øst RHF gav eit betre byplangrep enn utgreiingsalternativa 2A og 2B. Planforslaget for alternativ 1A og 1B blei sendt på høyring og lagt ut til første offentlege ettersyn 12. april 2021. Alternativ 1A opnar for byggehøgder på inntil 77,2 meter. Alternativ 1B inneber same utbyggingsløysing som 1A, men opnar for byggehøgder på inntil 42 meter, i samsvar med høghusstrategien til Oslo kommune. Oslo kommune ved plan- og bygnings­etaten gjekk inn for alternativ 1A med bakgrunn i vurderingar om at alternativ 1A gir eit betre plangrep, med ein større samanheng og heilskap i området, og at kommunen vurderte at tomta på grunn av lokalitet, funksjon og landskap kunne vere eigna for høghus. Alternativ 1B gir ei meir kompakt utbygging innanfor ei høgdeavgrensing på 42 meter, noko som vil påverke verknadene av bygga på bakkeplan og mot viktige kulturminne på tomta.

I høyringa fremja Riksantikvaren motsegn til planforslaget. Etter første offentlege ettersyn gjorde Helse Sør-Øst RHF fleire justeringar i planforslaget for å imøtekome motsegnene,  andre merknader frå høyringa og ynskjer frå kommunen. Dei største endringane gjekk mellom anna ut på å svare ut motsegna knytt til det freda bygg 60, bevaring av nordfløya i Sinsenveien 76 og betre tilpassa bygningsvolum i felt 5 i Sinsenveien 76. I tillegg blei bygga i felt 3 tilpassa for å løyse utfordringane med støy og intern flyt, utbygginga i felt 4 blei tilpassa Lørentunnelen etter dialog med Statens vegvesen, og det blei arbeidd med dei arkitektoniske kvalitetane i planområdet. Det blei òg utført fleire mindre justeringar som følgje av prosjekt­utvikling og dialog med Oslo kommune.

I samband med høyring av planprogrammet og forslaget til reguleringsplan har det vore gjennomført fleire opne møte, og det har vore dialog med naboar, interessentar, Oslo kommune, Statens vegvesen, Riksantikvaren med fleire. Det har òg vore gjennomført brukarmedverknad for tilsette ved Oslo universitetssjukehus gjennom konseptfasen og forprosjektet.

Statleg reguleringsplan
Helse- og omsorgsdepartementet oppmoda 1. april 2022 Kommunal- og distrikts­departementet om at reguleringsprosessane for Nye Rikshospitalet på Gaustad og Nye Aker skulle sluttførast som statlege reguleringsplanar. Helse- og omsorgsdepartementet viste til uvissa knytt til den politiske handsaminga av planen i Oslo kommune og behovet for ein føreseieleg framdrift i arbeidet med forprosjektet og prosessane med å realisere sjukehus­strukturen som blei vedteken i føretaksmøtet i 2016. Kommunal- og distrikts­departementet gav tilslutning til at planprosessane skulle fullførast som statlege planar i brev den 1. april 2022.

Etter avgjerda om bruk av statleg plan, blei eit revidert planforslag sendt på ny høyring og offentleg ettersyn i perioden 16. mai–8. juli 2022. Merknader frå det andre offentlege ettersynet, med kommentarar frå Helse Sør-Øst RHF, er oppsummerte i dokumentet Merknadsoppsummering 2. gangs offentleg ettersyn (2022).

Hovudtrekk i reguleringsplanen

Planområdet ligg ved Sinsenkrysset og er avgrensa av Rv. 4 Trondheimsveien og Ring 3. Planområdet omfattar eit areal på om lag 220 dekar. På området ligg det i dag ei rekke bygg med varierande tilstand og bruk. Hovuddelen av bygningane er eigd av Oslo universitets­sjukehus HF og har i all hovudsak vore nytta i sjukehusverksemda. I tillegg ligg det bustader og barnehagar innanfor planområdet. Desse må rivast for å leggje til rette for det nye sjukehuset. Planområdet grensar i vest til tomta der den nye Storbylegevakta til Oslo kommune er under oppføring. Innanfor planområdet er det fleire kulturminne og verneverdige bygningar frå ulike historiske epokar i utbygging av sjukehus. Dei fleste verneverdige bygga vil stå og bli nytta i sjukehusverksemda.

Planen opnar for ei samla utnytting på totalt 247 050 m2 BRA. Byplangrepet i planforslaget tek utgangspunkt i to kryssande aksar, kalla Aker-løparen og Sinsen-aksen. Torg, møte­plassar, gater og grøntområde er knytt til aksane. Aksane skal opparbeidast som bygater og torg. Hovudtyngda av det nye sjukehuset skal plasserast i felt 1 midt på tomta, og dei to tårna vil vere 13 og 15 etasjar høge. Det høgaste tårnet skal ha helikopterlandingsplass på taket, og blir med denne 77,2 meter over bakken. Rundt tårna skal det etablerast ein base på 3–5 etasjar. Hovudinngangen til sjukehuset skal plasserast der Aker-løparen møter Sinsen-aksen.

Sør og aust på tomta, på felt 3, 5 og 6A, opnar forslaget for etablering av ny utbygging og uteareal for psykisk helsevern og avhengigheit (PHA) og tverrfagleg spesialisert rus­behandling. Det meste av ny utbygging for psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling skal etablerast i felt 3. Høgdene på bygningane vil vere avtrappande mot sør. Det er lagt vekt på å sikre ei utforming av bygga som skjermar pasientrom og uteareal frå støy og innsyn. I felt 5 skal dagens verneverdige bygning bli tatt i bruk og sett i stand. I tillegg opnar planen for å føre opp to mindre bygningar med utnytting og utforming som er tilpassa dei verneverdige bygningane.

Bygningane i felt 6B nord på tomta skal i all hovudsak oppretthaldast som i dag, men arealet er avsett til framtidig vidareutvikling av Nye Aker sjukehus og Helsearena Aker. Planen opnar derfor for transformering av felt 6B ved behov for økt kapasitet ved sjukehuset i framtida.

Planen inneber at hovudtilkomsten til sjukehusområdet for køyrande blir lagd til Sinsenveien i søraust. Utrykkingsbilar vil nytte dagens tilkomst i Trondheimsveien i nord som hovud­tilkomst. Parkeringa skal i all hovudsak skje i parkeringskjellar.

Fråsegner ved andre gangs høyring og offentleg ettersyn

Ved andre gangs høyring og offentleg ettersyn av revidert planforslag for Nye Aker sjukehus sommaren 2022, kom det inn 103 fråsegner. Av desse kom 7 fråsegner frå styresmakter og etatar, 23 frå institusjonar og organisasjonar, og 73 frå privatpersonar. Av dei 73 merknadene frå privatpersonar var 21 anonyme.

Lokalisering av nye sjukehus i Oslo og sjukehusstrukturen i Helse Sør-Øst har vore det dominerande temaet i høyringsfråsegnene, særleg frå privatpersonar og interesse­organisasjonar. Synspunkt på helsefaglege merknader, lokalisering av psykiatri og bruk av statleg reguleringsplan er òg tekne opp i høyringsfråsegnene. Handtering av trafikk, kollektivtilbod og om tomta er eigna har vore andre gjennomgåande tema.

Ved første offentlege ettersyn fremja Riksantikvaren motsegn til at det freda bygg 60 var føreslått delvis innebygd i ny bygningsmasse. Riksantikvaren fremja òg motsegn til riving av den nye fløya i Sinsenveien 76 og til føreslått høgde og volum for fløya som er planlagd som eit mellombygg mellom to av fløyene i Sinsenveien 76. I etterkant har det vore tett dialog mellom Riksantikvaren og forslagsstillar om saka. Ved det andre offentlege ettersynet viser Riksantikvaren til at det er funne løysingar for både bygg 60 og Sinsenveien 76 som det er semje om. Desse løysingane er sikra gjennom føresegner og plankart.

I tillegg til dei meir generelle tilbakemeldingane om sjukehusstruktur, kapasitet og statleg regulering, skriv Oslo kommune at tomta eignar seg godt for sjukehusføremål og at Helse Sør-Øst RHF har gjort fleire riktige prioriteringar i utforminga av sjukehuset, men at det i planforslaget tydeleg har prioritert areal-, drifts- og logistikkbehovet til sjukehuset. Dette har i for stor grad gått ut over byromma, kulturmiljøet og andre kvalitetar. Oslo kommune meiner at utnyttinga burde vore vesentleg lågare, og rår til at psykiatrien først og fremst blir flytta. Dette vil frigjere meir areal til å redusere massen til hovudsjukehuset, for dermed å kunne sikre betre tilpassing mot kulturmiljøet og byromma. Oslo kommune meiner at planalternativ 1A gir eit betre plangrep enn 1B. Alternativ 1A gir meir avtrapping mot byromma og mindre støy og vind frå helikopterplattforma på taket. I tillegg får pasientane utsikt utan innsyn. Kommunen er òg oppteken av forholdet til kollektivtransport og gang- og sykkelvegløysingar. Merknadene er omtala nærare under vurderinga til departementet.

Statsforvaltaren skriv at dei er positive til dei grepa som er gjort i planen for å betre forholda knytt til støy og til naturverdiar i planområdet. Statens vegvesen har hatt merknader som gjeld Rv. 150 Lørentunnelen og støy i reguleringsplanen.

Naboar er opptekne av ulemper i anleggsfasen, nærverknad, solforhold og trafikk. Tilsette ved sjukehuset er opptekne av sjukehusstruktur, kapasitet og dimensjonering av sjukehus.

Dei viktigaste tema som betyr noko for slutthandsaminga i departementet, er omtala under vurderinga til departementet.

Vurderinga til Kommunal- og distriktsdepartementet

Kommunal- og distriktsdepartementet har i denne saka overteke rolla som planstyresmakt for å sluttføre arbeidet med reguleringsplanane som skal leggje til rette for planlagd utvikling av dei offentlege sjukehusa på Gaustad og Aker. Reguleringsplanane avklarer arealføremål og set rammer for nye bygge- og anleggstiltak, men fastset ikkje kva sjukehus- og universitetsfunksjonar som skal etablerast innanfor planområda. Dette er opp til Oslo universitetssjukehus HF.

Kommunal- og distriktsdepartementet vurderer at planprosessen er gjennomført i samsvar med føresegnene i plan- og bygningslova om medverknad. Departementet vurderer òg at reguleringsplanen er utarbeidd i samsvar med forskrift om konsekvensutgreiingar, og at verknadene for miljø og samfunn er tilstrekkeleg gjort greie for gjennom konsekvens­utgreiinga og fagrapportane som følgjer planen.

Ved slutthandsaminga av reguleringsplanen har Kommunal- og distriktsdepartementet hatt dialog med Helse Sør-Øst RHF og aktuelle fagdepartement. Endringar som er innarbeidde i planen går fram av planskildringa og dokumentet Merknadsoppsummering frå 2. offentleg ettersyn.

Lokalisering
Kommunal- og distriktsdepartementet vurderer at etablering av Nye Aker sjukehus på det eksisterande sjukehusområdet, med sentral plassering i byen og med god kollektivdekning langs Trondheimsveien og Ring 3, er i samsvar med nasjonale mål om effektiv arealutnytting og redusert transportbehov. Nærleik til Sinsenkrysset, Ring 3 og Trondheimsveien inneber at sjukehuset er tilgjengeleg frå heile sitt definerte opptaksområde.

Ei vidareutvikling av Aker sjukehusområde er òg i samsvar med overordna kommunale planar og er eit prioritert område for utvikling av sjukehus i byutviklingsstrategien i kommune­planen for Oslo frå 2018.

Ei utvikling tett på riksvegnettet medfører at det nye sjukehuset er utsett for støy og luft­forureining. I planen er derfor avbøtande tiltak for å handtere desse utfordringane tekne inn i reguleringsføresegnene, og vil bli følgt opp som ein del av den vidare detaljplanlegginga av prosjektet.

Byplangrep og arkitektur
I planprosessen har arkitektur og byplangrep vore eit førande omsyn i planlegginga av sjukehuset. Dette temaet har òg vore lagt til grunn i vurderinga til forslagsstillar og Oslo kommune mellom dei to planalternativa. Alternativ 1A er føretrekt av forslagsstillar, og òg det alternativet kommunen har rådd til i fråsegna ved andre gangs høyring og offentlege ettersyn. Kommunal- og distriktsdepartementet sluttar seg til vurderingane rundt dei to alternativa. Planalternativ 1A legg opp til betre nedtrapping mot byromma, samstundes som det gir dei beste føresetnadene for å utvikle eit funksjonelt sjukehus i samsvar med Helse Sør-Øst RHF sitt målbilete.

Planen legg opp til eit konsept for Aker sjukehusområde med ein kombinasjon av eit høgt og kompakt hovudbygg sentralt plassert på tomta, og lågare bygningsanlegg for psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling mot sør og aust. Mot aust ligg i tillegg anlegget for barne- og ungdomspsykiatrien plassert i eksisterande bygg med låg høgd og stort uteareal. Utforming av bygningar og uteareal blir styrt med føresegner om maksimale byggehøgder og om fasadeutforming. Meir detaljerte løysingar vil bli avklart i byggesaka og er vist i utomhusplanen. Aksane Aker-løparen og Sinsen-aksen er hovudgrepet og stammen i byromstrukturen. Utforming av aksane er sikra gjennom plankart og føresegner.

Kommunal- og distriktsdepartementet vurderer at planen vil skape ein ny samanhengande struktur, der det historiske preget med eldre bygningar speler saman med nye sjukehusbygg. Aksane og torga medverkar til å strukturere tomta, og legg til rette for gode soner for opphald. Det skrånande terrenget mot sør gir gode solforhold for bygningane og uteromma. Plasseringa av tomta mellom Trondheimsveien og Ring 3 legg til rette for høg utnytting og høge bygg. Dei to kryssande aksane knyt saman området, organiserer bygningane og koplar området med omgjevnadene.

Kulturmiljø
Sjukehusområdet på Aker har i dag fleire kulturminne innanfor helsesektoren som enten er freda, verna eller definert som verneverdige. Utbygging av det nye sjukehuset fører til at fleire av desse må rivast. Det freda bygget Artzheim (bygg 27 i planen) og den verna låven til Nordre Sinsen gard vil bli rivne som følgje av prosjektet. Det same gjeld Søsterblokkene, Sykepleierskolen og Søsterhjemmet, som er førte opp som verneverdige på den gule lista til Byantikvaren. Planforslaget er derfor vurdert å ha negative konsekvensar for kulturmiljøet grunna riving av verneverdige bygningar og påverknaden frå det nye sjukehuset på attverande kulturmiljø. Riksantikvaren fremja motsegn til planforslaget ved første offentlege ettersyn. For å kome motsegna i møte, blei planforslaget justert før andre gangs offentlege ettersyn.

Kommunal- og distriktsdepartementet ser at planen vil ha negative verknader for det eksisterande kulturmiljøet på sjukehustomta. Samstundes skal det byggast eit stort nytt sjukehus på tomta, og det er vanskeleg å unngå at kulturmiljøet blir påverka. Trass i verknaden utbygginga får for kulturmiljøet, er departementet positivt til løysingane ein har kome fram til i dialog med Riksantikvaren for å ta vare på det som er att av det historisk verdifulle preget, og til korleis planen tek i bruk og innlemmar delar av dei freda og verna bygningane og landskapet i området. Samla sett vidarefører planen ei samling av tidstypiske bygningar frå ulike historiske epokar for sjukehusutbygging på Aker og i Noreg. Fem tidsepokar for ulike måtar å planlegge sjukehus på, vil vere representert på sjukehus­området.

Naturmiljø
Kommunal- og distriktsdepartementet vurderer at kunnskapen om naturmangfaldet innanfor planområdet og verknadene av planen er god, jamfør § 8 i naturmangfaldlova. Fagrapporten om naturmangfald tek utgangspunkt i informasjon frå naturdatabasen til kommunen, Naturbase og ny kartlegging. Rapporten er oppdatert i samsvar med den norske raudlista for artar frå 2021.

Bygging av nye Aker sjukehus vil påverke naturverdiar i området, mellom anna vil mange store tre gå tapt som følgje av utbygginga. Det går fram av fagrapporten om naturmangfald at det er fleire førekomstar av gamle, store edellauvtre i planområdet. Av desse er dei raudlista og sterkt trua treslaga ask og alm, som er naturmangfald av svært stor verdi. Det er registrert 236 tre i området, og av desse må om lag 190 fjernast. Mange av desse er store edellauvtre som er godt over 100 år gamle. I tillegg kan utbygginga føre til svekking av ein B-lokalitet av naturtypen parklandskap, med utforminga allé. For å bøte på tapet av tre, er det eit krav om at 200 nye tre skal plantast i området.

Kommunal- og distriktsdepartementet vil peike på at dette ikkje kan sjåast på som ein fullverdig erstatning for dei trea som går tapt. Det er likevel lagt vekt på å ta vare på så mykje som mogleg av naturverdiane, trass i den store utbygginga. Det er mellom anna innarbeidd ei planføresegn om at store, gamle tre skal takast vare på så langt det let seg gjere. Dette inneber at utbyggar så langt som mogleg må ta omsyn til tre ved plassering og utforming av nye bygg og ny infrastruktur innanfor byggeområda, jamfør prinsippet om miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetoder i naturmangfaldlova § 12. Kostnadene ved å avgrense skade på naturmangfaldet skal dekkast av utbyggar, jamfør naturmangfaldlova § 11. Departementet vurderer at dei samla tiltaka for å ta vare på eksisterande tre, saman med kravet om å plante nye, gir den best moglege løysinga sett i lys av arealbehovet til det nye sjukehuset.

Støy
Støy har vore eit gjennomgåande tema i planprosessen, og det er lagt inn ei rekke tiltak i planen for å sikre tilfredsstillande støynivå på sjukehusbygga og for naboar som blir utsette for anleggs- og helikopterstøy. Det er særleg bygg for psykisk helsevern, som ligg nærast Ring 3, som vil bli utsett for støy. Gjeldande nasjonale støyretningslinjer, T-1442/2021, er lagde til grunn for planlegginga og for dei juridisk bindande støykrava i planen.

Planområdet ligg i gul og raud støysone, og er spesielt utsett for støy frå vegtrafikk, hovudsakeleg frå Trondheimsveien og Ring 3. Planområdet ligg samstundes innanfor avvikssone for støy i kommuneplanen. I avvikssona kan bygg med støyfølsamt bruksføremål etablerast i gul og raud sone dersom det kan dokumenterast at det er nødvendig for å oppnå gode utbyggingsløysingar, med føremålstenlege planløysingar og god estetisk kvalitet.

M-2061 Veileder om behandling av støy i arealplanleggingen, kapittel 4.2 Planlegging av helsebygg (2021), er lagt til grunn for kva som er definert som helsebygg for korttidsopphald og langtidsopphald. Sjukehuset, inkludert bygg for psykisk helsevern, fell inn under helsebygg for korttidsopphald, der pasientar vil kunne opphalde seg i helsebygget i ein kortare periode i samband med behandling eller rekonvalesens. Rettleiaren stiller mindre strenge krav til helsebygg for korttidsopphald. Det er innarbeidd ei planføresegn om at det ikkje skal etablerast sengerom for langtidsopphald i raud støysone. Mot Ring 3 vil det bli opparbeidd støyskjerm som skal dempe støyen frå vegtrafikk mot bygningane i felt 2. I planen er det òg lagt opp til å opparbeide støyskjerma uteareal i samsvar med grenseverdiane i dei nasjonale retningslinjene.

Støy frå tiltaket på omgjevnadene vil i all hovudsak kome frå helikoptertrafikk og i anleggs­fasen. Planen opnar for etablering av ein ny helikopterlandingsplass på taket av det nye hovudsjukehusbygget. Støyberekningar viser at helikoptertrafikken ikkje fører til raud støy­sone utanfor planområdet, men at 108 bygg med støyfølsamt bruksføremål ligg innanfor gul støysone for støy frå helikoptertrafikk. Behovet for støydempande tiltak vil bli vurdert ved søknad om konsesjon etter krava i luftfartslova. Det er teke inn føresegner som skal sikre tilfredsstillande støytilhøve i anleggsfasen. Mellom anna skal det utarbeidast ein strategi for handsaming av støyklagar og tilbod om erstatningsbustader.

Kommunal- og distriktsdepartementet vurderer at det i planen er teke tilstrekkeleg omsyn til støy for sjukehuset og for omgjevnadene, i samsvar med dei nasjonale retningslinjene T-1442/2021. Andre krav til handsaming av innandørs støy går fram av byggteknisk forskrift og vil bli handtert i byggesaka.

Trafikale løysingar
Aker sjukehus ligg inntil Ring 3 og Trondheimsveien og har tilgang til eit godt kollektivtilbod, med gangavstand til T-banestasjon og trikkestopp i Sinsenkrysset, og busshaldeplassar langs Trondheimsveien og Ring 3. Dagens kollektivtilbod i området er vurdert som svært godt. Det har likevel vore utfordringar knytt til tilkomsten til sjukehuset på grunn av stor høgdeforskjell mellom kollektivknutepunktet i Sinsenkrysset og sjukehusområdet. Gangareal ned mot Sinsenkrysset er derfor utvida for å gje større fleksibilitet til å lage ei universelt utforma løysing. I tillegg til føreslått trappe- og rampeanlegg innanfor gangarealet, har planen føresegner om at det skal opparbeidast eit heissamband som skal sikre universell utforming og lette tilgangen mellom Sinsenkrysset og sjukehusområdet. 

I fråsegna til det andre offentlege ettersynet, viser Oslo kommune til at det er behov for betre tilrettelegging for grøn mobilitet og fleire rekkefølgjekrav, mellom anna forlenging av trikken i Trondheimsveien og oppgraderingar av gang- og sykkelveg i Sinsenkrysset, undergangen i Trondheimsveien ved Rondellen og busshaldeplass i Sinsenkrysset. I rekkefølgjekrava i planen er det sikra tiltak for å opparbeide busshaldeplass i Sinsenkrysset, og det er stilt rekkefølgjekrav om oppgradering av undergangen i Trondheimsveien med ny lyssetjing og skilje mellom gåande og syklande.

Det er ikkje innarbeid rekkefølgjekrav om forlenging av trikkesporet i Trondheimsveien og oppgradering av ny gang- og sykkelveg i Sinsenkrysset. Kommunal- og distrikts­departementet vurderer at forlenging av trikkesporet ikkje er eit behov som er utløyst av sjukehusutbygginga. Tiltaket har lenge vore ønska av kommunen, og reguleringsplanane for tiltaket har lege ubehandla i kommunen med ei uløyst motsegn frå Statens vegvesen. Statens vegvesen held på med eit utgreiingsarbeid for Trondheimsveien, og ønskjer ikkje midtstilt trikk med utgangspunkt i dagens situasjon. Gang- og sykkelveg i Sinsenkrysset ligg utanfor planområdet, og det er Statens vegvesen som har ansvar for drift og vedlikehald av veganlegget. Statens vegvesen har ingen planar om å utbetre dette no. Ei oppgradering vil medføre behov for ei større ombygging av krysset dersom ikkje løysingane blir plasserte utanfor krysspunktet. Forslagsstillar vil likevel gå i dialog med Statens vegvesen om moglege tiltak i Sinsenkrysset for å betre gangsambandet.

Samla vurdering

Plasseringa på Aker mellom Trondheimsveien og Ring 3 opnar for eit høgt og kompakt sjukehus. Plasseringa inneber at sjukehuset er tilgjengeleg frå heile det definerte opptaksområdet og har god kollektivdekning langs Trondheimsveien og Ring 3. Kommunal- og distriktsdepartementet meiner at planen sikrar funksjonaliteten og behova for sjukehuset, samstundes som det er lagt vekt på omsynet til omgivnadene. Viktige kultur­minne og naturtypar er sikra med omsynssoner og tilhøyrande føresegner. Planen har òg føresegner om avbøtande tiltak for å handtere utfordringar med tilgjengelegheit og støy.

Kommunal- og distriktsdepartementet vedtek med bakgrunn i dette reguleringsplan for Nye Aker sjukehus, alternativ 1A, med plankart og føresegn datert 14.12.22.

Vedtak

Med heimel i plan- og bygningslova § 6-4 vedtek Kommunal- og distriktsdepartementet statleg reguleringsplan for Nye Aker sjukehus alternativ 1A, med plankart og føresegner datert 14.12.22.

Departementet ber om at Helse- og omsorgsdepartementet orienterer partane i saka og kunngjer vedtaket i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12.
 

Med helsing

Sigbjørn Gjelsvik
 

Kopi:
Helse Sør-Øst Rhf
Justi- og beredskapsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Oslo kommune
Samferdselsdepartementet

Vedlegg